Med livberging som hobby

Av dei 59 skøytene Redningsselskapet har i flåten sin, er 29 drivne av frivillige.

Båtførar Håkon André Hatlem gjer Simrad Buholmen klar til å plukke opp personar i sjøen.
Båtførar Håkon André Hatlem gjer Simrad Buholmen klar til å plukke opp personar i sjøen.
Publisert

Det er i øvingar ein vert nervøs. – Når det er alvor, er det liksom ikkje tid til slikt, seier båtførar på redningsskøyta «Simrad Buholmen», Håkon André Hatlem.

Han set seg i førarsetet og fyrer i gong vassjetane. Han er altså litt nervøs, og det er kanskje forståeleg.

For sjølv om personane han og mannskapet hans skal ut og plukke opp frå hamnebassenget utanfor Måløy, ikkje er i verkeleg naud, er dei heller ikkje kven som helst. Tvert om er dei to ordførarar og ein president, og slike folk dreg gjerne med seg ein liten gjeng tilskodarar. Det er havfiskefestival, og på programmet står ei redningsøving med SeaKing-helikopter og to redningsskøyter.

Ei av skøytene er store, tøffe «Halfdan Grieg». 67-fotaren har i løpet av karrieren berga 16 liv og 1688 fartøy, og har heilprofesjonelt mannskap som mellom anna inkluderer ein maskinist med det høgaste sertifikatet som finst.

Men eg vil heller henge med veslesyster denne dagen. Sjølv om ho ikkje har berga noko liv så langt i år, meiner eg ho og mannskapet hennar er minst like tøffe. Dei bergar nemleg liv på fritida, utan å krevje betaling.

Av dei 59 skøytene Redningsselskapet har i flåten sin, er 29 drivne av frivillige. På denne eine, «Buholmen», er mannskapskravet tre personar: ein båtførar, ein bestmann og ein matros. Kvar veke sit altså tre menneske stand by, klarr til å rykke ut på ein halvtimes varsel når som helst på døgnet, utan å få noko anna att for det enn dekte, faktiske utgifter, for at folk på sjøen utanfor Måløy skal få hjelp om dei treng det. Om ingen melder seg til å ta vakter, kjem ikkje skøyta frå kai. Det kan somme tider vere ei utfordring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement