JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Budsjettboksen

Det er heilt opp til deg å jazze opp denne takknemlege råvara.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Traust kjenning kan overraske stort.

Traust kjenning kan overraske stort.

Foto: Dagfinn Nordbø

Traust kjenning kan overraske stort.

Traust kjenning kan overraske stort.

Foto: Dagfinn Nordbø

4118
20240223
4118
20240223

Det finst ikkje mykje som er betre enn fersk tunfisk. Han skal skjerast i tjukke skiver, saltast og peprast og dekkjast med sesamfrø før ei kort gjestevitjing i varm, tørr steikepanne.

Skivene held du i handa for å bråsteikje dei på kortsidene, før du gir fisken maksimum eit halvt minutt på kvar side – han skal for all del ikkje oversteikjast.

Eg hugsar då eg skulle ha ein namngjeten restauratør på middag, og prestasjonsangsten min gjorde at eg slo på stortromma i den beste fiskedisken i byen. Tunfisken kosta tusen kroner kiloen. Men sidan vi var berre to til bords, vart det ikkje så gale likevel.

Restauratøren hadde tatt med nokre iskalde og velsigna flasker av kvitvinen Albariño frå sin eigen djupe vinkjellar. Den fungerte himmelsk saman med tunfisken. Då me kom fram til armagnacen eg hadde fått til jul, la me planar om dei villaste ting, og nokre av dei sette me òg ut i livet. Maten og vinen hadde gitt oss både mot og vengjer.

Andre dagar vil me no for tida helst ha mat som er vesentleg meir skånsam mot budsjettet – og det er her den trufaste tunfiskboksen kjem inn. Den dei fleste har ståande i kammerset, men gløymer fordi han visstnok er litt kjedeleg. Men hei, kjedeleg kan du sjølv vere. Det er heilt opp til deg å jazze opp denne takknemlege råvara.

Eg hugsar framleis tilbake til ungdomstida då ein kjærast laga tunfisksalat til meg. Heime voks eg opp med ganske så røff vestlandsk bondekost, som eg framleis elskar høgt, men eg hadde aldri smakt noko så eksotisk.

Sidan har eg alltid sett stor pris på tunfisksalat, ikkje minst salade niçoise, som eg har skrive om i denne spalta før. Den minner meg framleis om ungdom og kjærleik.

«Den minner meg framleis om ungdom og kjærleik.»

Nyleg kom eg over fleire oppskrifter på fiskekaker av hermetisk tunfisk, og det har eg aldri prøvd før. Etter ein del testing til og frå kom eg fram til denne:

Tøm olja frå to boksar tunfisk i eit dørslag. Skrell, del opp og kok ein stor potet møyr. Mos han med ein gaffel og legg han i ein stor bolle. Så har du i tunfisken, ei skei dijonsennep, to finhakka sjalottlauk, litt brødrasp, eit egg, ei teskei provencekrydder og ei med kvitlaukspulver, salt og pepar.

Så kjem vi til det som eventuelt vil gi litt meir frijazz i flettene: Eg slengde i nokre gode dosar heit saus av typen cholula. Sriracha går òg fint. Har du ikkje heite sausar, bruk cayennepepar eller chiliflak etter smak. Bland alt grundig og sjå til at røra heng godt saman, viss ikkje har du i eit ekstra egg.

Kakene steikjer du tre minutt på kvar side i ei panne med olje, eller i steikeomnen. Desse fiskekakene kan du servere til dømes med ein enkel tomatsalat med lime og fersk koriander, og majones du har sprita opp med litt peparrot, sitronskal, kapers, mynte eller andre godsaker du likar.

Gratulerer, no har du laga fin lunsj eller middag for godt under ein hundrelapp! Livet er herleg.

Det finst fleire variantar, og vi er framleis i det rimelege segmentet. Sjølv er eg glad i Nigella Lawsons pastaoppskrift med tunfisk, og det trur eg du òg kan bli. Hell olja av ein 200 grams boks, bruk så ein gaffel og bland fiskekjøtet godt saman med safta og skalet av ein sitron pluss eit mosa fedd kvitlauk. Ha i tre hakka stilkar vårlauk og krydre med flaksalt og chilipulver etter smak. Mens du framleis slår blandinga saman med gaffelen, har du i ei god skei jomfruolje.

Kok så 200 gram spagetti og ta vare på litt av det salta pastavatnet. Bland spagettien saman med tunfiskrøra og spe med litt pastavatn for å få ein krema konsistens. Til slutt vender du varsamt inn ei handfull ruccola, som gir ein nøttete og god smak.

Fordel blandinga i to bollar, og så kan du og ein annan ha romantisk middag, om det høver seg. No har vel Disneys Lady og Landstrykaren fått folk over heile verda til å tru at romantisk pastamiddag alltid må vere spagetti med kjøtbollar, men slik er det ikkje. Det er du som må stå for romantikken, og sjå ikkje bort frå at den kan finnast i ein audmjuk boks.

Dagfinn Nordbø er tekst­­-
forfattar og satirikar.

post@nordbo.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis