Kunst
«Til deg, du Hei og bleike Myr»
Kitty Kielland – fri luft er ei stor utstilling av Kitty Kiellands kunst, der særleg «Torvmyr»-bileta er interessante.
Kitty Kielland: «Torvmyr», 1895, 107 x 82 cm, olje på lerret.
Vi får vona at det ikkje vert nokon politisk hestehandel i den nye regionen «Vestfold og Telemark» som gjer at eit av Noregs flottaste kunstmuseum, Haugar i Tønsberg, vert fråflytta og erstatta med noko som liknar på parkeringshus eller landsfengsel, slik det gjekk med Nasjonalgalleriet i Oslo.
Men ein kan ikkje vera trygg, så det er lurt å vitja Haugar-museet medan det enno er der: Særleg no og fram til 15. september, då det vert vist ei spesielt flott utstilling med meir enn 100 av målarstykka til Kitty Kielland, saman med nokre av bileta til samtidige inspiratorar og vener: Lars Hertervig, Hans Gude, Eilif Petersen og Harriet Backer. Der kan ein dessutan skaffa seg ei stor og flott katalogbok.
Gullalder
Kitty (eigentleg Christiane) Kielland, syster av Alexander, vart fødd i 1843 i Stavanger og døydde i Kristiania i 1914. Ifølgje broren fekk ho lov av faren til å utdanna seg til målar av di ho var så stygg at det var lita von om ekteskap.
Men som Kielland-dotter trong ho heller ikkje å tenkja på pengar; ho kunne reisa ut og få utdanning i Tyskland og Frankrike, der ho var heldig med lærarar, vener og kollegaer, og ikkje minst med perioden ho var fødd inn i. For dette var den verkelege gullalderen i norsk kultur og kunst, inspirert av nasjonalromantikk og frigjeringsstrev under svenskane, og hjelpt av eit lite miljø der alle kjende og lærte av alle.
Først vart ho inspirert av bileta til Lars Hertervig, som familien hennar hjelpte økonomisk, slik at han kom seg til Tyskland. Ho byrja med å måla kopiar av bileta hans.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.