JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Ein arbeidsdag støypt i fjell

Synest du det tek lang tid å få ferdig ein tunnel? Då veit du ikkje kva som skal til for å lage han.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lys i mørket: Boreriggen er rigga med tre borestavar, ei arbeidskorg og godt med arbeidslys.

Alle foto: Siri Helle

12426
20230317

Tunneldrivar

Tittelen går inn i yrkesgruppa bergverksarbeidar.

Snittløna i tariff er 362,50 kroner per time (2021), med tillegg (akkord, skift m.m.) kring 900.000 kroner per år.

Ifylgje Utdanning.no arbeider kring 12.000 personar i yrke relaterte til utdanning i fjell- og bergverksarbeid.

Moglege vidareutdanningar inkluderer anleggsleiar eller fag- og høgskulestudiar i ulike ingeniørfag.

Ord og faguttrykk

Stuff: Fjellveggen – fronten – i ein tunnel under driving.

Stuffrep: Reparatør som jobbar bak stuffen.

Lomp: Arbeidsklede og garderobe i ein brakkerigg.

Gysemasse: Mørtel sprøyta inn med sikringsboltar som held berglaga i fjellet saman og tettar mot vass-innsig.

Slurry: Sprengstoff med grautaktig konsistens.

siri@dagogtid.no

Dag og Tid er med folk på jobb. Denne veka: tunneldrivaren

Det er boredag i det sørgåande løpet på Sollihøgdtunnelen. Ein dryg kilometer inn i fjellet, djupt under Sollihøgda og litt austanfor vegtraseen som E16 følger i dag, sit skiftbas og tunneldrivar Sondre Breistrand bak spakane på ein diger, trearma borerigg.

Klokka er halv sju om morgonen, han har sete her i ein halv time, og han skal vere her i elleve og ein halv time til. I løpet av denne dagen skal han bore over éin kilometer med hol i fjellet, men noko smell vert det ikkje: Sollihøgdtunnelens sørgåande løp, arbeidslag nord, kjem ikkje til å verte éin einaste centimeter lengre akkurat i dag. Slik er det å vere tunneldriver iblant, men heldigvis ikkje altfor ofte.

Sondre Breistrand er 30 år, fødd i Harstad og busett i Östersund i Sverige. Han byrja i si tid på studiespesialisering, men vart aldri student. I staden vart sommarjobben med måling av anleggsbrakker starten på ein karriere i fjelldjupet. Målingsjobben vart til småjobbar inne i tunnelen, og med eitt hadde Breistrand fast jobb som tunneldrivar. Så fort realkompetansen var på plass, kunne han ta fagbrevet.

Den vanlege vegen inn i tunnelarbeidet byrjar med bygg og anlegg-linja på vidaregåande skule. År to vel ein framtidig tunneldrivar anleggsteknikklinja, før ein går ut i lære i fjell- og bergverksfaget. Då kan ein til dømes jobbe med vegtunnelar, kraftverk eller gruvedrift.

– Eg skjøna fort at det var dette det skulle verte, seier Breistrand enkelt, samstundes som han like enkelt styrer to av dei tre boremaskinene som er monterte på riggen hans.

Når eg seier at det ser ut som han aldri har gjort noko anna, er det likevel berre nesten sant, for jobben er jo meir enn berre å sitte i boreriggen. Berre ikkje i dag.

Vanlegvis styrer Sondre Breistrand tunnelboringa frå førarsetet på riggen.

Vanlegvis styrer Sondre Breistrand tunnelboringa frå førarsetet på riggen.

Alle foto: Siri Helle

I dag borar han injeksjonshol. Før fjellet vert sprengt i fillebitar, skal det nemleg tettast med betong. Etter eit mønster bestemt av den einaste på anlegget som er tilsett direkte hjå tunneleigar Statens vegvesen, nemleg tunnelkontrolløren, borar han 24 meter lange hol inn i fjellet. Hola er plasserte langs kanten på tunnelopninga han seinare skal sprenge fram.

I hola vil stuffrepen – den som tek seg av arbeidsoppgåvene ute i tunnelopninga – putte lange stenger med ein pakning i enden. Gjennom stengene skal det under høgt trykk pumpast tynn betong som herdar raskt. Med opp mot 60 bar fyk betongen ut i fjellet og tettar sprekkar og skubbar unna vatn slik at tunnelopninga vert så vasstett og solid som mogleg før ho vert sprengd ut.

Kor ofte ein gjer slike injeksjonsboringar, varierer etter kvaliteten på fjellet. Om fjellet er tett og ikkje lek i det heile, er det kanskje ikkje naudsynt. Nett her, om lag rett under utfartsparkeringa Høymyren, er fjellet sterkt og godt, men litt vatn lek likevel inn. Saman med opninga i tunnelen, som no er på sitt største, gjer det at Breistrand må bore ei heil mengd hol. Over 40 hol.

– Skal du bore alle dei hola der, spør stuffrepen då han stikk hovudet inn i riggen for å levere matpakke til basen.

– Ja, berre reis ut og et, du, seier Breistrand.

– Eg blir.

Vakta er 12 timar lang. Friperioden det same. Arbeidsperioden går over 12 dagar, friperioden tel 16. Vaktlaget som jobbar frå nord til sør, er på sju personar fordelte på to løp. Ein bas og ein bakstuff på kvart løp, og tre personar som jobbar begge stader etter behov.

Å vere i lunsjbrakka timen før vakta byrja, var som å ramle inn i ein dialektstudie. Nordlendingen er lett å plassere, det same er sogningen. Dei ulike variantane av innlandsdialektar har eg vanskelegare for å stadfeste, medan moldensaren seier seg sjølv. Her samlar anleggskarar – ja, dei er stort sett karar, særs få kvinner jobbar som tunneldrivar – frå heile Noreg seg, men noko har dei til felles: Dei er alle fast tilsette, og så å seie alle er fagorganiserte.

Slik må det nesten vere for at eit akkordlag skal fungere. Ja, for tunnelarbeidarar er blant yrkesgruppene som framleis jobbar på akkord – med ei grunnløn, men der sluttsummen på lønnsslippen vert bestemt av kor stor framgangen er. Om jobben går godt eller dårleg, kan utgjere ein hundrelapp frå eller til på timeløna.

Det spørst om ikkje dette akkordopplegget nok er ein god del av årsaka til at timen før arbeidstid er einaste gongen dei alle saman er samla på jobb. Bora må gå. Breistrand innrømmer eit visst tidspress: Det er drifta som styrer kva tid ein kan ta pausar. Nokre dagar vert han verande inne i tunnelen heile arbeidsdagen. Ikkje ein gong ein kaffikopp unner han seg, men det er ikkje fordi det er forbode.

– Det er rein overtru. Om eg tillèt meg å slappe av og kose meg, er eg redd det skjer uhell.

Det kan sjå ganske automatisert ut, det heile, og det er det jo òg om ein jamfører med korleis dei gjorde det før: At dei ein gong hogg og sprengde ut tunnelar med handemakt, verkar ikkje mindre sprøtt etter å ha sett korleis dei gjer det med moderne verktøy. Men sjølv her må ein passe på. Alle som har handtert eit bor, veit kor viktig det er å kome rett ut frå starten av – ei lita vriding forplantar seg fort, sjølv om det berre er nokre få tommar ein skal bore gjennom.

Tenk deg at du i staden skal bore 24 meter, og at du ikkje kan kontrollere korleis materialet oppfører seg: om det er mjukt eller hardt, solid eller oppsplintra eller fullt av vatn, til dømes. Og sjølv om han sit med ei datamaskin med laser og avstandsmålar og slikt, skjønar eg at Sondre Breistrand ikkje kunne ha overlate styrespakane til meg om han ville ha noko som helst håp om å halde akkorden.

Det vert bora og bora. Halve vakta er over, og det er framleis fascinerande å sjå korleis borestålet et seg inn i fjellet, dytta fram av hydraulikk. Det fyrste borestålet som går inn, det med borekrona på, er seks meter langt. Når det har kome til endes, trekker det seg ut og vert skøytt på: Ein robotarm plasserer ei tre meter lang skøytestong i enden. Slik jobbar boret ut og inn heilt til det er kome til botnen – det tek ein god del minutt.

For at det ikkje skal gå seg varmt, er det kopla vatn på boret. Ei slik boring som vi held på med no, krev mange tusen liter vatn. Vatn er både eit problem – fjellet kan levere vasstrålar som står metervis bakover i tunnelen – og nødvendig. Det vert pumpa ut av tunnelen, reinsa og pumpa inn att i tunnelen. Vatnet bind òg noko av støvet som vert produsert, men ikkje alt: Ventilasjon sørger for god luft i tunnelen, men støv er framleis ei helseutfordring ved tunnelarbeid. Klaustrofobi er her likevel ikkje: Det kjennest ikkje trongt, ikkje skummelt.

Er det farleg å jobbe i ein uferdig tunnel? Det ein er mest redd for her inne, er brann, fortel Breistrand – fordi det kan få så store konsekvensar. Heldigvis skjer det så å seie aldri. Risikoen er større for steinfall etter sprenging. Betongsprøytinga er eit viktig tryggingstiltak. I etterkant reinskar ein fjellveggane fyrst med ein hydraulisk hammar på gravemaskina, men maskinene får aldri med seg alt.

– Vi må inn under fjellet med reinskespett, men vi gjer det sjølvsagt med varsemd. Og erfaring. Ingen går under ureinska fjell, til dømes, fortel Sondre Breistrand.

Etter at injeksjonsboringa dei held på med no, er ferdig, byrjar dei å bore salvehol. Desse er fem meter og åtti centimeter djupe, og det må til om lag hundre av dei før ein kan byrje å plassere sprengstoffet.

Målet er å klare å sprenge vekk seks meter fjell i éi salve. Om det går, kjem an på fjellet i seg sjølv – i kombinasjon med kor flink ingeniøren har vore til å plassere hola, og tunneldrivarane til å bore dei og fylle dei med høvelege mengder sprengstoff.

Tettast er salvehola nedst og i midten av tunnelopninga. Desse salvene går òg av fyrst, rett og slett for å gje fjellet ein stad å forsvinne. Salvene ytst mot opninga går av sist og er minst. Til saman kan heile smellet ta sju sekund.

– Det var no synd du ikkje skulle få med deg det, seier Sondre Breistrand fleire gonger i løpet av dagen.

Dersom det hadde vore sprengingsdag i dag, hadde han ikkje vorte sittande i boreriggen heile arbeidsdagen. Stort sett klarer dei å bore, sprenge og rydde opp att ei salve på ei tolv timars vakt, og då bidreg basen der det trengst, slik som dei andre: med å pakke sprengstoff, rydde stein og køyre gravemaskin, lastebil eller dumpar. Det er ein litt annan rytme dei dagane.

– Ikkje at det ikkje er kjekt, dette andre arbeidet, men det er jo noko med smellet. Lukta etterpå. Å sjå steinhaugen. Det er ein viktig del av det vi driv på med, det.

Eg kan berre nikke. Det er fjellet som bestemmer kva som skal gjerast. Desse mellomdagane må til. Ikkje minst gjev dei meg ei forståing for kvifor tunnelarbeidet tek tid. Alt dette arbeidet for seks meter ny tunnel, når heile tunnelen skal verte 3,4 kilometer lang. Det er 567 sprengingar, det, og 189 injeksjonsboringar. Minst. Pluss alt det andre som skal gjerast.

Av og til må tunneldrivaren ut i stuffen. Her er det ei borestong som har ramla ned.

Den unge, men likevel røynde tunneldrivaren har forresten ikkje før sagt det om kaffikoppen før noko skjer med det eine boret. Det ryk litt meir enn vanleg, og lydane er ikkje heilt som dei skal.

– Maken til uflaks! Boret har kilt seg fast i eit gamalt hol, og no vil det ikkje ut, forklarar Breistrand.

Nokre andre gloser finn òg vegen over leppene hans, ser eg, men eg kan ikkje høyre kva dei er, berre mistenke at dei er av sterkare lut og hadde bore høgare lyd om ikkje eg var til stades. I fylgje tunneldrivaren er dette ein fordel ved jobben – at ein ikkje treng å vere så serviceinnstilt. Ein treng eigentleg ikkje ha med noko anna enn fjellet, maskina og eige arbeidslag å gjere. På overflata kan det vere tropevarme eller (som i dag) snøstorm. Her inne er det sju til ni grader og stilt. Og mørkt. Og skite.

Ja, det vert skite når bore- og sprengestøv blandar seg med vatn. Overalt ligg det ei brungrå sørpe – ingenting går an å ta på, ingen stad går det an å trakke utan å verte dekt av denne blandinga som verken renn av sjølv eller lèt seg riste vekk. Likevel vil eg ikkje kalle tunneldrivinga ein dritjobb – også her handlar det jo mest om å kle seg rett.

Arbeidstøy vert henta kvar torsdag og måndag, les eg på brakka, og levert attende nyvaska. Det er dusjar til alle på bustadriggen, som òg serverer varm middag. Søndagar er fridagar, og på laurdagskvelden er det høve til å ta seg ei øl i fellesrommet. Livet går sin gang i skifttilværet. Ja, om vi skal tru tunneldrivaren vår, går det nærast for fort.

– På jobb er du jo ute etter at tida skal gå fort, for då får du mykje gjort. Når du er heime, vil du derimot at tida skal gå sakte, men då går ho jo fort, reflekterer Sondre Breistrand.

Han er likevel nøgd. Om tunnelen ikkje vart lengre i dag, vil han verte det i morgon. No kjem nattskiftet og vil pumpe inn betongen. Kanskje byrjar dei òg på salveboringa. I så fall kan laget til Breistrand gå rett på lading og sprenging i morgon tidleg – og vipps er Sollihøgdtunnelen vorten fem–seks meter lenger.

I 2025 skal tunnelen opne. Då er Breistrand og laget hans i Skanska ein heilt annan stad. Tunneldrivarar vert ikkje inviterte til tunnelopningar – dei feirar gjennomslaget, når dei to endane møtest der, djupt inne i fjellet. Alt som gjerast etterpå, er det andre som tek seg av.

For tunneldrivaren er det vidare til nye prosjekt. Nye dagar og netter i mørket. Nye meter å ete seg innover, mot nye opningar. Det er ikkje for nokon kvar, det her. Ikkje for meg, trur eg, til dømes. Men eg kan skjøne at ein kan verte hekta. Hekta på laget, på framgangen, på akkorden – og på fjellet. Å kjenne det frå innsida. Ikkje mange gjer det slik Sondre Breistrand gjer. Det må vere ganske tøft.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis