JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

17 tugger per skei

Kvart år vert det laga minst 80 millionar eksemplar. Men kva er ei enkelt yoghurtskei eigentleg verd? 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lang, lang rekkje med små skeier frå stor maskin.

Foto: Siri Helle

10613
20200221

Skei

Kvart år bruker Tine kring 80 millionar eingongsskeier produserte ved Berry fabrikker.

Skeiene finn du på God Morgen-yoghurt, Rislunsj og dei ulike grautprodukta frå Fjordland.

Det går med 1,33 gram plast til kvar skei. Plastfilmen ikring kjem i tillegg.

Plast

I 1964 brukte vi 15 millionar tonn oljeråstoff til å produsere plast. 50 år seinare, i 2014, hadde råstoffmengda auka 20 gonger – til 311 millionar tonn.

Globalt vert berre 2 prosent av plasten fullstendig resirkulert.

I Noreg vert kring halvparten av hushaldsplasten levert til gjenvinning, og kring 80 prosent av han finn vegen til eit gjenbruksanlegg. Kor mange skeier som forsvinn på vegen, veit ein ikkje.

Verdien av ting

Ein serie i fem delar om kva ting eigentleg er verde. Del 1: Verdien av billeg

helle.sirihelle@gmail.com

Av alt eg lurer på, byrjar eg med dette: Er ikkje skeia på God Morgen-yoghurten til Tine fyrst og fremst ein slik ting ein ikkje tenkjer over er der, før han ikkje er der? Har vi kjøpt ein yoghurt, opna han og blanda yoghurt og mysli, og skeia er der og det berre er å ete, tør eg vedde ein god del på at dei færraste av oss tenkjer på at det attom denne skeia ligg maskiner verde over 30 millionar kroner.

Nei, eg hadde ikkje trudd vi tenkte særleg over skeia i det heile – ikkje korleis ho ligg i munnen, ikkje kor lang ho er jamført med begeret, ikkje at djupna og overflata er laga akkurat slik for å passe akkurat konsistensen, eller viskositeten, som det heiter på fagspråket, til yoghurten – så lenge ho berre sat der ho skulle, mellom det store og det vesle begeret, nett i det vi var yoghurtsvoltne.

Men då måtte eg fort tru om att. For sjeldan har eg opplevd større engasjement kring eit tema eg har fortalt eg skal skrive om: Eg trur enno ikkje eg har møtt nokon som ikkje har hatt ei spontan tilbakemelding på yoghurtskeia. Somme kastar henne med ein gong, andre har skuffa full heime. Det er dei som meiner ho er for flat, for svak og for vanskeleg å få ut av plasten, at nett den plasten alltid fyk vekk. Ja, sjølv dei som aldri har prøvd skeia, har ei meining om henne: Gjerne det at slikt plastsløseri held dei seg langt, langt unna.

Dei om det. Vi skal andre vegen, tett på yoghurtskeia, så tett det går an å kome.

Ein maskinpark til 32 millionar

Kring eit møteromsbord på ein plastemballasjefabrikk litt utanfor Moss er vi rett over fødestaden. Her, på fabrikken som lokalt er mest kjend som «fabrikken som byter namn heile tida», RPC og Promens og no Berry, har det sidan 1993 vorte produsert mange titals millionar kliss like yoghurtskeier kvart år. No må det minst 80 millionar til for å dekke alle God Morgen-yoghurtar, alle rislunsjar og alle fjordlandgrautar. Det har vorte fleire og fleire i mange år, og slik skal det mest truleg halde fram: Så lenge både yoghurt og ferdiggraut er produktgrupper i vekst, og vi forbrukarar vil kjøpe dei som det bransjen kallar «on the go», altså ferdig til å ete i farten, må dei produserast.

Likevel, eller kanskje nett difor, må sjølv eigaren av skeia, representert ved emballasjeutviklingsleiar i Tine Morten Aas, og produsenten, Berry-direktør Hans Jørgen Gulland, innrømme at det finst ei side ved skeia det er litt trist å tenkje på: at ho vert kasta etter berre å ha vore innom munnen til éin einaste person, i 17–18 tugger.

Lat oss dykke ned i dette triste. Kjenne på at det altså kvart år vert laga minst 80 millionar slike kvite eller svarte skeier, drygt 15 skeier per nordmann per år, og at brukstida på skeia i snitt er under tre minutt.

Kva verdi gjev det kvar enkelt skei?

Pris per tugge

Det er lett å tenkje kroner og øre når ein skal tenkje verdi. Og om vi vel å sjå slik på det, må ein vel seie at ho er billeg: omtrentleg verdi er tolv øre per stykk. Det svarar til om lag halvtanna sekund arbeidstid med middels timeløn. Knappast noko dei fleste av oss treng tenkje over.

Men så kan vi rekne det heile på ein annan måte: Ei Ramona-teskei frå Hardanger Bestikk kostar for tida 129 kroner på Christiania Glasmagasin – om lag tusen gonger meir enn yoghurtskeia vår. Likevel skal vi ikkje putte ho i munnen meir enn 200 gonger før ho vert billegare per tugge enn eingongsvarianten.

Slik er det nemleg med dette omgrepet verdi: Sjølv når vi bruker det på ein så konkret og enkel ting som ei 1,33 grams plastskei, finst det fleire sider av saka. Og det er nett ein av dei tinga vi gjerne vil syne med denne serien: verdien av ting.

Kva er verdi?

«Verdi er kvaliteten ved noe», innleier Store norske leksikon. Ifylgje tenkjetanken Civita vil «verdi angi hvilken viktighet noe tilskrives. I utgangspunktet kan verdi tilskrives nøyaktig hva som helst». Karl Marx hevda derimot at verdien til ei vare vert bestemt av kor mykje arbeid som går inn i henne. I verdifilosofien skil ein mellom eigenverdi og instrumentell verdi. Det som har instrumentell verdi, er berre verdt noko fordi det underbyggjer noko med eigenverdi.

Dessutan treng vi ikkje alltid rekne i det heile: Verdiar er ikkje berre noko vi gjev til noko anna, men òg noko vi har. Både privat og i små og store grupper og samfunn har vi verdiar som er like viktige for oss som pengar i banken, sjølv om dei ikkje er like målbare.

Sjølv kunne eg ofte ynskje meg ein verdikalkulator. Særleg ein som kunne vege to ting opp mot kvarandre: Skal eg velje den økologiske tomaten frå Spania eller den konvensjonelle frå Jæren? Kva har høgast verdi av rik matjord og kort reiseveg?

Kor bra må foredraget eg held i Oslo om berekraftig mat, vere for at verdien av det skal vege opp for CO2-utsleppa frå flyturen tur-retur Førde? Kor mange må eg overtyde – og kva om ingen kjem? Kva om, og dette er mest sannsynleg, dei alt er overtydde og kjem for å stadfeste det dei alt veit?

Plastproblem

Eller, for å vende attende til Moss: Kva skal til for å dømme ei eingongsplastskei nord og ned? Ein kval med magen full av plast, at nett skeier er på lista over ting EUs undersøkingsgruppe fann mest av på strendene i Belgia, og som difor har kome med på lista over eingongsplast dei vil forby i det nye Single Use Plastic (SUP)-direktivet? Eller det at så lenge vi vil ha «on the go» opp og ned og i mente i samfunnet, har vi ikkje utvikla éi einaste råvare som kan måle seg med plast i energieffektivitet?

Her, kring møteromsbordet utanfor Moss, er det ikkje til å stikke under stol at eg sit saman med nokre som meiner at plast er eit materiale for framtida. At dersom ein på grunn av SUP-direktivet til EU må lage skeiene av noko anna enn plast om temmeleg få år, vil det krevje høgare materialforbruk og høgare klimagassutslepp. Ja, sjølv ikkje biologiske plasterstatningar av sukkerrør eller mais som kan brytast ned, kan konkurrere: Ikkje berre ureinar dei plastresirkuleringa, dei er på langt nær så lette å bryte ned som namnet kan gje inntrykk av.

Eit googlesøk gjev eit tydeleg bilete av situasjonen for eingongsplast: På den eine sida er det tydeleg at vi gjerne vil bli kvitt det. Søket er fullt av rapportar om miljøkonsekvensar, utfasing og land som har forbode ei eller anna form for plast.

På den andre sida syner det kor vanskeleg utfasinga er. Ein ting er eingongsskeier, ammeinnlegg og eingongsvinglas – det kan vi leve utan, men kva med til dømes biopsitenger? Dei vert brukte til mange forskjellige medisinske undersøkingar, gjerne inne i kroppen, og må anten reingjerast i ti minutt manuelt og førti minutt maskinelt – eller bytast ut. Kva er til sjuande og sist best for miljøet, og kva er best for samfunnet?

Mykje i det små

Det er truleg vanskeleg å produsere eingongsprodukt meir effektivt med anna enn plast. Men det inneber ikkje at det å produsere ei yoghurtskei er enkelt. I Moss har vi letta oss frå stolen og flytta oss ned i produksjonen:

– Eg trur maskinene er større enn du har sett føre deg, seier Morten Aas.

Og det er dei. Kvar maskin er eigentleg to einingar. Kvar av dei om lag så store som eit handikaptoalett. Det er altså fire av dei, og dei som jobbar her, må gå fire skift for å lage nok skeier. Berre frå laurdag ettermiddag til måndag morgon får maskiner og arbeidarar kvile.

Maskinene er styrte av robotar. Utan å tenkje over det har eg tenkt på robotar som ekstremt fleksible – at ein robot kan gjere mange ulike ting. Kvifor, veit eg ikkje, for slik er det sjølvsagt ikkje: Kvar skei vert støypt i ei form. Så vert skeiene plukka opp av ein robotarm og lagde på ei plate, slik at skeiene kan leggjast i plasten som held dei reine og fine heilt fram til vi treng dei. Denne forma, denne robotarmen og denne plata er nøyaktig tilpassa akkurat denne yoghurtskeia. For at maskinene på meieriet til Tine seinare skal klare å leggje skeia på plass akkurat der ho skal vere under yoghurtbegeret, må ho vere akkurat likt pakka inn kvar einaste gong. Å få ei slik maskin til å gjere noko anna enn å lage akkurat denne skeia, er rett og slett skikkeleg vanskeleg, det skjønar eg fort. I robotverda må ein vere nøyaktig og spesialisert:

– Skeia skal ikkje berre lagast djup nok til at ho rekk ned i botnen av begeret, med ein knekk som held seg mot kald graut. Den knekken og den lengda skal òg passe inn i maskinene som lagar henne, forklarar Morten Aas.

Avgrensingane i produksjonen set grenser for designet, strengare grenser di meir noko skal masseproduserast. Difor er det på langt nær berre designarar i emballasjeutviklingsavdelinga hjå Tine: Sjølv er han meieriteknolog og har tilsett både ingeniørar og maskinteknologar.

Slik og ikkje sånn

Skeia kunne vore heilt annleis, men har vorte nett slik. Ein suksess, meiner Aas. Saman med God Morgen-begeret er skeia ei av dei sterkaste merkevarene til Tine. Og då byrjar vi å snakke verdiar i ein litt annan klasse enn tolv øre per skei.

Bør Tines marknadsverdi spreiast ut på kvar enkelt skei? Kva med plastfotavtrykket i ei verd der berre 2 prosent av plasten vert resirkulert, og der resirkulert plast stadig knapt er godkjend til bruk som emballasje kring mat? Har Tine eit ansvar for at du og eg slaurar med å slengje skeia i rett bosspannet? Har skeia sjølv eit ansvar? Har ho høg nok kvalitet – eller er ho verdifull nok – til det?

Nei, der var vi komne for langt. Ansvar kan ikkje leggjast på skeia. Så verdfull er ho trass alt ikkje. For om verdien til yoghurtskeia ligg i at det kan produserast mange av henne, lyt ho leve med at nett det gjer at verdien av kvar enkelt er avgrensa.

Men om vi ikkje fann ein eksakt verdi, fann vi altså ei verdigrense. Det er trass alt noko, det òg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er truleg vanskeleg å produsere eingongsprodukt meir effektivt med anna enn plast.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis