Namnet skjemmer (nesten) ingen
Arne Garborg og Ivar Mortensson-Egnund sette spor i stadnamnhistoria etter ein venskapeleg krangel.
Bratthøbrev
Ein serie stasjonære reisebrev tufta på tradisjonen etter Arne Garborgs Kolbotnbrev, Aksel Sandemoses Brev fra Kjørkelvik og Arild Nyquists Kollvikabrev. Bratthø ligg på ein stad der ein ser halve Noreg, men ikkje teikn til sivilisasjon.

Korleis blir stadnamn til? Du kan tenkje deg sjølv. Om eit menneske i nabolaget ditt har gjort noko oppsiktsvekkjande, lat oss seie sett ein sjølvstrikka genser på ein katt vinterstid, blir naboen kanskje heitande «strikkakatten» på folkemunne. Seinare dør denne naboen, men førestellinga og namnet sit fast, så bakken opp til huset blir heitande Strikkakattbakken all si tid. I etterkant verkar det rart, men det er no det han heiter. Det er norsk namneskikk.
I den nyleg utgitte boka Frå Mumletjønn til Gnuldrehei av Gøril Grov Sørdal, som har samla rare, norske stadnamn, kan vi lese om stader som Der bikkja beit mannen, Armknekkermyra, Per Halvor-rompa og Vaksinen. Namna følger – kan ein tenke seg – same skapingslogikk som Strikkakattbakken (som etter det eg veit, berre eksisterer i hovudet mitt).
Tronfjell, som ligg rett sør for hytta på Bratthø, har ikkje namn etter noko som tronar, som ein skulle tru, sjølv om det ragar 1666 meter over havet og breier seg i landskapet. Nei, namnet kjem av det gammalnorske ordet for galterygg, throndr, fordi det har forma til ein griserygg.
Det var bladmann, teolog, gardbrukar og forfattar Ivar Mortensson-Egnund som skaffa Arne Garborg staden ved Savalen, Kolbotn. Egnund var sjølv frå traktene og hadde både heimegard, seter og hytte i området. Dei to starta opp avisa Fedraheimen, som ei tid hadde sete på Tynset. Rett nok snakka dei med kvarandre i kvardagen, men vel så mykje i avisa. Det var fram og tilbake med spit og personlege helsingar, mellom politiske diskusjonar og lokal- og målstoff.
I dag står det på kartet at Garborgs stad ved Savalen heiter Kolbotn, og Egnunds stad, ved same innsjø, heiter Nordpolen. Her er opphavet til namnefestinga, henta frå Kolbotnbrev; diskusjonen gjekk opphavleg føre seg i avisa:
Min gode vén Ivar Mortensson hev funni på at stogo mi skal heite Kolbotnen. Han hev tilmed sett dette namnet i «Fedraheimen», so no trur folk at stogo heiter so. Men det skal bli lygn det, ser du. Sætri mi er ingin kolbotn. Ho ligg ved Garvika, upp-i Garvik-lia, innunder Garvikåsen; og aldri kjem det anna namn på ho enn Garviksætri, so lenge eg liver.
Egnund argumenterte med at stova faktisk låg på ein gamal kolbotn. Det var ikkje verre. Men avisas makt er større enn Garborg si, for sidan heitte det ikkje Garviksætri. Det heiter ikkje Garviksæterbrev, men Kolbotnbrev. Garborg måtte gje tapt, det syner sitatet der Garborg slit med å halde namnet fast sjølv:
Men alt dette som ligg halvringen frå nordvest til nordaust kann eg ikkje sjå her frå Kolb… frå Garvika.
Hemnen er søt likevel. Garborg og kameratane fekk kalla stova til Egnund etter det han var: kald.
Her eine kvelden var han [Ivar Mortensson-Egnund] hit-hjå meg; og me sat fleire saman. Han Ivar baud då ut ein premi til den, som kunde finne på eit godt namn åt sætri hans. Då sa gamle Ola Svarthugu, at han meinte sætri kunde heite Nordpolen. Det lika han Ivar ikkje. Men me andre lo; og eg er stygt rædd for at stogo hans Ivar vert heitande Nordpolen etter denne dag. Dermed vert han sjølv heitande Ivar Nordpolen, eller på østerdalsk med dativ: Ivar Nordpola.
I dag står altså begge desse namna på kartet, for oss som går rundt her i landskapet. Vi er blitt vane med Kolbotn, sjølv om vi mest tenker på det som eit stadnamn i Oppegård. Vi stussar endå meir over Nordpolen. Men det står jo på kartet, så det heiter så. Kor mange andre namn er det ikkje som er komne til på same viset? Sjå deg rundt.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»