JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Drivhuseffekten i Ryfylke

Frå kaldhus og slit til rosa lys, bryllaup og treningsstudio. Drivhusbransjen er ikkje det han ein gong var.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Er noko utanomjordisk i ferd med å skje, arrangerer nokon raveparty, eller handlar det om tomatar?

Foto: Pål Hausken

11051
20240308
11051
20240308

Rennesøy

redaksjonen@dagogtid.no

Ein gong i 2004 var kystbussen på veg til Bergen. Inni sat eg og plukka opp brosjyren i lomma framføre meg. Det var ein reklame for Ryfylke, og her stod det at Finnøy og Rennesøy, mi heimøy, utgjorde heile tre fjerdedelar av tomatindustrien i Noreg. Trass i at eg på den tida hadde tomatar langt opp i halsen, kjente eg på at dette var noko som sette oss på kartet.

Når to små øykommunar med om lag 6000 menneske til saman kunne produsere så mykje tomatar, var det ikkje rart at drivhus var ein del av kvardagen vår. Viss du ikkje kom frå eit gartneri sjølv, var sjansen stor for at du hadde ein nabo som kunne fikse deg plukkejobb i plantene.

Så kan ein byrje å lure: Kvifor skulle dei akkurat dyrke tomatar her, i blesten i vest? Ein gartnar fortel meg at nettopp vinden gjorde at bøndene byrja å pakke veksten sin inn. Fyrst grønsakene under plast, og så tomatane i glashus. Takka vere Golfstraumen er også klimaet her stabilt, med korte vintrar og lange haustar.

Kaldhus, varmhus og sesong

Foreldra mine hadde eitt kaldhus og to varmhus. Til saman var husa nærare to mål, noko som var vanleg drivhusstorleik på 1990-talet.

Temperaturen i kaldhusa var styrt av klimaet. Ulempa var at tomatane her voks seinare og sesongen vart kortare enn i husa med tilsett varme. Plantinga gjekk føre seg i mai, og så kunne me hauste tomatar frå juli til oktober.

Varmhusa hadde røyr med varmt vatn langs kvar rekke og hadde dermed ein lengre sesong. Ein trong ikkje vente til frosten var over, og kunne plante inn alt i slutten av februar. Vekstlys hadde me ikkje i nokon av husa.

Etter kvart ville ikkje Gartnerhallen ta imot kaldhustomatar, dei var ikkje bra nok. Nostalgikarane meinte likevel at det var desse som smakte best, kaldhustomatane og tomatane som var sorterte vekk på grunn av utsjånad.

«Ein butikktomat er ikkje det same som ein nyplukka tomat.»

Handfrukt for oss

Når det handlar om smak: Tomatar som er nyplukka, smakar generelt mykje betre enn tomatar som har vore frakta, lagra og nedkjølte. Dei er meir spenstige, mindre vasne og har meir smak.

Og viss ein undrar seg over kvifor tomat aldri vart ei handfrukt, trur eg dette er grunnen. Ein butikktomat er ikkje det same som ein nyplukka tomat. Venninnene mine, til dømes, hadde aldri niste med seg på plukkejobb, i pausen gnafsa dei berre tomatar. Var ein svolten på veg til skule eller trening, plukka ein med seg ein tomat i handa, og skulle ein på biltur, låg tomatposen alltid tilgjengeleg.

Det fanst fyrste-, andre- og tredjeklassetomatar. Fyrste klasse var dei finaste og hadde høgast kilopris, mens andreklassetomatane med ein liten skavank var billigare i pris. Tredjeklassetomatane kunne både ha ujamn storleik, rifter og arr, og desse måtte me selje sjølv i grønsakbua i garasjen.

Inntektene i «buå» gjekk til han som gadd å hente inn pengane frå isboksen. Naboane handla, og det vart oppstandelse kvar gong nokon kunne hente inn ein 50-lapp.

Eit slit

Utanom ein kort sesong var også plukkejobben i kaldhus tung. Her fanst ikkje varmerøyr langs bakken som ein kunne køyre tomattralla på, og difor måtte ein bære den tunge tomatbøtta for hand, kvar einaste meter.

I haustesesongen skulle ein plukke annankvar dag. Solsteik, 35 grader, rekke for rekke, kasse for kasse, mens resten av vennene låg på stranda. I slike stunder var det viktig at løna på 15 kroner kassen var vesentlege 3 kroner meir enn hos naboen.

Foto: Filo gèn' via Wikimedia Commons

«Det finst lite forsking på arbeidsmoral i drivhus, men den enkle teorien var at ungdommen var blitt for lat.»

Det var også viktig å hugse på at gartnaren sjølv fort fann ut kven av plukkarane som dugde. Det var ungar og ungdom, naboar og slekt. Dei fargeblinde vart luka ut med ein gong, for henta du for grønt, kom klagane frå Gartnerhallen. Dersom ein prøvde seg på å auke kassetalet med ei litt mindre mengd tomatar i kvar kasse, vart ein heller ikkje populær.

På CD-spelaren midt i drivhuset ljoma ei lydbok dagen lang. Rekke opp og rekke ned. Sjølv om det no er 20 år sidan eg henta min siste kasse, kan eg enno ikkje høyre stemma til Edvard Hoem utan å tenke på tomatar.

Det skal presiserast at det ikkje var sesongplukkarane som gjorde den største jobben. Det var trass alt gartnarane som jobba året rundt. Viss det ikkje var planting, så var det plukking av utskot, eller tjuv, som me kalla det, heise ned, heise opp, pakking, rekneskap og galskap – som då midden kom til gards. Skadedyr i plantene var, og er, krise. For å nedkjempe midden måtte rovmidden til, han åt nemleg opp midden.

Eit heilt liv saman med plantene har gjeve varig mein for mang ein planteslitar. Å jobbe med hendene over hovudet er ei unaturleg stilling, i alle fall i lengda. Akslene til dei gamle gartnarane vart ikkje gode.

«Sjølv om det no er 20 år sidan eg henta min siste kasse, kan eg enno ikkje høyre stemma til Edvard Hoem utan å tenke på tomatar.»

Tomatprisar på veg ned

Det blir sagt at gartnarane på 1950-talet kunne betale ned prisen på drivhuset alt etter fyrste sesong. Tomatprisane var høge, og det var vanleg at gardane, i tillegg til fjøsdrift, hadde eit drivhus.

Rundt middagsbordet vårt, på 1990-talet, snakka me titt og ofte om tomatprisane. Dess eldre eg vart, dess lågare vart prisane. I 2009 la svigerfar min ned drifta, og i 2013 slutta også far min.

For å forstå endringane i tomatbransjen spurde eg nyleg pensjonert landbrukssjef i tidlegare Rennesøy kommune, Geir Helge Rygg. Dei to siste åra har både Rennesøy og Finnøy vore ein del av Stavanger kommune.

– Dei mindre gartneria måtte bli større for å overleve generasjonsskiftet. Framtida kravde investeringar som var mindre lønsame for dei små og eldre gartneria. Eit døme på dette er CO2-avgifta, seier han.

Prisane gjekk altså ned fordi fleire satsa stort. Meir tomatar vart til meir konkurranse. Billige tomatar frå utlandet spelar også inn her. Dette gjer at Noreg er avhengig av ein politikk med tollvern i vekstsesongen.

Dugande plukkarar

Rundt middagsborda vart det også snakka om at det var vanskelegare å finne dugande plukkarar. Det finst lite forsking på arbeidsmoral i drivhus, men den enkle teorien var at ungdommen var blitt for lat. Og eg skal ærleg innrømme at eg høyrde om ungdommar som laug på seg både skadar og fargeblindskap for å sleppe unna plukkinga.

Då må ein sjå bort ifrå året då rykta gjekk om at ein vart ekstra brun gjennom drivhusglasa. I bikini plukka me som galne.

Endringane betydde likevel ikkje at produksjonen på dei to øyene vart mindre. Produksjonen er berre fordelt på færre tomatbønder, som stadig må tilpasse seg dagens forhold.

– I fjor, til dømes, produserte gartnarane meir større tomatar, i staden for dei små smakstomatane som ikkje gav like mykje avling, fortel Rygg.

No finn eg at Finnøy aleine har heile 30 prosent av Noregs tomatproduksjon. Det må bety at Finnøy saman med Rennesøy produserer enda meir tomatar no enn då eg sat på kystbussen i 2004.

Kvifor så rosa?

Annleis enn i 2004 er også det rosa lyset som fløymer ut av drivhusa. Langt unna kan fargen på himmelen sjå ut som eit slags nytt vêrfenomen, eit spennande nordlys i vest. Kjem ein nærare, går tankane meir i retning raveparty og red light district. I starten var det mange som undra seg, kva i alle dagar hadde tomatbøndene gjeve seg ut på?

Og det er slettes ikkje berre i Ryfylke at lysa finst. På eit amerikansk forum fann eg ein lang diskusjonstråd om dette rare fenomenet, som fanst ein stad mellom Madison og Minneapolis. For det kunne vere ein invasjon av romvesen, hevda ein.

Det sanne svaret kjem heldigvis nedst på sida: Gløden var resultatet av eit gartneri på 85 mål, nær Hanna Lake Avenue sør for byen Dutton. Ein drivhuseigar forklarer meg kvifor lyset er rosa, og grunnen til at fargen endrar seg i løpet av sesongen. På tomatplanter skal raudt lys fremme vekst, blått lys skal gjere plantene meir kompakte, og det kvite lyset er for at arbeidarane skal kunne sjå godt. Kombinasjonen av desse ser rosa ut, og nokre gonger meir lilla og kvitt.

Lengda på vekstsesongen er difor ikkje lenger avhengig av klima, men av kor lenge det er lønsamt å drive. For lys og varme kostar.

Kongeparet på tur i Jæren og Ryfylke i 2001, der dei var innom drivhus med tomatar på Finnøy. Her får dei ei innføring om tomatar av Olav Syversen frå Norsk Gartnerforbund. Foto: Heiko Junge / NTB

Foto: Heiko Junge / NTB

Omgjevnadane

Rygg fortel at det rosa lyset er ein del av det grøne skiftet.

– Styresmaktene gjev støtte til investeringar av rosa ledlys fordi dei gjev meir avling. Fordelen er at dei bruker mindre energi enn lysa som tidlegare berre var gule.

Det er likevel umogleg å ikkje tenke på kva det sterke lyse gjer med omgjevnadane. Ledlysa ser så mykje sterkare ut enn dei gamle gule lysa. Og greitt nok at lysa kan sjå ganske kule ut, som til dømes når du reiser med fly over Ryfylke. Men kva om lyset kjem inn på soverommet ditt? Er det mogleg å få sove?

Som oss menneske treng også plantene kviletid. I åtte timar er lysa av, og naboar og planter skal sove. Ein drivhusnabo innrømmer at dei i starten tenkte at dette var forferdelege greier, men det tok ikkje lange tida før dei godtok at slik er det å bu på ei tomatøy. Ein skal også hugse på at lyset ikkje alltid er like sterkt, det kjem an på kva slags fase plantene er i.

Når det gjeld naboane, har også Rygg eit poeng. Dette er nemleg ein grunn til at landbrukskontoret har jobba for å halde landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) frie for anna enn landbruksbygg.

Lysforureining er eit anna problem med sterke ledlys på himmelen. Dyr kan endre rutinar, trea kan halde for lenge på blada, og insekt kan bli trekte mot lyset og døy.

Veksthusbransjen er under stadig utgreiing, ein må heile tida vege opp miljø, effektivitet og omsetjing. Per no er det løysinga med rosa lys som gjeld, og ifølgje Statsforvaltaren i Rogaland har norske tomatar lågare klimautslepp enn importerte. Me har lite smitte og treng difor lite kjemiske plantevernmiddel. Tomatdyrking i Spania krev til dømes ein heil del meir vatn.

«Det rosa lyset er ein del av det grøne skiftet.»

Drive alternativt

Far min var gartnar, og svigerfar min var gartnar, men ingen ville arve slitet. Det same gjaldt dei fleste glashusa rundt oss. Viss ein ikkje satsa stort, var det ikkje liv laga, og slik vart drivhusa ståande. Vindauga vart tekne ned på dugnad, og reisverket vart igjen kring gamle traktorar, bubilar og slikt som høyrer eit bondeliv til.

I nokre tilfelle fekk ein likevel til noko alternativt. Ei stund kunne drivhuset vårt minne om ein hipp bydel i Berlin. Takka vere ein driftig leigetakar vart her arrangert konsertar, ein kunne drikke peparmyntete, gå på heksespa, gifte seg eller overnatte i hengekøye.

Men dette var i alle fall ikkje noko for naboane. Slik business er også utfordrande å drive, og konseptet vart diverre nedlagt. Drivhuset til svigerfamilien min vart ei stund gjort om til treningssenter, fyrst profesjonelt, så til hobbybruk.

Utanom skrotlagring blir dei næraste drivhusa i min krins no brukte til gedigne lysthus. Gjennom vår, sommar og haust fungerer ordninga nærast perfekt. Alltid varmt, aldri vind. Men brun blir du ikkje.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis