JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Signal

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Tore Meek / NTB

Foto: Tore Meek / NTB

5235
20220812
5235
20220812

Når du er på fjelltur, går du kanskje i eit lite dalsøkk og legg merke til at du ikkje har samband på mobilen lenger. Vi seier gjerne at vi ikkje har signal. Viss du er uheldig og vrikkar foten akkurat då, må du krabbe heile vegen opp til ein åskam før du får signal igjen og kan ringe etter hjelp.

Omgrepet signal kjem av det latinske ordet signum, som betyr merke eller teikn, og på mange språk er det også eit verb som på norsk vert å signalere: å lage teikn til andre. I vår tid er signal noko vi knyter mest til elektronisk kommunikasjon. Vi sender og mottek signal som vert frakta gjennom ein teknisk infrastruktur.

Når vi snakkar om signal, må vi skilje mellom det fysiske fenomenet som representerer signalet – signalberaren – og sjølve signalet, som er teikna vi kan tolke ut av signalberaren. I eksempelet vårt er det mobilsambandet som er signalberaren, medan dei lydbølgjene stemma skaper, er signalet. Vi kan skilje mellom signal ut frå to dimensjonar – om dei er naturlege eller kunstige, og om dei er analoge eller digitale.

Naturlege signal er dei fysiske fenomena menneske (og dyr) kan sanse og handle ut frå, og dei uttrykka dei kan lage for å sende teikn til andre. Eit dyretråkk viser at det stadig går sau eller hjort forbi, sjølv om dei ikkje prøver å formidle det til nokon. Når hjorten brøler i paringstida, kan det vere signal til mogelege partnerar eller truslar til konkurrentar, og menneska kan også lære seg å tolke dei.

Signalet kan vere analogt eller digitalt. Lydbølgjene frå eit rop er analoge i den forstand at dei varierer over kontinuerlege verdiar. Jo meir energi som vert brukt til å brøle, jo høgare vert lyden av brølet. Det går an å tenkje seg naturlege signal som er digitale. I tropiske strøk har giftige slangar gjennom evolusjonen utvikla sterke fargar for å åtvare fiendar om at dei er farlege – «Ligg unna!» Evolusjonen har jo sjølvsagt gjort at også ikkje-giftige slangar får sterke fargar. Signalet er det same, men det er ikkje lenger sant.

Naturlege signal kan lagast utan moderne teknologi og vert uttrykt på alle dei måtane kroppens sanseapparat er i stand til å fange opp. Kunstige signal er menneskeskapte teikn som vert formidla med teknologiske signalberarar. Vardebrenning er eit kunstig digitalt signal som fortel om fiendens flåte er på veg eller ikkje. Viss bålet er på er det fare, men viss det er av kan du ta det roleg.

Gammaldagse variantar av medium som telefon og radio er døme på analoge kunstige signalberarar. Analoge signal samvarierer nærast direkte i storleik eller intensitet med det fysiske fenomenet som formidlar dei. Dersom ein mikrofon fangar opp ein høg lyd, lagar signalet større utslag på signalberaren enn han gjer om han fangar opp ein låg lyd. Signalet vart overført direkte på ei berebølgje, eller dei vart lagra på magnetband eller liknande.

I AM-radio er det amplituden på berebølgja som fortel kor sterkt utslaget i ein høgtalarmembran skal vere. Høg amplitude gjev stort utslag og sterk lyd. Låg amplitude gjev lågt membranutslag og låg lydstyrke. Analoge signalberarar var einerådande i mediesamanheng fram til 1990-talet.

Kunstige digitale signal har vorte spesielt vidareutvikla i samband med datamaskina. Slike signal vert brukt til prosessering og lagring av data i datamaskiner og til overføring av data mellom alle slags datamaskiner.

Informasjonen som skal sendast, vert delt opp i separate bitar som vert behandla sekvensielt og ikkje kontinuerleg. I digitalteknikken er det vanlig å representere eit signal ved å sample og kvantifisere det, slik at det utgjer ein sekvens med binære signal som har verdien 0 eller 1. Desse vert kalla ein bit (etter binary digit). Eit digitalt signal med 256 forskjellige signalverdiar kan for eksempel verte representert med 8 binærsignal.

Lydkarakteristikken ved ein mikrofon kan representerast med ei rekkje tal som kodar for signalstyrken på eit tidspunkt. Signalverdien vert ei meir nøyaktig gjengjeving av det naturlege signalet – jo fleire siffer som vert brukt til å kvantifisere det, og jo hyppigare verdiane vert registrerte (sampla). I eit bilete samlar vi lyskarakteristikken i punkt i synsfeltet, ofte kalla pikslar. Jo betre oppløysing kameraet har, jo betre vert bileta.

I dag er nesten all signalering mellom maskiner digital. Ein viktig grunn til at vi brukar digitale signal, er at risikoen for feil vert redusert. Digitale teknologiar er meir robuste enn analoge signalteknologiar. I figuren under ser vi korleis 4 bitar kan ha vorte representert med radiobølgjer. Amplituden på radiosignalet på spesifikke tidspunkt avgjer om vi får ein 1 eller ein 0. Om vi hadde brukt eit analogt signal, ville påverknad som rørsle, magnetfelt, temperatur, sollys og liknande kunna endre verdien på signalet og med det effekten av signalet.

Når ein brukar digitale signal, vil sjansen for uønskt endring vere mykje mindre. Digitale signal gjev òg høve til feilkorrigering på ein heilt annan måte enn analoge signal. I digitale system vert signalet sampla og kvantifisert ved inngangen, før det vert behandla matematisk, utan at ytre forhold har nokon innverknad.

Lars Nyre og Bjørnar Tessem

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein viktig grunn til at vi brukar digitale signal, er at risikoen for feil vert redusert.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis