JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Skogen som veks og veks

Det veks i skogane våre – meir enn vi klarar å hogge. Om vi ser litt nærare på kvart enkelt tre, kan vi truleg auke verdien på dei alle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ikkje mykje tele å sjå i skogen Martin Braanaas høgg i Naustdal i november, diverre.

Foto: Siri Helle

11644
20201218

Tre pluss tre vert skog

Noreg vert stadig meir skogkledd, men kva får vi ut av trevirket vårt?

Del 2

Skodda ligg tung over skogen i Naustdalslia. Ho blandar seg med regnet som kjem jamt og trutt denne novemberdagen, men det er ikkje berre i lufta det er vått.

– Kom, eg trur det beste er å gå over det ferdighogne feltet for å kome inn dit vi høgg no, seier skogsentreprenør og medeigar i Sunnfjord Skog AS, Martin Braanaas, og leier veg – ut i søla.

For vått, blautt, bratt og uframkomeleg er på veg til å få ei ny tyding for meg.

– Vil du kome onsdag, seier du? Då får du kjenne på vestlandsvêret, men det er du vel van med, sa Braanaas på telefonen då eg gjorde avtalen med han veka før.

Ja, eg trudde eg var det. Men fyrst no tek eg verkeleg inn over meg kvifor eg har så høge støvlar.

Ein kubikk per stort tre

Sunnfjord Skog har drive med hogst i desse liene nordafor bygda Naustdal i Sogn og Fjordane i eit par månader no, og nokre tusen kubikkmeter med gran har vorte frakta nedover fjellsidene og vidare ned skogsvegen. Det synest.

Men fyrst litt basiskunnskap: Trea som står her, er altså gran, nærare bestemt etterkrigsgran. Då Noreg skulle kome seg på beina att på femtitalet, var eitt av tiltaka å plante tre. Skog. Og her på Vestlandet innebar det fyrst og fremst gran – både sitka og den såkalla norske grana. Eit stort slikt tre kan no, mellom 60 og 70 år seinare, bere på ein kubikkmeter med trevirke. Sidan vi då reknar både bork og heile lengda frå rot til krone, vert tømmermengda mindre. Berre dei beste stokkane, og dei beste delane av dei beste stokkane, vert til 2 x 4 og stenderar, lekter og vindaugskarmar. Desse delane kallar vi sagtømmer. Resten kallar vi slip eller massevirke, og det vert papir eller flis og slikt. Kor mykje av kvar ein finn på eit hogstfelt, veit ein ikkje heilt nøyaktig før ein byrjar, fortel skogsentreprenøren.

– Her har det vore bra – kring 85 prosent sagtømmer, seier Braanaas.

Han er nøgd med både kvaliteten og kvantiteten. Vêret, derimot, er det verre med.

– Eigentleg burde vi lagt ned drifta i november og starta opp att til våren. Men du veit, det er det jo ikkje økonomi i. Vi må drive heile året, sukkar han og unngår eit djupt gjørmehol med eit spenstig verneskohopp.

Meir og meir skog

Kor lenge skal ein vente? Det er eit viktig spørsmål i skogsdrifta – i stor og liten målestokk: Kva tid skal ein hogge? Nett no er prisane gode. Betre enn dei har vore på mange år. Men dei er globale, og det er difor uråd å vite kor lenge dei varer. Når det aller meste av det ein produserer, går tilnærma uforedla ut av landet, har ikkje lokale forhold eller kvalitetar mykje å seie for kva pris ein får.

Og det – det syner att på avverkinga.

I fjor var tilveksten i den norske skogen 24 millionar kubikkmeter. Av det hogg vi 11 millionar kubikk. I tillegg har vi kring ein milliard kubikkmeter lauv- og barskog ståande. Altså vert det meir og meir skog her til lands. I det minste om vi reknar med alt.

Den produktive grana

– Slik det er no, høgg vi truleg for mykje gran og for lite furu og lauvtre – i det minste på Vestlandet.

Han som seier det, heiter Halvor Brosvik og er avtroppande skogbrukar i Gulen kommune i ytre Sogn. I nokre tiår har han drive som bonde og skogbrukar, i styre og i stell – mellom anna i paraplyorganisasjonen Kystskogbruket og skogeigarsamvirket Vestskog SA, som nyleg vart ein del av det Telemarks-styrte samvirket AT Skog. No har han gjeve garden vidare til neste generasjon og er difor på veg ut, men hjarte for vestlandsskogen, det har han enno.

Før vi går vidare, skal vi ta med oss ein liten detalj: Berre om lag to tredjedelar av den milliarden kubikk skog vi har ståande, er definert som økonomisk drivverdig. Den definisjonen tek utgangspunkt i at det kan produserast minst 0,1 kubikk tømmer per dekar. Og sjølv det kan ein sette spørsmålsteikn ved: I vanleg eksportretta drift er ein avhengig av monaleg høgare tettleik for å få rekneskapen til å lande på rett side. I slik drift er det produktiviteten som rår, og då er det grana som styrer:

– Der furua kanskje gjev 20 kubikk per dekar, gjev grana 50–70, seier Halvor Brosvik.

– I tillegg er marknaden der for gran. Furu er det ikkje etterspurnad etter.

Nei, verda vil ikkje ha norsk furu. Martin Braanaas og Sunnfjord Skog har same erfaring – dei høgg berre gran. Om det står litt furu og lauvtre innimellom, tek dei det med og prøver å få omsetnad på det lokalt. Då er dei små sagbruka gode å ha. Men reine furudrifter prøver dei seg ikkje på.

Ikkje tilpassa landskapet

To hogstmaskiner er på jobb for Martin Braanaas i Naustdalslia. Dei grabbar treet, kappar det av som var det ei fyrstikk, kvistar det som ein asparges. Så lastar dei stokkane bakpå og køyrer ned til vegen, der tømmerbilen tek over.

Eller – køyrer? Ja, dei gjer det, men vegen er graven fram av terrenget utan å legge på nye massar. Då vert det blautt og uframkomeleg når vêret er som no. Gjørma kryp over støvlane og oppetter låra. Ho er overalt, bortsett frå der det er tømmerstokkar, som heller ikkje er laga for å komme seg rundt til fots. Skogentreprenørane ryddar etter seg før dei reiser, altså grev att vegane, og ikkje alle dagar er vêret slik som i dag.

– Det finst utstyr som er betre rusta for slikt terreng, påpeikar Braanaas.

Han fortel om Sveits og Austerrike, der dei har utvikla maskiner som høver til dei bratte alpeliene.

– Men det kostar. Og det norske systemet er ikkje tilpassa ein slik maskinpark.

Som døme trekker han fram korleis dei som fyrste entreprenør i Norden i 2018 investerte i ein traksjonsvinsj – ein vinsj som trekker hogstmaskinene opp bratte lier. Med ei slik maskin kan ein jobbe effektivt i stigningar opp mot 40 grader (noko som svarar til 80 prosent).

Slik drift er meir effektiv enn ei tradisjonell taubanedrift, der det er tømmeret som vert vinsja ned. I tillegg vert det mindre graving, så ein slit mindre på terrenget.

– Men der taubanedrift får tilskot på 140 kroner per kubikk, fekk vi ikkje det for traksjonsvinsjen. Vi fekk ikkje økonomi i investeringa og enda tidlegare i år med å selje maskina, fortel Braanaas.

Braanaas skulle gjerne sett at han ikkje måtte sende så mykje tømmer ut av landet òg, han. At meir verdiar vart attende lokalt. Mellom anna difor har han gått saman med to kollegaer og starta Fjordtømmer AS, som tek seg av omsetnaden av tømmeret han feller. Enno er dei likevel prisgjevne den store marknaden. Lokalt er det rett og slett for få til å ta i mot råvara dei produserer.

Lære av lokalmaten?

Det einaste sagbruket av noko storleik på Vestlandet ligg i Granvin, og dei produserer om lag 20 prosent av virket som vert brukt i Hordaland. Braanaas drøymer om noko liknande i Sogn og Fjordane.

– Eg har kome så langt at eg har sett på ulike lokalitetar for eit slikt anlegg, ja. Eg trur det ville vore veldig bra for skogbruket i området. Det er for dumt å sende alle verdiane vidare til andre, seier Braanaas.

På oppdrag frå Fjordtømmer rekna Møreforsking i 2018 på nye logistikkløysingar for skogbruket på Vestlandet, og deira konklusjon går i same retning: «Store volum granskog blir hogstmoge på Vestlandet dei næraste tiåra, og måten skogen blir nytta på i dag, synest lite eigna for framtida. Alt tømmeret frå Sogn og Fjordane, og store volum frå dei andre Vestlands-fylka, blir skipa ut av regionen, til dels ut av landet, for vidareforedling. Planlegging av avverking og transport går føre seg med veldig kort tidshorisont, noko som fører til eit lite effektivt logistikksystem med mange og lange flyttingar av maskiner og utstyr, mykje flytting av tømmer mellom kaifront og baklager og lite samsvar mellom det kjøpar skal ha og det som blir produsert av sortiment og lengder», skriv dei i rapporten.

Halvor Brosvik ser sjansar i eit slikt anlegg – også for skogeigarane.

– Eit anlegg som kan ta 300.000 kubikk, vil kunne vere sjølvforsynt lokalt. Transport er ei stor utgift i næringa. Å korte ned på den vil betre lønsemda i seg sjølv. Om ein i tillegg kunne fått betre pris, vil det bety noko, og då vil meir skog verte drivverdig, sjølvsagt. Men det står att å sjå om det er lønsemd i noko slikt.

– Kva som er lønsamt, kjem jo an på kva røyndom ein opererer i. Det slår meg at dette liknar på framveksten av lokalmatmarknaden dei siste tiåra. Der har jo staten vore tungt inne. Kan ein sjå føre seg det same her? Staten bidreg jo til skogbruket på andre måtar, med til dømes tilskot til vegar og kaier?

– Det er vanskeleg å sjå at staten går inn direkte med midlar til oppstart og drift, meiner Brosvik.

– Men om dei meiner noko med det grøne skiftet, er det klart det hadde vore kjekt med eit sterkare insitament frå staten. Det finst jo andre måtar å hjelpe på enn direkte tilskot.

Den vanskelege furua

Ikkje noko gale med grana, for all del. Men kva med furua? Ho har vore her lenger enn grana, som ikkje voks naturleg vest for Voss. Eg seier voks fordi no spreier ho seg, og vi lever godt med ho. Få stader veks grana så godt som her vestpå, men vi har altså gode bonitetar for furu òg.

Furua er ikkje like eigna for stordrift som grana. Ein må sjå litt nøyare på ho, rett og slett. Sjå på kva ho kan brukast til, ikkje minst kor godt utala ho er, kor mykje av stokken som er rotesterk kjerneved, og kor mykje som er kvit, ròtesvak geitved.

– Dette er fullt mogleg å få til, men det krev kunnskap, innrømmer leiar i Norsk Bygdesagsforening, Inger-Marie Svingeset.

– Det krev skogeigarar, hogstselskap og foredlingsindustri som er viljuge til å ta seg tida til å drifte på denne måten.

Her er pengar å tene på spesialråstoff. Vi har berre ikkje heilt landa på korleis vi skal få ut dei verdiane på ein rasjonell måte. Enno.

Og dessutan: Der grana må ned i det minste innan hundre år etter at ho er planta, kan furua stå og stå. Det er difor ho gjerne vert kalla banken på eit gardsbruk. Best å ikkje hogge no, kan vere vi treng det meir i framtida.

Framover

Framtida, ja. Som vert varmare og våtare og mest truleg ikkje enklare å drifte hogstmaskiner i. Ikkje plantar vi att det vi tek ut heller.

– Her i området vert det planta att om lag halvparten av det som vert teke ut, fortel Halvor Brosvik.

– Det er jo å sage av greina vi sit på, bokstavleg tala.

Blant dei som er rimeleg motiverte, trekker Brosvik fram hjorten som det største problemet. Han har vore på fleire nyplantingar her i regionen der hjorten har vore bortpå kvar einaste plante, fortel han.

Og dei skogeigarane som ikkje er så motiverte? Fleire har sett seg leie på å drive med utskjelt gran. Men etter skoglova er det det dei er pålagde å plante att, for her står det at ein skal plante eit like godt eller meir produktivt treslag enn det som stod der.

– Eg synest vi skal plante gran der vi kan. Det gjev mest att. Men nest best er sjølvsagt å plante att med furu, innrømmer Brosvik.

Og så er det vanskeleg å vite kva framtida vil bringe. Kva som vil vere lønsamt om sytti, åtti, hundre år. Likevel er det dette som er å vere skogbrukar – å sjå inn i framtida. Styre ho. Utforme ho, jamvel.

Det ligg litt ansvaret i det, om ein vel å sjå slik på saka. Skogen vi alle eig litt gjennom allemannsretten, men som nokre få er sette til å forvalte. Gjer dei det rett? Som ein ropar i skogen, får ein svar, heiter det, men her kjem nok det svaret an på kva for ein skog ein ropar i. Og at ein ser han – for berre tre.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Der grana må ned i det minste innan hundre år etter at ho er planta, kan furua stå og stå.

I fjor var tilveksten i den norske skogen 24 millionar kubikkmeter. Av det hogg vi 11 millionar kubikk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis