I høve 80-årsdagen gir Gyldendal ut Skriftarbeid, ei 600 sider lang samling av artiklar frå dei siste 25 åra, og Dansen med orda, som samlar songtekstane hans. Ikkje berre demonstrerer desse bøkene den store breidda i forfattarskapen, dei dokumenterer òg grundig at Kjartan Fløgstad er eit politisk menneske.
I Skriftarbeid skriv han at «skjønnlitterære evner er eit ustøtt fundament for politiske standpunkt». Men det har aldri hindra han i å meina politisk.
– Eg prøver å minna meg sjølv på at slik er det. Sjølv om det er ustøtt, kan det likevel vera verdifullt, trur eg. Men eg prøver å ikkje vera politisk på det viset at eg blir kannestøypar som formanar verda om kva ein bør gjera i vanskelege storpolitiske spørsmål. Likevel trur eg at ein skjønnlitterær forfattar òg kan gi innsikter som kan bidra til å vippa i ei eller anna retning.
– Verda har endra seg radikalt dei siste 30–35 åra. Står du politisk i dag der du stod for 50 år sidan?
– Vi lever i eit heilt anna samfunn, der det politiske grunnlaget for sosialismen, som var den organiserte arbeidarklassen, er mykje svakare. Skal ein vera venstreorientert, må ein halda med dei som er forfølgde og undertrykte. Det er mitt politiske grunnsyn, det eg freistar uttrykkja litterært òg.
– Eg er sosialist. Og anti antikommunist, av respekt for frigjeringskampen den historiske arbeidarrørsla har ført for oss alle, mot fascisme og undertrykking. Sjølv prøver eg å gi ein skjerv der eg kan støtta forfølgde og ordlause i dag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.