JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Topographia Norvegica

Ferdaminne frå seinsommaren 2023, på vegen gjennom landet, til ei gravferd ved ein fjord i Nordland, der ein onkel har etterlate seg eit enormt bibliotek.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
30702
20230922
30702
20230922

redaksjonen@dagogtid.no

Det er ikkje ein dag som alle andre. Eg må køyre nordover, men eg er ikkje sikker på om vegen er open. I mange veker har det regna utan stans, det har vore flaum, leirras, stengde vegar og omkøyringar langs E6, både sør og nord for Dovre. Ekstremvêret Hans fekk mykje merksemd, av gode grunnar. Og da dei sa det var over, berre fortsette det å regne, tilsynelatande like mykje.

Vindaugsviskarane glir frenetisk på maks fart fram og tilbake over ruta, men greier ikkje å halde vatnet unna. Verda utanfor er som sett gjennom ei lekk dykkarmaske. Det er som om hinna som vanlegvis utgjer skiljet mellom over og under vatn, er blitt utflytande og rører seg rundt på land. Når bilen køyrer inn i flak med vatn, står spruten til vêrs, og vatnet grip tak i bilen og bremsar han, som når ein brått skrur ned farta i ein motorbåt. Sjølv om eg tar det roleg, planar bilen oppå vatnet.

Langs E6 opp Gudbrandsdalen er det heldigvis veldig lite trafikk. Folk har skjønt at det er best å halde seg heime, og dessutan fått oppmoding om det på radio. I bilen snik det seg inn ei postapokalyptisk stemning, fordi det er så få bilar, ingen folk å sjå – og sikkert fordi det alltid regnar som dette i postapokalyptiske filmar.

Kvifor eg ikkje flyr, i staden for å køyre heilt til Sørfold i det nordlege Nordland under slike høve som dette? Fordi eg skal i gravferd til min gamle onkel Ulf. Han samla ikkje mykje gods og gull gjennom dei 70 åra han levde. Men éin ting hadde han i overflod, og det var bøker. Når eg køyrer, kan eg i det minste få eit par hundre med meg i bilen.

Eg er lei meg, men ikkje i djup sorg. Dei siste tiåra var vi ikkje nære. I ungdommen såg eg opp til han, på grunn av bøkene og LP-platene, og fordi han var meir fri og uvanleg enn alle andre i familien. Rett nok kunne han vere arrogant. Om ein sa det til han, svarte han at det var fordi han faktisk hadde grunn til det, i motsetnad til dei han var ueinig med.

Det er berre seks veker sidan vi møttest sist, på sjukeheimen i Straumen. Behandlinga hadde ikkje verka, det var tilbakefall med full spreiing. Frå no av var det berre lindring av smerte som gjaldt. Han hadde fått dødsdommen, og var svekt, men samstundes umiskjenneleg seg sjølv.

Han spøkte og ville ikkje snakke om sjukdommen, langt mindre om at han utan tvil skulle døy, ganske sikkert i løpet av nokre månader. Det var som om hans eigen død var irrelevant, nesten eit irritasjonsmoment. Eller, fekk eg inntrykk av, at han på ein merkeleg måte gjekk føre seg som tekst. Han hadde alt lese slutten av boka om korleis livet hans kom til å ende, det som stod att, var ein formalitet.

Men kven veit kva for kjensler og tankar som skjuler seg bak ei slik haldning? Onkel Ulf elska bøker, men var ikkje sjølv noka open bok.

For ei veke sidan slapp han frå seg eit siste sukk, og det var det. I det eine augneblikket til stades i verda, som ein unik kombinasjon av menneskelege kjensler og tankar. Så, berre ved å passere ei nesten umerkeleg hinne i ein omtåka tilstand, ingenting, bortsett frå irreversibel død. Og frå den sida kan ingen artikulere noko som helst. «Eit spindelvev mot panna. Din tid. Din død.» (Rolf Jacobsen)

I bilen, som fer som ein sonde eller tenkjetank gjennom regnet, etablerer det seg ei fin melankolsk-tenksam grunnstemning. Idet eg passerer Ringebu, ser eg jernbanebrua som flaumen fekk til å rasa saman. Dovrebanen er stengt, det er uvisst kor mange månader det vil ta å få brua reparert. Høyballar er førte av garde med elva og ligg i småskogen langs grøfta. Hestane står i regnet, lutande med våte flankar, er det ikkje slik diktet går? Det er tidleg om ettermiddagen, og enno august, men ute er det eit dunkelt og dødt lys, som om det var enden av november.

Utanfor Hjerkinn – uttalt Sjær-kjinn, las eg nyleg i romanen Høgfjellsmeldinga av Guri Sørumgård Botheim – stansar eg. Ein regnboge rammar inn Rondane mot nordaust, sola bryt gjennom for første gong, som ein smal lyskastar, og fjella skin som om alt er skifer med sølv i. Skuggane av skyene seglar over viddene.

Det er så glitrande vakkert at melankolien søker å doble innsatsen og gli over i sentimentalitet. No ser eg atter slike fjell og dalar, og synet får meg ikkje til å tenkje, men til å føle, at eg er glad i dette landet. Ikkje på nokon sjåvinistisk, politisk måte. Eg snakkar om sjølve landet. Stort sett hardt og karrig, men om ein lærer seg å bruke det, slik tallause generasjonar gjorde før oss, kan det òg vere forbausande mildt og rikt. Til langt opp på 1800-talet trudde dei at Snøhetta var landets høgaste fjell. Det var derfor dei ville vere einige og tru til Dovre fell.

Eg køyrer vidare, ned til Oppdal, vidare mot Trondheim. I nærleiken av Støren gjekk det eit leirras for nokre dagar sidan, og E6 blei stengd. Så vidt eg har greidd å finne ut, skal vegen vere opna att no, kanskje med ei lita omkøyring. Alt går greitt.

Eg skrur opp radioen når eg høyrer nokon snakke om krigen i Ukraina. Innsjøane nord for Kyiv redda kanskje byen frå å bli erobra av russarane. Korleis ville det gått her, om vi blei invaderte? Kunne ikkje russarane delt landet vårt, nær sagt i kor mange bitar som helst? Nokre få velplasserte bomber og rakettar her og der, mot ei bru, ei fjellside eller ein tunnel, og transporten langs vegar og jernbane hadde vore stansa på ubestemt tid. Og om dette var skikkeleg tenkt gjennom, med koordinerte angrep på fleire plassar samstundes, kunne dei lamma trafikken også internt i landsdelane. Korleis skulle vi fått fram folk, våpen, drivstoff, mat og andre forsyningar? Med fly, heilt til flyplassane òg var blitt bomba. Ein kunne frakta ting langs kysten, men berre der dei har nokon.

Den norske topografien kan sjølvsagt òg brukast for å hindre ei framrykking. Da eg var i forsvaret som vernepliktig i Finnmark, var eg med på å sjekke at kretsane med sprengstoff som skulle sprenge bruer, var intakte. Den brende jords taktikk om att.

Eg nærmar meg Trondheim. Hitler ville byggje ein Reichautobahn som ein germansk akse gjennom Europa til Trondheim. Der norske vegar stort sett var tre meter breie, skulle den nye firefelts motorvegen vere 28,5 meter brei. At vegen skulle ende i Trondheim, var viktig for Hitler. Byen hadde ein heilt spesiell plass i førarens hjarte. Der ariske vikingkongar hadde regjert i mellomalderen, ville Hitler byggje ein ny monumental by frå grunnen. Byen skulle vere eit utstillingsvindauge, ein nazistisk idealby med opera, teater, kunstmuseum (for dei tyske meistrane), idrettsplassar, symjehall og så bortetter.

Neu-Drontheim, som byen skulle heite, ville ha om lag 250.000 innbyggarar. For å finne ut akkurat kor nybyen skulle liggje, fekk det tyske rikskommissariatet alt sommaren 1940 laga ein detaljert topografisk modell over trondheimsregionen hos Norsk Modelleringskompani i Tollbugata i Oslo. Modellen målte seks gonger åtte meter og blei i august 1940 send til rikskanselliet i Berlin. Der kunne Hitler i «ro og fred danne seg et bilde av topografien langs Trondhjemsfjorden og området rundt byen», skriv Kjetil Gjølme Andersen i Hitlers byggherrer.

II

Eg overnattar i Trondheim, hos gode vener. Ulf reiste nesten aldri frivillig nokon plass. Han var aldri nokon gong i utlandet, heller ikkje over grensa til Sverige. Trondheim er den einaste plassen i verda han kjende godt, bortsett frå Røsvik og omlandet. Han begynte å studere i byen midt på 1970-talet, og blei verande i meir enn ti år. Det gjekk for det meste i filosofi, i eksistensialisme, fenomenologi, marxisme, maoisme, Kant, Nietzsche og Heidegger.

Han budde på Dragvoll, hadde vener, las som alltid mykje og blei lagd merke til, både på førelesingane, i Studentersamfunnet og på festane. Kvifor fullførte han ikkje studiane på ein ordentleg måte og fekk seg jobb i Trondheim? Han var ein typisk «evighetsstudent», og på denne tida var det ikkje krav til progresjon. Kva som eigentleg skjedde, veit eg ikkje. Kanskje han berre var blakk og skuldene hadde hopa seg opp. Eg trur det var så enkelt. Etter at Lånekassa sa farvel, støtta ei gammal tante han med pengar i mange år, men til slutt gjekk ikkje livet hans rundt.

Så var han plutseleg tilbake i Røsvik. Han lét mesteparten av den store samlinga av bøker og LP-plater bli att i Trondheim, og gjorde så vidt eg veit aldri noko forsøk på å hente dei seinare.

Morgonen etter køyrer eg vidare nordover. Det har slutta å regne, og før eg når Steinkjer, blir det sol og skyfritt. Nordpå har det vore ein varm og tørr sommar, folk er ikkje vane med og veit ikkje kva dei skal gjere med alt godvêret.

Sjølv om det er seint i sommarsesongen, er det enno mange bubilar på veg nordover langs E6. Gjennom åra har det bygd seg opp mange negative fordomar mot bubilsjåførar, og dei har éin ting til felles: Alle er sanne. Ein typisk bubilsjåfør er over 60 år gammal og lever i si eiga pensjonerte verd av privilegert fritid. Mange brukar ikkje speglane, og berre éin gong i livet har eg opplevd at ein bubil køyrde til sida for å sleppe forbi køen dei alltid lagar.

Når vegane er svingete, eller går i oppoverbakke, held dei 60 kilometer i timen. Kjem det ei lang slette, kan du vere sikker på at dei får pressa bubilen opp i 90, slik at det blir vanskeleg å køyre forbi. Ein kan nesten høyre dei når ein passerer: «Eg har betalt skatt heile livet og har like mykje rett til vegen som alle andre.» Det er sikkert sant, sjølv om rundt halvparten har betalt skatt heime i Tyskland.

Nord for Steinkjer køyrer eg inn i ein lang kø med ein norsk bubil fremst. Det er to trailerar inni der òg. Men eg har flaks, det er lite trafikk i motsett retning, og på nokre rette, opne strekk greier eg å køyre forbi heile køen, slik at eg kan fortsette med fri bane framfor meg.

Fartsgrensa vekslar mellom 90 og 80, ofte utan nokon forståeleg grunn, og eg legg meg på ei marsjfart litt over fartsgrensa. Eg har det trass alt ikkje så travelt heller. I bilen høyrer eg på lydboka av Gunnlaug Ormstunges saga. Her er det berre å rulle i jamn fart gjennom øydemarka mellom Grong og Mosjøen, mens Gunnlaug og den islandske skalden Ramn kjempar om Helga den fagre.

Så skjer det, rett før avkøyringa til tettstaden Homo. Ein mann i gul vest, energisk viftande med eit skilt, hoppar ut i vegen 150 meter framfor meg. Eg burde ha skjønt det. 80-sona eg nett køyrde inn i, på ei rett strekning, utan sidevegar, kunne vere ei felle.

Andletet til politimannen som vinkar meg inn, skjuler ikkje kor nøgd han er med å ha fått noko på kroken. Han veit like godt som meg at eg, på denne strekninga under slike høve, ikkje har gjort noko som har vore farleg for meg eller andre. Dette handlar slett ikkje om trafikktryggleik.

– Kor fort trur du at du køyrde, spør politimannen.

– Mellom 90 og 100, svarar eg.

– Å nei, du, her var det 105 kilometer i timen, og det med obligatorisk fråtrekk på 5 prosent!

– Kva er straffa?

– Tre prikkar på førarkortet og 9100 kroner i bot, for du veit, det er dyrt å køyre for fort i Noreg, seier han liksom kameratsleg.

Om eg aksepterer eit forenkla førelegg? La meg tenkje på det. Skal eg bruke tre år av livet på ei rettssak der eg hevdar at radiosignal, eller spesielle geomagnetiske forhold, forstyrra radarmålinga? Der eg uansett kjem til å tape? Valet er enkelt.

Politimannen er åleine, og mens han held på å skrive ut bota, høyrer han at det kjem nye bilar og fortar seg tilbake i buskane. Kven trur du kjem køyrande no, som ein pynteleg prosesjon bortover strekninga? Det er rekka på rundt åtte bilar, og to trailerar, som eg køyrde forbi fire minuttar tidlegare. Fremst er sjølvsagt den same bubilen. Sjåføren, ein gubbe på rundt 80 år, stirer rakt framfor seg, han klamrar seg til rattet med begge hender, som om han har fanden sjølv i hælane. Men farta er i høgda 70. Han ensar ikkje oss, men kva gjer det, han kjem aldri til å bli stansa i nokon fartskontroll.

Eg blir ståande å sjå etter bubilen. Stilen minner meg om farfar min, altså Ulfs far. Dei siste åra han levde, sprang folk opp i skråningar når dei såg han komme køyrande i den raude Ladaen sin – alltid i dress og med hatt, som om han var på veg til si eiga gravferd. Bilen skjena frå den eine grøftekanten til den andre, det kunne verke som om han hadde fleire centimeter slark på rattet, eller at han sikta på vegen ved å sjå på eit fjernt punkt i horisonten. Ein kunne tru han var full, men rett skal vere rett: Seint i livet var han ofte edru. Problemet hans som sjåfør var først og fremst at han leid av diabetes og var nesten heilt blind mot slutten.

Politimannen kjem tilbake til meg og får meg til å signere det forenkla førelegget. Og eg greier å halde meg for god til å begynne å prate om bubilar, og at dei er eit større trugsmål mot trafikktryggleiken enn eg nokon gong kjem til å bli. Det ville smakt av dårleg tapar, og eg har ingen garanti for at politimannen synest at menn over 50 som klagar over å ha blitt tatt i fartskontroll, er meir sjarmerande enn bubilsjåførane som sniglar seg gjennom landet.

Da eg passerte bubilen, hadde eg kanskje høgare fart. Hadde eg blitt tatt da, kunne eg ha mista lappen. Tanken på at det kunne gått verre, gjer meg i betre humør, når eg fortset nordover. Om eg skal skrive frå turen, har eg no ein arbeidstittel: «Tre prikkar og ei gravferd».

III

Frå no av held eg fartsgrensa, pluss 5 prosent. Nokre plassar går det mykje saktare, på grunn av vegarbeid, raude lys og leigebil. Da eg køyrde gjennom landet på E6 første gong for 35 år sidan, snirkla vegen seg rundt hushjørna i mange bygder. I dag er E6 stort sett mykje betre, trass alt. Men enkelte strekningar er akkurat slik dei var for 60 år sidan, det vil seie, smale, svingete og utrygge. Ikkje minst om vinteren, når trailerar fulle av oppdrettslaks kjem skjenande sidelengs på sommardekk.

I Sørfold går E6 i ei rekkje tunnelar som er så smale at store trailerar knapt kan møte kvarandre der inne utan å bremse heilt ned. Sjølv da kjem kassane ofte borti taket.

Førsteutgåva av både E6 i Nordland og Nordlandsbanen har ei mørk historie. Eg er usikker på om alle dei tyske turistane veit at vegane dei køyrer langs, ofte blei laga av sovjetiske, polske og jugoslaviske slavearbeidarar. Hitler trudde, til stor frustrasjon for dei rundt han, ikkje minst ingeniørane som kjende topografien, at det ville vere mogleg å byggje Polarjernbanen mellom Mo i Rana og Kirkenes på berre to år – om han heiv inn 145.000 krigsfangar. Jernbanen skulle sikre forsyningslinene heilt til Murmansk-fronten og frakte nikkel, jern og andre naturressursar tilbake til Tyskland. Arbeidet kom i gang i 1942, og mellom Mo i Rana og Drag var det 56 fangeleirar med 33.500 krigsfangar, stort sett sovjetiske.

Etter ein lang dag på vegen (med einaste stoppet i Mosjøen) køyrer eg over Saltfjellet og ned i Saltdal. Her var det fjorten russiske, to polske og to jugoslaviske leirar med krigsfangar som arbeidde med jernbane og veg. I 1942 blei det sett inn 2500 serbiske krigsfangar i Nordland. Året etter var berre rundt 700 i live.

Serbarar blei sette inn for å byggje nokre få kilometer veg rundt ei bukt nordaust for Rognan, mellom Saltnes og Saksenvika. Dei blei innkvarterte i Botn-leiren, som blei ført opp av Statens vegvesen. Fangane, som budde i såkalla Nissen-brakker eller «svensketelt», døydde i hopetal av sjukdom, utmatting, avrettingar, tortur og underernæring. I 1942–43 var norske hirdfolk med på vakthaldet samen med SS.

Da Hitler, som på denne tida enno dreiv med mikromanagement, fekk høyre om dei massive dødstala, gav han ordre om at fangane skulle ha betre mat, klede og sko. Dei skulle utføre viktig arbeid og kunne ikkje sløsast bort på denne måten. I april 1943 tok Wehrmacht over, og dei norske hirdfolka blei fjerna.

Eg stansar i Botn, der det etter krigen blei oppretta ein jugoslavisk krigsgravplass. I 1954 fekk etterkomarane til dei over 1500 gravlagde jugoslaviske slavearbeidarane ei ubehageleg overrasking. Nesten 3000 tyske soldatar blei samla opp frå ulike stader i Noreg, for no å bli gravlagde på same plass, altså i Botn. Den tyske leiren ligg tett inntil den jugoslaviske. Slavearbeidarane og herrefolket fekk frå no av vere «saman førr evig».

Eg kjenner Botn godt, for eg har og arbeidd her, litt oppi fjellsida. Ein vinter for lenge sidan var eg med på å lage steinbrot for Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) der. Eg var 19 år og visste ikkje om eg dugde til mykje anna enn å klatre rundt på isglatte steinar med eit kompressorbor kopla til ein tjukk gummislange for å bore 1,8 meter djupe hol dynamitten kunne stikkast ned i.

På den tida spurde eg far min om kva eit universitet er. Han svarte at det er ein plass der ein går for å bli kommunist. Han tenkte på bror sin, onkelen min Ulf. Eg spurde Ulf. Han kunne anbefale universitetet på det varmaste. Der var dei finaste jentene, beste festane og klokaste lærarane. Han trudde eg passa der, mellom alle bøkene. Og om eg begynte å studere, trong eg ikkje å bekymre meg for om enkelte kom frå betre familiar. På universitetet talte berre kor smart og hardtarbeidande du er.

IV

Etter to dagar på vegen kan eg rulle ned Storbakkane mot Røsvik, med utsikt mot den staselege gamle kyrkja ute på neset. På andre sida står den raude gamle brygga, og inst i vika hovudgarden frå 1832. Midt mellom brygga og garden ligg huset der Ulf budde.

I dag er Røsvik ein stille avkrok. Stordomstida, om ikkje det er eit for sterkt ord, var på 1800-talet. «Nessekongane» som i ulike slektsledd heldt til på storgarden, dreiv med jektefart, fiskehandel, brennevinsal, dampskipskai, kolonialbutikk, bank, post, gjesteheim, bakeri, sildoljefabrikk, gardsdrift og andre verksemder.

Før gjekk hovudvegen nordover via Røsvik, med ferje til Bonåsjøen. Det tok slutt i 1966, da E6 var ferdig bygd, delvis oppå restane av Hitlers polarjernbane. Ferja til Steigen blei lagd ned da Steigentunellen opna i 1991. Etter dette har Røsvik slumra sakte inn. Butikken er stengt for lenge sidan. Dei har enno ein barne- og ungdomsskule med 30–40 elevar, men Røsvik har sett betre tider. Det humpar og går. Ei handfull dødsattestar og fødselsattestar blir fylte ut kvart år. Røsvik er ein av dei mange tusen plassane i Noreg som ikkje er rare greiene kvar for seg. Men til saman bur det fleire på slike småplassar enn i Oslo.

Eg parkerer framfor huset og går ut. Trappa opp til inngangsdøra er av metall, men står heilt på skeive og er vridd. Taket på uthuset er ramla ned, heile greia ser ut som om det er treft av ein liten meteor.

Eg låser opp døra, går inn i gangen og fortset sakte frå rom til rom, berre for å slå fast det eg alt veit, at eg er åleine. Også huset er i ferd med å døy. Det luktar svakt av mugg, i to av romma er svart muggsopp synleg i taket, det er teikn på at det har vore store lekkasjar.

Eg kjenner huset ut og inn. Heilt frå den tidlege barndommen til eg blei ei ung mann, var eg her kvar sommar – hos bestefar Atle og bestemor Ruth, to personar som kanskje ikkje hadde det bra med seg sjølv, som ikkje var harmoniske, ikkje emosjonelt regulerte, dei dreiv verken med aromaterapi eller mindfulness.

Men når Ulf eller tante Vivian var heime, livna alt opp. Dei samla seg for å prate, drikke øl, høyre på plater og spele gitar. Eg går inn på det gamle rommet til Ulf. I likskap med resten av huset har ikkje rommet endra seg mykje på 50 år. Alt ligg slik Ulf forlèt det, eg trur han var trygg på at han skulle kome heim ein siste gong.

Minna strøymer på, lydar òg, som gjennom ein porøs membran i tida. Nokre av dei gamle venene som sat her den gongen, kjem kanskje i gravferda. Men dei blei spreidde ut over heile landet, mange er alt døde. Veit dei som enno lever, at Ulf no er død, alle desse ungdomane som eg hugsar? Hugsar dei sjølv denne tida, hugsar dei han, hugsar dei korleis det var den gongen? No ser eg dei sitte der på rommet, med unge, opne andlet og auga fulle av liv og lys, slik eg såg dei, rundt ti år gammal midt på 1970-talet. Det er lenge sidan, og samstundes, sett på ein anna måte, berre eit blaff.

Eg blir ståande å tenkje på kvifor eg ikkje heilt hugsar kor i huset eg sov når eg var her. Etter ei stund finn eg svaret: Det er fordi eg låg på ulike plassar, alt ettersom.

Sidan møblane stort sett er dei same, i likskap med familieportretta over sofaen i stova, og det ikkje er gjort vedlikehald av noko slag på 50 år, fungerer huset som ein tidsmaskin. Så langt eg kan vurdere, er det berre éi verkeleg endring: Det er bøker og bokhyller overalt. På all ledig plass på alle rom er det laga sinnrike system for å få plass til flest mogleg bøker. Berre oppå den gamle skjenken er det rundt 800 stykk, reknar eg meg fram til. Nedst er det triple rader med vertikalt stilte bøker. Desse utgjer grunnmuren i dette byggverket. Opp frå dei to bakarste radene stig det høge horisontale stablar, side om side opp mot taket, høgst bakarst. Systemet er særs effektivt, om du ikkje er interessert i å ha ein vase og ei skål, men 800 bøker oppå skjenken din.

Samstundes, om du vil ha tak i ei bok som står midt på inste rad nedst, så må du først flytte unna hundrevis av bøker. Du bør òg hugse kor alle bøkene er, for det er berre ein liten del av dei som er synlege, og det er ein stor jobb og grave seg innover.

Midt på stovegolvet står det eit stort kvadratisk bord. Der er det same prinsippet brukt som på skjenken, med vertikale stilte bøker i rad etter rad nedst, og oppå der horisontale stablar. Langs veggane i alle rom er det bøker, som regel dobbelt eller trippelparkerte i bokhyllene, som er ordna tematisk etter eit privat-intuitivt system tilpassa Ulfs intellekt og verdsbilete.

Mange av hyllene segnar under vekta, og nokre er på randa av kollaps. Eg kjem fram til at det er 11.000–12.000 bøker i huset. Om ein las éi bok om dagen, ville det tatt 33 år å lese seg gjennom samlinga. Dei fleste av bøkene er lesne, mange er pent streka i med blyant. Ja, ikkje nok med det, for eg veit at Ulf las mange klassikarar, spesielt innan filosofi, om att med jamne mellomrom.

Kollasj: May Linn Clement

Han las ikkje for å imponere nokon, ikkje for å skrive om det han hadde lese, ikkje for å snakke om det, ikkje for å tene pengar eller vere produktiv i marxistisk eller kapitalistisk forstand. Lesinga var ikkje eit middel for å oppnå noko anna, det var ei lyst og ei drift og nok i seg sjølv. Så vidt eg veit, hadde han nesten ingen å diskutere teori med dei siste tiåra, men han hadde ei deltidsstilling på biblioteket. Da eg studerte og kom på besøk, kunne vi ha nokre verkeleg flotte, timelange diskusjonar, nokre gonger like fine kranglar.

Ytre sett kunne livet hans verke litt trist, der han budde i ei rønne, utan familie, ikkje så mange vener, langt ute på bygda, delvis invalid. Det er ikkje lett å lage eit reknestykke over andres lykke og ulykke. Han levde store delar av tida i ei rik, sjølvgåande verd av klassisk litteratur (det er knapt nye romanar i samlinga), vitskap, filosofi, historie, økonomi, politikk og poesi.

Korleis blei han slik? Her kunne ein utvikla ein materialistisk teori. Berre åtte månader gammal fekk han polio, han var i siste generasjonen som blei ramma av sjukdommen her i landet. Dei fleste som blir smitta, får ingen problem. Men hos nokre få går viruset inn i ryggmergen og øydelegg motoriske celler. Ulf blei lam i venstre fot og svekt i venstre arm. Kanskje var det slik den uvanleg sterke tilknytinga han hadde til bøker, utvikla seg. Han var på lange sjukehusopphald, han kunne ikkje vere like aktiv som andre barn, han gjekk på krykker heile livet. I barndommen måtte han jamleg til Kronprinsesse Märthas Institutt utanfor Oslo, der landets leiande lækjarar på poliomyelittskadar og -behandling heldt til.

Kan hende ei materialistisk forklaring kjem til kort, slik dei ofte gjer. Ikkje alle som blir sjuke i barndommen, fyller husværet sitt med bøker frå golv til tak. Han las ikkje fordi han var ramma av ein sjukdom, det var heller fordi han hadde eit friskt intellekt som gjekk systematisk til verks for å kome til botnar i alt han var interessert i. Han hadde firkanta briller og ei høg, bulande panne, det såg faktisk ut som om bøkene hopa seg opp der inne.

I barndommen og ungdommen var han ikkje nokon einstøing. Han hadde vener, fann måtar å kompensere på og klaga aldri over sjukdommen. Laurdag 22. juni 1968, da han var 15 år, var det ei heilside om han i Bodø-avisa Nordlandsposten. Saka handla om Ulfs merittar på fotballbanen: «Som et uvær herjer han over fotballbanen, slenger seg avsted på krykkene med en fabelaktig fart og teknikk, og skuddene hans er kort og godt ikke sanne. Brennharde, velplasserte, med og uten skru, suser de inn over en stakkars keeper og betegnende er det han som på klasselaget er fast mann i løperrekkan p.g.a. skuddene sine. Brassespark, driblinger, tacklinger – ingenting er umulig for Ulf Roger Strøksnes, og som de eldre sier i Røsvik – den karen klarer seg like godt som alle andre, selv om han må holde seg til krykkene. Joda, Ulf er en ENER – på og utenfor banen.»

Da eg som gut kom på sommarferie til Røsvik, var Ulf heime frå filosofistudiane i Trondheim. Mange såg han som ein einar der òg, det veit eg. Vi spelte fotball, alle møttest til faste tider på banen ved skulen. Eg såg han i aksjon, og det var utruleg kva han fekk til. Han henta ofte ned innlegg med eine krykkja og smelte ballen i mål.

At han alltid gjekk på krykker, gjorde han råsterk i armane, spesielt i høgrearmen. På festane på samfunnshuset i Røsvik var det alltid kø ved bordet der han sat. Den eine etter den andre, digre bondetampar og arbeidskarar oppfostra på geitemjølk og torsk, folk som rodde ei mil for å dra på fest, stilte seg opp i kø for å ta han i handbak. Eg såg eller høyrde aldri om nokon som greidde det.

V

Det tek heile dagen og kvelden å gå gjennom boksamlinga. Éi hylle er så falleferdig at eg veit det vil bli problem å nå inn til den bakre rada. Og når eg prøver, bryt hylla saman som forventa. Avdelinga for tysk idealistisk filosofi ramlar delvis over meg, det går bra. Men denne hylla heng saman med hjørnehylla, og det oppstår ein dominoeffekt, slik at avdelinga for økonomisk historie veltar over mot hylla der det meste er okkultisme, mystikk, gnostisisme, hekserihistorie, bøker om døden og slikt.

Eg må rydde opp etter raset, plukkar bok etter bok opp frå golvet og ser at det er ei rekkje bøker om døden inni denne samlinga. Det er til dømes Nils-Olof Jacobsons Liv efter døden?, Ted Harkinsons Beyond Dying, The Mystery of Eternity, The Oxford book of Death, Dødsrikets Verdenshistorie i tre massive bind av Olav O. Aukrust, og så bortetter, heilt til oldegyptisk litteratur om temaet.

Heldigvis blir Jesus-hylla ståande, for om denne hadde velta, kunne det gått ille. I stova er det sikkert 500 bøker om Marx og marxistisk teori. Men det er enda fleire om den historiske Jesus. Kvifor var Ulf, som var kommunist i ungdommen, så intenst opptatt av Jesus, med over 400 kritisk-historiske verk, på fire ulike språk, i bokhyllene? Biografiar, monografiar, utlegningar av apokryfe evangelium, av dødehavsrullane, av Jesu’ tid i India, av arkeologi og filologi, alt saman gitt ut på velrenommerte forlag og skrivne av ekspertar.

Jesus-boka han snakka om å skrive, alt for nesten 30 år sidan, blei det stadig mindre prat om, i takt med at boksamlinga om temaet voks seg like stor og større enn den om Marx. Ein skal vere varsam med å meine for mykje om sambandet mellom Jesus og Marx. Men dei hadde begge ei enorm drift mot endring. Det hadde Ulf òg, men berre i teorien, ikkje elles. Og slik er det ofte med folk i livet. Det store, kjeldekritiske Jesus-verket blei det aldri noko av. Å mislykkast med slikt krev store krafttak. Det er grunnen til at enkelte aldri mislykkast.

Den offisielle statsteologien blåste han av, prestane hadde lese for lite, dei motsa seg sjølv i annakvar setning, som om dei verkeleg ikkje skjønte at Bibelen ikkje er Guds ord, men ein tekst. Å kalle han kristen ville vore gale. Samstundes blir ateist eller materialist altfor enkelt. Han var full av indre motsetnader, i likskap med alle menneske, om ein berre ser nøye nok etter.

Eg går ute på kjøkkenet og set eg meg ned ved bordet, på stolen Ulf brukte, og far hans før han, med utsikt over mot kyrkja og kyrkjegarden på andre sida av vika. Ulf etterlét seg ingen instruksjonar, så seremonien skal gå føre seg der.

Eg har ikkje med meg noko å ete, og det er to mil til næraste butikk eller kafé. I skapet finn eg ein boks med hermetisk chili con carne, som smakar enda verre enn eg ville trudd var mogleg. Åt han mat som dette? Så fortset eg blant bøkene. Det er ikkje fritt for at støv blir kvervla opp når eg grev meg innover mot veggane. I dikthylla tek eg ut ei samling av Arvid Hanssen, diktaren frå Senja som fekk polio 16 år gammal, som så vidt overlevde, etter lang rehabilitering, og som etterpå kjende seg utstøytt som vanfør. I Slipesteinstankar les eg: «At eg er støv i ein stjernehop/ er alt eg veit/ Det er ikkje mykje/ men det er stort.»

VI

Dagen etter er det store kyrkjerommet overraskande fullt av folk. Halve bygda har møtt opp. Når eg går fram til alteret for å seie nokre ord på vegner av filosofimiljøet i Trondheim, ser eg heile forsamlinga i andletet. Mange græt, utan at eg skjøner kvifor, for eg kjenner ikkje halvparten av dei som sit på benkane. Kanskje folk kjende heilt andre utgåver av Ulf enn eg gjorde.

Søster mi Mette held ein sterk tale. Organisten og klangen i rommet er førsteklasses. Den kvinnelege presten er sympatisk og god. Men det som blir igjen av Ulfs liv i denne vakre gravferda, kan knapt kallast ei grovskisse. Ein skikkelse sett utanfrå, ei forteljing som minner om eit liv, om hans liv. Slik var det i denne gravferda, og slik blir det i mi og di òg.

På veg heim køyrer eg gjennom Sverige. Det er lengre, men på dei rette vegane er det ein kultur for å liggje i høg fart, og eg har aldri vore borti nokon fartskontroll der. Eg flyg gjennom Sverige med 2100 omdreiingar i sjette gir.

Like før eg kjem til grensa, har «tullen» ein kontroll langs vegen. Eg er litt overraska når eg blinkar inn i lomma. Eg tenkte eg kunne bli stoppa rett over grensa på den norske sida. Eg trudde det einaste moglege problemet var at eg freista å smugle noko inn i Noreg, ikkje ut av Sverige.

Den vakre svenske tollaren ber meg opne opp bakluka.

Ho blir ståande som eit spørsmålsteikn. Kva er det i alle desse kassane og plastposane?

– Her er det 194 bøker frå min døde onkel Ulf i Røsvik, pluss sju bøker eg kjøpte på eit antikvariat i Mosjøen for fire dagar sidan, svarar eg.

– Kondolerer, seier ho og vinkar meg vidare over grensa.

Morten A. Strøksnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis