Reportasje

Dei gamle og uvurderlege skipa

Alt er mest verdt når det er splitter nytt. Bortsett frå når det vert skikkeleg, skikkeleg gamalt.

Osebergskipet. Sjå. Sjå bakover, framover og akkurat no.
Osebergskipet. Sjå. Sjå bakover, framover og akkurat no.
Publisert

Ja, det er noko spesielt med dette. Eg treng ikkje anstrenge meg særleg – nei, ikkje i det heile – for å late augneblinken vekke kjensler i meg. Det einaste eg har gjort, er å gå inn ei dør, gjennom ein museumsbutikk, og stoppe opp – og verte fanga.

Gjenstanden eg har føre meg, får heilt klart hjelp av den reine, på mange måtar enkle steinhallen det står i, bygd etter inspirasjon av ein katedral og med eitt mål: å framheve skipet eg står og ser på. Det er heller ikkje tvil om at Osebergskipet, som er det fyrste av dei tre skipa ein møter når ein kjem inn døra til Vikingskipsmuseet på Bygdøy, er det mest imponerande – berre utskjeringane i stamnen renn nærast over av prakt og stordom. Men det er ikkje berre det. Det eg kjenner på, er noko meir. Kva er det for noko?

Er det noko av det som gjer at det sjølv ein småkald torsdag morgon i januar står kø utanfor vikingskipsmuseet idet det opnar klokka 09.00? I fjor vitja 570.000 menneske museet. Det gjer det til det mest populære i Noreg, og det er ein god del fleire enn museet var bygt for: Det var i si tid reist med tanke på 40.000 årlege vitjingar, og jammen var det på hengande håret det vart reist i det heile.

Ingen ville betale

Difor syner ikkje museumsdirektør Håkon Glørstad eitt einaste spor av dårleg samvit for å be om to og ein kvart milliard kroner for å ferdigstille det nye museet som vert bygt for å ta unna éin million vitjande årleg. Det skal ikkje berre romme dei tre skipa, men vere eit museum for heile vikingtida. Det er på tide at Stortinget tek ansvar, meiner han, hundre år etter dei fyrst burde gjort det.

Historia kring bygginga av det noverande vikingskipsmuseet er verd å ta med seg: Stortinget vedtok å huse skipa på Bygdøy i 1916, men løyvingane lét vente på seg. Knappe 100.000 kroner var nok til å få bygd den fyrste av dei fire hallane på billegaste vis i 1926. Alle forsøk på vidare løyvingar stranda. Til slutt måtte ein ty til Kongeleg resolusjon i Statsråd, som rett nok gav 100.000 kroner til, men med klausulen at då skulle fullføring av bygget vere «det offentlige uvedkommende». Fjerde hall vart ikkje ferdig før i 1957, og ikkje før dåverande museumsstyrar Anton Wilhelm Brøgger hadde tatt pant i sin eigen, private bustad for å få lån til å ferdigstille bygget. Brøgger sjølv døydde i 1951, så han fekk ikkje sjølv sjå bygget ferdigstilt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement