– Meir merkverdig at folk klarar seg, enn at dei går til grunne

Tre gonger søkte ho opptak på Teaterhøgskulen, tre gonger blei ho avvist. Tre gonger søkte ho opptak på Skrivekunstakademiet i Hordaland, tre gonger blei ho avvist. I dag er Nordisk råds litteraturpris-nominerte Roskva Koritzinsky glad for at dei ikkje ville ha henne.

Roskva Koritzinsky har gjeve ut ein roman og to novellesamlingar. No er ho nominert til Nordisk råds litteraturpris saman med Carl Frode Tiller.
Roskva Koritzinsky har gjeve ut ein roman og to novellesamlingar. No er ho nominert til Nordisk råds litteraturpris saman med Carl Frode Tiller.
Publisert

Litterært har karrieren vore ein parademarsj. Det første manuset ho sende til eit forlag, låg føre i bokhandlane åtte–ni månader seinare. Inga avvising der. Novellesamlinga Her inne et sted (2013) hamna i finaleheatet til Tarjei Vesaas’ debutantpris. Romanen Flammen og mørket (2015) hausta likeins gode kritikkar, og novellesamlinga Jeg har ennå ikke sett verden har altså gitt 28-åringen nominasjon til Nordisk råds litteraturpris. Berre Edvard Hoem var yngre då han blei nominert i 1975.

No er Roskva Koritzinsky i full gang med vidare skriving, for skrive har ho gjort sidan ho var ti år, ved dei tider ho bestemte seg for å bli skodespelar og forfattar. Dei tre bøkene hennar har komme ut med to års mellomrom, men skriveprosessen har funne eit mønster ho ikkje likar.

– Eg brukar som regel eitt år på å skrive noko eg så forkastar. Deretter tek arbeidet til med det eg kjenner kan bli bok. Slik har det vore med alle dei tre bøkene mine. Det er slitsamt å arbeide på det viset, sitje og vente på at forløysinga skal komme.

Namnet til denne forfattaren frå Fredrikstad, no busett i Oslo, er ein kombinasjon av norrøn mytologi og polsk namngiving. Ho kan vise til ein oldefar med polske foreldre, men forklaringa på førenamnet er litt usikker. Roskva og den meir kjende Tjalve var søsken i norrøn mytologi, hjelparar for guden Tor. At foreldra gav henne namnet Roskva, trur ho heng saman med at mormor hennar jobba i NRK med dramatisering av norrøn gudelære på den tida jentungen skulle ut i livet.

Etter to nei frå Skrive-kunstakademiet gjekk Roskva Koritzinsky laus på ein bachelor i sosialantropologi med fordjuping i psykologi. Så var planen å ta ein master i medisinsk antropologi i London. Men då var ho alt i gang med det som skulle bli debutsamlinga. Difor søkte ho om utsetjing, flytta inn hjå farmora, fekk seg ein deltidsjobb og skreiv. Det har ho halde på med sidan.

– Påverka avslaga frå Skrivekunstakademiet forfattarambisjonane dine på noko vis?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement