Essay

¿ «Samleier i Bergen»

Sidan Agnar Mykle vart tiltala for å ha skrive pornografisk i Sangen om den røde rubin, er det lett å tru at forarginga romanen vekte i den norske ålmenta i 1956–57, var ein puritansk reaksjon på seksuelle skildringar. Slik var det ikkje.

Publisert

Lytt til artikkelen:

Om ein kunne reagere på erotikken i Rubinen i kristne miljø, særleg på Sørlandet, var forarginga i det litterære, kulturelle og intellektuelle miljøet eintydig knytt til Mykles bruk av levande modellar for romanfigurane sine.

Det var heller ikkje berre i Bergen at kritikken av Sangen om den røde rubin gjekk mest på levande modellar. Også i Oslo stod spørsmålet om Mykle dikta eller refererte frå røyndomen, sentralt. Jens Bjørneboe kalla romanen «en kjempestor, fragmentarisk selvbiografi». I Verdens Gang og det danske Information gjekk skribenten Odd Eidem til frontalangrep på Rubinen og hevda at romanen ikkje var dikting, men «korrekte referater» av intime omstende henta frå Mykles privatliv. Eidem meinte difor at dei seksuelle skildringane var eit lovbrot, nemleg «krenking av privatlivets fred».

Bergen var likevel sentrum for forarginga. Det byrja med ei bokmelding i Bergens Arbeiderblad der Olav Simonnæs slo fast at Rubinen hadde pornografiske innslag, men meinte at «vi (er) imidlertid etter hvert blitt så fortrolige med den slags realistisk samleie-skildring at det ikke biter synderlig på oss». Samstundes fortalde Simonnæs at Mykle hadde «brukt levende modeller», og skreiv at «portrettene er morsomme som karikaturer, og flere vil bli gjenkjent av dem som da var med».

På denne viset ble dei seksuelle skildringane i romanen knytte til bestemte levande kvinner. Tittelen på bokomtalen, «Agnar Mykles nye roman – som foregår i Bergen», fortalde lesarane at dei kunne leite etter seg sjølv og naboane i boka. Simonnæs slo fast som eit faktum at Mykle hadde laga karikerte portrett av personar som kunne kjennast att, samstundes som han ein annan stad i artikkelen fortalde om «samleier (…) i Bergen». Desse samleia med bergenskvinner skulle i Rubinen ha fått «en minituiøs beskrivelse (...) i alle tenkelige detaljer – fra det kjedsommelig naturlige til det mest perverterte».

Såleis la artikkelen opp til at lesaren skulle tru ein kunne kjenne att kvinnene i dei seksuelle situasjonane i romanen. Men dei mest attkjennelege modellane i Rubinen var ikkje Mykles elskarinner i Bergen i 1938–39, men høgst påkledde menneske frå ei foreining som i romanen vert kalla «Sosialistisk Studentlag». Det er medlemene i denne foreininga, både menn og kvinner, som Simonnæs kan meine «vil bli gjenkjent av dem som da var med», ikkje kvinnene som Ask Burlefot har eit erotisk forhold til, for ingen andre enn det elskande paret «var med» på deira intime møte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement