Historie

Sanning frå sola

Ein av dei største tankane eit menneske har skapt, kan berre bli til sanning når naturen gjer det mogleg. Det ordnar seg i São Tomé og Príncipe onsdag 29. mai 1919.

KOPI. Den totale solformørkinga i 1919 var den lengste på over 500 år. Dei originale glasplatene med foto forsvann, men kopiar var tekne.
KOPI. Den totale solformørkinga i 1919 var den lengste på over 500 år. Dei originale glasplatene med foto forsvann, men kopiar var tekne.
Publisert

Teorien er jordisk, men stadfestinga kjem frå sola. Albert Einstein formulerte den generelle relativitetsteorien i 1915. Ei total solformørking er det som må til om ein skal få stadfesta eller avsanna teorien, og med den lengste solformørkinga på over 500 år er tida inne.

På øya Principe utanfor vestkysten av Afrika er formørkinga total frå 14.13 til 14.18. Der fotograferer to engelskmenn, fysikaren Arthur Eddington og astronomen Frank Watson Dyson, stjerner i stjernehopen Hyadane, om lag 153 lysår frå sola. Då dei jamfører desse med fotografi tekne tidlegare same året, blir det tydeleg at sola har bøygt lysbølgjene. Alt Isaac Newton peikte på at lyset blir bøygt, men relativitetsteorien innebar at lyset blir bøygt mykje meir enn Newton hevda. At det er slik, meinte Einstein ein kunne måle under ei solformørking, for då kunne ein studere lyset frå stjerner bak sola.

Frå London organiserer Royal Society og Royal Astronomical Society eksperiment på to stader under solformørkinga – på Principe og i brasilianske Sobral. Sine eintydige konklusjonar legg Eddington fram i Royal Society i London 6. november same året, og saman med Dyson publiserer han den avgjerande artikkelen om saka i 1920.

Utviklingsoptimismen verkar endelaus. Telegram kan sendast trådlaust, skip som kan søkkje og kome opp att, blir bygde, fly kan sveve over land og sjø, levande lysbilete flimrar, frå vitskap kjem kunnskap om både øydeleggjande våpen og korleis menneske kan overleve pestar og epidemiar og styre meir av si eiga ettertid. Like sidan 1882 har elektriske lamper lyst på Hamn i Senja, sjølv gåter i universet kan få sine svar. Meir sanning kjem for ein dag, men konsekvensane er ukjende.

Overfor eit meir allment publikum blir eksperimentet utanfor Afrika gjennombrotet for Einstein. Formelen E = mc2 er alt anna enn beinkløyvd og intuitiv kunnskap, sjølv om Einstein forenklar det heile i éi setning: «Tid og rom og gravitasjon eksisterer ikkje uavhengig av materie.»

Enkelt sagt er den generelle relativitetsteorien det same for fysikken som evolusjonsteorien er for biologien. Det som står att, er å kunne observere gravitasjonsbølgjer. Dei bølgjene har å gjere med ei viktig side av den generelle relativitetsteorien. Ved nokre ekstreme hendingar, som det tidlege universet eller system med to stjerner som går i bane rundt kvarandre, blir rommet heile tida endra, og det blir sendt ut gravitasjonsbølgjer. Nokre forskarar trudde dei hadde dokumentert slike bølgjer i 2013, men dette blei avvist og forklart som støy.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement