Masta reiser seg att
Det fins noko som heiter høveleg store utfordringar. Ofte er det det same som at noko akkurat går om ein gjev alt ein har.
Nylimt: Masta er nyleg skøytt. Salo van de Vooren (t.h.) og Asle Espeseth strammar opp beslaga.
Kva er det einaste som er sikkert i eit byggeprosjekt?
Jau, at noko ikkje kjem til å gå etter planen. Difor trippar vi litt der vi står i vertshallen og plukkar på den todelte stormasta og grovdreia mastetoppen vår. Det er 4. mai, og vi ventar på Salo van de Vooren, handverkaren og riggingeniøren som skal sy (eller meir nøyaktig høvle og lime) det heile saman.
Om tolv dagar, 16. mai kl. 14, kastar vi loss for Lerwick, Shetland. Etter planen skal nyskøytt mast stå i kjølen 10. mai. Det gjev oss fire heile dagar på å få alt av rigg og segl på plass. Det skal gå akkurat, men så mange forseinkingar har vi altså ikkje tid til.
Likevel høyrer vi allereie den fyrste utfordringa tromme mot taket. Det regnar. Ikkje noko nytt i Florø, men likevel problematisk: Vi skal sette ein heilt ny topp på masta. Skøytinga skal gå diagonalt i ei lengde på om lag tre meter, og vil til slutt verte halden fast av tre jarnbeslag som allereie har sin funksjon i riggen (jager-, klyver- og piggfallbeslag), men det held sjølvsagt ikkje aleine. Det må lim til. Epoksylim. Og epoksy må ha det tørt og varmt for å feste skikkeleg. Kor tørt er det mogleg å få det i ein hall som òg inkluderer ei dokk?
Vel, den tid, den sorg. Fyrst skal emna tilpassast. Dei to skøytane må høvlast til slik at dei ligg heilt inntil kvarandre på heile flatene. Så må vi lage ein jigg som held delane stødig på plass medan limet tørkar: Herdetida er eitt døgn i minimum 20 grader. Etter det skal den nye mastetoppen høvlast og formast til – før masta skal oljast, beslag og rigg hengast på og heile opplegget heisast på plass i skuta som ved den tid vil ligge i dokka.
Salo van de Vooren skal gjere hovudarbeidet med masta, eg og Asle Espeseth frå veneforeninga har tatt oss fri for å hjelpe til på fulltid, og fleire andre vil bidra med det dei har tid og høve til. Stemninga er spent og god i det Salo går i gang med å sage til emna – og nærast med ein gong finn meir ròte og fukt i den gamle mastebiten: Vi trudde vi hadde grave ut det som var, men det hadde vi visst ikkje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.