JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Norrønamannen

Han er islending, men har vore busett i Bergen i fleire år. I fjor flytta Bergsveinn Birgisson tilbake til Reykjavík, og no omtalar han seg som «ein landlaus jævel».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bergsveinn Birgisson har suksess med historiske romanar – frå både vikingtida, 1700-talet og vår nære fortid.

Foto: Harald Hognerud

10592
20200228

Bakgrunn

Bergsveinn Birgisson

Islandsk forfattar og doktor i norrøn filologi

Fødd i Reykjavik i 1971

Aktuell med romanen Reisen til livsvannet og teaterstykket Svar på brev frå Helga

Nominert til Nordisk råds litteraturpris

ottar@dagogtid.no

Sist veke kom Bergsveinns roman Reisen til livsvannet på norsk. Han fekk seks på terningen i Dagbladet og mykje ros her i avisa. Samstundes vart boka nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Utgangspunktet for boka er det kraftige vulkanutbrotet sør for Vatnajökull i pinsa 1783. Det varte i nærare eitt år og førte til den største naturkatastrofen i Islands historie. Husdyra døydde, fisket svikta og ein femdel av befolkninga mista livet. Oska frå vulkanen spreidde seg til mange land, og det har vorte hevda at vulkanutbrotet medverka til den franske revolusjonen i 1789.

I romanen vurderer styresmaktene i København om dei skal flytta dei arbeidsføre innbyggjarane til Danmark eller Noreg, men før vedtak vert gjort, vert ein dansk ekspedisjon sendt til Island for å vurdera stoda.

I spissen står opplysningsmannen Magnus Árelius Egede, som dreg til Strandir i Vestfjordane. Han skal gjera landmålingar og laga ein rapport om stoda for islendingane for danskekongen.

– Hovudpersonen har eg snikra saman ut frå forteljingane om dei mange opplysningsmennene som reiste kringom for å kartleggja naturressursar og kulturen og tilstanden til folket. Og ikkje minst: driva med landmåling. Opplysningsmannen Magnus Árelius meiner at ein ikkje skal tru på noko anna enn vitskapen, og han har konklusjonen ferdig på førehand. Men Magnus vert overraska. Han opplever at di lenger nord han kjem på Island, di karrigare vert det, men di betre har folk det. Eg har funne mange brev i statsarkiva og har mange kjelder for at det var slik, fortel Bergsveinn. – I dei stroka der ferdsel med hest var vanskeleg, kunne ein nemleg handla med utanlandske skip.

Før i tida var det vanskeleg å ta seg fram til område som Strandir i Vestfjordane, men på 1500-talet kom baskarane for å fanga kval, og på siste halvdel av 1700-talet var det mange nederlandske fiskeskøyter ved Island.

– På den tida hadde danskekongen monopol på all handel, men oppe i nord kunne ingen kontrollera handelsmonopolet. Hollendarane handla mykje med bygdefolket, som baskarane før, og det vart viktig når folk mangla til og med fiskeutstyr. Dette kjem fram i fleire brev frå 1770-åra, som vart skrivne til den såkalla Fyrste Landskomiteen på Island.

På reisa nordover kjem opplysningsmannen til Strandir, men der vert han teken av ras og skadd av ein isbjørn. Det kjem verk i såra, men i dette aude landskapet finst det korkje kirurg, lege eller apotek. Magnus Árelius ligg for døden, og det einaste som kan hjelpa, er lækjande vatn frå ein heilag, islandsk bekk.

Me møter Bergsveinn i kantina i Nasjonalbiblioteket i Reykjavík, og midt oppi dette skattkammeret av islandsk litteratur slår han fast at han har byrja tvila på eigen identitet som islending.

– Det er eit heilt anna land enn det eg reiste frå i 1990-åra, seier Bergsveinn.

Etter fleire år i Noreg har han ikkje vorte nordmann heller, men han har ikkje teke skade av å bu i to land – og vurderer å kalla seg «norrønamann».

– Det var no ein gong eitt rike, og det er kanskje difor eg likar å minnast den tida då øyane i Nord-Atlanteren var norske eller dansk-norske.

– Kjem du heim, når du kjem til Island?

– Nei, ikkje heilt. Eitt kjenneteikn ved dette samfunnet er at det ikkje er mykje snakk om laust og fast. Ein berre gjer ting. I fjor sommar fortalde den islandske dagsrevyen at det skal etablerast ein militærbase på Keflavik på nytt, og at amerikanarane skal byggja ei stripe for fly med farleg avfall. Men det vart ingen diskusjon, verken før eller etter. Det er eit kjenneteikn ved islendingane. Historia fortel om førti år med motstand mot den amerikanske militærbasen på Island, men brått er det som om motstanden ikkje finst. Noko slikt kunne aldri ha skjedd i Noreg.

– Kva saknar du mest ved Noreg?

– Eg saknar å gå i skogen og tenna bål. Den norske naturen er utruleg flott. Dessutan vert ein betre ivareteken av det norske systemet enn av det islandske. Det såkalla velferdssystemet her i landet har byrja skranta. Du oppdagar det når du vert sjuk. Sjølv om det finst hundrevis av kreftsjuke, er det altfor få kreftlegar. Det er altfor få psykiatrar, og det er for få tilsette på legevakta. Det er stor mangel på folk i viktige jobbar, og difor skrantar systemet. No går dei med lågast løn ut i streik. Det er dei som er lågast i systemet, som slit fælt her i landet. Dei har de greidd å ta vare på i Noreg.

Gjennom besteforeldra møtte Bergsveinn det gamle, islandske bondesamfunnet. På ein gard langt oppe i nord fekk han innblikk i ei livsform som gjekk fleire hundre år tilbake i tid. Om somrane budde Bergsveinn der saman med besteforeldra, og han kom tett på den munnlege forteljartradisjonen.

Men han skjøna at den gamle livsforma ikkje ville vara evig, og no er ho meir eller mindre borte. For å visa kor stor pris han set på den gamle kulturen, skreiv Bergsveinn den vesle boka Svar på brev frå Helga, som også vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. Der handlar det om ein gamal sauebonde frå den islandske utkanten som på sine gamle dagar skriv brev til henne som var den store kjærleiken.

Der oppe på Strandir, meir enn femti mil frå Reykjavík, har Bergsveinn bygd seg eit hus av rekved, og der har han ein plass som han kan trekkja seg tilbake til. Der er der han helst vil vera når han skal skriva skjønnlitterært, og då han budde i Bergen, reiste han dit om somrane.

– Eg gjer som munkane i mellomalderen. Brukar halve dagen til teori og den andre halve dagen til praktisk arbeid. Eg arbeider best når eg får fiska og fanga fugl. Då får eg idear.

Bergsveinn debuterte med ei diktsamling i 1992 og har sidan gjeve ut fleire bøker, men eigentleg er han ekspert på skaldedikting. Han har skrive doktoravhandling på 500 sider om dei eldste skaldedikta i Norden og undervist ved universitetet i Bergen.

Men størst suksess har han hatt med romanane, og sakprosaboka Den svarte vikingen vart nominert til Brageprisen. I fjor turnerte Riksteateret med teaterversjonen Svar på brev frå Helga, der bergensaren Helge Jordal er suveren som nynorsktalande sauebonde. I slutten av april vert stykket sett opp att ved Det Vestnorske Teateret i Bergen.

Bergsveinn står også bak ein roman om vikingen Geirmund Heljarskinn, som kom frå Rogaland, og som vart ein svært rik mann på Island, med mange vakter og trælar. Men det finst fleire nordmenn som har vorte rike på Island. Om lag tusen år etter Geirmund skapte dei norske sildefiskarane eit klondyke på den nordlege delen av Island. Så kom dei norske kvalfangarane og sette i gang med ein omfattande storkvalfangst.

– No etablerer norske fiskeoppdrettarar seg på Island. Kanskje har det norske regelverket for oppdrett vorte så strengt at det løner seg å koma hit. I fleire islandske bygder vert fiskeoppdrett sett på som den einaste sjansen til å skapa nye arbeidsplassar, men det er kontroversielt, og det er eit dilemma om det skal gå med den islandske villaksen som med den norske. Kapitalen treng satsa på nye idear der naturen ikkje må lida.

Bergsveinn meiner at Island framleis er eit ultraamerikansk samfunn, og det er ikkje utan grunn.

– Her i landet har det vore konsensus om å leggja alt ut på den frie marknaden og laissez faire. Ein bitte liten elite har grafsa til seg nesten alt, og i dag er det så gale at middelklassen har store problem med å koma seg inn på bustadmarknaden i Reykjavík. Det betyr at middelklassen held på å forsvinna.

Bergsveinn viser til at etter krigen var det nokre få som fekk forvalta butikkar med amerikanske varer, og dei vart veldig rike. Så kom kvotesystemet i 1980-åra, og i dag eig ei handfull meir enn halvparten av den islandske fiskerikvoten. Og ikkje er det god fordeling med lakseoppdretta heller.

Dei siste åra har Island vakse fram også som «filmland» – både med gode, islandske filmar og som innspelingsstad for store Hollywood-produksjonar. Paramount var snøgge med å sikra seg rettane til Den svarte vikingen, og det var snakk om eit gigantisk prosjekt. Kvar av dei fire sesongane vart kostnadsrekna til mellom 700 og 800 millionar norske kroner.

– Det er vanskeleg så skjøna dimensjonane, slår Bergsveinn fast.

Sidan har produksjonsselskapet Anonymous Content teke over prosjektet, og dei jobbar med det. Meir enn det har ikkje forfattaren fått vita.

Men det vert film av Svar på brev frå Helga, og planen er å byrja innspelinga i sommar.

Då me møtte Bergsveinn, var han i full gang med ei ny bok om ein annan historisk person som ikkje har fått den store plassen i den islandske historia: Tormod Torfæus (1636­–1719) vart fødd på Island, men slo seg ned i Kopervik på Karmøy, og der vart han buande resten av livet. Men i eit dansk vertshus drap han eit menneske i eit slagsmål. Han hevda det var i sjølvforsvar, men vart dømd til døden, før kongen benåda han i siste liten. Etter det drog han tilbake til Karmøy. Der slo han seg til ro som bonde i ti år, men så berga han livet til ei uskuldig kvinne, som vart dømd som heks, og etter det reiste han seg på nytt.

– Torfæus var den første som skreiv heile noregshistoria frå dei eldste tider og fram til 1400-talet. Han var den store stjerna innan sogeforteljinga i samtida heilt fram til 1700-talet, fortel Bergsveinn.

Han omtalar Islands kjende filolog og handskriftsamlar Árni Magnússon som ein «løpargut» for Torfæus, men dei to hadde ei langvarig og interessant brevveksling, og Bergsveinn byggjer store delar av boka på breva.

– Árni var skeptikaren som berre ville laga vitskaplege utgåver og ikkje gjenfortelja noko frå dei eventyrlege fornaldersagaene. Tormod slo fast at skulle han fylgja dette prinsippet, vart det ingen saga om dei eldste tidene, fortel Bergsveinn, som har fått låna kontor på Árni Magnússon-instituttet i Reykjavík.

– Det er alltid interessant å sjå kven som får plass i historia. Her på Island er det ingen som veit kven Torfæus er. For meg er han ein interessant person som vart mobba i ettertida og deretter gløymd. Det har vorte hevda at han ikkje var kritisk og metodisk nok. Den eine forskaren etter den andre slakta arbeidet hans. Eg har prøvd å leva meg inn i Torfæus’ tid og døma han ut frå det.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Di lenger nord på
Island
Magnus kom, di
karrigare vart det, men di betre hadde folk det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis