JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Rusta til tennene

Skal du late nokon føle deg på tennene,
bør det vere ein god handverkar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tannlege Lars Sandbakk borar i ein premolar, som er namnet på tanna mellom fortenner og hjørnetann.

Alle foto: Siri Helle

13048
20230428

Tannlege

Tannlege er ein verna yrkestittel. Ein må ha autorisasjon frå Helsedirektoratet for å jobbe som tannlege.

Snittløna til ein tannlege i Noreg var i 2022 kring 850.000 kroner, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Ein privat tannlege tener normalt meir enn ein som er offentleg tilsett.

Ifylgje SSB arbeider kring 4600 personar i Noreg som tannlege.

For å verte tannlege må ein ta eit femårig mastergradsstudium i odontologi. Snittet for å kome inn er i skrivande stund 66 poeng.

Ein kan vidareutdanne seg i ulike spesialiseringar, til dømes kjeveortopedi, tannkjøtsjukdommar eller oralkirurgi.

Ord og uttrykk i faget

Odontologi: Læra om tennene og vevet i munnhola og tilhøyrande sjukdommar.

Periodontitt: Ei odontologisk spesialisering om diagnose, behandling og førebygging av betennelsar i vevet som støttar tennene, som tannkjøt.

Kyrette: Medisinsk instrument utforma for å skrape ei overflate, til dømes ei tann. Blir brukt til undersøkingar og til å fjerne til dømes tannstein og overskot på fyllingar.

Kompositt: Tannfarga plastmateriale til tannfyllingar som kan bli eitt med tanna. Armert med harde glas- eller keramikkpartiklar.

siri@dagogtid.no

Tannlege Lars Sandbakk borar. Ja, ikkje berre det, han utfører inngrepet som kan framkalle både skrekk og brekningsrefleksar hjå sjølv dei tøffaste av oss: Han rotfyller.

På temmeleg høgt turtal jobbar boret som Sandbakk held i handa, seg innover ein rotkanal i ein premolar, tanna mellom framtennene og hjørnetanna. Ved hjelp av ei særskild maskin har han nytta elektriske signal til å måle eksakt djupne på dei to kanalane han skal bore opp, 19 og 21 millimeter. Så brukar han ei Reciproc-boremaskin til å bore akkurat så djupt.

Munnen til pasienten Sandbakk jobbar med, er gøymd bak ein lilla gummiduk. Kofferdamduken er strekt tett kring problemtanna for å halde arbeidsområdet aseptisk tørt og reint – og for å unngå at pasienten får noko ned i hals og svelg. Pasienten er sjølvsagt bedøvd i munnen, men er elles vaken – berre utan høve til å seie noko som helst. Om det er ubehageleg no, er det ingenting mot korleis det har vore i vekene fram mot tannlegebesøket.

Sandbakks bor har nådd den tilmålte djupna i den sjuke tanna, og han har gått over til å jobbe med eit sett med filer i ulike lengder og tjukner for å utvide diameteren på holet så mykje som trengst. Her snakkar vi tidels millimeter.

Radioen står på, og solskinet er på veg inn mellom persiennene i vindauget. Likevel er det full konsentrasjon som pregar arbeidsstova: file, måle, file igjen, tørke, sjekke, kontrollere.

Dette er ikkje det kjekkaste Lars Sandbakk gjer på jobb, men det er heller ikkje det mest keisame. Det er kvardag. Det er meistring. Fjorten år som tannlege gjer at han kjenner seg trygg i faget. Dette er å vere til nytte. Velkomen inn på tannlegekontoret.

Eit nettverk av kring 5000 private og offentlege tannlegar steller i dag norske tanngardar. Ifylgje Statistisk sentralbyrå arbeidde 1209 tannlegar i offentleg sektor og 3445 i det private i fjor, medan statistikken fortel at det var 53,6 ledige tannlegeårsverk i offentleg sektor same året.

Offentleg sektor syner her til fylkeskommunane, som styrer den offentleg finansierte delen av tannhelsa vår. I hovudsak går tilbodet til born og unge under 18 år, men også til nokre definerte utsette grupper. Resten av oss er tilvist det private tilbodet, der vi ifylgje ein Oslo Economics-rapport for Den norske tannlegeforening i 2019 la att kring 13,5 milliardar kroner.

Utan samanlikning elles: Det er om lag same summen som det vil koste å lyfte alle trygda i Noreg over fattigdomsgrensa. Med andre ord: ganske mange pengar. Det må då tyde på at vi tek ganske godt vare på tennene våre?

Det slår meg at mange av oss går temmeleg ofte til tannlegen, også som førebygging. I det minste trur eg mange går oftare til tannlegen for å sjekke tenner enn vi går til legen for å sjekke D-vitaminlagera om ikkje noko er gale. Eg spør tannlegen.

– Ja, det kan nok kanskje stemme, seier Lars Sandbakk, men held fram med at det varierer kor ofte folk går – og treng å gå – til tannlegen.

Sandbakk kjem frå ein familie tett på helsevesenet: Far er lege, mor var sjukepleiar, og broren er oralkirurg. Han innrømmer at det nok har påverka yrkesvalet hans. Men mest av alt ville han for det fyrste ha ein jobb som gjorde at han kunne vende attende til heimplassen sin, Stryn, noko han no har gjort, og for det andre skulle faget vere konkret og strukturert: eit yrke der ein veit kva ein skal gjere.

Struktur er nok ein god ting i dette yrket. Sjølv om ein god del tid går med til pasientopplysning – informasjon og førebygging – arbeider ein likevel operativt store delar av arbeidsdagen – kvar einaste dag. Det er ikkje berre mange munnar med mange tenner å ta vare på, det er òg mange komponentar å ha oversikt over.

– Før var det jo amalgam, og det var det, på godt og vondt. No har vi mange fleire produkt å velje mellom og sette oss inn i, fortel Sandbakk medan han legg ei fylling i ein jeksel.

Produktet han no nyttar, er ein polymerbasert filler – altså eit plastbasert produkt. I «vanlege» fyllingar, altså dei som skal tette hol i emalje og tannvegg, ikkje i rotkanalar og blautvev, brukar han stort sett slike lysaktiverte komposittprodukt: eit lim som vert lagt på i tynne lag. Med ein liten lampe med blått lys herdar han fyllinga på nokre sekund og kan legge på nye lag til tanna er fylt opp.

– Amalgam hadde jo sine sider, og eg er glad vi er kvitt det, men det var lett å bruke. Eg vil påstå at dei produkta vi har no, kan verte like gode, men dei krev meir av oss som handverkarar, seier han.

Di meir eg ser Lars Sandbakk jobbe, di tydelegare vert det at han er nettopp det: ein handverkar med medisinsk bakgrunn for skaparverka sine. Kvar munn er jo ulik. Det finst ikkje eingong to tenner i verda som er heilt like. Kvar fylling som vert lagd, og kvar krone som vert sett på, må tilpassast akkurat det bitet han har framfor seg. Det må pussast, kappast, rundast og formast, og dei små boremaskinene som sit på instrumentbordet til tannlegestolen, har eit tjuetal ulike borehovud som Sandbakk stadig vekk skiftar mellom for å få det resultatet han ynskjer.

Tenner kjem i ulike fargar. Då må kroner og andre tannprotesar òg gjere det for å passe inn i heilskapen i munnen. Pasientane må bite i eit blåpapir for å syne tannlegen korleis bitet vert med det nye framandelementet. Så må kantar avrundast og høgder tilpassast for å kjennast bra og – ikkje minst – vere lett å reingjere.

For eit viktig element av behandlinga er alltid å avgrense trongen for meir behandling.

– Når du lagar eit hol i ei tann, har du på mange måtar byrja nedteljinga for livet til tanna, forklarar Sandbakk.

– Ei fylling har avgrensa levetid. Før eller sidan må ho takast att. Og då er det alltid ein sjanse for å gjere meir skade. Det er grunnen til at eg ikkje nødvendigvis tilrår folk å skifte ut alle amalgamfyllingane. Tenner kan sprekke heilt inn i rota, til dømes, og då er det ikkje meir å gjere: Ei tann med rotsprekk må trekkast, seier han.

Å trekke tenner i Noreg i 2023 er ikkje så uvanleg som ein kanskje skulle tru. Det vil alltid vere årsaker til at tenner må ut. Skilnaden ligg i om ein har høve til å erstatte tanna eller ikkje.

«Personer med lav inntekt har vesentlig dårligere munnhelse enn personer med høy inntekt, og mange får ikke gjennomført den tannbehandlingen de trenger, fordi det er for dyrt», skreiv Den norske tannlegeforening i eit innspel til Tannhelseutvalet, som regjeringa sette ned i fjor, og som skal levere sin gjennomgang av den norske tannhelsetenesta innan juni 2024.

Om vi ser stort på det, er tannhelsa i Noreg i betring: I 2021 hadde 32 prosent av 18-åringane i Noreg aldri hatt hol i tennene, ifylgje Statistisk sentralbyrå, og det er monaleg fleire enn berre attende til 2015, då denne statistikken kom i gang. Men det er store regionale skilnader i kor god tannhelsa var, og vi veit ikkje heilt kvifor: I det store og heile er det store hol i kunnskapen om norsk tannhelse. Særleg har vi lite tal frå den private tannhelsetenesta.

Tannproblema våre kjem frå to kjelder: genetikk og livsstil. Vi kan vere fødde med ein munn som er ergonomisk vanskeleg å reinhalde, og med ein bakterieflora som fremjar heller enn dempar bakterievekst. Men vi kan òg ta lite ansvar for tennene våre, slurve med reinhald og ete mat med mykje sukker eller syre. Ifylgje Lars Sandbakk kan det vere mogleg å sjå om tannstein kjem av genetikk eller reinhald.

– Eg informerer framleis vaksne om kariesproblematikk jamleg, seier han.

Kanskje skal vi alle saman ta ein liten repetisjon av Karius og Baktus. Lat oss byrje heilt grunnleggande – med kva ei tann faktisk er. Det ytste laget på ei tann består av emalje. Innanfor her finn vi tannveggen – dentinet. Dette er dei hardaste stoffa vi har i kroppen, men dei kan likevel vere ømtolige og følsame, for det går kanalar skrått ut i tanna frå nervane. Nerven i tanna ligg heilt inst, i midten, pakka inn i eit mjukare blautvev. Kjem ein bort i kanalane, kan nerven verte påverka. Nerven og rota på tanna heng fast i kjevebeinet, som er omslutta av tannkjøt og slimhinner, men mellom tannkjøtet og tanna er det ei lomme. Det er her det kan utvikle seg betennelsar.

Er det betennelse i ei levande tann, gjer ein det enkelt: Ein fjernar nerven og med den smerta. Om nerven – og med det tanna – alt er død, vert det meir komplisert. Då må ein til med antibakteriell behandling før pasienten vert smertefri.

Når kariesbakteriar i munnen får næring, til dømes frå sukker, produserer bakterien syrer, og det er desse syrene som reagerer med og bryt ned minerala i tennene og lagar hol.

– Det vi ser no, er mindre kariesproblematikk, men meir syreskadar, fordi vi drikk sukkerfri cola, energidrikkar og liknande, forklarar tannlegen, som held fram med å forklare at til skilnad frå ein del andre helseproblem, er årsaka her tydeleg: Syreskadar kan kome frå magen, nokre av oss har til dømes høgt syreinnhald i spyttet, eller dei kan kome frå maten vi puttar i oss.

– Ei kostregistrering vil som oftast avsløre kva årsaka er, seier Sandbakk.

På eitt punkt skil tannlegen i Stryn seg frå mange av kollegaane sine: Han brukar berre lokal tannteknikk til fast protektikk – kroner, bruer og faste protesar. Ein tannteknikkar er personen som lagar dei nye tennene ein får i munnen om ein treng det. Når Sandbakk bestiller ei krone, gjer han det hjå tannteknikaren Kristin Aaning i nabobygda, ikkje – som stadig fleire norske tannlegar gjer – frå ein tannteknikar i til dømes Singapore. Alt i 2009 synte undersøkingar at 71 prosent av norske tannlegar brukte importert tannteknikk, og talet på tannteknikarar i Noreg gjekk ned frå 460 årsverk i 2015 til 412 i 2021.

– Ho er rett og slett utruleg dyktig, skryter Lars Sandbakk av kollegaen.

– I tillegg kjenner ho til korleis eg jobbar. Vi samarbeider godt, og ho er av og til inne og ser på pasientane saman med meg. Det kan ikkje ein tannteknikar i Singapore gjere.

Lars Sandbakk tenker sjølvsagt på økonomien til pasientane, og han kan gjerne foreslå lettare – og billegare – løysingar dersom det samla sett kan gje pasienten betre munnhelse.

– Det kan vere fort gjort å tenke at «no øydela eg heile juleferien» for ein pasient om eg set i gang ei stor behandling. Men eg kan ikkje ta det ansvaret på meg. Eg må informere om kostnader, alternativ og konsekvensar, og så er det opp til pasientane korleis dei vil bruke pengane sine, seier han.

– Men sjølvsagt held eg meg alltid innanfor det som er fagleg forsvarleg behandling. Den vurderinga går i hovudet heile tida.

Denne dagen behandlar Lars Sandbakk om lag éin pasient i timen. Han gjer avstøypingar til ei krone som skal sitte på ei hjørnetann, han gjer eit par undersøkingar – den eine endar utan inngrep, medan den andre får fylt att eit hittil ukjent, lite hol – og i eit større behandlingsopplegg som vil ende i delprotesar, plukkar han ut fleire rotne rotendar.

Her kjem tonga fram saman med ein hebel, eit lite spett, og det vert igjen tydeleg at dette er eit arbeid som krev handlag. Kor mykje trykk kan ein legge på ein kjeve for å få ut ei tann utan å belaste kjevebeinet for mykje? Dette må ein lære med erfaring. Ingen munn er lik. Ingen arbeidsdag heller. At ikkje alle synest stolen hans er den trivelegaste staden å vere, har han stor forståing for.

– Eg var ein tur hos tannlegebror min no nyleg, men då var det fire år sidan sist. Tannlegar er ikkje nødvendigvis meir glade i å gå til tannlegen enn andre, seier han og strekar under at det gjekk heilt fint, både å vente i fire år og sjølve tannlegetimen.

Kanskje kan det vere ei trøyst når du ligg der og gaper: Han på andre sida av boret er både rolegare, tryggare og har det artigare enn du. Kanskje står han rett og slett der og kosar seg. Då kan det ikkje vere noko å vere redd for, kan det vel?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis