JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Nesten alt mogleg-seljaren

Den som jobbar på bensinstasjon, tek inn pengar på det meste – unntatt bensin.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bolleposar, kaffimaskin, pizza og «hugs drikke til maten»: Eirik Trontveit er van med å sjonglere varegrupper på Circle K-stasjonen sin i Sogndal.

Alle foto: Siri Helle

12886
20230331

Bakgrunn

Dag og Tid er med folk på jobb. Denne veka: bensinstasjon

Varehandelen er Noregs største private arbeidsgjevar og sysselsette over 370.000 personar i Noreg i 2020 (SSB).

79 prosent har grunnskule eller vidaregåande skule som si høgaste fullførte utdanning, og 72 prosent er under 40 år (NHO: «Tall og trender 2021»).

Medianløna for ein butikkmedarbeidar var 37.600 kroner i 2022. Ein innehavar av ein kiosk/liten butikk har ei medianløn på 45.920 kroner (SSB).

Formell utdanningsveg er lina sal, service og reiseliv på vidaregåande og fagbrev i salsfag, men berre drygt 1 prosent har fagbrev.

Ord og uttrykk i faget

Planogram: ei teikning over korleis varer skal plasserast i butikken.

Avstikk: folk som fyller drivstoff og stikk av garde utan å betale.

Meirsal: å selje produkt eller tenester utover det kunden hadde sett føre seg, til dømes ved å opplyse om tre for to, tilbehør eller brus til pølsa.

Oppsal: ei form for meirsal der kunden får tilbod om kjøpe noko dyrare enn hen opphavleg hadde tenkt, til dømes ein større meny.

siri@dagogtid.no

Bilvask. Batteri. Briller. Bollar, sjølvsagt, og burgar, barnemeny og bagett. Bind, bjørkeved, beef jerky, Bamsemums, barberskum, butangass og bensinkanne – og dette er berre nokre av varene som byrjar på b, og som du kan få tak i på ein bensinstasjon. Det som berre for nokre tiår sidan var ein stad der du fekk hjelp med køyretøyet ditt, er no vorte noko heilt anna – og ganske mykje meir.

Det er ikkje bensinstasjonen aleine om. Heile varehandelen, Noregs største private arbeidsgjevar, vert meir breispektra. Jernvarehandlar sel fint porselen, daglegvarebutikkar høgtalarar og vaffeljarn, elektrisitetsforretningar sjokolade og tyggis, og Biltema har gått frå å vere eit postordrefirma for bildelar i ein kjellar i Linköping til 140 varehus, kvar med over 19.000 varelinjer innan åtte varegrupper.

For bensinstasjonar som i takt med elektrifisering av bilparken er i ferd meg å kalle seg energistasjonar, har altså endringa gått frå bilkompetanse til gatekjøken, pizzabakeri, bollebakeri, kafé (med skikkeleg kaffi) og alt anna du kan finne på å trenge, om du er på vegen eller i ei eller anna slags naud utanom opningstida til andre butikkar. Korleis er det eigentleg å skulle ha kontrollen på alt dette?

Circle K Sogndal ligg ved Sognefjellsvegen.

Det gjeld iallfall ikkje å ligge å dra seg om morgonen. Klokka er halv fem då eg bankar på skyvedøra hjå Circle K i Sogndal, men franchisetakar og dagleg leiar Eirik Trontveit er alt i full sving der inne. Bolleomnen er i gang, kaffimaskina varmar seg opp og bagettar vert smurde og hyller fylte så godt som mogleg før han opnar dørene klokka seks.

Morgonen til Eirik Trontveit er opplyst av Click & Collect, førehandstinging av matvarer som gjer at ein slepp kø i kassen, pommes frites til 35 kroner, store ostepølser til 79 kroner, og, sjølvsagt, Circle Ks Superburger. Trontveit har nemleg ikkje slått på taklyset, men jobbar i lyset frå dei opplyste prispanela som heng på veggen bak arbeidsbenken.

– Panela gjev godt lys, synest eg. Slår eg på meir, er sjansen stor for at nokon trur vi har opna, og får ekstra lyst på kaffi. Det hender for så vidt likevel, og dei får hjelp, men tida før opning er eigentleg travel nok som ho er, fortel han, medan eit bagettbrett går ut av steikeomnen og til smørjestasjonen, eit bollebrett går frå heveomnen og inn i steikeomnen, og eit brett med wienerbrød går frå frysestativet til heveomnen.

Her er system. Som franchisetakar i eit kjedesystem er visuell utforming, prisar og kampanjar styrte frå sentralleddet. Bakevarer kjem til Circle K Sogndal ferdig utbaka og frosne i deigform éin gong i veka. Her vert dei haldne frosne til kvelden før dei skal seljast.

– Dei bollane eg tok ut no, har kveldsvakta sett i heveomnen i går kveld, seier Trontveit.

Garnityret er ferdig lagt opp av kveldsvakta dagen før, og fire av kvar sort pleier å halde ei stund.

– Det er ein balansegang mellom å ikkje få for mykje svinn og heile tida vere «klar for kunden»: Det er eit uttrykk hjå oss, som tyder å vere best mogleg budd på travlare tider. Vi veit aldri når det kjem inn eit heilt fotballag som vil ha hamburgar, til dømes, seier Trontveit, samstundes som han set eit brett daimbollar, altså kveitebollar med bitar av Daim-sjokolade, på benken og fiskar fram ein stor plastsprøytetube med vaniljekrem. Nokre av daimbollane får seg ein vaniljekremdæsj før dei går i omnen.

– Dette er ein liten spesialitet, seier bakaren og smiler.

– Daimbollar med vaniljekrem har vorte ei greie her i Sogndal, så det må eg berre ha, sjølv om det ikkje står i oppskrifta frå Circle K sentralt.

Vi nærmar oss opning, det luktar bakerigodt i heile butikken, Trontveit slår på lysa og opnar dørene, og det går ikkje mange minutt før fyrste kunde kjem med kaffikoppen. Smiler, helsar, fyller koppen med abonnementsmerket oppdatert for 2023 og går ut att. Nokre plukkar med seg ein pose med tre eller fem bollar, nokre ein bagett, og så betalar dei i kassen.

– Tener de pengar på kaffiabonnementa?

– Nja. Det viktigaste er å få kunden inn i butikken. Då har vi alltid ein sjanse til meirsal, seier Trontveit.

Meirsal, ja. Det er å selje oss kundar meir enn vi eigentleg ville ha. Brus til pølsa, tre for to på tyggis, abonnement på bilvask og så bortetter. Kor god ein er på dette, er noko av det som avgjer kor godt ein gjer det som franchisetakar.

Det er freistande å kalle Eirik Trontveit for butikksjef, for i praksis er det jo det han er. Men butikksjef kan dei berre kalle seg som er sjef for ein av stasjonane Circle K sjølv eig. Eirik Trontveit er franchisetakar og dagleg leiar i sitt eige franchiseføretak.

– Eg har eit AS og er sjølv tilsett i det, forklarer han.

Circle K eig merkevara, bestemmer produktutvalet, styrer drivstoffleveransar (og -prisar) og fungerer som huseigar. Trontveits franchisestasjon leiger lokale av Circle K og betalar ein prosentdel av omsetnaden i husleige. Circle K eig drivstoffpumpene, Trontveits firma eig resten av maskiner og innbu. Franchisen vert forhandla i kontraktar på fem år om gongen, med opsjon på to år.

No er det snart tre år sidan Trontveit og medarbeidarane hans fekk beskjed om å verte pizzabakarar: Circle K hadde gått i partnarskap med pizzakjeda Peppes Pizza og utvikla seks Peppes On the Go-pizzaar. Pizzabotnane kjem ferdig smurde med saus og ost, og så vert garnityret lagt på og pizzaane steikte på stasjonane.

– Vi vart litt heite i kula med ein gong vi fekk høyre at vi skulle byrje å lage pizza, fortel Trontveit, men seier at det fort gjekk seg til, berre dei kom i gang. Opplæring vart gjeven. Han bemanna litt opp i starten, for å vere sikker på at innkøyringa gjekk greitt. Etterspurnaden var òg størst den fyrste tida. No har det stabilisert seg, og pizzaen har glidd greitt inn mellom pølser, daglegvarer, aviser, råneutstyr og bilrekvisita. (Veit du eigentleg kor mange ulike typar bilvåtserviettar som finst? Studer det neste gong du er innom ein bensinstasjon.)

I tillegg har Circle K Sogndal pakkeutlevering. Dei har levert ut pakkar til privatpersonar frå DHL ei god stund, og no har dei òg byrja med pakkar frå Helt Hjem. Det går greitt, meiner dei, om det ikkje er så stor forteneste per pakke, er det ein ny kunde inn i butikken, kanskje ein ny type kunde, ein student utan bil til dømes, som med eitt får eit forhold til butikken deira. Meirsal, alltid meirsal.

– Finst det grenser for kva de kan drive med?

– Når daglegvarebutikkane tar opningstidene våre og byrjar å selje spylevæske, må vel eg kunne selje mjølk og smør, meiner Trontveit, og held fram med å slå fast at det er varer som har gått ut av sortimentet òg.

– Blad, til dømes. Det hadde vi mykje av før, og no er det heilt vekk. Eg vil heller ikkje ha tipping, som jo går meir og meir over på nett, eller speleautomatar. Eg har rett og slett ikkje nok parkeringsplassar til å binde dei opp med folk som sit ved ein automat, seier Trontveit, som har erfaring med dette frå tidlegare stasjonar han har jobba i.

Ja, for Eirik Trontveit har vore med på mykje av omstillinga i bensinstasjonsverda. Den fyrste jobben hadde han på Esso i Førde i 1997. Då selde dei framleis viftereimer og gjorde eitt og anna oljeskift. No meiner han det meste uansett vert gjort på service hjå verkstader, og bilkunnskap er ikkje høgt på lista over det Trontveit ser etter når han tilset personale. Dei prøver likevel å halde seg oppdaterte, i det minste på vindaugsviskarskifte og oljetypar.

Etter deltidsjobben på Esso på vidaregåande byrja Trontveit på IT-utdanning i Bergen. Men då han fekk tilbod om å drive ein bensinstasjon i Førde saman med ein kamerat, hoppa han av studiet og ut i arbeidslivet. Kameraten og han tok over stasjonen i Sogndal saman i 2009, og sidan 2013 har han drive aleine.

På bakrommet, altså kontoret, har Eirik Trontveit full kontroll på korleis det går med butikken hans til kvar tid. Her loggar han seg inn på Store Manager, og med eitt veit han akkurat kor mange bollar og bilvaskar og bensinliter han har selt i dag. Men ikkje berre det: Han kan finne ut kor mange kroneisar han selde den 17. mai-en det var så fint vêr, dersom det ser ut til å verte fint vêr denne nasjonaldagen òg, slik at han får tinga nok i tide.

– Eg likar tal. Synest det er kjekt å sitte slik å følgje med. Eg har vel aldri direkte sakna utdanning i kvardagen, men skulle eg gått vidare med noko, skulle eg utdanna meg innan bedriftsøkonomi. Men no trur eg det toget er gått, seier 41-åringen.

Kring lunsjtid har Trontveit fått selskap av to andre tilsette på jobb, nestleiaren og ein lærling, og folk byrjar å kjøpe burgarar. Burgarane stasjonen nyttar, er halvsteikte. I motsetnad til ein del andre stasjonar har dei ikkje steikeplate, men nyttar ein Merrychef-omn – ein teknologi som kombinerer konveksjonsvarme, varmluft og mikrobølger. Slik vert både burgarar og bacon, som òg er halvsteikt, fort gjennomvarme og får sprø skorpe.

Ute har sola funne vegen over dei høge sognefjella, og Trontveit er rask med å trille solbrillestativet lenger ut på golvet. Dei fleste av varene har sine faste plassar, jamfør planogrammet han får frå Circle K, men litt er det mogleg å sjonglere med. Vindaugsvaskebøtta kjem ut mellom pumpene, vindaugsspylevæskestablane vert fylte på, bilvaskeriet går så det grin og Trontveit og lærlingen hans vaskar vindauge og golv for verkeleg å få stasjonen til å skine. Dei tar all vasking sjølv. Så lenge alt må vaskast innimellom, hjelper det ikkje å leige reingjeringsbyrå. Alle må svinge vaskefilla så ofte dei har høve.

Der journalisten kjenner ei viss dragning ut mot dei snøkledde fjelltoppane, er det for stasjonsfolket ekstra stas å vere inne på stasjonen på slike dagar. Godvêr gjev folk i rørsle, og folk i rørsle stoppar på bensinstasjonar og gjev godt sal.

Bagettar vert smurde etter ei fast oppskrift – og med individuell omtanke.

På ein dag som i dag, ein tysdag med opningstid frå 06.00 til 23.00, kan han kanskje omsette for kring 30.000 kroner. Då er ikkje drivstoffet rekna med. Det tener han nemleg så å seie ikkje pengar på i det heile.

– Vi har ei godtgjersle for å føre tilsyn med pumpene, men når du trekker frå utgifter til straum og vaskemiddel, trur eg ikkje det er mykje vi sit att med.

– Så myten om at bensinstasjonar tener betre på pølser enn på drivstoff, stemmer?

– Han stemmer nok bra, ja.

Drivstoffbetalinga går rett til Circle K, som dei fleste av oss hugsar var Statoil ein gong i verda – før det var det Norol, før det att BP og MIL. Circle K er no eigd av eit av dei største selskapa for storkiosk og bensinstasjonsdrift i verda, canadiske Alimentation Couche-Tard.

Trontveit har heller ikkje noka betre oversikt enn oss andre om korleis drivstoffprisane vert framover. Kanskje får dei melding eit kvarter før ein stor prisauke eller -nedgang, men det kan like godt vere dei ikkje veit noko. Dei melder frå om dei oppdagar at konkurrentane har lågare prisar enn dei, noko som er ein monaleg del av prissettinga i drivstoffbransjen. Prisskilnader mellom regionar handlar fyrst og fremst om lokal konkurranse. Og når kundane har det med å vere temmeleg opptekne av drivstoffprisar, gjeld det å følgje med.

På nettsida si framhevar Circle K «flotte sitteområder»: i ein sofa med venegjengen, med ein kjapp kaffi i barområdet, uansett får du gratis internett og sunne matalternativ. Kva du får i pumpene, vert i denne samanhengen mindre viktig.

– Kva tenker du om elektrifiseringa av bilparken? Er det ein sjanse eller ei utfordring?

– Vi må få på plass ladestasjonar. Men eigentleg er eg ikkje så uroa. Folk må framleis ha seg ein pause no og då, dei sluttar ikkje å måtte på toalettet, og born vil framleis ha is. Om vi kallar oss bensinstasjon eller energistasjon, vil det vere ein marknad for oss så lenge folk fartar langs vegane, meiner Eirik Trontveit.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis