JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Røyster i mindretal

Jon Fosse takka språket for Nobelprisen. Svenska Akademien hylla han for dikting som gir røyst til det useielege, og såg bort frå alt av språk- og kulturpolitikk. Slik har det ikkje alltid vore.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Plakat med Jon Fosse-portrett på standen til Rowohlt Verlag på bokmessa i Frankfurt 2023.

Foto: Arne Dedert / DPA

14314
20231201

Døra i Stockholm

Kunngjeringa av Nobelprisen i litteratur utløyste grenselaus glede. Ottar Grepstad held fast ved stunda og oppdagar meir enn jubel.

Del 1: Røyster i mindretal

«Dette var stort», skreiv Svein Terje Vestbø på Facebook torsdag 5. oktober. 2 timar og 18 minutt hadde gått sidan den ovale, blankpussa dørvridaren i messing blei dreia rundt frå innsida.

Einkvan opna døra for den ständige sekreterare i Svenska Akademien. 45 sekund seinare hadde han sett delar av Noreg på ende. No delte pensjonisten i Vikebygd ein gratulasjon frå Noregs Mållag.

I eufori

På Facebook var det alt full fyr. Gratulasjonane gjekk på kryss og tvers, blei delte og delte seg. Folk som har noko med det, gratulerte kvarandre. Folk flest gratulerte kvarandre. Éin brageprisvinnar sat og gret, ein annan tømde tastaturet: Jaaaaaaaaaa!!!! Boklesarar gratulerte kvarandre, andre gratulerte språket. Eg har ikkje lese noko av Fosse, skreiv mange, kvar bør eg byrje?

Det var som då Noreg vann Melodi Grand Prix i 1985, då Noreg slo Brasil i Marseille i 1998, då Magnus Carlsen blei verdsmeister i sjakk i 2013. Dei kjende ikkje kvarandre, dei som var til stades eller følgde med, men dei feira noko dei trudde dei hadde felles.

På førehand hadde kommentatorar nemnt mange andre namn, somme kom opp med eit nytt namn. Det var som om ingen våga heilt å seie det andre namnet, det norske namnet, namnet på forfattaren som hadde vore nemnd så mange år før. Nobels litteraturpris til Jon Fosse sende av stad nokre tankerekkjer om kva rolle heider og jubel spelar der noko viktig står på spel.

«Får Fosse Nobelprisen i litteratur før styresmaktene får avskaffa nynorsk som offisielt språk i heimlandet til diktaren?» spurde Kjartan Fløgstad i 2004. Under det polemiske spørsmålet ytst på nålespissen låg eit stort språkpolitisk alvor.

II Nynorsk

Så rørande, stod det på Facebook, Fosse takkar nynorsken. «Ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg i sannings namn takka nynorsken for prisen», sa Jon Fosse i ei pressemelding frå Samlaget.

Visst ville han. Han har gjort det gong på gong. Ved kvart store høve har Fosse takka språket og dei som bruker det språket han diktar på.

Grunnsetningane formulerte han i artikkelen «Min kjære nynorsk» då han hadde gitt ut fem bøker. «Kvifor skal eg argumentere for at språket mitt og til nokre hundre tusen andre skal få lov til å eksistere?» spurde Fosse. «Det er jo språket mitt, det eg kanskje er mest knytt til her i livet. Eg er veldig glad i språket mitt. Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det.»

Denne suverene posisjonen heldt han fast ved. Jon Fosse har aldri hevda at nynorsk er eit lite språk, eller at det er truga. Han har insistert på at det er eit språk som andre språk, og at det språket skal ein ta for gitt. I dette ligg ingen romantisk naivitet om at språk ikkje kjem under press, eller at språkmøte ikkje utløyser konfliktar. Han er inga skjønnånd som virrar rundt i politisk uforstand.

Jon Fosse har teke sine vaktpostar. Som styremedlem i kulturinstitusjonar tok han stilling til kva det skulle vere. På eit styremøte i Samlaget i 1990 oppsummerte han utgivingane frå forlaget året før med ei innføring i Bourdieu-metaforen kulturell kapital. Fosse var sikker i sitt eige svar på det strategiske spørsmålet om aviser verkeleg har meir å seie enn bøker i danning og meiningsdanning. Den gode kafeen er viktig for opplevinga av museum, konstaterte diktaren.

I 1994 hadde eg føreslått at Dei nynorske festspela skulle ha ein festspeldiktar. Mange år seinare ville eg inkludere sakprosa og endre tittelen. «Stusseleg med ‘festspelforfattar’», sa Fosse, og saka var tapt. Han kunne også vere stilsikker raudblyant. På eit styremøte i Nynorsk kultursentrum slo Fosse fast at det heiter å ta «til vitende» på nynorsk, ikkje «til vitande», og la til, trøystande: «Nynorsken er ein vanskeleg ting.»

Jon Fosse har aldri trykt noko som helst på bokmål. Nobelprisvinnaren har takka språket sitt i tjue år. Det internasjonale gjennombrotet og den bråvunne posisjonen som den mest spelte dramatikaren i Europa gjorde at det gjaldt å prise han i tide. I 2003 fekk han æresprisen frå Norsk kulturråd. «Med sitt suggererende og rytmiske nynorsk har han skapt seg en distinkt stemme i norsk litteratur», sa rådsleiar Vigdis Moe Skarstein. Det var mange eg gjerne skulle takke, sa Fosse. Han nemnde berre éin: «Eg vil takke nynorsken.»

To år seinare blei han tildelt Brages heiderspris og takka nynorsken på ny.

Hausten 2015 var Jon Fosse storfavoritt til å vinne Nordisk råds litteraturpris. Likevel var ingen norske journalistar til stades i Reykjavík den kvelden prisen blei delt ut. Det var Jon Fosse. Fleire gonger hadde han vore nominert til Brageprisen utan å få han, og vente-på-gangen-rolla var ikkje skriven for Fosse. Denne gongen fekk han difor diskré vite at det hadde noko for seg å reise. Fosse lista seg inn i landet og gøymde seg på hotellrommet til klokka var slagen. «Eg vil takke nynorsken», sa Fosse. «Nynorsken har vore som ein heim i det omskiftelege livet mitt», sa Fosse.

Han takka, og andre tok etter. Eg gjer som Jon Fosse og takkar nynorsken, sa Kjetil Brottveit då han debuterte med romanen Nattradioen eit par veker etter æresprisen frå Norsk kulturråd. Eg har mykje å takke nynorsken for, sa Odd Nordstoga då han fekk prisen for god offentleg språkbruk av Landssamanslutninga av nynorskkommunar i 2005. Eg har så mykje å takke nynorsken for, sa Carl Frode Tiller då han sa ja til å vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2019.

Det språket Fosse takkar, har han endra i det han skriv. Fosse har gått frå ein konvensjonell, antipuristisk nynorsk i 1980-åra til klassisk nynorsk utover på 2000-talet. Med a-infinitiv. I eit språkpolitisk perspektiv er dette ikkje eit anna språk, berre ein annan variant av same språket.

Eg vel å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga, sa Jon Fosse i pressemeldinga frå forlaget 2023. I grunngivinga for prisen var det nemnt at Fosse skriv på nynorsk, men Svenska Akademien heldt seg langt unna alt som kunne minne om språkpolitiske setningsledd. Nobelprisen i litteratur var i 2023 ein litterær-estetisk pris og ikkje noko anna. Slik var det ikkje då Svenska Akademien frå 1901 tok til å dele ut det som er blitt den fremste litteraturprisen i verda.

III Provençalsk

Ingen sat og stira på ein dørvridar i matt messing i 1904. Den 10. desember det året var ein laurdag, og kong Oscar 2. kom til Musikaliska Akademiens store sal i Stockholm presis klokka 19.30. Fem nobelprisar skulle delast ut, og først no blei vinnarane kunngjorde. Alle namna stemte bra med rykta som hadde gått.

Litteraturprisen blei delt mellom den spanske dramatikaren José Echegaray (72) og den oksitanske forfattaren Frédéric Mistral (74). Han fekk prisen for «det ursprungsfriska, snillrika och sant konstnärliga i hans diktning, som troget avspeglar hans hembygds natur och folkliv, samt å hans betydelsefulla verksamhet som provençalsk filolog».

Prislaurdagen, mange timar før prisvinnarane var kunngjorde, gav Morgenbladet ei romantiserande innføring i Mistrals livsverk. «Man omskaber ikke let en Dialekt til et Skriftsprog, som er istand til at omfatte alle Grene af den moderne Literatur – en klar og praktisk, men ikke særlig Aand», skreiv avisa. Katolsk bondetru og provençalsk patriotisme blei for enkelt, så berginga var at «han har saa meget vakkert at se paa omkring sig». Slikt kunne ein også få seg til å skrive om landsmålsdiktarar.

Kva det var med det provençalske språket, skreiv dei norske avisene svært lite om. Den som tydelegast sa frå, var den danske forfattaren Sophus Clausen i Politiken: «Det strider mod al Sandsynlighet, at man i det tyvende Aarhundrede, hvor saa megen daglig Tryksværte utgydes gjennem Aviserne, skulde kunne grave gamle, længe forsømte Landsmaal op av europæisk Grund og tvinge anderledes talende Mennesker til at lære dem, ja tale og skrive dem.»

Dette var ei klar helsing til språkstriden i Noreg, to år etter at sidemålsundervisninga var innført. Samstundes framheva Clausen at Mistral hadde skapt eit nytt grunnlag for provençalsk. No etterlyste han vilje hos danskar til å styrkje eigne dialektar.

Mistral var berre 24 år då han saman med seks andre forfattarar skipa det litterære selskapet Lo Felibritge (Félibrige på fransk) for å verne og fremje bruken av provençalsk språk og kultur. Han studerte juss, men vigde livet sitt til å dikte på provençalsk. Det skjønnlitterære hovudverket var eposet Miréio i 1859, i sakprosa den tospråklege ordboka Lou Trésor dóu Félibrige.

Saman med andre arbeidde han på denne ordboka for provençalsk i tale og skrift frå 1878 til verket var ferdig berre åtte år seinare med 2361 sider i to band. «It was above all else a labor of love, such as probably never was undertaken elsewhere, unless the work of Ivar Aasen», skreiv den amerikanske biografen Charles Alfred Downer i 1901.

For prispengane kjøpte Mistral eit gamalt slott i Arles og etablerte ein ny kulturinstitusjon. Der plasserte han eit museum for provençalsk kultur som han hadde halde på med i det små frå 1899 og utstyrt med tekstar på provençalsk.

Mistral kunne ha god grunn til å bruke prissummen privat. I 1876 støytte den provençalske poeten Paul Arene på han i Italia. Kva han gjorde der? Han var på bryllaupsreise. Men kvar er kona? «Hun er blit hjemme. Vi er ikke velhavende nok til at kunne præstere en Bryllupsreise for to, derfor er jeg tat afsted alene, men jeg fortæller hende i Breve om alt, hvad jeg ser hernede.»

IV Minoritet

Til og med 2023 var 120 nobelprisar i litteratur delte ut. Desse prisvinnarane skreiv på 26 språk, og 13 av dei språka har berre éin prisvinnar. Her ser eg bort frå at tre prisvinnarar skreiv på to språk. Indiske Rabindranath Tagore (1913) skreiv på bengali og engelsk, irske Samuel Beckett (1969) på fransk og engelsk, og russisk-amerikanske Joseph Brodsky (1987) skreiv poesi på russisk og prosa på engelsk.

Dei fem store nobelspråka er engelsk (31 prisvinnarar), fransk (15), tysk (14), spansk (11) og svensk (7). Berre sju prisvinnarar skreiv på ikkje-europeiske språk. To skreiv på språk med formell eller faktisk minoritetsstatus. Frédéric Mistral var den eine, Isaac Bashevis Singer på jiddisk var den andre.

Språkpolitisk sett er prisen til Mistral i 1904 den mest oppsiktsvekkjande. Det er også den einaste litteraturprisen som er delt ut med eit språkpolitisk element i grunngivinga. Den gongen snakka ingen om provençalsk som eit minoritetsspråk, for det ordet var knapt oppfunne.

Nasjonale minoritetar tok ein så smått til å tale om etter Napoleonskrigane i 1815 og fram til 1918. Dei første internasjonale konvensjonane kom på plass før 1940, og i nasjonale grunnlover hende det at ein formulerte rettar for språklege minoritetar. Etter 1945 ville sigersmaktene hindre gjentakingar frå andre verdskrigen, og der var lite merksemd om språklege minoritetar. Dette endra seg først frå 1970-åra, også i Noreg. No gjaldt det særleg å sameine menneskerettar og språkleg mangfald.

Få minutt etter at nobelprisen var kunngjord, bad NRK om ein kommentar frå forlagsredaktør Cecilie N. Seiness i Samlaget: «Det er ein utruleg stor dag for Samlaget, for Jon, først og fremst for Jon Fosse, sjølvsagt, og for nynorsken.» Kva har dette å seie for det nynorske språket? spurde NRK. «Nei, det nynorske språket er jo ein minoritet», sa Seiness.

Å gi ein slik kommentar på direkten når alt av kjensler og tankar svirrar rundt, er ikkje noko ein øver på, og utsegnene skal difor ikkje dissekerast. Det er mykje viktigare at minoritet blei verande eit tema i timane og dagane som følgde. Både amerikanske og engelske aviser var i beit for meir presise ord enn minority language då dei skulle plassere språket nynorsk.

Fleirtal og majoritet er ikkje alltid to sider av same saka. Det er heller ikkje mindretal og minoritet. I internasjonale avtalar er ein minoritet (eller majoritet) på engelsk anten ei etnisk definert gruppe eller ei numerisk avgrensa gruppe. Ein minoritet er i utgangspunktet ei sosial gruppe som er numerisk underordna andre i samfunnet, og som dermed kan stå utsett til for ein majoritet. Denne definisjonen er henta frå engelsk og rommar dermed eit problem.

I germanske språk som svensk, dansk, tysk, nynorsk og bokmål kan ein skilje fagleg mellom majoritet og fleirtal, mindretal og minoritet utan presiserande adjektiv. På tysk kjem dette til uttrykk i ordpara Majorität / Minorität og Mehrheit / Minderheit. Denne grunnleggjande skilnaden finst knapt i engelsk. Minority er minority, anten det er ein etnisk minoritet, ei juridisk eining eller eit numerisk mindretal.

Når engelsk er det dominerande fagspråket i verda, fører dette til at relevante nyansar og skilnader forsvinn inn i orda majority og minority. På same måten som språk ikkje kan definerast berre lingvistisk, har det vist seg å vere krevjande å nå fram til noka felles forståing av minoritet.

Eit språk brukt av eit mindretal er altså noko anna enn eit minoritetsspråk. I daglegtalen blir likevel omgrepa blanda saman også på norsk. Frå engelsk har omgrepet a lesser used language kome inn med omsetjingslånet eit mindre brukt språk. Det omgrepet var det EU som skapte då ein skipa European Bureau for Lesser-Used Languages, som var i drift frå 1982 til 2010.

Nynorsk er såleis både eit offisielt riksspråk og eit mindre brukt språk. Dette skil nynorsk frå mange språk som også er mindre brukte, men som har regional og ikkje nasjonal status. Provençalsk er utan nokon slik status, medan oksitansk er offisielt språk i Catalonia og har språkvern i Italia.

Brukarane av desse språka har dermed ulike posisjonar i dagens språklege mangfald. Nobeljubelen forma ein fellesskap, men avdekte også motsetnader.

Ottar Grepstad er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Andre del av essayet kjem i neste nummer.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis