JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

🎧 Hagen vert til medan vi dyrkar

HOLMEDAL: Sjeldan har våren vore så arbeidsam – og så velkomen – som i år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tuntre med utsikt til potetåker, kompostbinge, kyllingar og kjærast.

12575
20200814

Heimen min

I oktober 2019 kjøpte eg min fyrste heim saman med sambuaren min, Asle Espeseth, som kjem frå øya Askrova utanfor Florø og er tømrar.

Hus, uthus og 1,8 mål hage ligg på Bakke i bygda Holmedal i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane – den same bygda som eg vaks opp i og budde i til eg var 16 år.

Sidan eg flytta for å byrje på vidaregåande og til eg fylte 37 år, har eg budd kring 30 ulike stader i seks fylke og fem land. No skal eg prøve å bu berre éin plass dei 37 neste åra, minst, og det i sjølvaste barndomsbygda mi.

Lytt til artikkelen:

helle.sirihelle@gmail.com

Då vi flytta inn i hus og hage i november i fjor, var det enkelte delar av eigedommen som fekk meir merksemd enn andre. Vinteren er tida for å bygge seg heim, vi lukka oss inne bak veggane våre og brukte all tid og alle krefter der inne.

Så kom våren. Og nærast over natta vaks eigedommen. Trass i den varme, gode sola der oppe går vi stadig oftare med nasen mot bakken: Kva er det som kjem opp her? Er det bergmynte (den nordiske oreganoen)? Rosenrot? Er det solbær, rips eller stikkelsbær som skal tynge ned greinene på dei digre bærbuskane våre? Noko er alt her, og noko nytt skal kome til. Mykje nytt. Mi fyrste eiga våronn er i gang.

Det er når eg står der, med spaden i jorda, og snur torva i potetåkeren vår, at eg verkeleg kjenner på kor kjekt det er å eige: Tenk, vår eigen potetåker! Til hausten kan vi hente poteter rett opp av vår eiga jord, kor stas vert ikkje det?

Ja, eg er seint ute med å eige, og det er ikkje ei kjensle eg er aleine om å ha i Noreg – landet der alle tek det som ei sjølvfylgje å eige bustaden sin. Det er ikkje slik i resten av verda, sjølv i oppegåande land som Sverige er det heilt vanleg og sett på som stabilt og trygt å vere leigetakar heile livet. I Noreg, derimot, kjenner vi oss ikkje ordentleg vaksne før vi har bustadlån og kjøpekontrakt og rekning på kommunale avgifter med vårt eige namn på.

Kvifor, har eg spurt meg sjølv mange gonger, for eg har aldri lengta hit. Eg har aldri tatt opp lån, ikkje eingong hatt kredittkort, og har kjent meg heldig som slepp eigaransvaret kvar gong eg har signert eller sagt opp ein leigekontrakt.

Eg har kjent meg heime i huset vårt, men ikkje meir enn andre stader eg har budd.

Før no. Før spaden går i åkeren.

Igjen må eg spørje: Kvifor?

For meg kjennest det som eigegleda botnar i ynsket om å vere sjølvstendig. Rart, kanskje, at å sette seg i gjeld fungerer slik. Storleiken på gjelda spelar nok inn, renter og avdrag ligg for tida på under 3000 kroner i månaden, og det deler vi på to. Men altså, vår eiga jord. Jord vi kan gjere kva vi vil med.

Om eg vil, kan eg spa opp heile plenen. (Kva skal vi eigentleg med plen?) Eg kan plante poteter overalt. Eg treng ikkje stor plog eller dyr traktor, eg treng berre meg og spaden min. Eg set spaden i torva og lagar ein firkant med sider like breie som spaden, så stikk eg spaden under, vippar torva opp og snur henne opp ned på sida. Neste firkant treng eg berre stikke ut på tre sider, eg vippar han attende der den førre låg, men med grønt gras ned, svart mold opp.

Slik gjer eg ei heil rast, ut i neste rast treng eg berre stikke to nye sider på firkantane for kvar velte, her og der er det røter og ugras i vegen, og eg hiv høymola til side. Det går ikkje fort, men det går jamt framover, og sjeldan har kroppen kjend seg så klar for å arbeide.

Å snu ein flekk på 30 kvadratmeter tek eit par aprilkveldar. Det får halde for i år. Men det kjennest for tidleg å sette potetene. For kaldt, særleg om natta. Så kjem mai, og det vert kaldare. Og kaldare. Syttande mai nærmar seg, den usynlege grensa – eg vil ha sett potetene før nasjonaldagen. Og med eitt vert det litt varmare. Eg tek meg fri ein torsdag og ser at no... I dag skal det skje.

Eg byrjar med å køyre trillebåra og jarnriva dei par hundre meterane ned til fjøra. Sjølv om teorien tilseier at nysnudd plen bør vere temmeleg næringsrik, planlegg eg å spe på litt, slik potetdyrkarar langs kysten har spedd på jorda i alle år: med næringsrik tang, full av gode mineral og protein. Det er lågvatn, og båtstøa er full av blæretang. Eg rakar trillebåra full på eit par minutt, trillar attende, spyler tangen rein for salt med hageslangen, og så er eg klar til å gå i gang.

Hakka ser altfor rein og ny ut. Ho nærast skrik etter å få kome i jorda, og no skal ho det. Eg grev furer, legg potetene pent nedi med ei støvellengd mellom, drar ein fin tangstreng over, før eg grev att. Eg prøver å få potetene til å ende opp mellom sju og ti centimeter nede i jordmørkret. Ikkje for djupt, då vil dei ikkje spire, men ikkje for grunt, då får eg for mange grøne, giftige poteter til hausten.

Fallgruvene er der – i fleirtal. Og samstundes, og like sikkert som gleda over kvar ein meitemark som stikk hovudet fram, ligg uroa der. Dette er berre fyrste steg. Kva om eg mislukkast? Kva om det ikkje vert noka avling i det heile? Kva om det vert ein slik sommar som berre regnar vekk, kva tid kjem tørròten til å kome? Eg kjenner at eg er bitte litt glad det finst potet på butikken. Eg lurer på korleis det hadde vore å vite at å overleve gjennom vinteren avheng heilt og halde av potetene eg no set i jorda.

Så er det berre å vente. Og vente. Eit par veker går, det er greitt nok, men etter kvart må eg ha meir enn daglege turar bort og kikke i jorda, etter kvart pirke forsiktig nedi: Ligg det ikkje ei liten potetspire klar til å kome opp her snart, skal tru?

Men nei då. Potetene veit å halde meg på pinebenken. Hagen er likevel større enn den vesle potetflekken, og vi får tida til å gå på ymse måtar: Ein gamal uteplass får nye steinheller, gamal skifer ligg overalt på tomta som ein gong inkluderte eit skiferbrot i utmarka. Gamle greiner vert fletta til ein levegg ut mot grusvegen som går forbi – er det éin ting som er kjekkare enn å bygge noko heilt nytt, er det å bygge noko av noko som var i vegen før. Stabelen med klipte greiner som låg i enden av plenen, var eit avfallsproblem, men fletta inn mellom stammane som stod der, kom dei til nytte, og vi fekk eit lite gjerde utan å bruke ei krone.

Slik er det eg vil ha det: at mest mogleg av hagen min er til nytte. Difor må eg bygge ein kompostbinge.

Éin ting er at Askvoll kommune får renovasjon utført av Sunnfjord Miljøverk IKS, som berre heilt nyleg har kome så langt at dei sorterer plast og ikkje er i nærleiken av å halde fylgje med resten av landet, som kan levere matavfall separat. Eg ville truleg ha bygd kompostbinge uansett, fordi eg vil at hushaldet vårt i så stor grad som mogleg skal vere eit lukka krinslaup. Å vere fullstendig sjølvberga får vi ikkje til, men vi kan gjere det vi kan. Grasklipp og ugras og eggeskal og kaffigrut kan vere med på å gjere jorda betre. Ingen stader går avfall betre og smartare og tydelegare frå å vere eit problem til å verte ein ressurs enn i ein kompostbinge.

Eg bygger bingen av furupanelet vi reiv vekk frå stoveveggane. Så isolerer eg han med Isopor og vindduk og trekker han med hønsenetting for å prøve å halde mysene ute. Så kjøper vi ei eiga bøtte til matavfall i kjøkkenskapet, og vi er i gang. Så enkelt – eller så komplisert: Å kompostere er sjølvsagt ein vitskap i seg sjølv, om ein vel å gå djupt inn i det. Litt kunnskap kjem godt med, og frå den økologiske agronomutdanninga eg ein gong tok, hugsar eg mellom anna at det ikkje duger med berre matavfall om ein skal få god matjord – matavfallet inneheld for mykje nitrogen og for lite karbon. Spon frå vedhogsten Asle held på med, balanserer forholdet. For å få høg nok temperatur må det vere luft i blandinga, altså må eg løfte og snu på massen no og då, og han må vere passeleg våt.

Det tek litt tid, men det er tid ein har lyst til å bruke. Å skape slike samanhengar, slike krinslaup, er i tråd med det eg meiner matproduksjon bør vere, både i liten og i stor skala: mest mogleg basert på lokale ressursar, der målet er å gjere det beste ut av det ein har, ikkje ynskje seg det som kanskje ville gje endå litt betre resultat ein stad langt vekke.

Og éin dag spirer potetene. Fyrst ei lita plante, så to, og dei ser så sterke og robuste ut der dei kjem opp av jorda, ikkje som dei fislete små grønkålstilkane eg ikkje kan lite på gjennom ei einaste regnbye. Her skal det nok verte potetavling, ja. Kvar ettermiddag eg kjem heim frå jobb, kan eg sjå at dei har vakse. Så grøne og fine vert dei, at dei får nye kompisar. Lange, brune og slimete kompisar.

Eg visste ikkje at brunsnigelen var så glad i potetplanter. Då eg sette potetene, visste eg ikkje at vi hadde brunsnigel i hagen i det heile, men det har vi, og det til gagns. Dei har alt ete opp alle jordbæra våre, og no går dei laus på potetplantene.

Vi prøver med gift, vi prøver med dei pitte små nyttedyra nematodar, og ikkje minst prøver vi å plukke dei vekk. Men dei er for mange.

Eg græt medan eg går der med bøtta og plukkar brunsnigel etter brunsnigel frå potetplantene. Sniglane er ikkje lette å få av blada utan å øydelegge dei. Dei syg seg fast og vernar seg bak det superekle slimet. Å plukke sniglar kjennest ikkje berre som definisjonen på sisyfosarbeid, det er òg rake motsetnaden til korleis eg ynskjer å drive hagen min: Eg vil jo jobbe saman med naturen, ikkje måtte bruke mykje tid på å slåst mot han.

Vel. Kanskje er ikkje eingong brunsniglar verde å verte kalla ein del av naturen. Kanskje er dei så på feil stad til feil tid at å kjempe mot dei er like mykje eit tiltak for naturen som eit tiltak for potet, jordbær og generell hagetrivsel.

Vi skal vel alle prøve eit kjerringråd til – og dette er eitt eg har trua på: Så fort ferien er over, hentar vi tre indiske løpeender av ein nabo med monaleg meir bognande potet- og gulrotåker enn vi kan skilte med. Eigentleg ville vi hatt endene i hus for lenge sidan, men naturen er ikkje så lett å planlegge, og andungane vert ikkje klare for levering før i august. 

And er eitt av få dyr som har brunsniglar på menyen – ja, som faktisk føretrekker slik mat framfor mykje anna, om eg skal tru andehaldarar i det ganske land. Løpeendene skal vere ekstra glade i sniglane, og så kan dei ikkje fly, og dermed er dei enklare å halde i ro. I tillegg er dei tøffe, der dei spring ikring med dei altfor små vengene sine – litt som pingvinar, som eg alltid har drømt om å treffe.

No skal vi altså verte dyreeigarar. Det er eit stort steg: Potetåkeren klarar seg heilt aleine i mange veker. Det gjer ikkje ender.

Vi er rastlause sjeler, Asle og eg. Men det inneber òg at vi er glade i å prøve nye ting, og at vi gjerne går heilt inn for noko når vi fyrst gjer det. Når vi no har bestemt oss for å skaffe ender, vil det seie at vi like godt kan få oss høner òg. Dei kan bu i same hønsegard og krev om lag like mykje tilsyn. Og når gromhøna til ein kamerat i nabokommunen ut av det blå får sju svarte kyllingnøste, er det berre å gå i gang med å bygge hønsehus.

Og dermed er ettermiddagane dei to–tre neste vekene fullbooka. Hønsehuset vert innflyttingsklart idet hønene og hanane – vi er framleis ikkje sikre på kor mange av kvart slag vi har – vert store nok til å flytte frå akebrettet vi har hatt ståande i gangen, og ut i den nye heimen i hagen.

Dei fyrste vekene må dei halde seg i hønsegard og hønsehus, men ettersom vi vert tryggare på kvarandre, vert sjølv hønsegarddøra til slutt opna. Og du og du så triveleg det er med små, kvitrande fjørfe trakkande rundt i hagen ein grislar på i. Høner og hanar syner seg å ha personlegdom i bøtter og spann, om ein berre tek seg tid til å sjå etter.

Slik ballar hagebruket vårt på seg. At det veks fram – og av og til litt attende – medan vi dyrkar, er eit poeng i seg sjølv.

Dette er ein tekst om å dyrke sine eigne poteter. Likevel er han skriven før resultatet er klart: Om ikkje tørròten kjem, bank i bordet og salt over skuldra, skal både potetris og poteter få stå urørt i åkeren i fleire veker til. For sjølv om målet sjølvsagt er nypoteter rett frå åkeren og inn på kjøkkenet, med jord på, og opp på vårt eige middagsbord eller i ein binge i den alltid kalde kjellaren, må eg minne meg sjølv på at potetåkeren er mykje meir enn kilo per kvadratmeter.

Hagebruk er eit samarbeid mellom oss, jorda, vêret, tida, tankane og handlingane. Ikkje alt går som det skal – dei tydelegvis undergjødsla grønsaksbeda mine har synt meg at ikkje alt som er grønt, veks. Her har knapt noko skjedd sidan mai. Men røtene, dei veks – både i jorda og mellom øyra.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Eg græt medan eg går der med bøtta og plukkar brunsnigel etter brunsnigel frå potetplantene.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis