JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Eit hårfint arbeidsliv

Å gjere folk vakre på håret gjev glede, men kan òg tære på kropp og sinn.

Flittige fingrar får fram form og farge.

Alle foto: Siri Helle

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12395
20230324

Fakta

Dag og Tid er med folk på jobb. Denne veka: frisøren

Dei fleste frisørar har ei provisjonsløn som gjev dei ein prosentdel av omsetnaden dei skaper i salongen. Snittløna i 2021 var 433.000 NOK (SSB).

Ifølgje Utdanning.no arbeider kring 13.000 personar i yrke knytte til frisørutdanninga.

Direkte vidareutdanningar er få, men ein kan ta eit meisterbrev i fagleg leiing. 47 prosent av frisørane i Noreg er sjølvstendig næringsdrivande (Arbeidstilsynet).

92 prosent av frisørane i Noreg er kvinner.

Ord og faguttrykk

Klippeform: dei fire grunnklippane alle frisyrar bygger på

Designlinje: den avsluttande linja som hårspissane dannar kring ein frisyre

Effilering: å tynne ut håret ved klipping, anten i tuppane eller lenger inne ved hårrota

Kretsområdet: det breiaste området på hovudet, om lag frå tinning til tinning

siri@dagogtid.no

Å kome inn døra til frisørsalongen Floke i Bergen sentrum ein slapstung vinterdag er som å kome inn i ei anna verd: frå mørkt, vått og ufyseleg til varmt, lyst, venleg og velduftande.

– God morgon! helsar frisør Kristine Ytredal, nett så blidt og nesten syngande som ein ventar at ein frisør skal høyrast ut.

Ja, for det er ein del forventningar til eit frisørbesøk, er det ikkje? Ikkje berre skal ein gå ut att vakrare enn ein gjekk inn – ein skal ha ei heil oppleving undervegs. Hårvasken er ikkje berre vask og næring til håret, men òg massasje i hovudbotnen, før det akkurat passe lunkne skyljevatnet nærast umerkeleg etterlèt håret mjukt og glansfullt.

Tida ein ventar på at hårfargen skal sette seg, vert fylt med vekeblad eller aviser, kaffi eller te. Og under klippinga – ja, då kan ein verkeleg få tømt seg, med eit lytteviljug medmenneske så tett innpå kroppen at ein nesten kan kviskre ut dei inste løyndommane sine. Kor slitsamt er det eigentleg å vere i andre enden?

For Kristine Ytredal ser det ikkje slitsamt ut der ho lett og med entusiasme tek imot dagens fyrste kunde. Det fyrste ho gjer når ho får ein ny kunde i stolen, er å sjå, kjenne og spørje «kva skal vi gjere i dag?», samstundes som hendene stryk gjennom håret, dreg litt i det, legg ein bustete tust bak øyret.

– Var det å friske opp fargen?

Noko er ymta frampå i bestillinga, men om frisør og kunde vert samde om at det nok hadde vore bra å friske opp stripene i tillegg til fargen i etterveksten, så finn Ytredal stort sett plass til det.

– Skal vi gå litt djupare med fargen denne gongen, kanskje, slik vi snakka om førre gong, foreslår Ytredal.

Alle kundane ho har denne dagen, er faste. Det er eit gode ein får av punkt éin å vere flink, punkt to å ha vore stabil i same salong i snart eit tiår, og punkt tre å skilje seg litt ut frå mengda: Frisørkjeda Floke er blant dei få i Noreg som er sertifisert gjennom den skandinaviske ordninga grøn salong. Det vil seie at dei berre nyttar dei mest allergi- og miljøvenlege produkta som er å finne på marknaden.

Fleire av kundane vi møter i stolen i dag, kan ikkje gå til «tradisjonelle» frisørar dersom dei ynskjer å farge håret. Då får dei anten store blemmer i hovudbotnen eller pusteproblem.

Det å vere grøn salong kjem ikkje berre kundane til gode, men også frisørane. Det skal vi kome attende til. Fyrst må vi berre late Kristine Ytredal få svinge saksa litt.

Håret frisøren vår klipper, er temmeleg tynt – det må vere lov å seie. Likevel skal det vere fullt mogleg å få mykje meir liv og volum i det, meiner Ytredal, berre klippen vert lagd riktig.

Riktig, ja. Kva er no eigentleg det?

– Korleis er det du tenker no, då, når du klipper, spør eg.

Ytredal stoppar – og ser på meg – litt oppgjeven, men med smil på både leppene og i auga:

– Spør du ein frisør som har jobba i tjue år om klippeform?

Kristine Ytredal har jobba som frisør i heile yrkeskarrieren sin. Ja, den fyrste frisørjobben fekk ho alt som 13-åring: Då gjekk det i rydding og andre småjobbar på salongen i Høyanger, der ho vaks opp. Med det var frøet sådd: Ytredal tok sveinebrev og enda med jobb på ein frisørsalong i Tromsø, der ho har familie.

Ho skulle berre vere der eitt år – ti år seinare drog kjærleiken henne til slutt attende til Vestlandet. Sidan har ho teke meisterbrev – eit studium med mykje økonomi, marknadsføring og leiing – og no er ho dagleg leiar i salongen der ho likevel brukar mesteparten av tida si med saks, kniv, kam og fønar.

Saksa rører seg att no, saman med kammen og fingrane, og Ytredal forklarer:

– Det går så automatisk. Eg har klipt heil form, like- og aukande lengder og graderingar så mange gonger at hendene kan det av seg sjølv, seier ho, medan hendene gjer nettopp det, jobbar seg bortetter hårmanken, som er systematisk delt inn i seksjonar: Håra som skal klippast no, og som vert kalla ein passé, vert haldne høveleg stramt mellom fingrane i venstrehanda, som samstundes held kammen, medan høgrehanda klipper kvart hårstrå like langt som det førre.

Dei fire klippeformene er grunnformene i alle frisyrar. For om det finst hundretals, ja, kanskje tusentals frisyrar, er dei alle kombinasjonar av heil form, like lengder, aukande lengder eller gradering.

Å klippe heil form vil seie at alle hårstråa endar på same punktet. Vi kallar det gjerne «rett av» eller «like langt overalt», men for å få til eit slikt uttrykk må jo håra nærast nakken vere kortare enn dei som sit oppe på hovudet. For å få til dette må projeksjonsvinkelen vere 0 grader: Frisøren held håret rett ned.

Skal frisøren klippe like lengder, må projeksjonsvinkelen – altså vinkelen frisøren held håret i i høve til hovudet – vere 90 grader: Når håret vert klipt rett ut frå hovudbotnen, vert alle hårlengdene like lange.

Dersom klippen ber om gradering, nyttar frisøren ein projeksjonsvinkel på mellom 1 og 89 grader. Då vert det nedste håret kortast, som i ei heil form, men fordi ein held fram med å vinkle heile vegen opp, vert uttrykket eit heilt anna – gjerne det vi kallar «oppklipt hår».

I aukande lengder, med projeksjonsvinkel mellom 91 og 180 grader, vil håret på toppen av hovudet vere kortare enn det nærast nakke og øyre.

Aukande lengder over heile hovudet kan ende i ein klassisk hockeysveis. Men kva for ein frisyre dei ulike klippeformene endar som, kjem til dømes an på kor og korleis frisøren plasserer guiden. Guiden er det fyrste snittet som vert teke i håret, og det alle dei andre klippa vert målte ut ifrå. Alt etter som guiden er horisontal eller vertikal, og korleis ein strekker dei ulike projeksjonsvinklane (om dei går beint ut eller svingar mot høgre eller venstre, dette vert kalla distribusjon), får ein ulike frisyrar til slutt.

Heng du med? Jepp, vi jobbar tredimensjonalt, og det som verkar som snipp, snipp og snipp, snapp, snute når du sit i frisørstolen, er mykje meir komplisert for den som står bak deg.

Tungt er det òg. Frisørar toppar statistikken over yrkesgrupper som har brukt opp sjukepengerettane sine. Ikkje i noka anna gruppe er det så stor del personar som ikkje er komne attende i jobb etter eitt års sjukemelding.

Å halde armane ut frå kroppen i eller over skulderhøgde er å be om skulderplager. Frisørar gjer dette meir enn både mekanikarar og reinhaldarar. I rapporten til Statens arbeidsmiljøinstitutt (Stami), Faktabok om arbeidsmiljø og helse 2021, er frisør/kosmetolog den yrkesgruppa som oftast gjev opp at dei arbeider med gjentakande armrørsler tre firedelar av arbeidsdagen eller meir. Ein «godt dokumentert risikofaktor for nakke og skulderplager», ifølgje Stami.

Frisørane jobbar med saka. På bakrommet har dei strikk dei brukar til å tøye og bøye, dei vekslar mellom å stå og sitte bak kundane, og Kristine Ytredal har endåtil vore med på ein studie der dei testa om bruk av ein meir ergonomisk fønar gav betring i skulder- og nakkeplager. Funna var diverre uklare, men Ytredal har halde fast på fønaren som gjer at ho kan halde olbogane inntil kroppen.

Også på psykiske lidingar ligg frisøryrket høgt i den galne enden av statistikken: Å stå så tett på folk og vere så mentalt til stades for andre utan at nokon ser eins eigne behov, har sin pris.

For Ytredal fell praten naturleg. Faste kundar hjelper nok på. Til dømes skal ho snart på ei frisørsamling i Paris, og ein kunde ho veit har budd der, hjelper henne med å glede seg.

Men statistikken seier sitt: Å måtte vere blid og smilande alltid, sjølv om ein er noko heilt anna inni seg, og så få ein kunde som ein verkeleg ikkje har kjemi med, men må stå tett inntil i lengre tid, er årsaker til at så mange som ein tredel av frisørane opplever høge emosjonelle krav på jobb.

Psykiske plager gjev seg uttrykk i alt frå søvnproblem og muskelspenningar til depresjonar. Forsking syner at gode kollegaer og leiarar er det viktigaste tiltaket – eit tankekors i ei næring der nærare halvparten av dei yrkesaktive er sjølvstendig næringsdrivande.

Den store helsesyndaren sit likevel i huda. Frisøryrket har særs høg førekomst av hudsjukdommar. Kristine Ytredal går klar den verste eksponeringa: Ved å jobbe på ein grøn salong unngår ho ei rekke kjemikal – fyrst og fremst i fargar og bleikemiddel.

Er ikkje alle produkt som vert brukte i Noreg trygge, då? Til og med all kosmetikk? Jau, alt er godkjent innanfor grenseverdiane EU har sett, men dei er utmålte i forhold til kva som kan vere skadeleg for sluttforbrukar, som gjerne vert eksponerte for stoffa nokre få gonger i året, ikkje for arbeidstakarar som kan stå i eksponeringa mange timar kvar einaste dag.

– Dette er eit av dei store problema i næringa. Å verne seg mot kjemikal er ei enorm utfordring for frisørar, seier leiar i Frisørenes Fagforening i Fagforbundet, Vivian Jacobsen.

– Vi undrar oss over at den grøne bølgja ikkje har kome lenger.

Ja, for det finst alternativ: Frisørane hjå Floke fargar sjølvsagt hår, men fargane dei nyttar, fungerer annleis, og ein må lære å bruke dei. Konvensjonelle frisørsalongar nyttar oksiderande fargar som legg seg utanpå pigmenta som finst naturleg i håret.

I grøne salongar nyttar ein i staden direktefargar. Desse reagerer med pigmenta som alt finst i håret, og sjølv om dei kan gje store forandringar, kan ein til dømes ikkje gå frå svart hår til kvitt på éi behandling.

– Her må ein jobbe aktivt med håret til kvar kunde, fortel Ytredal engasjert.

Dette brenn ho for, ser eg.

– Vi kan dekke den naturlege fargen fullstendig, men oftare nyanserer vi. Dei grå håra kan få lov å kome på besøk, seier ho.

Kundar kjem og går. Ytredal set av tid til kvar og ein. Fire kundar har ho denne dagen, då har alle tinga behandlingar som inkluderer farge og tek litt tid, og ho fortel at dersom journalisten ikkje var der, ville ho truleg teke inn ein kunde til.

Kontrasten er likevel stor til konkurrenten nokre hundre meter oppe i gata: Hjå frisørkjeda Cutters er opplegget klipp på eit kvarter til kr 399, uavhengig av hår, altså opptil fire kundar i timen for frisøren. Hjå Floke byrjar prisen for ein klipp på 975 kroner. Fargar kostar frå 1240 og striper frå 1770 kroner.

Tid er til sjuande og sist pengar også i ein frisørsalong, og ein får det ein betaler for. Som eit gjennomsnitt må ein frisør tene inn mellom 1000 og 1300 kroner i timen til salongen gjennom heile arbeidsdagen om hen skal tene inn att seg sjølv – same om den innteninga kjem frå ein eller fire kundar. Men å samanlikne Cutters med Floke er vel litt som å samanlikne Burger King med Statholdergaarden.

Alle kundar nyttar høvet til å bestille ikkje berre éin, men opptil tre framtidige timar før dei går.

Så lenge hår veks og pigment minkar, vil det finnast jobb for frisørar. Ja, frisør er faktisk eit av yrka du kan ta med deg på flyttelasset og vere temmeleg sikker på å få jobb. Det er ikkje berre sjukepleiar- og fastlegemangel i Noreg, det er òg frisørmangel.

– Eg skulle gjerne tilsett ein frisør til her hos oss, men dei er ikkje å finne, seier Ytredal litt oppgjeven.

Det er likevel det mest oppgjevne eg opplever å sjå Kristine Ytredal. Stort sett er det smilet og roa som dominerer. Om vakta slutta klokka fem og klokka no er kvart over, tek ho seg likevel tid til å føne, style og prate.

– Eg er ikkje så nøye på dei minuttane, fortel ho og har ingen trong til å springe frå jobb.

I staden legg ho luggen ein gong til. Det såg fint ut før, men er endå finare etterpå – etter at fagpersonen har sett akkurat kor kvart hårstrå skal ligge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis