JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Høyrselstest med app

Høyrselen er ikkje det han ein gong var. Kor dårleg er han?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gjer dette heime. Min turven Helle Bilton testar høyrselen med eit smil ved hjelp av ein app på mobilen.

Foto: Per Thorvaldsen

5007
20240315
5007
20240315

Eg er ein konvertitt. Eg går på krasjkurs hjå Språkrådet saman med kollegaer ved Høgskulen på Vestlandet for å læra nynorsk. Dei andre er fråfalne, medan eg er nybyrjar. For å få mengdetrening avgjer eg å fylla kommentarfeltet i avisa med hyggelege attendemeldingar på gild nynorsk. No, 1660 kommentarar seinare, har eg dreisen på det skriftspråket.

Vel, nynorskpolitiet ringjer meg stundom litt provosert for å ta meg i skule for feilbøyingar, men det endar alltid med ein kjekk samtale der eg pumpar dei for C-moment i grammatikk.

Denne kommentaraktiviteten ber stundom uventa frukter som gjev meg glede. For å kunna skriva kommentarar må eg lesa lesarbreva og kronikkane, og det er særs lærerikt. Særleg kosar eg meg med kronikkane, der det er mykje ny kunnskap å henta.

Her om dagen las eg innlegget til kommuneoverlækjar Kristin Cotta Schønberg frå Askøy om at ein må ta høyrselen sin på alvor. Dersom ein ikkje gjer det, kan ein verta råka av demens og det som verre er. Eg vart forståeleg nok skremd. I kommentarfeltet kom den sedvanlege tiraden om at fastlegar var treige, og at ventetida hos spesialistar var evig lang. I tillegg var det dyrt, og samfunnet burde betala.

«Snart kan ein vel erstatta heile helsevesenet med ein app?»

Frykt motiverer. Eg har jo merka at min eigen høyrsel ikkje er det han ein gong var. Kor dårleg er han? Det skulle vore interessant å veta. Korleis kan ein finna det ut? Tenkja, tenkja, tenkja. Eureka!

Eg finn fram mobilen og søkjer etter appar. Eg finn ei rad med høyrselstestar og lastar ned Hearing Test, laga av Marcin Masalski, frå eit eller anna institutt i Polen. Snart kan ein vel erstatta heile helsevesenet med ein app?

Eg opnar appen. Han tilbyr to typar testar. Den fyrste er ein terskeltest som finn ut kor lågt lydnivå eg kan høyra på ulike frekvensar, frå djup bass på 125 Hz til høg diskant på 8000 Hz. Den andre testar kor god eg er til å høyra stemmer i støy. Tre siffer vert lesne opp ved ulikt støynivå.

Eg byrjar med å finna frekvensresponsen min. Eg får opp ein graf med frekvensar langs den eine aksen og intensitet langs den andre aksen. Måleininga for intensiteten i lydtrykket er dB HL. Kva er no det? Ein desibelskala som har som nullpunkt det ein med god høyrsel kan høyra på ulike frekvensar.

Må eg hyra inn barnebarnet for å kalibrera testen? Det hadde nok vore det beste, men i rein latskap hentar eg i staden kalibreringskoeffisientar for hovudtelefonane mine i appen.

Då er det berre å starta testen. Han byrjar på 1000 Hz i det høgre øyret med ein pulserande tone. Eg trykkjer på «I can hear» og stig opp til eg ikkje kan høyra tonen lenger, og går eit hakk ned og trykkjer på «barely audible», og så hoppar appen til neste frekvens. Slik held det fram til alle frekvensar og begge øyra er testa. Til mi glede er høyrselen min som ein kan forventa når ein har passert seksti.

Så er det neste test. Å plukka ut tale i støy. Til å byrja med er støynivået lågt, og eg høyrer lett dei tre siffera som vert lesne opp. Eg skriv dei inn i appen, vert utsett for meir støy og skriv nye siffer. Når eg byrjar å gjere feil, vert eg kasta rundt i ulike støynivå til kurva mi kan teiknast i ein graf. Han har signal-til-støy-forhold i desibel på eine aksen og kva som er forståeleg, på andre aksen. Eg ser at kurva mi ikkje er så verst, sjølv om eg hatar å gå i cocktailparty der eg ikkje høyrer noko som helst.

Kva med venene mine? Høyrer ikkje Helle litt dårleg når me snakkar saman? Eg finn fram hovudtelefonane etter at me har gått turen vår denne veka. Ho smiler. Denne testen har ho ynskt å ta for lenge sidan. Eg utset ho for pipelydar og ulike lydnivå på ulike frekvensar. Til si eiga overrasking høyrer ho bra til å vera 88 år. Då er det berre for oss å koka kaffi og løysa verdsproblem. Me er svært sams, og det er berre når me pratar om TV-serien Makta, at me forstår at me tilhøyrer kvar vår generasjon.

Kor god er denne testen samanlikna med den ein kan ta hos ein audiograf? Eg ringjer Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, som har den einaste audiologiutdanninga i landet. Lars Rosvoldaunet tek telefonen. Han fortel at det er utdanna om lag 800 audiografar sidan år 2000, men at det berre er om lag 350 som utøver yrket. Kunnskapstapet har si årsak i at audiografar må vera tilsette av ein øyre-nase-hals-spesialist, og dei er det få av. Difor er det lange køar.

Han ber meg ringja Jon Øygarden, den pensjonerte kollegaen hans, for å få veta meir om skilnaden mellom test av høyrsel på mobil og hjå audiografen. Jon seier at det kan vera ei utfordring å få kalibrert mobiltesten, men at testen der ein kan hente ut tale i støy, er betre då han ikkje treng å verta kalibrert.

Dei har vore med på å laga ein slik test, og den kan du ta på Hørselstesteren (horselstesteren.no). Eg har sjølvsagt testa den òg, og resultatet var framifrå. At eg trur eg ikkje høyrer, kjem nok av at eg ikkje lyttar.

Per Thorvaldsen

pth@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis