På tomannshand
Stadig er orda her
– Dag Tore ligg bak mykje av det eg har gjort, seier Tordis Ørjasæter. Den autistiske sonen blir som eit refreng i intervjuet. Slik har det vore også i livet hennar.
– Det er eit av alderdommens gode at for kvart einaste år blir våren ei sterkare oppleving, seier Tordis Ørjasæter.– Det er eit av alderdommens gode at for kvart einaste år blir våren ei sterkare oppleving, seier Tordis Ørjasæter.
Foto: Ottar FyllingsnesFoto: Ottar Fyllingsnes
Tordis Ørjasæter vart 95 år den 25. mars. For å vri litt på eit Undset-sitat kunne ein seie at Tordis har levd i dette landet i (nesten) hundre år. Det har vore eit liv med mykje engasjement og ein mangslungen yrkeskarriere. Tordis Ørjasæter er professor i spesialpedagogikk, ho var litteraturkritikar i mange år, skriv framleis bøker og har hatt mange verv. Den siste boka kom for nokre månader sidan.
I Vi er ikke alene vender ho attende til gjennomgangstemaet: barn og vaksne med autisme og andre psykiske funksjonsutfordringar. Ho skriv både om eigne erfaringar og om korleis andre skrivande har skildra slike menneske og livet med dei. Mange av dei har lite verbalspråk. Ho nemner sjølv det store paradokset i at nettopp Dag Tore, med sitt avgrensa språk, gjennom så mange år har inspirert og auka formidlingsevna hennar. Sjølv har sonen nokre faste setningar som har blitt kjære munnhell i familien, som «Vanskelig, sier Dag Tore».
Kva vekkjer dei som er annleis, i oss meir vanlege? «Kvifor er det slik det er?» undrar Mattis tust i romanen Fuglane, eit spørsmål ingen av «dei skarpe» rundt han kan svare på.
Lyset
Ein føremiddag i slutten av mars sit vi i den lyse stova til Tordis, høgt over Majorstua, i ein ny bygard i niande etasje. Det er ein av desse klåre dagane som vi har hatt så mange av i vinter, med eit gulkvitt skin over hovudstaden. Lyset strøymer inn i leilegheita frå båe kantar. Her har ho budd åleine sidan mannen Jo Ørjasæter brått døydde i 2006. Då flytta ho frå det store huset i Bærum som dei hadde bygd og budde i gjennom mange tiår.
Døra til balkongen står open, sjølv om lufta ute er kjølig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.