JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Setningar om tyranni

Bak ein åskam i Budapest opnar Memento Park 29. juni 1993 til minne om dei 40 åra under Sovjetunionen frå 1949. Monumenta er stilte opp etter symbolet for endeløyse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
ÅTTE METER HØG. Med reiskapar frå ingeniørskulen reiv ungararar ned Stalin-statuen på Paradeplassen 24. oktober 1956 kl. 21.37. Over munnen hang ein plakat: «Russarar, når de stikk av, ikkje la meg vere att.» Dei hadde ikkje reist. Dei kom fire timar etterpå.

Foto: Arpad Hazafi / AP / NTB scanpix

3930
20200103

Forteljingar frå 1900-talet

Ottar Grepstad er tett på folk som forma vår tid.

Den hardaste diktaturtida i Ungarn var åra 1949–56. I bybiletet innebar det store statuar av Karl Marx, Friedrich Engels, Josef Stalin, Vladimir Lenin og mange andre brutalt store skulpturar. Då Sovjetunionen gjekk i oppløysing, tok det ikkje lang tid før dei blei demonterte og fjerna. Styresmaktene lyste ut ein konkurranse om minnesmerke over den kommunistiske æraen. Arkitekt Ákos Eleod vann med ein minnepark som er delt i to.

Statueparken inneheld 42 statuar, skulpturar og minnesmerke som er sette opp i tre sløyfer forma etter symbolet for endeløyse, apeiron. Vitneplassen er den andre delen, meir open i forma. Her blir ein kopi installert i 2006 av skorne på ein Stalin-statue som blei riven ned 23. oktober 1956. Klokka var 21.37.

Statueparken er gjerne kalla «Ei setning om tyranni» – ei formulering henta frå tittelen på diktet «Egy mondat a zsarnokságról», som forfattaren og politikaren Gyula Illyés skreiv i 1950. Diktet er ei einaste lang setning på 182 korte linjer, og Illyés publiserte det først 2. november 1956. Etterpå var det forbode i 30 år å publisere diktet. I Statueparken kan det lesast på rustne jernplater: «Fordi, der tyranni er/ Er alt og eitt fåfengt/ Kvart skapte grann, jamvel blir/ Diktet eg syng fåfengt.»

I minnepolitikk bruker ein hendingar i fortida til å fremje verdiar og interesser i samtida. Med denne parken ville styresmaktene i Ungarn vise ein gong for alle kva åra 1949–90 handla om. «Desse statuane er ein del av den ungarske historia», seier Eleod. «Diktatur blir borte og plastrar si eiga fortid, slik at dei kan bli kvitt alle minna om fortida. Demokratiet er den einaste styreforma som er budd på å godta at fortida vår med alle sine blindvegar er vår same kva.»

Nede i sentrum er der fleire minne. Langs den mange kilometer beine Ulloi-gata er dei synlege enno i murveggene, kulehola frå den ungarske revolusjonen hausten 1956. Det som då hende, skaut hol i mange sjeler også. I Polen streika arbeidarar for betre levekår og frie val frå juni, ungarar markerte støtte til polakkane og kryssa alle grenser for eigne rettar. På hundevakta natt til 24. oktober dundrar sovjetrussiske styrkar inn i by og land.

Søndag 4. november kl. 06.00 søkjer statsminister Imre Nagy og mange regjeringskollegaer politisk asyl i den jugoslaviske ambassaden. Seks dagar seinare blir okkupasjonsstyrkane trekte ut. Fleire tusen har mista livet, massearrestasjonar følgjer. 200.000 flyktar frå landet, og om lag 1200 av dei kjem til Noreg. Dei har med seg noko nordmenn er ukjende med: På ganske få år blir paprika daglegvare her til lands.

Revolusjonen får eit etterspel under dei olympiske leikane i Melbourne 1956. Den 6. desember møter Ungarn Sovjetunionen i semifinalen i vasspolo. Det som er blitt ståande som «Blod i vatn»-kampen, vinn Ungarn 4–0. I finalen slår det ungarske laget Jugoslavia 2–1.

Nagy er i den jugoslaviske ambassaden berre nokre veker. Den 22. november 1956 kjem han ut med lovnad om at han kan gå fritt ikring. Same dagen deporterer KGB han til ein interneringsleir i Romania. Imre Nagy blir dømd til døden for landssvik 16. juni 1958 og avretta få timar etterpå.

Ei offentleg grav får han først i 1989. På ei klokke ved gravsteinen er det latinske mottoet frå «Songen om klokka» av Friedrich Schiller hogt inn på latin, engelsk, tysk og ungarsk: «Eg ropar til dei levande. Eg sørgjer over dei døde. Eg slår lyn tilbake.» Då Ivar Aasen gjendikta dette i 1870, tok han ikkje med mottoet.

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad er forfattar og språk- og litteraturvitar.

Redigert utdrag frå 1900-talet, Samlaget 2020

Serien «Forteljingar frå 1900-talet» vart trykt i perioden 8. november 2019–3. januar 2020.­

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis