Namnet skjemmer (nesten) ingen
Arne Garborg og Ivar Mortensson-Egnund sette spor i stadnamnhistoria etter ein venskapeleg krangel.
Korleis blir stadnamn til? Du kan tenkje deg sjølv. Om eit menneske i nabolaget ditt har gjort noko oppsiktsvekkjande, lat oss seie sett ein sjølvstrikka genser på ein katt vinterstid, blir naboen kanskje heitande «strikkakatten» på folkemunne. Seinare dør denne naboen, men førestellinga og namnet sit fast, så bakken opp til huset blir heitande Strikkakattbakken all si tid. I etterkant verkar det rart, men det er no det han heiter. Det er norsk namneskikk.
I den nyleg utgitte boka Frå Mumletjønn til Gnuldrehei av Gøril Grov Sørdal, som har samla rare, norske stadnamn, kan vi lese om stader som Der bikkja beit mannen, Armknekkermyra, Per Halvor-rompa og Vaksinen. Namna følger – kan ein tenke seg – same skapingslogikk som Strikkakattbakken (som etter det eg veit, berre eksisterer i hovudet mitt).
Tronfjell, som ligg rett sør for hytta på Bratthø, har ikkje namn etter noko som tronar, som ein skulle tru, sjølv om det ragar 1666 meter over havet og breier seg i landskapet. Nei, namnet kjem av det gammalnorske ordet for galterygg, throndr, fordi det har forma til ein griserygg.
Det var bladmann, teolog, gardbrukar og forfattar Ivar Mortensson-Egnund som skaffa Arne Garborg staden ved Savalen, Kolbotn. Egnund var sjølv frå traktene og hadde både heimegard, seter og hytte i området. Dei to starta opp avisa Fedraheimen, som ei tid hadde sete på Tynset. Rett nok snakka dei med kvarandre i kvardagen, men vel så mykje i avisa. Det var fram og tilbake med spit og personlege helsingar, mellom politiske diskusjonar og lokal- og målstoff.
I dag står det på kartet at Garborgs stad ved Savalen heiter Kolbotn, og Egnunds stad, ved same innsjø, heiter Nordpolen. Her er opphavet til namnefestinga, henta frå Kolbotnbrev; diskusjonen gjekk opphavleg føre seg i avisa:
Min gode vén Ivar Mortensson hev funni på at stogo mi skal heite Kolbotnen. Han hev tilmed sett dette namnet i «Fedraheimen», so no trur folk at stogo heiter so. Men det skal bli lygn det, ser du. Sætri mi er ingin kolbotn. Ho ligg ved Garvika, upp-i Garvik-lia, innunder Garvikåsen; og aldri kjem det anna namn på ho enn Garviksætri, so lenge eg liver.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.