JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Omvegen til Columbiaelva

Fjerne slektningar av den norske atlanterhavslaksen har tatt seg til rette i elvene våre og gitt oss napp ingen har bede om.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Celilofalla i Columbiaelva var som skapte for laksefiske med dei tradisjonelle metodane til stammefolka i området. Dei store fangstane gjorde også Celilo til eit handelssenter der det blei omsett varar frå store delar av Nord-Amerika. Lagnaden til fossen og fisket der kjem vi tilbake til.

Arkivfoto: Sean Linehan, NOS, NGS.

12924
20230120

Laksen i Columbia

Del 1

Hans Morten Sundnes leitar etter laksen og urfolket som nesten forsvann då Columbia-elva i USA blei moderne.

hansmortensundnes@hotmail.com

Dei beste historiene om stillehavslaks finn vi i og ved Stillehavet. Kva skjedde med den viktigaste lakseelva i verda då dei kvite fann vegen og trong fisk, land, tømmer og kraft for å gjere USA til USA? To hundre år etter må vi først finne ho.

Sommaren 2022 fekk eg napp. Etter to tiår i eit fagblad som skriv om og også hentar dei fleste lesarane sine frå fiskeri- og havbruksnæringa, var det på høg tid. Endelause artiklar om lovande eksportmarknader, luseproblem og størkna konfliktar. Tida var inne for nye inntrykk og heilt nye fiskehistorier. Så eg sikta inn Trøndelag og svinga av ved Grong, der E6 møter Namsen. Norskare blir det ikkje. Ved midnatt kunne eg og barndomskamerat Kjetil skyve båten ut. Med på ferda var stonga eg arva av far min, og lenge var det fiskeoppleving nok berre å la klenodiet peike opp i julinatta. Etter å ha stira på den same tuppen halvvegs inn i julimorgonen, tenkte eg meir på søvn enn på laks. Men så skjedde det.

Snellebremslyden varsla ekte saker. Eller kunne eg vere viss på det? Så seint som under kaffirasten ved Dovre hadde eg lese om den nye plaga. Pukkellaks. Han høyrde jo verken til i Atlanterhavet eller norske elver. Like fullt stima dei inn, herja, yngla og rotna. Ryggpukkelen dei får i elvefasen, kan ikkje vi atlanterhavslakseelskarar karakterisere som anna enn stygg.

Etter eit snautt kvarter såg Kjetil òg eit par blenkar nær båten. Kva var det vi hadde å gjere med? Og fekk vi han i land? Vi pusta letta ut.

– Ein hann, slo kleppar og kamerat fast.

Følgjeleg var det ein lovleg, om enn raudlista, vill atlanterhavslaks og med norsk pass. Min første. Men kva blir den neste? Eit par veker etter veging og skåling, melde Avisa Oslo om «Død pukkellaks i Akerselva». Kva hadde denne framandfisken eigentleg her å gjere? Kor kom han frå? Er det rett å kalle han laks? Og kva i alle dagar seier latinen? Oncorhynchus gorbuscha?

Smaken av Stillehavet

Desse spørsmåla var med i bagasjen då eg i april i år følgde Icelandair over Atlanterhavet på veg mot USA. Når det gjeld svara på pukkellaksgåta, hadde det vore like smart å dra andre vegen. Vi kjem jo aldri heilt utanom Russland. Det visste også den tyskfødde naturforskaren Georg Wilhelm Steller (1709–1746).

På den andre russiske ekspedisjonen Vitus Bering leia austover, skildra Steller fleire fiskeslag som likna fisken vi i Europa kjende som laks. Steller gav dei namn ut frå det dei heitte på russisk eller på språket til korjakane på Kamtsjatka-halvøya. Som tilfellet var med atlanterhavslaksen, var det snakk om stor og sterk fisk som sesongvis vandra inn frå havet og opp elvene for å gyte. Men det var også skilnader og eit artsmangfald som skulle forvirre forskarane ut 1800-talet, ja, eigentleg fram til i dag.

I dag reknar ein gjerne med sju slag stillehavslaks. Det latinske fornamnet er altså Oncorhynchus, som rett og slett betyr «kroknase», etter bøygen dei gyteklare hannane får på snuten. Ein annan fellesnemnar er at stillehavslaksane aldri gyter meir enn éin gong. Lenge hadde dei også til felles at dei lever i Stillehavet, men på 1950-talet byrja russiske forskarar å setje ut pukkellaks i Kvitsjøen i vest, og til slutt kan ein seie dei lukkast.

Kveldssola over den amerikanske austkysten gjer elvene under oss til sølvstrimer som etter kvart blir borte i snø og is. Nokon av dei fører laks, men det finst ei grense for kor langt atlanterhavslaksen kan nå vestover. Kva finn ein så i elvene vest for det amerikanarane kallar the great divide – det store vasskiljet? Dette var eit av spørsmåla ekspedisjonsleiarane Lewis og Clarke hadde, då dei i 1804 byrja å streve seg oppover Missouri.

Hovudoppdraget frå USAs president Thomas Jefferson var å finne ein farbar veg – helst elvelangs – til Stillehavet. Etter kvart vart det vel så mykje fossestryk og fjellpass som farbare elver, men 13. august 1805 gav ein mann frå Shoshone-stamma ekspedisjonsleiar Lewis eit stykke grilla, fersk fisk i handa. Det var laks. «Det overtydde meg om at vi no var i vassvegane som førte mot Stillehavet», skreiv Lewis. Han stod ved ei av bielvene til Columbiaelva, og dei nådde havet.

Columbia-elva finn veg gjennom høgfjell, ørken og regnskog på veg mot Stillehavet. Kartet viser elveparti der den storvaksne chinooklaksen vandrar. Kart laga frå materiale i Esri-databasen.

Portland og kongelaksvalet

I ein Boeing 737 slepp ein å padle og klyve, og eg nærmar meg faktisk Stillehavet sjølv. Kan det ha vore ein pukkellaks Meriwether Lewis fekk servert i 1805? Umogleg er det ikkje. Pukkellaks er den mest talrike arten, men gyter i liten grad sør for Canada.

Før eg sette meg på flyet, måtte eg ta eit val. Eg kunne ha valt den raudkjøta sockeye-laksen i Bristol Bay, følgt sølvskimrande coho-laks inn mot Fraser River i Canada og sjølvsagt hatt eit oppgjer med pukkellaksen i Alaskabukta. Eg gjekk for kongen: King salmon, som like ofte blir kalla chinook. Og av alle dei tusen lakseelvene i Nord-Amerika har Columbiaelva den sterkaste historia.

– Vi er klare til å gå ned i Portland, seier flyvertinna.

Den største byen i Oregon, Portland, ligg nettopp ved Columbiaelva – og i enda større grad ved bielva Willamette, som koplar seg på Columbia her. Det er likevel ikkje noko sølvaktige elveband å sjå då vi går inn for landing nær elleve om kvelden. Samstundes er det millionar av lyspunkt som også speglar seg i den nattemørke byelva.

Og eg veit at det er derfrå dei får krafta. Ja, den mektige Columbiaelva er ikkje berre kraftkjelda til heile Portland by. Ho lyser opp det meste av den amerikanske nordvestkysten, medrekna Los Angeles og San Francisco i sør og sjølvsagt Seattle litt lenger nord. Og ho er kraftkjelda til Microsoft, Amazon og Boeing-fabrikken som sveiste i hop flyet eg er i ferd med å forlate. Sjølv i ein tekst som dette må Columbia-laksen gi plass til slike wattkrevjande menneskepåfunn. Det er verre fatt i elva.

Den salte runddansen

Willamette er elva Portland er bygd rundt – og den siste av dei store sideelvene til Columbia. Det er på ingen måte den einaste. Alt i alt vert det samla vatn frå eit areal av same storleik som Frankrike. Viktigare: Columbia var truleg verdas største laksevassdrag, i alle høve om ein reknar chinook. Og det viktigaste. Våroppgangen til chinooklaksen er hovudgrunnen til at vi er her, men det kjem også seinare chinook, coho, sockeye og steelhead/regnbogeaure, som no er rekna som laks. Men eg skreiv at lakseelva Columbia var verdas største og viktigaste. Noko har skjedd.

Sjølve utløpet av Columbia har eg faktisk sjekka ut før, og følgt den ti mil lange munningen ut dit den veldige elva blir det endelause havet. Den første kvite som skjøna at det var snakk om ei elv, var kaptein Robert Gray og hans menn i 1792. Gray kalla elva opp etter skuta, «Columbia Rediviva». Dette var 13 år før landkrabbane Clark og Lewis fekk hav i sikte og kunne bu seg på vendereis.

Fortet der ekspedisjonsfararane fraus seg gjennom vinteren, er bygd opp att slik at også andre kan kome og snu. For laksen er den vide munningen eit slags venterom anten dei skal ut eller heim. I utferd dreg chinooklaksen først rett vest i havet, før han gjer ein stor boge for å halde ein slags nordleg kurs. I Alaskabukta aner dei at moroa og feitekuren snart er over, og tar kystruta sørover. No, i byrjinga av april, er dei med sterkast heimlengt alt på veg opp elva. Sjølv har eg funne ein ny dag og tek bybussen over Willamette.

I hovudstaden i Oregon er det ikkje greatness dei trår etter.

Foto: Hans Morten Sundnes

Sandalen som sette spor

Keep Portland weird står det gult på svart over ein av murveggane nær vestbreidda. Portland har sol, sjarm, stålbruer og handverksbrygg så det held, men også telt i sentrumsgatene og heimlause blikk. Det siste kan kallast nye problem i denne delen av USA. Gamal urett skortar det ikkje på. Utstillinga til Oregon Historical Society i Downtown famnar det heile – av det historiske.

The good, the bad and the ugly, reklamerer den kvite kvinna på billettkontoret med eit brydd smil.

Det skal vise seg at ho har rett. Ganske tidleg i museumsløpet møter vi ein grådresskledd president Roosevelt som held tale ved ei kraftverksdemning. Men under festtalane, bak ingeniørbragdane og rundt gjenstandane i montrane er det vel så mange historier om slit, urett og vond makt. Objektet som festar seg i minnet, er likevel av ein annan karakter. Den beksvarte sandalen ser ut som han kunne gjort nytta i dag. Fottøyet er rundt 10.000 år, av tvinna malurtbark. Det hjelper lite at skosuksessen Nike starta litt lenger oppe i elveløpet. Heller ikkje i denne delen av Amerika er det tvil om kven som var først. Det var ikkje Lewis og Clarke.

Kunnskapsdrops på vegen

I det stramme kontorbygget Lloyd 700 finn vi eit av mange prov på at stammefolket absolutt er her enno. Lloyd-distriktet er litt nærare hovudelva, og trykker du på 16 i heisen, kjem du til The Columbia River Inter-Tribal Fish Commission. Dei kan trenge litt utsyn, for hovudjobben er å overvake fiskeressursane til fire stammeforbund langs Columbia. Stammegruppene umatilla, warm springs, yakama og nez perce høyrer alle til laksefolket. Eg har fått innpass i biblioteket deira i etasjen under. Bibliotekar Tami Wilkerson har drops på disken og svar på det meste.

– Her er det bøker om sjølve Columbiaelva. Her om dei ulike stammene, og på desse hyllene finn du stoff om laks og om biologi, seier Wilkerson.

Ho er ikkje heilt ferdig.

– Og her er det rettssaker og rettstvistar, peikar ho.

Den siste seksjonen har ikkje færre ryggar enn dei andre. Eg opnar ei bok med laksetal. Norske Altaelva hadde eit toppår i nyare tid i 2016 med eit innsig på over 15.000 laks. I gode gamle Columbia-dagar har ein berekna mellom 10 og 15 millionar. Eg stablar ein bokbunke på pulten ved vindauget, men koplar meg også på det trådlause nettverket så eg kan få tak i ein leigebil. USA er blitt dyrt.

Etter to drops og fire timars slalåm mellom elveforgreiningar, lakseevolusjon, stammegeografi, gamle mytar og bensingjerrige bilar, er eg endeleg klar. Det blei ein Honda.

Måleriet til C.M. Russell frå 1905 viser ekspedisjonen til Lewis  og Clark – med flintrifle –  i nedre Columbia i møte med kystnære innfødde 100 år før. Kan det ha vore chinookfolk dei møtte?

Elvekjenning

Og etter eit par dagar med individuell virring i Portland by sluttar eg endeleg rekkene på breie og stort sett strake Interstate 84. Det grøne skiltet med The Dalles får pulsen ned. Eg har ikkje forvilla meg inn i Willamette Valley, er heller ikkje på veg nordover mot Seattle eller Astoria ved havet. Eg og resten av highway-gjengen suser inn i Amerika. Og litt etter litt også opp.

Dei store lauvtrea langsmed vegen har funne vårforma, men varselskilt med veldige snøkrystallar minner oss om lunefulle april og at vestkysten ikkje er flat. Columbiaelva ser eg lite til. Og trass i dei mange boktitlane på fleirstammebiblioteket har eg aldri hatt fleire spørsmål om laksen og elva. Kor lang er ho eigentleg? Kvifor døyr laksen alltid etter heimturen? Kvifor heiter han chinook? Stemmer det at smolten får haik med tankbil? Finst det fleire laksefolk? Finn eg dei langs elva? Kva har Columbia-laksen med atombomba over Nagasaki å gjere? Kor blei det av alle millionane med sølvfisk? Og kva er det med denne Celilo-fossen som det er så mange svartkvittbilde av?

Så får eg endeleg kontakt. Det er som å møte ein sjø. Det skumkvite på den grågrøne overflata er ikkje straumkvervlar, men bølgjetoppar. Vi er alle i rørsle: vinden, elva, bilane og venteleg også vårlaksen på veg opp frå munningen. Eg er usikker på om eg er i ferd med å ta han att eller har køyrt frå han. Gassen slepper eg ikkje. Det vert ingen høgresving opp til den spektakulære Multnomah-fossen. Landemerket Beacon Rock får berre eit kort skråblikk. Eg har ein chinooklaks å slå følgje med.

Held du deg fast i Interstate 84, endar du til slutt i Utah. Slik går det ikkje. Alt tre kvarter frå Portland dukkar det opp mange vegskilt eg ikkje skjønar fullt ut. Og elva til venstre har på eit vis mista flyten. To digre demningar – ein på Oregon-sida og ein i Washington – har gått saman om å sperre løpet.

«Bonneville Dam», står det på eit av skilta. Det var jo der president Roosevelt heldt tale på museet! Eg svingar av, og snart rullar eg inn i ei verd av stål og betong. Og vakthald. Vakta spør om eg har våpen, ammunisjon eller sprengstoff. Då eg seier nei, spør han om å ta ein kik i bagasjerommet. Det kan vere mange grunnar til å lage helvete på eit kraftverk ved Columbiaelva.

Eg er i alle høve gjennom sperringa og innanfor Bonneville-kraftverket. Ovanfor aner eg resten av elva som snart skal gi meg svar på alle spørsmåla mine, og også det første møtet med yakamafolket. Men korleis gjekk det med laksen?

Hans Morten Sundnes er forfattar og journalist i bladet Norsk fiskerinæring, men skriv
her for eiga rekning.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis