JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Noregs eldste

Sjølv om kyrkjekunstsamlinga til Universitetsmuseet i Bergen er mellom dei finaste i Europa, er ho relativt ukjend. No er den fyrste utstillingskatalogen lansert, der 100 utvalde meisterverk blir skildra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Norsk relikvieskrin frå Filefjell (mellom 1230 og 1250). Norrøne dragehovud prydar gavlane, taket har relieff med Kristus og apostlane, medan medaljongane under syner scenar frå antikk mytologi.

Foto: Svein Skare / Universitetsmuseet i Bergen

14868
20220812
14868
20220812

Kunst

sjurhabring@gmail.com

Noregs fyrste offentlege kunstmuseum opna i Bergen i 1825. Bergens Museum, i dag Universi­tets­museet i Bergen, blei grunnlagt av vår fyrste stortingspresident og seinare stiftamtmann i Bergen, Wilhelm Frimann Koren Christie (1778–1849). Han blei æra med Noregs fyrste portrettstatue (1868) – den som i dag står framfor det gamle museumsbygget på Nygårdshøyden.

Heilt frå byrjinga konsentrerte samlinga seg om den norske mellomalderens kyrkjekunst, det Christie kalla «Levninger af den catholske Cultus». Dei fyrste museumsvedtektene spesifiserte kva som var meint med dette, nemleg «gamle Altertavler, Crucifixer, Reliquier og Reliquieskriin, Helgenbilleder, Processionsstave, Processionsfaner, Røgelses- og Vievandskar, Döbefunter, Döbebækkener, gamle Liigstene m.m.».

Eineståande

Kyrkjekunstsamlinga, som saman med resten av museet blei overført til det nystifta Universitetet i Bergen i 1946, er eineståande i både norsk og europeisk samanheng, meiner professor Justin Kroesen, som er forskingskurator ved Universitetsmuseet og ein av forfattarane bak Middelalderens kirkekunst. Denne fyrste utstillingskatalogen i bokform, der 100 meisterverk frå samlinga blir presenterte, er no lansert i norsk, tysk og engelsk utgåve.

Dei fleste gjenstandane kom til museet frå bygdekyrkjer på Vestlandet. Men typane, stilane, ikonografien og teknikkane speglar att dei tette banda mellom Vest-Noreg og dei andre landa kring Nordsjøen i mellomalderen. Me ser jamvel påverknad frå Middelhavsregionen og Midtausten, skriv Kroesen og medforfattaren Stephan Kuhn i innleiinga. Som døme referer dei til eit relikvieskrin frå ei stavkyrkje på Filefjell. Det kristne skrinet er dekorert med norrøne drakehovud og scenar frå gresk mytologi.

Ærerik fortid

Kva er grunnen til at nett Bergen har denne rike mellomaldersamlinga? I teksten om museumshistoria, som er skriven av tidlegare direktør for Universitetsmuseet professor Henrik von Achen, blir det peika på at den kulturelle nasjonsbygginga på 1800-talet spelte ei viktig rolle.

Eidsvollsmannen Christie ville få i stand ei samling som fortalde historia om Noregs ærerike fortid, som han meinte kom til uttrykk gjennom eldgamle artefaktar frå små soknekyrkjer langs kysten, inne i fjordane og i avsidesliggjande fjelldalar på Vestlandet. Mellomalderen, særleg tida då Noreg var eit sjølvstendig kongedømme (før unionen med Danmark i 1380), blei sett på som stordomstida. For Christie var høgmellomalderkunsten difor genuint norsk. Dei rikt utskorne stavkyrkjeportalane, som utgjer samlingas eldste del, blei oppfatta som ein arv frå «sagatida». Der kjem nemleg norrøne og kristne motiv saman.

Christie tenkte òg praktisk. Forskarar hadde måtta reisa landet rundt på jakt etter einskildstykke – meir lettvint var det når kunsten var tilgjengeleg på éin stad. Slik kunne forskarane òg sjå fleire kunstverk i samanheng og skjøna utviklinga i kulturhistoria vår.

Flittig biskop

Men korleis klarte ein å få bygdekyrkjene til å gje frå seg arvesylvet og føra det til Bergen? Slikt var ikkje alltid like lett. Ein stridsbror med kyrkjeleg autoritet fann Christie i bergensbiskopen Jacob Neumann (1772–1848). Statsmannen og bispen blei til ein slagkraftig duo: At to slike kapasitetar så tidleg gjekk saman for å bevara kyrkjekunsten, er sjeldan i europeisk samanheng – og det var heilt avgjerande for samlinga i Bergen.

Under visitasane i Bergens stift kunne Neumann (som òg var visedirektør for museet) nemleg krevja å få inspisera alt av kyrkjelege bygningar og eignelutar, enten dei stod i kyrkja eller var stua bort på loftet. Han hadde alltid augo opne for slikt som kunne passa på museet. Christie skildra dette i minneordet han skreiv over venen og kollegaen: «[Neumanns] Visitatstoure var Musæets Høstaand. Aldrig kom han tilbage fra disse uden at nedlægge antiqvariske Skatte i Musæets Samlinger.»

I 1840 opna så den fyrste museumsbygningen i Noreg som var reist spesielt for formålet, i Bergen. I 1870-åra hadde museet heile 50.000 vitjande i året. Medan mange kunstverk i 1878 blei overført til Bergen bys kunstgalleri (der dei danna grunnlaget for det som i dag heiter KODE Kunstmuseer og komponisthjem), blei kyrkjekunstsamlinga og andre samlingar, som dei arkeologiske, verande på museet.

Ny giv fekk kyrkjekunstsamlinga då Bendix Edvard Bendixen (1838–1918) overtok som styreformann i 1890-åra. Ikkje berre heldt han fram innsamlingsarbeidet Christie og Neumann hadde byrja – han fekk mellom anna ei rekkje 1200-talskunstverk frå Røldal stavkyrkje til Bergen (seks av dei er med i katalogen). Han publiserte òg mange vitskaplege artiklar om einskildkunstverka – på tysk, sjølvsagt, som var den tids internasjonale vitskapsspråk. Den nye katalogen reflekterer Bendixens grunnlagsarbeid, for dei fleste objektskildringane referer til han.

Kunstborg

Fyrst i 1927 fekk dei kulturhistoriske samlingane sin eigen bygning, teikna av bergensarkitekten Egill Reimers (han som òg teikna Tinghuset i Bergen). Det er ved kjellarinngangen til dette gule monumentalbygget, som strekkjer seg som ein grensefestning mellom Nygårdshøyden og Møhlenpris, at eg møter Kroesen og kollegaen hans: mellomalderarkeolog Alf Tore Hommedal, som er fyrsteamanuensis ved Universitetsmuseet og forfattar av artikkelen «Kyrkjelandskapet på Vestlandet i mellomalderen» i den nye boka.

Dei to skal føra meg gjennom utstillinga, der dei vil framheva fire kunstverk dei set spesielt pris på: eit skrin, ei tavle, ein skulptur og to snart tusen år gamle stavar.

Det tomme sentrumet

Som nemnt skriv Kroesen i føreordet at samlinga er eineståande i både norsk og internasjonal samanheng. Eg ber han utdjupa dette, medan me går gjennom gulmåla, murpussluktande gangar i kjellaren og opp mot utstillingsarealet i andre høgda.

– Då eg kom til Bergen, skjøna eg straks kor sjeldan det er at ein opplever ei europeisk samling av så høg kvalitet. Mellomalderkunstverka, som er internasjonale i sin karakter, teiknar eit bilete av det som ein gong har funnest i det eg kallar «Europas tomme sentrum». Med dette meiner eg Nord-Frankrike, England og Flandern. Dreg du dit i dag, opplever du fantastiske kyrkjebygg – men ingen skulpturar inne i dei. Alle treskulpturane blei kasta ut etter mellomalderen, særleg i reformasjonstida.

Mest radikalt gjekk det føre seg i England, fortel Kroesen. I mellomalderen fanst der 10.000 kyrkjer, men berre éin einaste skulptur av Maria med Jesusbarnet er overlevert – i miserabel tilstand.

– I Noreg, som hadde over 1200 kyrkjer, har me framleis kring 60 slike madonnaskulpturar. Mange er i særs god stand og med den opphavelege polykromien, altså fargesettinga.

Kroesen meiner samlinga gjev oss eit sjeldsynt bilete av korleis kyrkjene i sentrale deler av Europa var utsmykka før reformasjonen. Rett nok er mesteparten av den mellomalderske kyrkjekunsten her heime også forsvunnen. (Av grunnar som seinare skal nemnast, er det i bygdekyrkjene mesteparten er bevart.) Men om me i Noreg legg til grunn at 2 prosent er teken vare på, er talet for England 0,0001 prosent, og for Frankrike kan hende 0,1 prosent, fortel Kroesen.

– Periferien syner altså kva som har gått tapt i sentrum. Å syna Noreg som del i Europa, dette å sjå Europa frå periferien, er viktig for meg som forskar å få fram.

Kvifor i Noreg?

Der finst fleire grunnar til at såpass mykje kyrkjekunst har overlevd i Noreg. Reformasjonen i 1536 var luthersk (ikkje, til dømes, kalvinistisk) og difor temmeleg tolerant andsynes katolske gjenstandar. Fattigdom spelte også ei konserverande rolle. I byane hadde ein rett nok ofte økonomi til å skifta ut det gamle. Men på bygda – særleg i isolerte fjell- og fjordstrøk på Vestlandet – blei brorparten av kyrkjeinteriøret ståande etter reformasjonen. Det kunne få nye funksjonar, men somme stader blei det beint fram gløymt – og slik bevart.

Det hjelpte sjølvsagt på at Vestlandet var ein fredsæl plett i Europa. Etter slutten på borgarkrigstida i 1240 tok det 700 år før neste krig råka regionen direkte. Og så har me den alt nemnde nasjonsbygginga. Ho kom nemleg i ei heldig tid i historia: Då ein i 1851 lovfeste kravet om at kyrkjene til kvar tid skulle kunna romma ein tredjedel av sokneborna, blei mange små mellomalderkyrkjer rivne. Den gamle utsmykkinga, som blei ståande att utan eigarar, høvde perfekt inn i Christie og Neumanns museale planar om å lyfta fram norsk mellomalderkunst – som vitnemål om stordomstida.

Stavkyrkjefragment

Kroesen og Hommedal skal altså presentera fire kunstverk frå katalogen som dei set spesielt pris på. Hommedal byrjar med det eldste, som står i byrjinga av utstillinga. Ein liten skog av brunsvarte stavkyrkjeportalar reiser seg her i halvmørkeret.

Berre 27 av det som truleg over tid var bortimot 2000 bygde stavkyrkjer (nokre gonger fleire generasjonar kyrkje på same stad) står framleis. Hopperstad stavkyrkje i Vik i Sogn frå 1130-talet er mellom dei bevarte. Men under golvet blei det ved restaureringa i 1880-åra funne fragment av to stavar frå ei endå eldre kyrkje. Årringsdateringa peikar mot 1050-talet, fortel Hommedal.

– Dette må ha vore ei såkalla stolpekyrkje, den fyrste generasjonen norske kyrkjer på 1000-talet, der dei berande konstruksjonsstolpane (stavane) var plasserte rett i jorda. Slik skil ho seg frå dei seinare stavkyrkjene, der stolpane står på sviller som igjen kviler på eit steinfundament.

Stolpefragmenta av furu har utskjeringar i «Urnes-stil», den som har fått namn etter nordportalen til Urnes stavkyrkje i Luster frå kring 1070 og syner ei blanding av dyre- og planteornament. Men stavane frå Vik er altså endå eit godt tiår eldre.

– Ved fyrste augesyn er stavfragmenta kanskje ikkje så imponerande. Men meg fascinerer dei, for dette er noko av det eldste, konkrete me har frå bygningskulturen i norsk kristendom, seier Hommedal.

Relikvieskrin

Ein augestein for Kroesen er det alt nemnde relikvieskrinet frå Filefjell, frå ei stavkyrkje vigd den heilage Thomas Becket, erkebiskopen av Canterbury som blei drepen i 1070. Bygningen blei riven i 1808.

– Skrinet er laga i Noreg mellom 1230 og 1250 og forma som eit hus. Det er av eiketre og kledt med forgylte koparplater med relieff. I gavlane har det dragehovud, som er eit vikingmotiv. På takflatene er Kristus flankert av apostlar, altså eit kristent motiv. Men på langsida av «veggen», i dei tre medaljongane, ser me dyrekampar og ein gut som rir på ei løve. Dette er motiv frå gresk mytologi; det syner eit «dionysostog» av typen me mellom anna kjenner frå antikke myntar.

I mellomalderen blei klassiske tekstar, som den romerske diktaren Ovids Metamorfosar, tolka i kristen kontekst. Den greske vinguden Dionysos (som svarar til den romerske Bacchus) blei gjerne sett i samanheng med Kristus, fortel Kroesen.

– Er det ikkje fantastisk å tenkja på at alt dette fanst på det norske høgfjellet, tusen meter over havet? Relikvieskrinet frå Filefjell speglar att prosessen då Noreg blei eit kristent land og tok inn over seg heile den europeiske tradisjonen.

Alterfrontalar

Det andre kunstverket Kroesen syner fram, stammar òg frå ei tapt stavkyrkje: ein måla alterfrontal frå Ulvik i Hardanger, laga kring 1260. Han er sett saman av tre horisontale furuplankar med ei profilert ramme rundt.

– I mellomalderkyrkjer fungerte slike frontalar som dekorasjon av alterframsida. Malte frontalar av tre fanst i heile Europa i høgmellomalderen, men konsentrasjonar av gjenstandstypen er berre bevarte i Noreg og i Catalonia, altså i periferien. I Storbritannia og Nederland, til dømes, er alle borte. I Bergen har me 19 stykk, noko som gjer dette til den største samlinga etter Barcelona. Men våre frontalar er langt mindre restaurerte – det me ser, er the real thing, seier Kroesen stolt.

Ulvik-frontalen er den eldste. I midtdelen tronar Kristus som tidlaus himmelkonge, med høgrehanda heva i ein velsigningsgest. Han blir flankert av dei tolv apostlane, som står under kvar sin boge med søyler langs sidene.

– Eg likar dei livfulle positurane deira, korleis dei så ivrig samtalar med kvarandre og gestikulerer. Somme stader trer ein fot ut over den måla ramma. Dette skaper djupn i biletet, fortel Kroesen.

Madonna

Hommedal seier det ikkje rett ut. Men det er lett å skjøna kva som er hans favoritt her på huset: Hove-madonnaa, som høyrer til dei ypparste mellomalderskulpturane i Noreg. Også denne er frå Vik i Sogn – ikkje frå stavkyrkja, men frå Hove kyrkje ein dryg kilometer unna. Denne fyrste steinkyrkja i Sogn kan ha stått ferdig rett før 1200. Vel éin generasjon seinare, truleg i tiåra fram mot 1250, blei Hove-madonnaa skaffa til kyrkja.

Eikeskulpturen av Maria med Jesusbarnet er mest heilt dekt av bladgull. På innsida av kappa hennar er hermelin imitert med blå og kvit farge. Barnet er spesielt inntakande; det vil liksom ikkje sitja stille, men sprellar på kneet til Maria. I hovudet hennar finst elles eit lite gøyme, tre centimeter i diameter, med ein relikvie.

– Hove-madonnaa er del av eit helgenskap, som er ei form for altertavle i skulpturform. Ryggstykket har framleis jernhengsler etter flankerande, ledda fløydører som kunne lukkast rundt Maria og barnet, til dømes i fastetida. Dørene, som no er tapte, hadde forgylte relieff av dei tolv apostlane på innsida.

Truleg stod dette svært så katolske Maria-skåpet på høgalteret i Hove-kyrkja heilt fram til 1680-åra, fortel Hommedal.

– Den tronande himmeldronninga Maria kan synast å vera sentrum i framstillinga. Men det er ho ikkje. Maria er sjølv ein tronstol for den viktigaste figuren, nemleg Kristus, himmelkongen.

Attende i Vik

Utføringa kan tyda på at Hove-madonnaa ikkje blei laga i Noreg, men i området kring Den engelske kanalen (Nord-Frankrike, Flandern eller Sør-England). Til Bergens museum kom skulpturen kring 1840. Men han har òg ei heilt ny historie.

Mellom 2017 og 2020 blei Hove-madonnaa gjenskapt som heilt ny skulptur, forma slik originalen kan ha sett ut som ny på 1200-talet. Med utgangspunkt i 3D-skanning av originalen kunne ein ny skulptur skjerast ut or ein eikestokk frå Vestfold, for så å blir forgylt og fargesett – alt for hand, sjølvsagt. I prosessen blei også dei skadane originalen har, utbetra, og delar som manglar, blei erstatta – alt tufta på kunsthistoriske vurderingar. Fram til mai i år stod den gjenskapte madonnaa ved Universitetsmuseet som del av ei utstilling der gjenskapingsprosessen blei fortald. Men etter ein Mariafest i Vik i Sogn i mai i år tronar himmeldronninga på høgalteret i Hove kyrkje – nett der originalen stod i over fire hundre år.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Relikvieskrinet frå Filefjell syner korleis Noreg tok inn over seg heile den europeiske tradisjonen.

Professor og forskingskurator Justin Kroesen

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis