JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

På tomannshandFeature

Om å leve – og om å gje slepp

Thomas Hylland Eriksen ville ikkje skrive ei feig, akademisk bok om meininga med livet. Denne gongen er det personleg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I den nye boka si inviterer professor i sosialantropologi Thomas Hylland Eriksen til ein samtale om meininga med livet.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

9637
20220812

Thomas Hylland Eriksen

Fødd 6. februar 1962, frå Nøtterøy.

Professor i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo.

Har skrive ei lang rekke fagbøker og to romanar.

Aktuell med boka Syv meninger med livet på Kagge forlag.

KULTUR

christiane@dagogtid.no

– Eg har brukt mykje av meg sjølv. Eg var nøydd til å tore det, for at boka skulle ha truverd. Alle kan skrive noko om kva andre har sagt, men då vert det feigt. Dette er mine tankar om livet.

Eg møter sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen på eit lite bakeri i Ullevål Hageby i Oslo, midt mellom arbeidsstaden hans på Universitetet på Blindern og heimen hans på Berg. Eg har trakka meg fram på sykkel gjennom byen, slik også han pleidde å gjere før han vart slått ut av alvorleg kreftsjukdom i 2016.

No sit Hylland Eriksen ved uteserveringa med varierande helse, men med gnist i auga. I perioden som alvorleg sjuk har han hatt mykje tid til å tenkje gjennom sitt eige liv, på livet, og på kva som gjev den tilmålte tida vi har på jorda, meining.

Ein del av tankestraumen vil leve vidare i ei bok på under 200 sider som kjem ut i desse dagar. Ho har fått tittelen Syv meninger med livet.

Høgttenking

Kor mange bøker har Hylland Eriksen skrive? Eg veit ikkje. Sjølv har han slutta å telje. Store norske leksikon har inga fullstendig oversikt, men listar opp over 30 fagtitlar og to romanar. I tre tiår har han vore ein meiningssterk og kontroversiell forskar og samfunnsdebattant. Han har markert seg i det offentlege ordskiftet om det fleirkulturelle samfunnet, om kulturforskjellar og -møte, om «røter og føter». Han har skrive om rask og langsam tid, om identitet, lukke og smarttelefonar. Og no, altså, ei bok om meininga med livet.

– Dette er den minst akademiske boka eg har skrive. Ei slags høgttenking. Ein narrativ prosa. Vi tenkjer alle gjennom desse spørsmåla, gjer vi ikkje? Så kjem eg ikkje med endelege svar. Vi menneske har i all tid snakka om meininga med livet. Det er det som gjer oss til menneske. Kva gjer vi her? Kan vi gå i grava og føle at vi har gjort pliktene våre? Det har også eg gjort.

Personleg

– Kva skil denne boka frå dei andre bøkene du har skrive?

– Ho er meir personleg. Eg hadde kreft og var nær ved å døy. Då eg trudde eg ikkje hadde så lenge igjen, vart eg tvinga til å tenkje gjennom mykje. Hadde eg gjort det eg skulle i livet? Det handlar om å setje ord på ting ein til vanleg ikkje set ord på, seier han.

– Vi akademikarar set ofte opp eit filter mellom oss sjølve og verda. På mi side av glasveggen har eg full kontroll. Eg har så mange teoriar eg kan trekkje inn. No har eg skrive meir utan sikringsnett. Eg har nokre dialogpartnarar – eg talar med Montaigne, Nietzsche og andre, men meir som likeverdige samtalepartnarar.

– Føler du at fallhøgda er større?

– Ja, mykje større. Det vert som om eg hadde skrive ein roman. Vert det slakt, er det også ein slakt av deg som person, og ikkje berre noko du har lira av deg i forbifarten. Men det måtte til. Noko står på spel her. Dette er noko det har vore viktig for meg å seie noko om.

– Då eg såg boktittelen, trudde eg først at dette ville vere ei slags sjølvhjelpsbok. Men då eg byrja lese, skjønte eg at det var det ikkje. Kva slags bok vil du sjølv seie at det er?

– Det er ein invitasjon til å delta i samtalen om kva det er å vere menneske, og om korleis vi skal nytte den tilmålte tida, som er knapp. Men i staden for å setje oss ned og deppe, slik som til dømes filosofen Zapffe, som meinte at livet var meiningslaust fordi vi var døgnfluger, rett nok med glimt i auget, skal vi juble over at vi i det heile tatt er til, og gjere vårt beste. Om nokon vil skrive på gravsteinen min at «han gjorde sitt beste», så krev eg ikkje meir.

Syv meninger med livet inneheld personlege opplevingar og anekdotar, filosofiske refleksjonar og kunnskap henta frå reiser ulike stader i verda. Hylland Eriksen seier at interessa for filosofi og sosialantropologi har vore til stor hjelp under sjukdommen.

– Filosofien gjev trøst ved å setje oss inn i ein større samanheng. Vi ser oss sjølve som små einingar i ein større heilskap. Vi har mykje å vere takksame for og mykje til felles med dei som har levd før oss.

Viktige relasjonar

Hylland Eriksen har ei sjeldan evne til å oppsummere komplekse tema i enkle formuleringar. Den viktigaste bodskapen i boka summerar han opp i éi setning: Den større heilskapen vi inngår i, er mykje viktigare enn vi trur, og for å overleve treng vi mangfald.

I boka møter vi eit menneskesyn som står i kontrast til ein sterk individualisme. Aller viktigast for Hylland Eriksen har det vore å skrive om relasjonane våre – som fyller livet med meining. Han er opptatt av at menneske inngår i økosystem, der relasjonane mellom oss og tinga, dyra og menneska vi har kring oss, held oss på plass i verda, som med usynlege trådar.

«Når du holder opp en hånd, innbiller du deg kanskje at du ser fem fingre, men ser du godt etter, oppdager du ti relasjoner mellom fingre. Ingenting eksisterer før det er forskjellig fra noe annet», skriv han til dømes i boka.

– Vi er relasjonane våre. Det einaste som finst, er eigentleg forskjellar. Individualismen har klare grenser. I individualismen er tanken at grensa vår går ved huda, og alt som er utanfor er ikkje meg. Den måten å tenkje på trur eg har gjort mykje skade.

– Har du alltid sett på menneske på denne måten, eller er dette eit syn som har vakse fram over tid?

– Det har nok lege der heile tida, men kanskje ikkje like tydeleg. Det er ein grunn til at folk vert sosialantropologar og ikkje økonomar. Innan sosialantropologien er økonomien innvoven i det sosiale – han handlar veldig ofte om gåver. Men eg har ingen endelege sanningar. Om det einaste som finst, er forskjellar, må det vere forskjellar mellom einingar. Meg her og deg der. Då er det viktig å vere opptatt av den andre, men også av det indre. Montaigne snakkar om at ein treng eit bakrom. Også det er viktig.

Siviliserande

– Boka di inneheld kanskje fleire spørsmål og refleksjonar enn klare svar, men når det gjeld relasjonar, er du ganske bastant. Du skriv at det er ved å ha nære, forpliktande relasjonar at ein vert eit komplett menneske.

– Dette er eit ømtålig tema, men jeg vil seie at det å ha forpliktande relasjonar som gjer at du er nøydd til å gje deg, det veks du på, og det er siviliserande. Det er viktig for demokratiet. I eit ekteskap innser du at du må jenke deg og av og til tilpasse deg ein annan. Eg skal ikkje dømme nokon, men eg trur livet vert fattigare utan sterke relasjonar. I vårt samfunn står parforholdet sentralt, men det kan også vere andre viktige relasjonar som stiller krav til deg.

Hylland Eriksen ser dermed ingen grunn til å romantisere einstøingar, som Dalai Lama, som han trefte for nokre år tilbake. For Dalai Lama meinte at han ikkje kunne fungert som åndeleg leiar om han hadde vore gift og hadde barn.

– Då sank han i mine auge. Eg lurte på kva han eigentleg visste om livet, når han heva seg slik over andre. Ein mann som Desmond Tutu, derimot, var gift med den same kvinna i 60 år. Han hadde nok lært å gje seg.

Meininga

– Boka di heiter Syv meninger med livet. Har du gjeve opp å leite etter meininga med livet med stor m?

– Ja. Eg trur ikkje at livet har ei overordna meining. I boka gjengjev eg ein diskusjon mellom Peter Wessel Zapffe og Herman Tønnesen, som begge var ukuelege pessimistar. Tønnesen endå meir enn Zapffe, som meinte at livet var meiningslaust. Så kom Arne Næss inn og sa at meininga i livet ligg i dei små tinga. I å sjå haustlauvet som fell. Her er eg samd med Næss. Leitar ein etter ei metafysisk meining, er spørsmålet feil stilt. Livet er meining, det har ikkje meining. Når det sluttar å vere meining, då er det fare på ferde. Når trådane som held oss på plass i verda, vert for tynne.

– Ber du på ein gudslengsel?

– Ikkje etter ein skjeggete gud, men eg har meir sans for ein del religiøse enn for ateistar. Då den fanatiske ateisten Richard Dawkins møtte rabbinaren Jonathan Sacks i London, sa Sacks: «Richard, den guden du hatar, er den guden du vaks opp med.» Så kva er gud? Eg var overtydd ateist i mange år, men mindre med åra, fordi vi må innsjå grensene for vår eiga innsikt. Det er ikkje alt vi skjøner. Det må vere noko som er større, noko vi kan skimte, men ikkje heilt forstå. Det må vi halde fast ved. Det er derfor folk stadig skriv bøker om meininga med livet. Vi har ikkje svar.

Om å gje slepp

Eg skal ikkje her ramse opp dei sju meiningane med livet som Hylland Eriksen skriv om, men ei siste meining i livet er, slik han ser det, å klare å sleppe taket i det.

– Det kan vere viktig å gje slepp og innsjå at vi ikkje lever evig. Vi må prøve å dempe individualismen. Religionen har mista mykje av krafta, i alle fall i vårt samfunn, og det kan vere vanskeleg å forsone seg med døden. Vi tviheld på livet og vil ikkje sleppe taket i det. Men det er mogleg å tenkje på oss sjølve som ein liten del av ei større historie.

– Har du sjølv forsona deg med at du ein gong skal dø?

– Eg har måtta det, eg, då. På sjukehuset såg eg mange som var livredde for å døy, sjølv dei som var verkeleg gamle. Eg tenkte at dei kanskje ikkje hadde gjort opp for seg, og lufta tanken for ein sjukepleiar som hadde sett det meste. Ho sa at ho ofte trudde at det motsette var tilfelle. At dei følte at omverda hadde gjort dei urett. Eg sa at det kan vel vere begge delar, og det var ho samd i. Det kan vere viktig å setje punktum når tida er inne.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kan vi gå i grava og føle at vi har gjort
pliktene våre?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis