Livet er skummelt, men det går likevel

Det Kjersti Annesdatter Skomsvold kjenner at ho treng skrive om, er ting som rører djupt ved henne. Der er ho i sin nye roman, Barnet, som blir lansert i dag.

– Aldri kjenner eg større ro enn når eg skriv – sjølv om eg skriv om uro eller otte, seier Kjersti Annesdatter Skomsvold.
– Aldri kjenner eg større ro enn når eg skriv – sjølv om eg skriv om uro eller otte, seier Kjersti Annesdatter Skomsvold.
Publisert

–Går eg djupt nok i meg sjølv, trur eg det eg skriv vedkjem andre, òg. Det må finnast ein sterk kjenslemessig nærleik i teksten frå forfattarens side, då kan teksten bli universell. Då eg merka at boka tok til å bli ferdig, var det som å lese noko ein annan hadde skrive, men som eg likevel kjenner meg igjen i. Dette er ein roman og ingen sjølvbiografi.

38-åringen har sett til verda to ungar i løpet av halvtanna år, og på eit vis vender boka seg til den yngste av dei. Mora lurte seg til å skrive litt kvar dag mens ungane sov, det blei eit arbeidsmønster for ei som kjenner seg betre når ho får skrive.

– Eg tenkjer at arbeidsvilkåra viser igjen i teksten, gjennom korte scener, og stadige tankesprang, seier ho. Når barna vakna, var arbeidsdagen over.

Lenge låg manus føre berre som lause fragment, først då det andre barnet blei født følte Skomsvold at ho fann strukturen som gjorde det til ein roman.

– Det var berre eg og dottera mi der heime i leilegheita eller på trilletur, så eg snakka med henne, og slik fekk romanen si form.

I Barnet kjem forfattaren tett på livet, enten det gjeld svangerskap, fødsel, samliv og ansvar for eit par små sjeler, eller skriving og kjærleik. Svært mykje får ho plass til på godt og vel 120 sider. Om fødselen skriv ho så han også blir ei fysisk påminning om døden: «å bære frem et barn er å forfalle, skjelettet ramler fra hverandre, bekkenet løsner, kroppen revner, det er å bli minnet om at jeg skal smuldre opp og bli til jord, det er å fremskynde prosessen.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement