Setningar om tyranni
Bak ein åskam i Budapest opnar Memento Park 29. juni 1993 til minne om dei 40 åra under Sovjetunionen frå 1949. Monumenta er stilte opp etter symbolet for endeløyse.
ÅTTE METER HØG. Med reiskapar frå ingeniørskulen reiv ungararar ned Stalin-statuen på Paradeplassen 24. oktober 1956 kl. 21.37. Over munnen hang ein plakat: «Russarar, når de stikk av, ikkje la meg vere att.» Dei hadde ikkje reist. Dei kom fire timar etterpå.
Foto: Arpad Hazafi / AP / NTB scanpix
Den hardaste diktaturtida i Ungarn var åra 1949–56. I bybiletet innebar det store statuar av Karl Marx, Friedrich Engels, Josef Stalin, Vladimir Lenin og mange andre brutalt store skulpturar. Då Sovjetunionen gjekk i oppløysing, tok det ikkje lang tid før dei blei demonterte og fjerna. Styresmaktene lyste ut ein konkurranse om minnesmerke over den kommunistiske æraen. Arkitekt Ákos Eleod vann med ein minnepark som er delt i to.
Statueparken inneheld 42 statuar, skulpturar og minnesmerke som er sette opp i tre sløyfer forma etter symbolet for endeløyse, apeiron. Vitneplassen er den andre delen, meir open i forma. Her blir ein kopi installert i 2006 av skorne på ein Stalin-statue som blei riven ned 23. oktober 1956. Klokka var 21.37.
Statueparken er gjerne kalla «Ei setning om tyranni» – ei formulering henta frå tittelen på diktet «Egy mondat a zsarnokságról», som forfattaren og politikaren Gyula Illyés skreiv i 1950. Diktet er ei einaste lang setning på 182 korte linjer, og Illyés publiserte det først 2. november 1956. Etterpå var det forbode i 30 år å publisere diktet. I Statueparken kan det lesast på rustne jernplater: «Fordi, der tyranni er/ Er alt og eitt fåfengt/ Kvart skapte grann, jamvel blir/ Diktet eg syng fåfengt.»
I minnepolitikk bruker ein hendingar i fortida til å fremje verdiar og interesser i samtida. Med denne parken ville styresmaktene i Ungarn vise ein gong for alle kva åra 1949–90 handla om. «Desse statuane er ein del av den ungarske historia», seier Eleod. «Diktatur blir borte og plastrar si eiga fortid, slik at dei kan bli kvitt alle minna om fortida. Demokratiet er den einaste styreforma som er budd på å godta at fortida vår med alle sine blindvegar er vår same kva.»
Nede i sentrum er der fleire minne. Langs den mange kilometer beine Ulloi-gata er dei synlege enno i murveggene, kulehola frå den ungarske revolusjonen hausten 1956. Det som då hende, skaut hol i mange sjeler også. I Polen streika arbeidarar for betre levekår og frie val frå juni, ungarar markerte støtte til polakkane og kryssa alle grenser for eigne rettar. På hundevakta natt til 24. oktober dundrar sovjetrussiske styrkar inn i by og land.
Søndag 4. november kl. 06.00 søkjer statsminister Imre Nagy og mange regjeringskollegaer politisk asyl i den jugoslaviske ambassaden. Seks dagar seinare blir okkupasjonsstyrkane trekte ut. Fleire tusen har mista livet, massearrestasjonar følgjer. 200.000 flyktar frå landet, og om lag 1200 av dei kjem til Noreg. Dei har med seg noko nordmenn er ukjende med: På ganske få år blir paprika daglegvare her til lands.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.