JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Eit ekte ­kystparadis

KRISTIANSAND: I kystkulturens paradis er kysten så vel som kulturen meir eit middel enn eit mål. Kanskje er det nettopp difor han fungerer så bra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sølebukt, med lyngørputtar og saltebua i bakgrunnen.

Foto: Siri Helle

12747
20190830

Bragdøya
Kystkultursenter

Friområdet Bragdøya inkluderer sju øyar på til saman 925 mål.

Eigedommen vart kjøpt av Kristiansand kommune i 1969. Bragdøya kystlag tok over ansvaret for drifta i 1986 og har hatt det sidan.

Åtte profesjonelle årsverk saman med eit par hundre aktive frivillige driv kystkultursenter, kafé, selskapslokale og utlån av hus og båtar.

No bidreg Kristiansand kommune gjennom eit årleg tilskot på kring 1 million kroner, som kjøpar av tenester på øya. Resten av inntektene kjem frå drifta.

Både barnehagar og skular vitjar kystkultursenteret. NAVs tiltaktstenester er òg aktive brukarar.

Levande kystkultur

I denne serien ser Siri Helle på livet mellom berg og båre.

Del 7

siri@dagogtid.no

Kvifor er Kristiansand så full av strender, men så langt frå havet? Slik kjennest det iallfall, som at sjølv saltsmaken druknar i badeanlegg og bygater, dyrepark og danskebåt. Bystranda sender tankar sørover – til Barcelona og Nice, kanskje, iallfall langt frå Terje Vigen, og på Hamresanden gjer elva Otra vatnet så søtt at det er vanskeleg å ta det på alvor.

Det sjølvsagt ikkje vere slik. Eg ikkje sjå sørlandsvakre, idylliske Kristiansand med steingrå vestlandsbriller på, og eg ikkje fylgje Visit Norways postkorthovudveg til eit turismeinnpakka sommarparadis heller. På ingen som helst måte.

Tvert om er det berre å sette seg på ei bitte lita ferje ein bitte liten ferjetur for å vere i eit heilt ekte paradis: Bragdøya kystkultursenter stenger ikkje om kvelden, opnar ikkje om morgonen og legg ikkje ned i det skulane byrjar att om hausten eller når snøen legg seg kring jul. Ferja går heile året. Arbeidet tar jo ikkje slutt, det kontinuerlege dugnadsbaserte, men òg profesjonelle arbeidet for å halde øya i live som offentleg friareal, visningssenter, kafé og restaurant, ein båtbyggarverkstad med tilhøyrande treverkstad og smie, ti vevar på eit loft, ein slipp, ei røys med robåtar til utlån, eit par gamle, ærverdige villaer, ein snart ferdig restaurert låve, opp til fleire leirskular, ein friluftsbarnehage og eit gardsbruk.

Bragdøya, den kommunalt eigde øya rett utanfor Kristiansand, er alt dette og meir, alt i regi av Bragdøya kystlag, eit lokallag av den vesle organisasjonen Forbundet Kysten. Kystlaget vart stifta idet det overtok ansvaret for drift av øya i 1986. Kommunen kjøpte opp øya alt i 1969, med mål om å sikre området som eit offentleg friområde. Då var det meste i forfall: Kulturlandskapet var grodd att etter 30 år utan aktiv gardsdrift, saltebua hadde stått tom endå lenger og dei ein gong så prominente villaane var klare for nye sommargjestar. Heile øya trong bruk – og det fekk ho.

Bading med bakteppe

No er det høgsommar og dugnadsfri, og feriefolket dominerer på øya. Fædrelandsvennen skriv om «badebåten». MS «Bragdøya» køyrer hundrevis av badeglade både til Bragdøya og fleire andre øyer i skjergarden utanfor Kristiansand i sommarhalvåret. Men Bragdøya skil seg ut. Her har badestranda eit bakteppe. Det fyrste ein ser når ein kjem i land, er Saltebua – ei svær sjøbu som ein gong var til å salte makrell i, og som no er kafé, scene, arrangementslokale og ikkje minst utstillingslokale for Bragdøya kystkultursenter.

– Vi driv lite med aktiv formidling, fortel tidlegare styreleiar i Bragdøya kystlag, Tore Berntsen.

Saman med lagkollega Sigbjørn Ubostad har han tatt oppgåva med å syne meg kring på øya. Det byrjar slik det gjer for mange vitjande, med ein kaffikopp, ein vaffel og ein prat inne i bua:

– Men vi ser at folk som kjem hit, søkjer kunnskap sjølve. Vi ynskjer å gje dei ei forståing av historia, men på ein måte som høver inn i notida, held Berntsen fram.

Difor er Saltebua utvendes restaurert attende slik ho opphavleg var, men bruken er tilpassa 2019. Det same var tilfellet då dei for nokre år sidan gjekk i gang med å restaurere ein diger låve som høyrer til gardsbruket inne på øya: Sjølv om ei av dei store undergruppene av Bragdøya kystlag er sauegruppa, og det heile året tuslar 30 villsauer kring og held kulturlandskapet ope, forsyner vevgruppa med ull og gjev innsikt i slakting på hausten, krev sauene lite vinterfôr, og trongen for ein diger låve er ikkje der.

Då restaurerer ein bygningen til ny bruk: fullisolert fyrste etasje med kjøkken, vatn og sengeplassar, og ope låveloft til alt frå utstillingar, konsertar og feiringar.

Stadig nye pensjonistar

I Saltebua er makrellhistoria utstilt på veggane. Bryggene ligg ikring: Her legg rutebåtane til, her ligg kystlagets større båtar, ei listerskøyte og ein Colin Archer, og her ligg alle småbåtane. Færingane kan kven som helst låne, ro eller segle, alt etter interesse og kunnskapsnivå, heilt gratis, berre du brukar redningsvest. Treng du hjelp, får du det av det frivillige vertskapet. Kvar veke heile sommaren stiller medlemmar i Bragdøya kystlag opp som vertar, ei veke om gongen vaskar dei do, plukkar boss, tek i mot trosser og svarar på spørsmål.

– I år har det vore litt tregare enn vanleg å få fylt opp vaktlistene, men det har no ordna seg, seier Sigbjørn Ubostad.

Kystlaget har 700 betalande medlemmar. Truleg er kring 200 av dei aktive i ei av dei mange undergruppene på Bragdøya. Fleirtalet er godt vaksne.

– Det står ikkje på rekrutteringa: Vi rekrutterer stadig nye pensjonistar, seier Tore Berntsen med eit smil.

– Alderen tynger ingen her. Det er arbeid til alle, og dei fleste erfaringar er gode å ha – anten ein er smed, har erfaring frå det offentlege byråkratiet eller er vaffelsteikar. Særleg vaffelsteikarar har vi alltid bruk for.

Vegar til Bragdøya

Rekrutteringa kjem likevel ikkje berre éin veg, og langt frå alle dei aktive i Bragdøya kystlag er gamle sjøulkar. Sosialt arbeid og inkludering har vore ein del av øya frå byrjinga: I åttiåra gjekk debatten i Kristiansand høgt om arbeidsledige innvandrarar som «levde på trygd». Ein del chilenske flyktningar tilbaud seg å arbeide gratis, og Bragdøya, som nett var komen i gang med restaurering av dei gamle sjøbuene, tok imot med opne armar: Her var det arbeidsoppgåver nok. På eitt tidspunkt var over femti personar frå tolv land med på å restaurere Saltebua og bygningar ikring, etter kvart under program som «arbeid for trygd» og «praksisplass med opplæringsplan».

I nyare år har kystlaget samarbeida med RIO, Rus­misbrukernes Interesse­organi­sasjon, om ettervernstiltak på øya. RIO Restart var eit rehabiliteringstiltak for personar som har gått gjennom rusbehandling: Dagtilbod og arbeidstrening er heilt nødvendige hjelpetiltak for å få på beina ein rusfri kvardag.

– Dei har vore ein flott gjeng å ha her ute, så utruleg motiverte, slår Tore Berntsen fast.

Han fortel at fleire har vorte verande som aktive medlemmar i kystlaget etter enda arbeidstrening. Éi kvinne jobbar jamvel som matros på Bragdøyabåten.

Den viktige øya

Nett no er det likevel stopp i RIO-prosjektet. Mellombels, håpar alle partar, men prosjektet manglar pengar. Dette tyder likevel ikkje at øya ikkje er i aktiv rehabiliteringsbruk. Mellom anna brukar NAV øya til arbeidstrening. Kommunen stiller med arbeidsleiarar, og Bragdøya stiller med varierte arbeidsoppgåver: Frå vøling og måling av stakittgjerde, ei oppgåve som krev tolmod og sans for detaljar, til rydding av vindfallen gran, med høge krav til kunnskap, men òg styrke og bitte litt mot, til det meste imellom. I det store og det heile fungerer det bra: Gjennomføring, oppmøte og trivsel er god.

Kvifor? Å vere på ei øy har vore viktig. I byen er det lettare å stikke av ein halvtime, ein «skal til legen» eller liknande, som vert lengre. Slikt går ikkje her.

– Er ein her, så er ein her, og etter kvart verkar det som om folk finn ut at dei like godt kan gjere noko, meiner Tore.

Ikkje så ulikt slik dei fleste har det, eigentleg. Tore og Sigbjørn er her mykje, fleire dagar i veka, kvar veke, og det er det mange som er, medan andre droppar innom iblant.

Noko er det likevel her. Og det er truleg dette med øya. Det er iallfall det same Sigbjørn trekker fram som svar på det umoglege spørsmålet mitt: «Kva er det som gjer at det går så bra på Bragdøya?» For spørsmålet må stillast. Av alt som er imponerande på Bragdøya, er aktivitetsmengda truleg det som imponerer aller mest. Korleis har dei fått det til å flyte så bra?

– Øya har mykje å seie. Når vi skal på dugnad, set vi oss i den same båten, reiser hit saman, er her og reiser attende saman. Øya er avgrensa, men rommar mykje, seier Sigbjørn.

Kvar tysdag møtest dei til felles dugnad. Bragdøyabåten går ut klokka 18.00 og attende 21.30. Der imellom vert det tid til både kaffidrikking, vaffeleting, dugnadsjobbing, omvisning og kanskje eit foredrag, eit lite minikurs eller ein felles diskusjon. Vanlegvis kjem det mellom 30 og 40 kvar einaste tysdag.

– Kystkulturen er vid, her er noko for alle, meiner Sigbjørn og Tore, og med eitt er vi langt inne i ein diskusjon om korleis ein eigentleg definerer ein kyst.

– Ta ei tønne. Ho var i bruk her i Saltebua, men tømmeret kom frå langt inne i landet. Kultur er det du overfører frå ein generasjon til ein annan, meiner Sigbjørn.

Barneøya

Og med eitt var teksten – og dagen – så å seie over, og vi har ikkje ein gong rokke innom den spesielle Thaulow-villaen. Thaulow-familien eigde Bragdøya store delar av 1700- og byrjinga av 1800-talet, og familien inkluderer personar med meir kjende etternamn: Både Camilla Collett og Henrik Wergeland sprang barnesko av seg her. Ikkje har vi vore om bord i listerskøyta, vitja loftet med dei ti vevane og ein heil modellbåtverkstad eller ein gong rodd ein av dei fargerike lyngørputtane, dei små prammane som med heilt fri aldersgrense (og redningsvest) kan roast inne på Sølebukta rett bak Saltebua. Slik er eit ekte overflodshorn, og det er det Bragdøya er: Noko må stå att til neste besøk.

Éin ting skal vi likevel ta oss tid til før vi drar. For om barnehagar har ferie, er dette framleis barnas øy, i sommarferien som Erik Bergliens sommarskule. Heile tiltaket er litt som Bragdøya i miniatyr: I eit gamalt naust, med litt seglduk over, med padlebrett, gamle robåtar, krabbesnøre med krok i og mykje entusiasme deler han Bragdøya med born om sommaren.

– Her er det lite EU-godkjend sand, er det fyrste han seier når eg kjem ned bakken og seier eg er journalist.

Nei, her er ikkje så mykje CE-godkjenning, men her er borna høgt og lågt. Fenderar er vortne disser, sjølvlaga smoothie går ned på høgkant, og sjølvsagt må det spyttast høgare enn det blå merket på bjørketreet, når det er det høgaste nokon nokon gong har spytta på det.

– Somme born brukar heile den fyrste dagen på å ligge på magen på brygga og fiske krabber. Og det er heilt greitt. Somme ror til Kristiansand for å kjøpe is og kjenner på motstanden i kulingen heim att, og det er òg heilt greitt. Vi driv med leik og meistring.

Her er integreringstiltaka: UDI kjøper plassar, og her har ungdommar sin fyrste sommarjobb. Det er plass til å leike og lære samtidig, fordi det er to sider av same sak.

Bragdøya er ikkje nokon institusjon, det er ikkje noko museum, og truleg er dette grunnen til at dei er så gode til å vere begge delar: Her berre gjer ein.

I jubileumsboka Bragdøya kystlag 25 år skildrar kommunearbeidar Kjartan Myklebust det slik: «Det kan se ut som at Bragdøya kystlag er besjelet av en nærmest kapitalistisk ekspansjonslogikk, som ikke ser grenser noe sted, så lenge det er noen som vil møtes, jobbe, skape, dele, lære, la seg utfordre, gjøre nye erfaringer og tøye egne grenser.»

Noko vert aldri ferdig. Heldigvis.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

FRÅ NASJONALBIBLIOTEKET

«Det deilige Bragdø, hvor mine Tanter boede, mindes jeg saa tydelig, som om jeg havde besøgt disse Steder igaar. Jeg følte allerede da det forunderlig fortryllende ved Skjærgaardsnaturen, der er at regne som et lyst, muntert, naivt Barneeventyr, mod Indlandets storartede, overvældende, ofte pinlig ­længselsvækkende Skjønhed.»

Camilla Collett: I de lange Nætter, Gyldendal, 1863

FORTIDA

Ei folketeljing frå 1665 synte at det då budde seks menn på øya saman med eit ukjent tal kvinner og born (som ikkje vart talde), ein hest, tolv kyr og jord som gav fire tønner korn. Jorda var tungdriven og skifta fort eigar: Mellom 1610 og 1760 er det registrert 21 brukarar av garden på Bragdøya.

FRAMTIDA

Det går ikkje berre éin, men to båtar til Bragdøya: Skyssbåten MS «Bragdøya» går frå Kristiansand
sentrum og ein runde innom fleire øyar i sommarsesongen. Bragdøyabåten er «ferja» – ein open
arbeidsbåt som går kortaste veg fram og attende til fastlandet heile året. Men båten er gamal og vanskeleg å tryggleiksregulere. Og éin ting er sikkert, skal Bragdøyabåten skiftast ut,
skal han verte elektrisk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis