Essay
Mitt eige rom
Kva har eit eige rom med skapande kvinner å gjera?
Teikning: May Linn Clement
–Ha ein fin dag! ropar eg, smeller att ytterdøra og skundar meg inn på kjøkenet, der eg vinkar til gutane frå vindauget idet dei spring ned til skuleskyssen. Frå denne augneblinken er eg åleine i huset i nesten åtte timar. Arbeidsdagen kan byrja, og det fyrste eg gjer, er å setje på ein klesvask. Så går eg til skrivebordet, der eg fyller timane med teikningar og tekstar. Dette huset er vorte mitt eige rom.
Kva treng eg for å kunna leva av å teikna og skriva? Eg treng ein stad eg kan vera kreativ og produktiv, og eg treng nokon som betalar meg for det. Slik tener eg pengar til portemoneen min, som Virginia Woolf skriv om i det lange essayet A Room of One’s Own frå 1929.
«Den som har setlar i portemoneen og evnar å produsera fleire, kan seia: Eg treng ikkje hata nokon mann, han kan ikkje gjera meg noko. Eg treng heller ikkje smigra nokon mann, han har ingenting å gje meg.» (Mi omsetjing.)
Så her sit eg, frigjord frå den historiske maktubalansen.
Det har ikkje alltid vore så romsleg og fritt, ikkje her i huset heller. Du skal ikkje så langt tilbake i tid før det var trongt her. Altfor mange familiemedlemmar var pressa inn mellom desse veggane, og alltid gjekk nokon i trappene. På 70-talet, medan dei bygde huset dei no bur i på nabotomta, flytta onkel Norvald, tante Solveig og babyen deira inn i andre etasjen. Soverommet mitt var stova deira. På eit bilete feirar dei eittårsdagen til kusina mi, Trine. Heile familien er stua inn på det som i dag er mannen min si side av senga.
Det var på denne tida mor mi flytta heimanfrå. Ho fekk på sett og vis eit eige rom etter kvart, ho òg, i rammeverkstaden i kjellaren i Norheimsund. For ikkje lenge sidan delte ho eit bilete av seg sjølv på Facebook der ho står framføre veggen med lister, rammekuttar og varmepumpe, under tittelen Min plass. Ho er 72 år no, og viser støtt glede over verkstaden ho har drive i over 30 år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.