Historie
¿ Siste stopp Brooklyn
Fem månader etter at ho flykta frå Lillehammer, kan Undset pakke ut kofferten.
Lytt til artikkelen:
To krigsflyktningar frå Noreg er på veg frå Kobe i Japan til San Francisco, klare for krigsinnsats i amerikansk eksil. Reisa går med «President Cleveland», som på vegen har ein stans i Honolulu på Hawaii. Det er ein ironi i at dampskipet oppkalla etter president Cleveland går i rute på Hawaii. For det var denne presidenten som i 1883 sende dei første skipa og soldatane til Hawaii for å annektere øya. Han gløymde å spørje hawaiarane om det var greitt.
I Honolulu får Undset sendt telegram til forleggjar Alfred A. Knopf i New York om at ho er i anmarsj. Den nyaste romanen hennar, Madame Dorthea, har nyleg kome ut i USA, og salet går strykande.
Dette er siste etappe på vegen til det Undset ser som framtida i Tilbake til fremtiden. I boka skriv ho ingenting verken om Hawaii eller om overfarten. Reisa er liksom over når ho går om bord i skipet i Japan og nærmar seg USA. Ein skriv ikkje reiseskildringar heimanfrå, og i USA er Undset heime, politisk og kulturelt sett.
Dei siste femti sidene (ein fjerdedel av boka) er eit langt essay (eller ei rekkje miniessay) om verda, politikk, sivilisasjon og framtid. På veg over Stillehavet tenker ho mykje på Atlanterhavet, eller rettare sagt: på atlanterhavsdemokratia. Dei står for framtida.
For atlanterhavsdemokratia er det totalitære framandt. Folka i desse landa sette fridom, likskap og brorskap høgt alt før dei blei kristna, påstår Undset. Vi har den demokratiske sjela til havborne menn og kvinner, mens tyskarane var mørkeredde skogtroll som skreik etter ein sterk førar. Vi hadde gode lovverk alt i mellomalderen (Frostatingslova), kvinnene våre var sterke, og bøndene våre var frie, alt i sterk kontrast til Tyskland. Der blei bonden «smedet, hånet, nedskjelt på en måte så rå, så den gjør mange av de tyske middelalderskrifter til ubegripelig motbydelig lesning».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.