Kultur
Med bygdesketsjar til hovudstaden
Etter lang tids venting kan folk i Oslo endeleg stå i Tønes-kø att, og le seg skakke av ein ny sketsj han skreiv for to år sidan.
– Under nedstenginga har eg øvd meg på fingerspel for å halda demonane unna, fortel Tønes på Deichmanske bibliotek i Oslo etter at han har halde konsert i hovudstaden med songar han spelte inn før pandemien nådde Noreg.
Alle foto: Håvard Rem
Her me sit ein måndag føremiddag på nye Deichmanske bibliotek i Bjørvika i Oslo, med utsyn mot Operahuset og Munchmuseet, er me langt frå Haua, det lokale kjælenamnet på Hauge i Dalane i Sokndal kommune, heimstaden til Frank Tønnesen, kjend som Tønes, ein stad med eit par tusen innbyggjarar, ein stad mellom Flekkefjord i Agder og Egersund i Rogaland.
Bygderevyen
I fleire år har eg før jol reist ei helg til Haua for å gå på den lokale bygderevyen, med sørvestlandsk jolebord og overnatting i eit av småhusa til Sogndalstrand kulturhotell i eit Skomakargate-idyllisk smug. Strandstaden er gamal og visetradisjonen sterk. Då musikkens Ivar Aasen, Ludvig M. Lindemann (1812–87), fór kring i landet og samla inn visetekstar og -melodiar, gjorde han gode funn i Sokndal, der Henriette Scheldrup (1818–84) forsynte han med materiale til «12 Viser fra Soggendahl i Christiansands Stift». Som vise- og revydiktar står Tønes i ein lokal tradisjon der dialekten har vore viktig, for Scheldrup som for han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.