JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Lærar for utrygge kroppar

Bukkekravet er vekke frå kroppsøvingstimane, men å styre dei er framleis i høgste grad ein balansegang.

Kroppsøvingslærar Anette Kyvik underviser i styrketrening og syner korleis ein kan gjere assisterte kroppshevingar.

Alle foto: Siri Helle

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12999
20230421

Kroppsøvingslærar

Ein kroppsøvingslærar er ein faglærar, det vil seie ein lærar med utdanning til å undervise i særskilde fag, som musikk, kunst og handverk, diverse yrkesfag eller kroppsøving.

Løn: Varierer med utdanningsnivå og kor i skulen ein arbeider. Snittløna til «Lektor mv. (vidaregåande skule)» er kr 637 440 (SSB). Ifylgje hovudtariffavtalen til KS kan ein lektor med tilleggsutdanning og full opptening (16 år) tene kr 698 000.

For å verte kroppsøvingslærar kan du ta eit treårig faglærarstudium ved universitet eller høgskule, eller eit profesjonsretta bachelorstudium og så eitt år praktisk-pedagogisk utdanning.

Vil du jobbe i vidaregåande skule, er det i praksis naudsynt med fire- eller femårig utdanning, noko som tilsvarer adjunkt eller lektor.

Ord og uttrykk i faget:

Eigentrening: Undervisningsperiodar der elevane skal trene på valfri aktivitet på eiga hand, etter innlevert plan.

Treningspunkt: Å planlegge trening som er tilpassa det fysiske utgangspunktet.

Dynamisk tøying: Aktive rørsleutslag av ledd, gjerne brukt som oppvarming.

RØRE-ambassadør: Kvar klasse på Lier vidaregåande skule har to RØRE-ambassadørar som er ansvarlege for mellom anna fysisk aktivitet i klassen 10–15 minutt éin gong i veka.

sirihelle@dagogtid.no

Kva hugsar du frå gymtimane på skulen? Om vi ikkje hugsar så mange timar i o-fag, matematikk eller sidemål, trur eg vi alle hugsar minst éin gymtime. Dei kom liksom tettare på: Var du ein av dei som syntest kroppen fungerte, at det var lett og kjekt å kjenne han utvikle seg? Eller gøymde du deg i ein krok og håpte ingen ville finne på å sende ballen din veg?

Eller var du midt i mellom? God i noko og syntest gymsalen var kjekk, men at det var heilt umogleg å skulle kle seg naken i same rom som 15 andre? Opplevde du meistring? Og tenkte du nokon gong på korleis læraren hadde det, midt oppe i det heile?

Nei, elevane tenker nok ikkje for mykje på lærarane sine. Og mykje har skjedd med faget sidan det delte skulereform med o-fag. Det heiter til dømes ikkje gymnastikk lenger (sjølv om ein framleis kan gløyme gymklede), men kroppsøving, og ingen vert lenger valde sist på eit lag.

No skal ikkje kroppsøvingslærarar premiere dei beste elevane lenger, verken i karakterar eller andre stader, men tvert om trekke fram innsats og samarbeidsevne og viljen til å prøve. Etter fagfornyinga, revisjonen av alle læreplanane i Kunnskapsløftet som kom i 2020, forsvann den tredjedelen av karakteren som tidlegare var basert på dugleik, ut av kroppsøvingsvurderinga.

Noko som derimot har kome endå sterkare inn i lærarkvardagane dei siste par tiåra, er kravet til individuell oppfølging. Kvar elev skal ikkje berre vurderast individuelt ut ifrå eige nivå og føresetnader, men få undervisning tilpassa det same. Samstundes har klasse- og gruppestorleiken auka, slik at ein kroppsøvingslærar som Anette Kyvik, som jobbar full stilling ved Lier videregående skole, kvart år må vurdere kring 300 elevar som ho underviser berre éin gong i veka, i ei økt på kring 70 minutt. Korleis er eigentleg det?

Anette Kyvik og eg byrjar dagen i Reistadhallen i Lier kommune. Det er ein halvtimes tid til fyrste runde med elevar kjem inn døra, og vi set oss ned for ein prat.

– Kroppsøving er eit heilt anna fag enn alle dei andre faga elevar flest møter i skulen. Éin ting er at dei her faktisk får betalt for å prøve, uavhengig av kva resultat dei oppnår. Det skulle nesten berre mangle, når dette for mange er det einaste faget der dei får lære om kroppen og utfordre seg fysisk. Det er viktig, men det gjer elevane utruleg sårbare, seier Kyvik.

Sårbar er eit ord Anette Kyvik brukar mykje. Og det er gjerne ikkje så rart. Å lære tenåringar å få det beste ut av kroppen har nok aldri vore enkelt, men det har heller ikkje vorte enklare sidan sosiale medium kom inn i livet deira. Eteforstyrringar, kropps- og prestasjonspress, overtrening med fokus på utsjånad heller enn sunn trening, dårleg motorikk på grunn av for mykje stillesitting ved skjerm, overvekt, kjønnsdysfori, religiøse avgrensingar – alt kjem på eitt eller anna vis til overflata i kroppsøvingstimane til Kyvik, og det i grupper på kring 30 elevar, somme tider frå ulike klassar. Då vert det viktig å vite kva ein held på med, om ein skal få noko ut av tida.

– Kroppsøving har nok aldri vore viktigare enn det er no, seier Kyvik idet ho reiser seg, klar til å ta imot dagens fyrste gruppe.

Kva skal dei gjere i dag? Kyvik legg opp faget i ein årsplan, sett saman etter læreplan og overordna mål, men den konkrete øvinga akkurat i dag er òg styrt av kva plass ho har fått tildelt i hallen. Reistadhallen er eigd av idrettslaget og blir leigd ut til fylkeskommune og kommune. I dag er det styrkerommet som gjeld for Kyviks elevar, men fyrst må dei finne vegen gjennom garderoben, noko som er eit lite puslespel i seg sjølv. Kyvik låser opp, og gutar med gymbagar veltar inn. Men det er ikkje plass til alle.

– Kvar gruppe disponerer to fellesgarderobar. Det hender det er nok, men stadig oftare ser vi trongen for meir fleksible garderobeløysingar, forklarar Kyvik.

Kvart år dei siste åra har ho hatt ein elev med kjønnsdysfori. Stadig fleire religiøse tilhøve set avgrensingar på garderobedeling. Og kva gjer du når det går 30 gutar og éi jente i elektrikarklassen? Slik det er no, må denne jenta skifte på eit toalett før timen, men ho får tilbod om å dusje i etterkant. For mange er fellesgarderoben ein stor bøyg å kome gjennom inn mot gymtimen.

– Garderoben er ein viktig læringsarena for mangfald, men kan òg vere ein høg terskel. Dersom det er garderoben som stoppar elevar frå å kome til kroppsøvingstimar, tilrettelegg vi, forklarer Kyvik.

Det vil i praksis seie at ho kan late elevar skifte i hennar eigen lærargarderobe om det er det som må til for å få dei i aktivitet. Så, når dei er vortne tryggare, kan ho forsiktig dytte dei vidare mot fellesgarderoben.

– Vi jobbar alltid med progresjon.

Ferdig skifta møter elevane i styrkerommet, eit treningsstudio med tredemøller og styrkeapparat. Anette Kyvik samlar alle kring seg og fortel om planen for timen: Etter ei teoriøkt førre veke har alle elevane laga eigne treningsopplegg, eit sett med øvingar, inkludert oppvarming, med fokus på ei fleirleddsøving – altså ei styrkeøving som, i motsetnad til ei isolasjonsøving, jobbar med fleire muskelgrupper på ein gong: til dømes knebøyg eller markløft, som trener både rumpemusklane og fram- og baksida av låra.

– Hugs kvalitet i arbeidet, seier ho.

– No i starten handlar det ikkje om kor tungt du klarar å løfte eller kor mange repetisjonar du tek, men at du lærer inn øvinga ordentleg.

Medan elevane går i gang med treningsprogramma, går Anette Kyvik rundt med ein diger ringperm. Denne er truleg det fyrste ho hadde teke med seg ut om det hadde byrja å brenne – her har ho alle informasjon om alle elevane ho har kring seg. No tek ho runden til alle og noterer seg kva fleirleddsøving dei har valt. Å hugse alle saman kan vere ei utfordring:

– I klassar som denne, med over 90 prosent gutar, mange med like namn, kan det vere vanskeleg nok å hugse alle. For å kunne gje dei alle saman individuell tilbakemelding er eg heilt avhengig av å ha gode system, forklarer ho.

Etter kvar time set ho ei kjapp vurdering på kvar elev. I etterkant vert alt ført over frå ringpermen til digitale system, sjølv om Kyvik eigentleg prøver så godt ho kan å unngå etterarbeid.

– Eg høyrer ofte lærarar klage på alt papirarbeidet, men plar seie til dei at dei må gjere det dei kan sjølve for å unngå rettehaugane. Eg nyttar til dømes mykje bytteevaluering i timane, at elevane rettar innleveringane til kvarandre. Så ser eg kjapt over etterpå. Det gjev læring for elevane og mindre rettetid for meg, forklarar ho.

I dagens andre økt er éin klasse frå helsefag og éin frå elektrofag slått saman. Framleis er det styrkerommet som gjeld. Ei gruppe elevar har valt seg knebøyg som fleirleddsøving, men synest det er vanskeleg å få til øvinga, som går ut på å – med eller utan vektstong – bøye i hofter og kne med strak rygg til ein sit nærast på huk. For å få det til må ein stikke rumpa ut, og det er her elevane kjem til kort. Det kjennest unaturleg, meiner dei. Kyvik grip inn gjennom å hente ein benk ho plasserer bak elevane.

– De skal eigentleg gjere same rørsla som om de sette dykk ned på denne benken. Prøv det fyrst, forklarar ho.

Ho viser, og elevane tek etter, og det ser ut som dei forstår – både i hovudet og i kroppen – etter kvart.

– Eg ser så tydeleg korleis dei unge kroppane er prega av mykje tid bak skjerm og pult, seier Kyvik til meg i etterkant.

– Motorikken er så ulikt utvikla. Det er så viktig for dei å få denne tida til å jobbe fysisk og motorisk, men 70 minutt éin gong i veka er sjølvsagt ofte for lite til å få den naudsynte framgangen, held ho fram.

Kroppsøvingslæraren kan motivere og forklare, gje tips og råd og syne korleis trening og idrett kan vere morosamt og variert, noko dei prøver å gjere mellom anna gjennom å veksle mellom kjende aktivitetar som innebandy og fotball, til økter med aktivitetar som er nye for alle deltakarane, som dans eller eigenutvikla variantar av heilt nye ballspel, som rumpeldunk eller spikeball. Jobben med å etablere dei gode treningsvanane, må elevane likevel gjere sjølve – utanom skuletida.

Anette Kyvik voks opp på Stord – i fotballmiljøet. Ho har spela i andre divisjon i Noreg og i fyrstedivisjon i universitetsligaen i England. Etter kvart skjøna ho at ho ikkje skulle verte fotballspelar på heiltid, men at ho nok skulle halde på med aktivitet og idrett. Akkurat det er ho langt frå aleine om.

Det er mangel på lærarar i mange delar av den norske skulen, men akkurat kroppsøvingsfaget på vidaregåande er nok ikkje eitt av dei. Her hamnar mange av dei som ville verte idrettsproffar, og mange av skibomsane og dei som gjekk Noreg på langs og tvers heilt til pengane tok slutt og bustadlånet kom snikande. Men gjev eit personleg engasjement for idrett og friluftsliv eit godt grunnlag for denne jobben?

– Praksisperiodane i utdanningsløpet gav eigentleg godt innblikk i kva som låg føre meg, så eg vil ikkje seie eg ikkje var budd då eg byrja å jobbe. Men det er klart: å lære ungdommar å handtere og finne glede i kroppen er noko ganske anna enn å sjølv trene mot toppidrett, reflekterer Kyvik.

Dugleikskravet som forsvann med fagfornyinga, er erstatta med innsats, utvikling, samarbeidsevne, fair play og innsikt i dei overordna læreplanmåla om demokrati og medborgarskap, folkehelse, livsmeistring og berekraftig utvikling.

– Eg kan ha elevar som trenar i elitedivisjonen, men ikkje får meir enn karakteren fire fordi dei ikkje prøver hardt nok eller ikkje evnar å samarbeide med elevar på eit anna nivå enn dei sjølve, forklarar Kyvik.

No kjem dei forresten vandrande mot oss frå alle kantar, elevane altså, til dagens siste økt, meir eller mindre gymkledekledde. Nokre har treningstights og T-skjorte frå ein halvmaraton eller skikonkurranse, medan andre kjem i collegegenser og utesko. På timeplanen står innebandy, men langt frå alle elevane har på seg sko.

– Er det ikkje farleg å spele innebandy utan sko, spør eg.

– Så klart, svarar Kyvik.

– Eg seier det til dei stadig vekk. Før sette eg merknad ved alle som ikkje hadde med sko når dei hadde fått beskjed om det. Men så oppdaga eg at mange rett og slett ikkje har sko.

Å ikkje ha sjølv det mest grunnleggande utstyret er stadig oftare årsak til at folk ikkje deltek i timane. Kyvik ser seg nøydd til å bruke litt skjønn.

Elevane leikar seg med badmintonballar og erteposar, og på eit tidspunkt er det også fotballar i spel. Dei spelar siamesisk innebandy der dei er to om éi kølle, og med mål snudde bak fram.

– Eg kunne brukt timen på å terpe på føring av ball. Men eg måtte truleg brukt fire timar berre på det før elevane fekk nokon framgang. Då trur eg det er betre å bruke tida på leik og samspel, seier Kyvik.

Og ungdommane leikar. Elevane som til vanleg går på helsefag, kastar seg ut i det vesle avbrekket dei får frå terping og lesing.

Det er mykje Anette Kyvik gjerne skulle hatt meir av. Meir kropp i læreplanen, til dømes. Meir tid til å snakke om korleis ein kan trenge for å gjere kroppen betre på innsida, framfor å bygge han instagramvenleg, og om at ulike kroppar gjev ulike treningsresultat. Meir enn 70 minutt om gongen til å undervise i friluftsliv. Likevel: Ho bidreg. Til 300 unge vaksne som kvart år skal finne sin plass ikkje berre i samfunnet, men òg i seg sjølv. Det er noko, det. Noko mykje sterkare enn å løfte si eiga vekt i benkpress. Sjølv om det òg kan vere tøft, får det heller vere ein bieffekt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg ser så tydeleg korleis dei unge kroppane er prega av mykje tid bak skjerm og pult.

Anette Kyvik

Alt kjem på eitt eller anna vis til overflata i kroppsøvingstimane til Anette Kyvik.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis