JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

17856
20240913
17856
20240913

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

redaksjonen@dagogtid.no

Jerusalem, desember 2022: Første gong eg trefte på skulpturen «The Mother», var før jul i 2022, i The Israel Museum. Eg var på kurs i palestinsk arabisk i hamnebyen Jaffa. Sabbaten 3. desember var fridag som alle andre laurdagar i området, så eg drog til Jerusalem. Til ein zeninspirert skulpturpark, Billy Rose Art Garden, av den japanskamerikanske skulptøren Isamu Noguchi.

Ved parkinngangen står ein iaugefallande skulptur av ei mor med eit barn på ryggen, som liknar ein fugl. Litauiske Jaques Lipchitz utforskar relasjonen mor–barn. Men kva i all verda er det der borte? Det kan då ikkje vere…?

Vantru stirer eg på den knelande kvinna i bronse med bøygd hovud, til forveksling lik «Moren» – Tracey Emins vinnarskulptur i den internasjonale kunstkonkurransen til ære for Munch. Skulpturen som nasjonal og internasjonal presse skreiv om før eg drog. Skulpturen som vart rost opp i skyene, men òg assosiert med «elefantmannen» i filmen til David Lynch.

Eg går nærare skulpturen, som er langt mindre enn den ni meter høge «Moren» i Oslo, men likevel nesten dobbelt så høg som meg. Ein plakett stoppar meg. Der står mellom anna namnet på den britiske kunstnaren, «Tracey Emin», og «The Mother, 2017».

Plaketten ved den tre meter høge bronseversjonen av «Moren» i skulpturparken utanfor The Israel Museum i Jerusalem, datert 2017.

Plaketten ved den tre meter høge bronseversjonen av «Moren» i skulpturparken utanfor The Israel Museum i Jerusalem, datert 2017.

Foto: Åshild Eliassen

Det er nok i denne augneblinken skulpturen tek bustad i tankane mine og den lange jakta startar. For skulle ikkje «Moren», vinnarverket i den største kunstkonkurransen i Oslo på fleire tiår, vere genuin og nyskapt? Det eine, storslegne, briljante verket skapt for Munch?

I skrivet til dei sju kunstnarane i den lukka internasjonale konkurransen stod det jo «utvikle eit permanent og stadspesifikt verk». Her i The Israel Museum er årstalet 2017 gravert inn i metallplaketten.

Den tre meter høge bronseskulpturen «The Mother» (2017) i skulpturhagen ved The Israel Museum i Jerusalem.

Den tre meter høge bronseskulpturen «The Mother» (2017) i skulpturhagen ved The Israel Museum i Jerusalem.

Foto: Åshild Eliassen

«The Mother», 2017

Kvifor visste ikkje eg at «The Mother» også stod i Jerusalem? Tankefull sit eg på murkanten og observerer dei særeigne skulpturane i nærleiken. «The Mother» er i godt selskap: Blikket blir drege mot «Infanta Margarita» av spanske Manolo Valdés og «Penelope» av franske Emile Antoine Bourdelle. Høgare opp ruvar ein tredelt kvinneskulptur av britiske Henry Moore. Verdskjende kunstnarar. Store namn.

Tre veker seinare dreg eg heim til Noreg, sprekkeferdig av «The Mother». Korleis kan det ha seg at den ni meter høge skulpturen «Moren», som skulle vere spesielt utvikla for staden utanfor Munchmuseet i Oslo, også finst i ei tre meter høg utgåve utanfor The Israel Museum? Kan skulpturen i Oslo, som er datert 2022, vere den originale, når skulpturen i Jerusalem er datert 2017? Og er dette dei to einaste utgåvene av «Moren», eller finst det fleire?

Eg kontaktar prosjektleiaren for kunstkonkurransen, Lily Vikky i Kulturetaten i Oslo kommune.

Og derifrå kom svaret. Det er berre éin versjon på ni meter. Det er tre utgåver av «The Mother» i bronse på cirka tre meter pluss to som tilhøyrer kunstnaren (Artist’s proof), i tillegg til ti utgåver på cirka 20 cm pluss tre som tilhøyrer kunstnaren.

Til saman 14 små og store skulpturar pluss fem som kunstnaren eig. Kulturetaten hadde ikkje opplysningar om kvar desse skulpturane er.

Tre utgåver

Altså tre utgåver av den om lag tre meter høge versjonen – den eg såg i Jerusalem. Kvar er dei to andre? Eg googlar, chatGPT-ar, kontaktar aktuelle galleri og museum i utlandet. Ingen veit, og lite av interesse kjem fram.

Forresten er det ikkje heilt sant at ingen veit. Mange veit. Men opplysningar om kunstkjøp i den smale, eksklusive, globale kunstmarknaden er openbert konfidensielle og for dei få.

Etter tallause forsøk får eg svar frå kurator Rotem Zuta ved The Israel Museum: Skulpturen vart plassert i Billy Rose Art Garden den 30. mai 2022, altså fem dagar før den ni meter høge versjonen vart avduka i Oslo (4. juni 2022). Sidan denne dagen har skulpturen vore vist fram for publikum i The Israel Museums utandørs skulpturpark, Billy Rose Art Garden.

England, september 2023:

Jakta held fram i England, til donorane som skjenkte «The Mother» til The Israel Museum. Spørsmåla om når og kvar skulpturen vart kjøpt, og pris og tidspunkt for donasjonen, får eg ikkje svar på.

Eg kunne ha spart meg e-postane til Edith and Ferdinand Porjes Foundation, Ruth and Joseph Bromberg Endowment, Wendy Fisher London og British Friends of the Art Museums of Israel (BFAMI).

Ingen svar, bortsett frå e-posten frå BFAMI: «Vi deler ikkje informasjon om donasjonar vi får, av omsyn til kjeldevernet. Takk for at du tok kontakt.»

Dallas i Texas, oktober 2023:

Men så plutseleg, under eit av mine mange daglege internettsøk, openberrar «The Mother» seg i ein facebookvideo – i same storleik som den i Jerusalem, men truleg nummer tre av opplaget på tre. For TE 3/3 er gravert rett på skulpturen.

«The Mother» er komen til eit anna kontinent. Til Amerika, til Texas! Til Dallas. Nærmare bestemt til The Nasher Sculpture Center. Han er på langtidslån frå The Peress Family Collection. Kven er Peress? Eg kontaktar Nasher Sculpture Center og pressesjef Adrienne Lichliter-Hines. Ho svarar høfleg, men utan å gje relevant informasjon om langtidslånet, bortsett frå at «The Mother», datert 2017, vart installert 15. september 2022 i Dallas. Mønsteret gjentar seg: Informasjon om eigarane er høgst konfidensiell.

Brussel, november 2023

Og det skulle ikkje vere siste gongen eg stangar hovudet mot muren av hemmeleghald. Jakta går vidare til Xavier Hufkens galleri i Brussel. Ein innsidar har tipsa om at Tracey Emin også stiller ut i galleriet i Belgia.

Visedirektør Herbert van Litsenburg er imøtekomande og røper at galleriet har hatt ei utgåve av «The Mother», ein replika på rundt 20 cm. Han vart seld for nokre år sidan.

Og når eg spør om datering av skulpturar, til dømes den eg såg i Jerusalem, seier van Litsenburg at dateringa viser at skulpturen er laga i 2017: «Og ja, datoen som er nemnd, viser til tidspunktet då skulpturen blei laga (sjølv om han ikkje nødvendigvis blei støypt på det tidspunktet).»

Så stoppar e-postane opp. Eg brenn inne med spørsmåla om pris, salsdato og plassering.

London, november 2023

Nok ein gong går jakta til England, nærmare bestemt til Tracey Emins studio i London. Hos den mest fortrudde assistenten til kunstnaren, kreativ direktør Harry Weller, får eg eit lite napp: Den siste av dei tre «The Mother»-skulpturane på tre meter er seld til ei privat kunstsamling.

Vel, no er det iallfall klårt at ei utgåve er i Midtausten og ei i USA, men sjølv forlèt eg jakta i toppsjiktet av den internasjonale kunstmarknaden.

Ei lukka verd

At informasjon blir delt mellom dei få utvalde, speglar podkasten The Hidden Side of the Art Market: I podkasten kallar Magnus Resch – ein av dei leiande kunstekspertane i verda – dei øvste eksklusive galleria «ein svart, lukka boks».

Sjølv ville Resch gjere kunstmarknaden meir transparent med ein app som viste pris, eigarar, dateringar og så vidare, men appen vart stengd etter klagar frå galleri. For det handlar om ein av dei minst regulerte marknadene i verda. Og ifølgje Resch stikk 5 prosent av dei dominerande internasjonale galleria av med 50 prosent av alt sal av samtids- og etterkrigskunst, og desse galleria krinsar rundt eit 20-tal superstjerner.

David Zwirner, som har til saman åtte galleri i New York, Los Angeles, London, Paris og Hongkong, hevdar i podkasten at det ikkje berre er å selje eit kunstverk til kva milliardær som helst. Ein skal verne om prestisjen og posisjonen til kunstnaren.

Museum har ei høgare stjerne enn galleri, og høgast tronar Modern Museum of Art (MoMa) i New York. Zwirner avslører korleis han systematisk løfta ein kunstnar som Alice Neel (d. 1984) ut av gløymsla. I dag er Neels verk etterspurde over heile verda. Dei var mellom anna utstilte på Munchmuseet i 2023.

Og skal vi tru Stephen Dubner, den prislønte journalisten bak The Hidden Side..., hender det at galleri sel verk av dei mest attraktive kunstnarane til private dersom kjøparen også er viljug til å betale for eit verk til og donere det til eit museum. Det handlar om å vere synleg.

Kva har dette med «The Mother» og Tracey Emin å gjøre? Først og fremst er Emin ei av stjernene, kjend for å utlevere seg sjølv gjennom kunsten. Verket «My Bed» landa på rundt 3,77 millionar britiske pund i 2014. Senga med brukte kondomar, tomme spritflasker og skitne truser vart elles stilt ut på Munchmuseet i 2021.

For det andre er White Cube – eit av dei leiande galleria i verda – Emins hovudgalleri i London. White Cube har ikkje berre to galleri i London, men også eit i Paris, eit i New York, eit i Hongkong og eit i Seoul. «White Cube er eit av dei mest kommersielle galleria i verda», sa William Flatmo, direktør for Christen Sveaas’ kunstsamling, til NRK etter at vinnaren Tracey Emin vart offentleggjord. Spørsmål om transaksjonar frå utanforståande blir ofte ståande utan svar, det gjeld iallfall mine forsøk.

Frå tre til ni meter

Tida er inne til å jakta på svar innanlands. Først hos Kulturetaten i Oslo. Dei leier kunstprosjektet, som er offentleg finansiert av Oslo kommune. Det er ein lette å vite at offentleglova gjeld her i landet, etter å ha møtt så mange lukka dører.

Offentleg informasjon viser at juryen, leia av den britiske kuratoren Andrea Schlieker, hadde ei skisse, ein tekst og ein leiremodell av «Moren». Alle dei sju kunstnarane som deltok, var på synfaring i Bjørvika i Oslo og fekk 100.000 kroner for å utvikle permanente og stadspesifikke verk for Munchmuseet.

Den 12. oktober 2018 vart vinnarverket kåra, og den lukkelege vinnaren, Tracey Emin, viste fram ein liten leiremodell av «The Mother» på NRK Dagsrevyen.

Leiremodellen av skulpturen «Moren», datert 2018.

Leiremodellen av skulpturen «Moren», datert 2018.

Foto: Tracy Emin

Sjølv undrar eg på kvifor ikkje juryen også forheldt seg til skulpturen som alt var støypt, den eg såg i Jerusalem, til dømes. Eg kontaktar Kulturetaten:

­– Når og korleis fekk Kulturetaten vite at vinnarskulpturen alt var produsert? Informerte Tracey Emin sjølv om versjonen av «Moren» som var datert 2017, då ho la fram forslaget sitt til Munch-konkurransen i august 2018?

– Nei, Tracey Emin informerte ikkje om dette då vinnarforslaget vart lagt fram. Ho hadde laga ein tre meter høg versjon av «The Mother» i bronse til soloutstillinga på White Cube 5. februar 2019. Då dette vart kjent, vart det vurdert til ikkje å ha betydning for utfallet av konkurransen, svarar kommunikasjonssjef Stein Helmer Bjørnbekk i e-post i mai i år.

Av di Harry Weller i Tracey Emins studio seinare informerte om at den originale leiremodellen vart laga i 2017, vil eg vite kva Kulturetaten meiner om at Tracey Emin leverte eit forslag/ein leiremodell ho hadde laga året før konkurransen, utan å opplyse om det samstundes.

– Ved dette høvet har kunstnaren sendt inn eit konkurranseforslag med utgangspunkt i den vesle leiremodellen på 20 centimeter frå 2017. Denne leiremodellen var ikkje blitt vist offentleg før juryeringa av konkurransen. Det endelege resultatet har vakse fram i ein kunstnarleg prosess med utgangspunkt i denne skissa, og ei oppskalering i fleire fasar har vore nødvendig. Korleis juryen hadde respondert på at den vesle versjonen alt eksisterte, er eit hypotetisk spørsmål, men vår vurdering i ettertid er at dette ikkje hadde hatt betydning, svarer prosjektleiar Lily Vikki.

Eit stadspesifikt verk?

I utlysinga av konkurransen stod det «stadspesifikt verk», og dei sju kortlista kunstnarane var på synfaring før dei utvikla og leverte forslaga.

Kva seier Stian Ådlandsvik, styreleiar i Norsk Billedhoggerforening (NBF), om å nytta ein eldre modell?

– Å blåse opp eit ferdig verk frå tre til ni meter kan verke som ei lettvint løysing med tanke på «stadspesifikk», men det finst òg tilfelle der ferdige verk kan fungere som «laga for» visse stader eller situasjonar, altså at dei får ein ekstra dimensjon eller blir større i ein gjeven situasjon eller ein stad. Men eg ville forventa at den type opplysningar kom fram i alle fall etter at det er klårt at det er dette forslaget juryen ønsker.

Men kven i juryen var informert om at «Moren» alt eksisterte? Spørsmålet går til kommunikasjonssjef Bjørnbekk:

– Kulturetaten hadde ikkje kjennskap til dette. Så vidt vi veit, var det også ukjent for dei andre jurymedlemmane.

Juryleiar Andrea Schlieker skriv i ein e-post 6. juni i år: «Eg var ikkje klar over, på noko tidspunkt under konkurransen eller etterpå, at det fanst ei anna utgåve av verket, for ikkje å snakke om ei tre meter høg utgåve frå 2017.»

Heller ikkje dei tre frå juryen eg fekk kontakt med – tidlegare direktør på Munchmuseet Stein Olav Henrichsen, Simen Bakken i Kultur- og idrettsbygg i Oslo kommune og arkitekt Bente Kleven – visste om at produksjonen av ein tre meter høg versjon av «Moren» hadde starta sommaren i konkurranseåret 2018.

Først tre månader etter kåringa, 17. januar 2019, fekk Kulturetaten vite at «The Mother» alt var støypt. Ikkje i 2017, slik det står på plaketten på skulpturen i Jerusalem, men i andre halvår av 2018.

Opplysninga kom med ein invitasjon til ei større Tracey Emin-utstilling på White Cube i februar i London, der mellom anna ein tre meter høg versjon av «The Mother» skulle stillast ut. Det uventa nyhendet kom i ein e-post frå Harry Weller: «Eg vil berre seie at Tracey har laga ei lita utgåve av ’The Mother’ til den komande utstillinga på White Cube (...). Tracey ville at eg skulle seie at det var nødvendig for henne å sjå om det originale vesle verket i leire ville fungere om det blei oppskalert og laga i bronse. Vi visste at vi ikkje ville få tid til å lage ei mindre utgåve i bronse dersom vi venta for å sjå om vi vann oppdraget. (...) I tillegg vil vere heilt tydeleg på at dei einaste som kjende til ’The Mother’, var eg og Tracey. White Cube kjende ikkje til verket før vi vann oppdraget.»

Tremetersversjonen av «Moren» vart stilt ut frå 6. februar til 7. april i 2019. Dette er den første utstillinga av «Moren» i større skala.

Tracy Emin var til stades då «Moren«vart løfta på plass i den vesle hagen utanfor Munchmuseet i 2022.

Tracy Emin var til stades då «Moren«vart løfta på plass i den vesle hagen utanfor Munchmuseet i 2022.

Foto: Heiko Junge / NTB

«Moren» – 14,5 millionar

Hendinga er kort nemnd i kontrakten mellom Oslo kommune og Tracey Emin, som vart underteikna eit og eit halvt år seinare, 17. juli 2020: «Kulturetaten erkjenner at kunstnaren alt har laga ein tre meter høg versjon av kunstverket (opplag på tre med to utgåver eigde av kunstnaren (...)).»

I kontrakten står det også at kunstnaren har rett til å lage ti utgåver av ein 20 centimeter høg bronseversjon og selje desse. Og i kontrakten går det fram at salssummen på vel 4,6 millionar kroner skal gå til Oslo kommune. Årsaka er, ifølgje Kulturetaten, at den ni meter høge «Moren» vart langt dyrare enn kontraktsummen på rundt 9,8 millionar. For å få realisert skulpturen i ønskt storleik betalte kunstnaren restbeløpet.

Kor mykje Tracey Emin har tent totalt på dei ulike versjonane av «The Mother», er ikkje godt å seie, av di dei tre skulpturane på tre meter er selde på den globale kunstmarknaden, der transaksjonar og pris i høg grad er konfidensielle.

Utstilt i London

Ifølgje prosjektleiar Lily Vikki i Kulturetaten var tremetersversjonen eit godt utgangspunkt for etatens vurdering av korleis skulpturen i stort format ville bli.

Skulpturen i Bjørvika i ni meters storleik baserer seg altså på tremetersversjonen. Storleik, plassering og endeleg utforming av skulpturen på ni meter, med landskapet rundt, vart laga spesielt for Inger Munchs brygge og for konkurransen til Munchmuseet.

Men blir ein skulptur stadspesifikk om han blir blåsen opp frå tre til ni meter og plassert i ei blomeeng?

Og kvifor er tremetersversjonane daterte 2017, når dei ifølgje Tracey Emin studio er laga i 2018?

Assistenten til kunstnaren, Harry Weller, forklarar dateringa med at Emin ville gjere ære på den 20 centimeter høge leirfiguren. «Tracey bestemte seg for å datere den tre meter høge versjonen til 2017. Den første modellen blei laga i 2017, og no ville Tracey gjere ære på den første leireskulpturen som ho laga då», skriv han i ein e-post.

I samsvar med denne grunngjevinga skulle vel òg den ni meter høge versjonen i Oslo av «The Mother» fått årstalet 2017? Til det svarar Weller at fordi den ni meter høge versjonen i Oslo naturleg nok innebar nokre endringar som følgje av den store oppskaleringa, vart skulpturen datert 2022 og ikkje 2017.

Sertifikat

Er det ikkje uvanleg å merke kunstverk med eit anna årstal enn då det vart produsert?

Ifølgje Stian Ådlandsvik i NBF viser dateringa i regelen til året verket er produsert. Han har jobba i 18 år som kunstnar og har aldri høyrt om nokon som har datert verket attende til tidlegare år.

Eg tek òg kontakt med Rotem Zuta ved The Israel Museum og viser til informasjonen frå Emins assistent. Zuta skriv følgjande: «Utifrå detaljane og ektheitssertifikatet som galleriet og kunstnaren sende oss, er året skulpturen blei laga, 2017. Utover det har eg ingen opplysningar som viser andre datoar.»

Kva slags vekt har eit ektheitssertifikat, eit Authentification Certificate (COA)?

– Eit ektheitssertifikat som kunstnaren har signert og datert, gir kjøparen ein garanti for at innhaldet er korrekt. Om opplysingane ikkje er korrekte, er det kunstnaren sitt ansvar å opplyse kjøparen om dette og korrigere feilen, seier advokat Kim Erik Dahlskås, juridisk rådgjevar i Norske Billedkunstnere (NBK).

Kan dei to støyperia, AB Fine Art Foundry Limited i London og J.T. Price Westley Group i Stoke, stadfesta kva tid skulpturane vart produserte? Eg får ikkje svar, men Harry Weller, som er sett på kopi i e-posten, skriv at den første støypte bronseutgåva av «Moren» vart til i september 2018. Og ein faktura frå støyperiet AB Fine Art Foundry viser at skulpturen, som er kalla «Kneeling Figure», var ferdig i november 2018.

Spørsmålet mitt er likevel det same som då eg stod framfor «The Mother» i Jerusalem før jul i 2022: Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren» som er plassert utanfor Munchmuseet?

Ei skisse av «Moren» teikna av kunstnaren Tracey Emin i 2018.   Einerett: Tracy Emin

Ei skisse av «Moren» teikna av kunstnaren Tracey Emin i 2018. Einerett: Tracy Emin

Fleire artiklar

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring
Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet måndag denne veka.

Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet måndag denne veka.

Foto: Dag og Tid

KommentarSamfunn

Venstre­­populisme på norsk

Ap bør skale av nokre marknadsteknokratar for å gje rom for ein populistisk storkoalisjon til venstre.

Rune Slagstad
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet måndag denne veka.

Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet måndag denne veka.

Foto: Dag og Tid

KommentarSamfunn

Venstre­­populisme på norsk

Ap bør skale av nokre marknadsteknokratar for å gje rom for ein populistisk storkoalisjon til venstre.

Rune Slagstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis