JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Sag til eige bruk

Skog-Noreg er på veg til å verte ein råvareeksportør. Vi eksporterer tømmer og importerer svensk plank. Kan vi ikkje bygge med eigne tre?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høvelen korrigerer skeiv material etter tørking.

12273
20201204

Tre pluss tre vert skog

Noreg vert stadig meir skogkledd, men kva får vi ut av trevirket vårt?

Del 1: Bruken

Lytt til artikkelen:

Kvar byrjar ein når ein skal skrive om den norske skogen? Eit tre er langt – ikkje berre per definisjon over fem meter langt, eller høgt, som vi vanlegvis seier, men òg i levetid: I norsk klima tek det minimum – minimum! – femti år frå frø til hogst, og så, om treet er godt nok til å verte ein tømmerstokk og ikkje ein vedkubbe eller ei fyringsflis, skal det leve i mange, mange år som husvegg, klatrestativ, kjøkkenbord eller flytebrygge.

Men eit tre er òg rundt – slik veks det, rundt og rundt ein kjerne, i meir eller mindre runde årringar, gjerne litt større på sørsida, og med ulike kvalitetar innanfrå og ut: I furua, til dømes, er det kjerneveden som er gull verd, alen, kallar vi han, medan det hjå bjørka fort kan vere borken vi vil ha – nevra, som har stoff i seg som hindrar andre ting i å rotne.

Ja, og trea er laga for å vere del av ein rundgang: Lenge før dei døyr, set dei dei fyrste frøa, og rotne tre er mat for heile skogen. Utanfor der igjen, rundt trea, er det òg ein runddans, frå skogeigarar med hogstlag og biologar med soppbøker til treprogrammet som Innovasjon Noreg har hatt med seg sidan før det vart starta, og som ifylgje dei sjølve har «generert utviklingsarbeid for om lag 1,5 milliarder kroner». 

Tre er viktig for Noreg. Trevirke er midt i det grøne skiftet og vert ofte omtala som den nye oljen. Alt vi lagar av plast, kan vi lage av tre, seier vi. Og Noreg vert stadig meir skogdekt. Men klarar vi nytte oss av dette treverket? Tek vi vare på skogen, skogbrukarane og treskallane våre slik dei fortener? Skogen er stor, og det same er norsk skogbransje. Lat oss sjå litt nærare på om vi forvaltar han slik vi burde.

Bruket i midten

Så: Om treet ikkje har nokon start eller slutt, kor skal ein byrje?

Lat oss byrje midt i. Midt i verdikjeda finn vi saga. Og på sagbruket kan det fort vere at dei møtest, nemleg, skogeigar og snikkar, arkitekt og huseigar. Alle kan dei ha noko å gjere på saga, staden der natur vert omskapt til kultur.

Vi byrjar likevel ikkje med Moelven Industrier, sjølv om dei på nettsidene melder om auka interesse for trelast og ei inntening i tredje kvartal på 163 millionar kroner – for slikt finst, det finst framleis stor trevareindustri i Noreg. Sjølv om vi dei siste tiåra har gått frå å vere nettoimportør til å bli nettoeksportør av trelast: I 2019 eksporterte vi 3,6 millionar kubikkmeter tømmer, medan vi importerte berre ein tiandepart. Likevel var verdien av importen ein halv gong høgare enn verdien av eksporten.

Det som gøymer seg bak dei tala, er at Skog-Noreg er på veg til å verte råvareeksportør. Vi sender runde stokkar rett frå skogen og ut av landet, medan vi importerer attende tilarbeidd trevirke. Dette virket inkluderer alt frå skurlast – det fyrste trevirket som kjem ut av saga, uhøvla og i grove dimensjonar – til spesialvirke for møbelproduksjon og digre, laminerte massivtreelement som til dømes vert hogde i Ukraina, limte saman i Austerrike og køyrde på trailer til Noreg.

Det vi skjer sjølve

Likevel: Ifylgje Statistisk sentralbyrå (SSB) vart det avvirka over 11 millionar kubikk skog for sal i 2019. Om ein dryg tredjedel av det går ut av landet, er det framleis ein god del millionar kubikk att som vi kan skjere og foredle sjølve.

Saga vi har som utgangspunkt, Ulltang sag utanfor Førde i Sogn og Fjordane, skjer kring 600 av dei kubikkmeterane i løpet av eitt år.

For tru det eller ei: I ei verd der vi altså sel tømmerstokkar ut av landet og kjøper tømmerstokkar inn til landet, og der trelast er noko som ligg på hyller i svære byggevarehus eller kjem ferdig innpakka i elementveggar som vert smelte saman når ein skal bygge eit nytt hus, så finst det framleis bygdesager.

– Ja, det finst ganske mange, eigentleg, seier han som driv nett denne.

Han heiter Johnny Ulltang, og garden han bur på, har drive sag og foredling i mange generasjonar.

Då han voks opp, var saga i tunet rett utanfor huset, og faren skar material både til bygningar, tønner, sildekassar og pallar som han produserte sjølv. Johnny byrja arbeida på gardssaga før han var 20 år, heldt fram med palleproduksjonen og leverte bygningslast til heile hus. For 30 år sidan bygde han nytt anlegg i utmarka, litt vekk frå tunet: Med sirkelsag, tørrkløyvar og høvel produserer han trelast, bygningslast, panel, golv og listverk. Drifta er plasskrevjande, maskinene kostbare, men relativt enkle. Det meste av kunnskapen hans sit mellom øyra.

For tre er eit material med ein heil masse løyndommar – og meiningar. Det lever, seier ein gjerne, og ein gjer det lettare for seg om ein jobbar med det enn mot det.

– Om ein har ein stokk som er åtte tommar brei, og vil ha 2 x 4 tommars material, til dømes, er det fort gjort å tenke at ein kan dele stokken på midten – etter margen. Men stokken har spenn på kvar side av margen. Deler ein han der, vil bjelkane vri seg av dette spennet, fortel Ulltang.

Vi pratar ein del om slikt. Om detaljane som gjer trevirke så spanande og så vanskeleg. Så dukkar det opp ein kunde, og så pratar vi med han som heiter Hermund Daling og har litt skog ståande i Erdalsdalen. Av og til høgg han litt i skogen, for å bygge noko, og då får han tømmeret skore på Ulltang sag.

– Det lønner seg faktisk når ein har eigen skog, seier Ulltang.

– Ja, og så er det kjekt, seier Daling, og det viser på heile han at han trivst på saga.

Her er han med på heile prosessen. I dag er det bjelkar i 2 x 6 som vert justerte, dei har tørka etter saginga i vår.

– Akkurat kva eg skal bruke dei til, veit eg ikkje, men det er kjekt å ha liggande. Og kjekt at det finst slike sager som dette, elles kunne eg ikkje ha tatt ut tømmer slik, held han fram.

Møteplassar

Kjekt at det finst sag i nærområdet – om enn ikkje så nær som det ein gong var: Johnny Ulltang fortel at for femti år sidan låg det fem sagbruk langs den fem kilometer lange vegen frå Førde opp til Ulltang. No er det berre han att, og det er eit stykke til neste sag.

Likevel: Her er fleire enn ein fyrst skulle tru. Då arkitektstudentane Nikolina Søgnen og Ida Wressel sette seg føre å kartlegge alle treforedlingsverksemdene i dei to tidlegare fylka som ein del av diplomoppgåva Barking up the right tree – or how to promote Local wood knowledge in Western Norwegian Communities, enda dei på 189 verksemder. Er det håp for det lokalproduserte trevirket?

– Vi fann ganske mykje, ja, fortel Nikolina Søgnen.

– Men mange av verksemdene er små, ei sag driven av ein eldre mann. Nettverka deira er uformelle, det er ikkje lett for kundane og produsentane å finne kvarandre, men interessa er der. I arbeidet med å finne måtar å bruke meir lokalprodusert materiale på fann vi ikkje nokon som var negative. Alle meiner det hadde vore bra å bygge meir i nærleiken av der trea står, men det manglar system for slik omsetnad.

Søgnen og Wressel ynskjer seg møteplassar.

– Kunnskapen finst. Skogen finst. Kundane, handverkarane og arkitektane finst. Men dei må finne kvarandre, seier Søgnen.

Som eit døme på ein slik møteplass planla dei i diplomoppgåva Kløve Wood Academy utanfor Voss. Nærområdet har utdanningsfasilitetar og fagmiljø, tomta har skog, og arkitektane ser føre seg sagbruk og verkstader kombinerte med opne møteplassar og ei turløype gjennom skog og bygningar. Alt sjølvsagt bygt i tre. Framleis er det berre ein idé, men ideen har fått mykje merksemd – mellom anna nykomarmerket til Design og arkitektur Norge (Doga).

– Vi er opptekne av tradisjonell bruk – at det som har fungert så lenge, må takast vare på. Men vi må òg utvikle oss vidare, og ein slik stad kan fungere som eit levande forskingsprosjekt på nye materialar og byggemetodar, forklarar Søgnen.

Råstoff frå Sverige

Sjølv ein bygdesagbrukar må tilpasse seg nye tider. Og det er stor skilnad på korleis Johnny Ulltang driv, og korleis faren gjorde det: Ein god del av råvarene han legg på saga, har reist ein god del lenger. Heilt frå Sverige.

– Vi leverer meir enn det som vert saga av eige og innkjøpt tømmer, og kjøper ein god del skurplank frå Sverige. Mest furu, seier Ulltang.

– Det er lettare å få tak i det ein treng hos svenske bruk, og dei leverer godt på kvalitet og pris. Sverige gjekk forbi Noreg som skognasjon i etterkrigstida: Vi planta skog, men vi satsa ikkje på foredlingsindustrien. Det gjorde svenskane, og no har dei ein mykje meir moderne produksjon. Ja, og så er det lettare å få tak i furu frå Sverige, legg han til.

Nett den siste delen av røyndommen kjenner Steinar Buanes seg att i. Han driv sagbruk ein god halvtimes køyring frå Ulltang, i Naustdal, men elles driv han ganske annleis: Her kjem det ikkje svensk tømmer på saga. Helst vil han ikkje ha tømmer som er hogd med hogstmaskin i det heile, det set merke på trevirket som gjer at det ikkje kan nyttast til restaurering, og så får han ikkje omsett gran.

– Går ein nokre tiår attende, fanst det ikkje gran her. Det var furu som var brukt. Og skal ein restaurere historisk, må ein bruke furu. Men det syner seg stadig vanskelegare å få tak i, seier Buanes.

Ikkje fordi det ikkje finst hogstmoden furu. Skogane står der. Men eigarane høgg ikkje – mellom anna fordi prisen er for låg. I 2019 var snittprisen for sagtømmer av gran 523 kroner per kubikk, ifylgje SSB, same pris for furu var 483 kroner. Kanskje synest ikkje skilnaden så stor, men vi må legge til at delen av tømmer med sagtømmerkvalitet er høgare i eit granfelt enn i eit furufelt. På same vis står det stort sett fleire kubikk per dekar dersom trea som står der er gran, enn om det er furu.

Gran er meir produktivt. Dette er kvantitative skilnader. Kva med kvaliteten?

Her ligg mykje av utfordringa ved å nytte meir trevirke nærare der det veks, meiner arkitekt Nikolina Søgnen.

– Trevirke har vorte eit generisk bulkprodukt. Det treng det ikkje vere. Vi har kunnskapen til å plukke ut særlege kvalitetar og nytte dei der dei fungerer best.

Søgnen trur betalingsviljen er der, og samanliknar mellom anna med marknaden for lokalmat: Folk er villige til å betale for nærare kontakt med maten sin. Ho trur det same gjeld for heimen dei bur i.

– Vi legg mykje av identiteten vår i heimen vår. Vi vil vere omgitt av omsorg – og god kvalitet. Godt handverk er eit omsorgsuttrykk, seier Søgnen.

– Slike hus vil verte litt dyrare?

– Det er mykje som avgjer prisen på eit hus. Det som kostar i investering, kan lønne seg over tid gjennom at det held seg betre, til dømes. Lokalt trevirke er ein meirverdi, og vi trur det finst ein marknad som er villig til å betale litt meir for slik kvalitet.

Smådriftsfordelar

Mindre sagbruk er ideelle for å sjå slike kvalitetar. Steinar Buanes har meir eller mindre spesialisert seg på det som er litt dyrare – og litt betre.

– Folk får berre stå og skjere 2 x 4 for meg om dei får økonomi i det, men det gjer ikkje eg, seier han.

Difor har han investert i tørkerom. Ikkje berre kan han då skjere heile året, han kan levere akkurat dei dimensjonane kundane vil ha på temmeleg kort varsel.

Kor mykje dyrare vert det å handle lokalt? Det kjem heilt an på kva ein vil ha, det. Skal du ha kledning i rein al hjå Steinar Buanes, tek han fort 400 kroner per kvadratmeter. Då er kvaliteten slik at han kan stå ubehandla, og prisen er ikkje så langt unna industrielt impregnert furukledning. Men du kan få kledning av gran til rett over 100 kroner kvadraten òg om du vil, på byggevarehuset. Eller furukledning i ikkje heilt rein al til oppunder 200 kroner hjå det lokale sagbruk.

Dersom det er råstoff å skjere og tørke, vel å merke. På oppsamlingsplassen, der det eigentleg skulle vore fullt, ligg det no berre ein liten stabel furustokkar. Fin furu, rett nok, godt med al og gode dimensjonar. Nett slikt tømmer som Buanes gjerne skulle hatt meir av. Men då må det hoggast.

Skal vi få meir lokalt tømmer på veggen, må vi altså ut i skogen. Kanskje er det ikkje vond vilje det står på i det heile? Som vi skal sjå neste veke: Eit hogstfelt på Vestlandet i november har sine eigne utfordringar.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Saga – staden der natur vert omskapt til kultur.

– Godt handverk er eit omsorgs­uttrykk.

Arkitekt Nikolina Søgnen

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis