Leonardo i Vinci
Førebuing til ei 500-årsmarkering.
15. april-feiring i Vinci, ikkje ulik 17. mai-feiringa i Noreg.
Foto: Arid Pedersen
Som mange, men ikkje Dan Brown, har skjøna, er «da Vinci» ikkje etternamnet til Leonardo, men ei opplysing om at han kom frå den toskanske landsbyen Vinci ikkje langt sørvest for Firenze. Browns røvarroman skulle difor heller hatt tittelen «Leonardo-koden».
I Vinci er det enno mindre nokon hemmeleg kode å finna enn i nattverdsbiletet til Leonardo, der Brown lar fantasien få frie taumar. Byen var og er i seg sjølv heilt vanleg og lite å sjå til. Men han ligg høgt og har mykje å sjå frå. Enklaste måten å koma til han på er å ta tog i 20 minutt frå Firenze i retning Pisa, og så gå av i Empoli, ein spesielt lite både inn- og utsjåande by, som einast, med ei byste, kan skryta av at Ferruccio Busoni, komponist og klavervirtuos, vart fødd der. Derifrå er det berre ein kort buss- eller taxitur til Vinci.
Men Vinci er ei reise verd av di det altså var her Leonardo vart fødd og voks opp i huset til faren og bestefaren og onkelen, før han 14 år gamal kom til Firenze og byrja i lære hos Verrocchio, der han fekk lov til å måla vengen på ein engel i eit bilete meisteren heldt på med. Det gjorde han så godt at Verrocchio aldri meir målte, men konsentrerte seg om skulpturar.
Vi kom til Vinci den 15. april, på fødselsdagen til Leonardo, på 566-årsdagen, i strålande primaveravêr. Ein spesielt god dag å koma dit, for dagen vert feira slik vi feirar Grunnlova 17. mai: med flagg, leikar for barn, marknadsbuer for vaksne, menn og kvinner utkledde i historiske klede frå slutten av 1400-talet, og ikkje minst eit typisk italiensk gutemusikkorps, rett nok der dei fleste er over 60 år. I tillegg er dagen markert med eit Leonardo-kjempehovud som ser ut som det er laga av pappmasje. Eigentleg passande, ettersom Leonardo, noko få er klår over, det meste av tida si laga nettopp pappmasjedekorasjonar og arrangerte slike opptog og feiringar for den fyrste arbeidsgjevaren sin, Ludovico il Moro, i Milano, som han no sjølv var midtpunktet for.
På ei høgd midt i Vinci ligg kyrkja med døypefonten der Leonardo vart døypt, ein suvenirbutikk og ikkje minst eit ikkje heilt imponerande Leonardo-museum. Men det beste er utsynet til det omkringliggjande toskanske kulturlandskapet, lite forandra sidan Leonardos tid, med olivenlundar, vinmarker – ei av dei ein gong tilhøyrande Leonardo – og ikkje minst dekorative sypressar og store furutre planta kring gardshusa. (Norske bønder burde fått krav om tilsvarande planting.)
Men det er ikkje berre idyll i Vinci. I fjor haust publiserte den fremste nolevande Leonardo-forskaren Martin Kemp, saman med Giuseppe Pallanti, ei bok om «Mona Lisa», der han legg fram resultat som er trugande for turistindustrien i området. Ein kan tenkja seg oppstusset, særleg for turistsjefen i Betlehem, om nokon var i stand til å leggja fram gode prov for at Jesu mor ikkje kunne ha gjeve fødsel til Jesus der, men måtta ha halde seg i Nasaret. Tilsvarande har Kemp no, gjennom arkivforsking, meint å kunne prova mykje nytt om Leonardos mor, Caterina, og kor Leonardo vart fødd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.