McYoga
I hjartet av Oslo ligg eit populært yogastudio med eit skandalisert namn. Historia om bikramyoga handlar om karisma, marknadsføring og vilje til underkasting.
Resepsjonen hos Bikram Oslo.
Alle foto: Ida Lødemel Tvedt
Yoga
ida@dagogtid.no
Eit veltrent steinkast frå slottet i Oslo, ned trappa til kjellaren i Grønnegata 10, bak ein resepsjon der ein kan kjøpe svindyre spandextoppar på storleik med lommetørkle, står ei gruppe halvnakne menneske klare for gjere bikramyoga. Det er den fyrste søndagen med snø denne hausten, det er kaldt ute, men i yogastudioet er det 40 grader og 40 prosent luftfukt. Slik må det vere om ein skal kunne kalle det eit bikramstudio. Timen varer i 90 minutt. Vi skal gjere 26 stillingar – dei same 26 stillingane som ein gjer i alle bikramklasser verda over.
Yoga er ikkje lenger ein sær hippiesyssel, men ei av dei vanlegaste treningsformene både i Noreg og i resten av verda. Ein gjer yoga i skulen, i fengselet og i toppidretten. Heller ikkje den varme bikramyogaen er spesielt eksklusiv. Til dømes er det mest populære tilbodet på fleire Sats-senter nettopp «Hot Yoga», ein mindre streng avleggjar av bikram. Dei vanlege yogagreinene i Noreg er ashtanga, vinyasa, iyengar, anusara og yin – nokre av dei er rolege, andre dynamiske, nokre er svært disiplinorienterte, andre meir anarkistiske, dei fleste vart utforma i andre halvdel av 1900-talet, med røter tilbake til mellomalderen og hathayogaens tantriske sexkultar.
I Grønnegata er det hardcore. Ein får ikkje gå ut i løpet av timen, ein skal ikkje ta pausar, og ein vert ikkje oppmoda om å lytte til smerter, slik mindre autoritære yogaretningar gjer. Kanskje nettopp dette er litt av tiltrekkingskrafta, ikkje veit eg, men her er iallfall alt slags folk, ikkje berre anorektikarar og muskelbuntar. Eg kjenner både høgrefolk og sosialistar, representantar frå både sjømatnæringa og mållaget, som særleg i vinterhalvåret soknar til dette sveitte og stinkande studioet ved Bogstadveien. Resepsjonisten er til og med ein kjekk ung mann som heiter Tarjei, studerer byplanlegging og er dedikert lesar av Dag og Tid.
Bikram Choudhury
Bikramyoga er ikkje ein gamal austleg tradisjon, men ei treningsform med opphav i Los Angeles i 1970-åra, utarbeidd av Bikram Choudhury, fødd i 1946 i Kolkota i India. Choudhury meinte det kalde klimaet gjorde vestlege folk stive i rørslene, noko han løyste ved å setje inn sterke omnar i rommet. Så sette han saman ein serie på tjueseks stillingar og hevda at han hadde einerett på dei. Konseptet vart ein suksess, med kjendisklientar som Barbara Streisand, Michael Jackson og Madonna. Sjølv påstod Choudhury at det var Nixon som hadde invitert han til USA, for å piske amerikanarane i form, både fysisk og åndeleg. Han påstod òg at han trente The Beatles, at han lanserte karrieren til Michael Jackson, og at han eigenhendig fann opp diskokula.
Somme i miljøet stussa over den ikkje heilt asketiske livsstilen hans då dei såg han cruise rundt i L.A. i ein av dei 44 luksusbilane sine, med fedorahatt og Rolex-klokke. Kanskje nølte dei òg når dei såg kor godt han likte å posere for kamera ståande oppå halvnakne unge kvinner bøygde i akrobatiske positurar. Eller når han sa ting som at «alle homofile burde forlatast på ei aud øy for å døy av aids».
Men ingen braut inn eller stogga den lukrative bedrifta som tidleg i 2000-åra hadde spreidd seg over heile verda. Til det var den karismatiske klovnen for forbløffande. McYoga kalla han det, dette produktet som han garanterte smakte heilt likt same kvar og kva tid ein konsumerte det.
Seinare skulle det vise seg at han slett ikkje hadde vunne nasjonale yogakonkurransar i India, slik han hevda, eller hadde studert under store guruar. Lite tydde på at han i det heile teke hadde vore borti yoga før han kom til USA.
Rykte om overgrep hadde virra rundt Bikram lenge, men fyrst frå omkring 2013 kom klagene og rettssakene om rasisme, homofobi og seksuelle overgrep. Som ein klassisk sektleiar skal han ha nytta seg av nære fortrulege som valde ut potensielle offer blant dei yngste og mest servile elevane, dei han kunne misbruke utan at dei sladra.
Han nekta skuld. «Kvifor skulle eg valdta nokon når folk betaler ein million dollar for ein drope av sæden min?» sa han inn i kameraet til CNN. «Kvinner står i kø utanfor rommet mitt. Av og til ligg eg med dei, men berre når dei trugar med å ta livet sitt om dei ikkje får meg.»
Ein av klagarane var hans eigen advokat, Minakshi Jafa-Bodden, som hevda at ho òg vart trakassert, og at han straffa henne for ikkje å vilje dekkje over valdtektsskuldingar. Då Choudhury i 2016 vart dømd til å betale over seks millionar dollar i oppreising (pun intended) til Jafa-Bodden, flykta han frå USA utan å betale. No held han for det meste til i India og Mexico, der han held fram med å gje kurs.
Bikram-konsernet vart overteke av Jafa-Bodden. No er det ho, altså ei av dei råka, som eig Bikram-namnet og som tener pengar på det i USA, der det no har vorte litt kleint å skulle marknadsføre Bikram-yoga, noko ein ofte løyser med å gje studioa nytt namn.
Samstundes held Bikram fram med å marknadsføre lærarkursa sine utanfor USA.
– Det uroar oss, har Jafa-Bodden uttalt til The Guardian.
– Uskuldige og formbare unge studentar reiser kanskje til desse leirane i område der dei ikkje er verna.
Verket, ikkje mannen
Resh Erichsen, eigar av Bikram Yoga Oslo, forsvarer ikkje opphavsmannen. Ho slår meg som eit fornuftig og snilt menneske, og ho tek så varmt imot meg når eg ringjer og seier at eg vil skrive om bikramyoga i avisa, at eg får lyst å endre vinklinga og heller skrive ein reklametekst for studioet hennar.
– Diverre kalla han yogaen opp etter seg sjølv. Men for meg dreier det seg om yogastilen, ikkje mannen. Det er som når ein kjøper Levis-bukser. Vi kjøper dei ikkje for namnet, men for saumane, materialet, kuttet, stilen, seier ho.
Ho har vurdert og vurderer framleis å endre namnet, men meiner klagene mot Bikram ikkje endrar det faktum at hovudproduktet som ho tilbyr, er bikramyoga.
– Det ville faktisk vere inautentisk av oss å endre namn på bedrifta samstundes som vi held fram med å undervise i Hot Bikram Style, seier ho.
Ho har eit poeng. Det er litt pysete å endre namn til «Hot Yoga», slik mange Bikram-studio har gjort. Eg skjønar distinksjonen hennar. For henne er det å gjere Bikram-yoga det same som det å lese Hamsun og Heidegger er for meg: Ho føler ikkje at ho må stå til rette for alt han meinte, for å lære av det han har laga. Men samstundes: Heilt det same er det vel ikkje, for det er berre to år sidan rettssakene. Han har ikkje gjort opp for seg, og han tener framleis pengar på produktet som Bikram Yoga Oslo sel.
Instruktørane og deltakarane eg snakkar med då eg vitjar studioet, seier det same som Resh.
– Ja, Bikram er ein ekling, men yogaen han laga, er fantastisk, seier dei når vi står nykokte og nydusja og snakkar saman i resepsjonen etter timen.
Eg kikar på dei to store Technicolor-bileta av unge Bikram Choudhury som møter meg med ein gong eg kjem ned trappa i Grønnegata. På det eine biletet sit han på ein strand med beina i lotusstilling. På det andre sit han over skrevs på ein flådd tiger.
– Ja, altså, vi tek heilt avstand frå han, seier dei.
– Vi har berre gløymt å ta ned bileta.
Av dei åtte bikraminstruktørane hos Bikram Yoga Oslo har seks studert direkte under Bikram Choudhury, på dei offisielle treningsleirane som han arrangerer rundt om i verda. Til The New Yorker Magazine skildra ein bikramlærar korleis Choudhury på desse leirane underviser sitjande på ei trone medan folk masserer føtene og børstar håret hans. Kurset kostar 10.000 pund, og om ein ikkje held seg inne med meisteren og han ikkje gjev ein sertifikat, kan alle pengane vere bortkasta.
– Ja, eg har vore i Mexico og trent med Bikram sjølv, seier instruktøren til meg når eg spør.
Han var der i 2017, altså året etter at Bikram flykta frå USA.
– Korleis var kurset, spør eg.
– Ni veker, to økter om dagen og førelesningar til langt på natt. Dei bryt deg ned for å byggje deg opp att.
Mama, give me money
Timen i Grønnegata byrjar med at instruktøren stiller seg på pidestallen i midten framme ved spegelen og listar opp namna på alle dei nye. Ingen stearinlys eller lydband med surkling frå elvar eller kvallydar. Berre lågt tak og grell lyssetjing. Positurane er svært enkle jamført med dei fleste yogatimar, men i varmen kjennest det mykje hardare.
– Strekk underarmane vekk frå kroppen med handflata opp og sei «Mama, give me money», seier instruktøren.
Unikt for denne yogaforma er spegelen. Medan yogastudio flest ikkje har spegel, skal ein i bikramyoga stå andlet til andlet med seg sjølv gjennom heile den halvannan timen, liksom aleine framfor Gud og kropp.
– Don’t think too much; thinking makes life hard, seier instruktøren idet vi skal plukke opp den eine foten og halde han rett framfor oss, medan vi strekkjer båe beina, senkar haka til kneet og held augnekontakt med oss sjølv.
Store spegel på veggen der, kven er den sveittaste sekta i landet her, mumlar eg for meg sjølv.
– Fokus! Ikkje tenk! roper instruktøren.
Bikramyoga er ei uvanleg lite grasiøs yogaform. Ein byter retning i rommet heile tida, liksom umotivert, som om litt av poenget er at ein skal verte desorientert.
Hyperventilering
Timen vert avslutta med pranayama, ein slags pusteteknikk som kan minne om hyperventilering. Ein skal blåse luft raskt ut frå nasen, medan ein trekker saman ribbeina, i takt med at instruktøren klappar i hendene. Først ein runde litt hurtig. Så ekstremt raskt. Eg blir svimmel og kvalm. Her går grensa mi. Eg pesar ikkje på kommando frå ein mann som står i berre truse på ein pidestall.
Til slutt legg vi oss flatt på ryggen i dødmannsstilling. Eg ligg på golvet og tenkjer på kor annleis dette er frå yogaen eg byrja med for 16 år sidan. Då var det hathayoga og vinyasa som gjaldt i Noreg, retningar som er ganske lause i forma. Yogastudioa som den gong var hedonistiske og akrobatiske puste- og puterom, har endra seg dei siste åra; no har dei plakatar i garderoben som seier at ein ikkje får ta med seg vatn inn i timen, at ein skal sitje klar i ei bestemt stilling når instruktøren kjem inn i rommet, at ein ikkje skal gå på do undervegs. Iyengaryoga – oppkalla etter grunnleggjaren, som døydde for berre fem år sidan – har blitt populært; ein keisam, detaljorientert og streng stil som ikkje fyrst og fremst dreier seg om å kome i god form, men om å bli flink i iyengar. Eg ligg på golvet og lurer på om eg kan hevde å sjå ei autoritær vending i norsk yoga generelt og spørje meg om ikkje dette er ein smule symptomatisk for noko større. Folks vilje til underkasting sluttar iallfall aldri å forbløffe meg.
Eg ligg på golvet og luktar på rommet. Studioet har vegg-til-vegg-teppe, alle bikramstudio har det, av di Bikram Choudhury, då han kom til California frå India, tykte at vegg-til-vegg-teppe var det ypparste av luksus. På heimesida til Bikram Yoga Oslo legg dei vekt på at teppet ikkje eigentleg er eit teppe, men «antibacterial antimicrobial vinyl thread flooring». Antimikrobisk eller ei, golvet stinkar av mange års oppsamla sveitte.
Reinsa for utukt
Når ein snakkar med bikramentusiastar er det særleg gleda over å sveitte ut dei legg vekt på. Ein snakkar om gift- og avfallsstoff, både indremedisinske og psykologiske, som vert tømde via porene. Dette veit vi er ein illusjon. Det er helst berre vatn og salt som forsvinn den vegen. Men kjensla er ekte, og sveitten og ubehaget minner om kjensla av å ha sprunge eller sykla, utan at ein faktisk treng?å springe eller sykle eller gjere noko som utfordrar lungekapasiteten.
Kanskje har denne ideen om å sveitte ut noko til felles med alle andre produkt og utviklingar som lover fornying: Hud skal verte skrubba, tarmar skal verte skylde, kjipe folk skal få sparken – både kroppen og verda elles skal verte reinsa for utukt. Overalt innan trening, kosmetikk og samfunnsdebatt ser eg brått dette hygienehysteriet. Det får meg til å tenkje på omgrepet toxic masculinity, som har vore mykje brukt i USA dei siste åra, og som ein høyrer ekko av i Noreg òg når nokon kallar ein person eller eit miljø «giftig». Eg grøssar. For sjølv om målet er helse og hygiene, er det først og fremst noko grisete med slike demokratiske, diskursive og dermatologiske tarmskyljingar.
Dei nitti minutta er over. Då nokon omsider opnar døra, kjennest den heilt vanlege lufta utanfrå som frelse. Det er dette sjokket som er så vanedannande med bikramyoga. Kontrasten mellom varmt og kaldt, og kjensla av at alt er annleis når ein trer ut frå studioet. Kombinasjonen av tre fysiske sjokk, sjølvpåførte gjennom pust, temperatur og desorientering, gjer at ein etterpå kjenner seg rusa. Lett, omtåka og tom.
Bikram sa det sjølv: «Denne yogaen er verre enn kokain. Ein kan kvitte seg med kokainen, men med ein gong du har blitt vand med denne yogaen, klarer du ikkje stoppe.»
Yoga, slik han vert praktisert i Noreg, er fyrst og fremst ei effektiv treningsform, ikkje ein ideologi eller ei tru. Å seie at ein ikkje trur på yoga, er som å seie at ein ikkje trur på armhevingar – heilt meiningslaust. Men likevel er det sekteriske potensialet der hele tida, noko skandalane som har råka ulike yogatradisjonar dei siste åra, igjen har gjort synleg. For sjølv om yoga har vore aldri så kvitvaska, er veikskapen for hierarki og underkasting der framleis. Alle slike aktivitetar kan lett bikke over i noko sekterisk. Det skal ikkje meir til enn ein instruktør med messiaskompleks og eit lett masochistisk publikum – noko det ikkje er underskot på i kroppsfikserte krinsar.
På denne knivseggen balanserer eit studio som Bikram Yoga Oslo. Dei leverer eit produkt som mange nyt, utan at det i seg sjølv gjer nokon skade. Forsking har ikkje prova nokon særleg ekstra effekt av den sterke varmen, men heller ikkje at han er farleg for folk utan diabetes, overvekt eller høgt blodtrykk. Det kjennest bra, eller fyrst og fremst heilt ulikt andre kjensler, utan at det i seg sjølv inneber at det er spesielt sunt. For ikkje alt som er godt, gjer oss godt, tenkjer eg idet eg går heimover og nikkar til ein forbipasserande heroinist i Storgata.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nokre i miljøet stussa over den ikkje heilt asketiske livsstilen hans då dei såg han cruise rundt i L.A. i ein av dei 44 luksusbilane sine, med fedorahatt og Rolex-klokke.
Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE