Rapport frå Torske-Noreg

Når vi endeleg kjem oss på havet, blir Aeolus’ vreide vekt utanfor Skrova.

Endeleg er båten ferdig
Endeleg er båten ferdig
Publisert Sist oppdatert

Når Hugo og eg kjem til slippen på Vik, har dei godt nytt. Delen vi har venta på, er komen. Seint på ettermiddagen, når det blir flo sjø, blir båten endeleg sett ut. Motoren startar slik han skal, alt ser ut til å vere i orden. Då skal Hugo berre ta båten til heimhamna i Bogøy, mens eg køyrer bilen rundt.

Normalt ville eg brukt lengre tid enn båten, så eg reknar med at Hugo alt er i hamna når eg kjem køyrande dit. Eg ser ikkje snurten av han og freistar å ringe, utan å få svar. Det tyder på at alt er normalt. Om han hadde svart, ville det vore grunn til bekymring.

Det vanlege er at han gløymer telefonen heime, eller at han ligg mellom seta i bilen, eller så greier han ikkje å finne ut kva for lomme av dei rundt 20 han har i flytedressen, telefonen faktisk ligg i. Kvar gong det ringer, begynner han ei kaotisk ransaking av seg sjølv, og det er sjeldan telefonen dukkar opp før Hugo har sjekka 15 av lommene.

Der ser eg han under brua. Men kvifor kjem han putrande på denne måten? Etter lang tid når han fram til hamna. Jau, motoren gjekk i naudmodus rett etter at han starta frå Vik. Naudmodus er ein venlegsinna gest frå motorens side for å gi folk ein sjanse til å kome seg på land, sjølv om noko er alvorleg gale.

Då må båten mest sannsynleg tilbake på verkstaden, og det vil gå fleire dagar før vi kjem oss på havet. Eg selde serien eg ville skrive, inn til redaktøren som salte reportasjar frå lofotfisket. Så langt har han fått tørrskodde anekdotar om flyplassen i Bodø, Hugos kriminelle oldefar og slikt. Eg tok hintet til redaktøren då han sa: «Kom dykk no for pokker ut på havet!»

Skal eg no seie at eg misforstod, og levere ein reportasje om interessante oldtidsfunn i Steigen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement