JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstFeature

Klangen av Cremona

CREMONA: Å tre inn i fiolinmuseets skattkammer, der gullalderinstrumenta blir oppbevarte, er som å møta ein hær av generalar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skattkammeret i fiolinmuseet. I fremste monteren celloen «Stauffer ex Cristiani» (1700) av Antonio Stradivari. Gjennom denne monteren ser me fiolinen «Carlo IX» (ca. 1570), laga av Andrea Amati for Karl IX av Frankrike.

Foto: Sjur Haga Bringeland

12401
20200821

Cremona

Provinshovudstad i regionen Lombardia med 70.000 innbyggjarar

Grunnlagd av romarane i 218 f.Kr.

Blei fri bykommune i 1098

Kom under Milano på 1300-talet og Spania frå 1500- til 1700-talet

Blei del av kongeriket Italia i 1861

SERIE: Sjur Haga Bringeland har dei siste åra vitja italienske byar på jakt etter det ypparste av kunst og arkitektur. No i sommar skriv han ut reisedagbøkene sine.

Fiolinen er allstadnærverande i bybiletet. Dess lenger ein går nedover den lange hovudgata frå jernbanestasjonen til Piazza Stradivari i sentrum, dess oftare ser ein det: Side om side med dei vanlege reklameplakatane for bilar, brennevin og kaffi heng fiolinreklame. Ikkje berre for ferdige instrument, men òg for utstyr ein treng til å laga instrumenta, som ulike trevirke, lakktypar og allslags underleg spesialverktøy. Målgruppa er nok dei unge instrumentmakarane som valfartar til denne lombardiske byen frå heile verda for å vitja Scuola Internazionale di Liuteria di Cremona, fiolinmakarskulen som blei grunnlagd i 1938.

Rett som det er, treffer ein på byens store son, Antonio Stradivari. Ein stad signerer han ein fiolin som nett er ferdig, ein annan stad rekkjer han eit instrument til ein av læresveinane sine, eller han sit tenksamt på ein benk og granskar eit uferdig meisterverk – i gater og parkar finn eg fleire av desse moderne, sjarmerande bronsestatuane i naturleg storleik.

70 delar

Stradivari er symbolet for byens stoltaste handverk gjennom fem hundre år. Er han redusert til ein kommersiell maskot? Nei, for tradisjonen etter han er i høgste grad levande. Arven forpliktar og sørgjer for at cremonesarane ikkje går på akkord med prinsippa sine: Ekte Cremona-fiolinar blir enno laga etter strenge handverksreglar som gjer kvart instrument til eit unikum. Trevirket som blir nytta, er av same slag og kvalitet som på 1600- og 1700-talet, og dei kring 70 delane som trengst for å bygga eit instrument, må alle vera tilverka for hand. Moderne teknikkar som spraylakkering er forbodne. 220 arbeidstimar tek det ein instrumentbyggjar å få ferdig ein fiolin på denne måten. Seks fulle arbeidsveker altså.

«Stradivari i verkstaden». Romantisert måleri av Antoni Rinaldi (1886).

Sidan 1996 er det Consorzio Liutai ‘A. Stradivari’ som har stått for kvalitetskontrollen. Denne samanslutninga av 60 felemakarmeistrar har rett til å forsyna nye instrument med varemerket Cremona Liuteria. Konsortiet held høveleg nok hus på Piazza Stradivari 1, der ein etter avtale kan prøva ut nye instrument frå dei ulike verkstadene. Men ein kan òg berre stikka innom for å kikka. Og skjønar felemakarane at entusiasmen deira smittar, legg dei gladeleg ut om fiolinane sine. Eg fekk jamvel servert kaffi.

Småbyatmosfære

Cremona er ein hugnadsfull stad som har bevart den avslappa småbyatmosfæren sin. Historisk sett blei han kalla «Lombardias kornkammer», for dei rike landbruksområda kringom har i hundrevis av år forsynt regionen med råvarer. Men på det kulinariske kan han ikkje måla seg med gourmetbyane Parma, Modena og Bologna lenger nede på Posletta.

Ein må attende til byrjinga av 1700-talet for å finna ei tilsvarande instrumentbyggjarverksemd her som i dag. Turistguidane unngår helst å nemna det, men på 1800-talet var nedgangen påtakeleg, både i kvalitet og kvantitet. Konkurransen med felemakarar i andre byar blei for stor. Renessansen kom fyrst under fascismen i 1930-åra. Då gjekk ein med samla krefter inn for å atterreisa den førverande statusen til faget, ikkje minst gjennom fiolinmakarskulen, som sidan den tid har uteksaminert offentleg sertifiserte instrumentbyggjarar og -restauratørar. Det høver difor i grunnen godt at det nye fiolinmuset, som opna i 2013, held til i det praktfulle fascistbygget Palazzo dell’Arte. Dit kjem ein ved å gå ned Via Monteverdi frå Stradivari-plassen.

Cremona i 1570, i tida då Andrea Amati hadde verkstad i byen.

Claudio Monteverdi

Eg byrjar museumsturen med ein dobbel espresso i det behagelege atriet midt i bygget, der museumskafeen har uteservering. Rommet er omkransa av kjøliggrå marmorsøyler som skaper fin kontrast til dei raudlege veggene, der mursteinsdekorasjonane i underlege mønster gjev flatene rørsle. Eg får meir og meir sans for dette bygget – arkitektane i det fascistiske Italia hadde verkeleg meir smak og fantasi enn kollegaane i det nazistiske Tyskland.

Den omfattande nyordninga av Cremonas byrom, som blei sett i gang av den lokale fascistleiaren i 1920-åra, kosta mange mellomalderkvartal livet. Kunstpalasset skulle stå ferdig til Claudio Monteverdis 300-årsjubileum i 1943; ved sida av Stradivari er denne barokkomponisten Cremonas største bysbarn.

«Etter pesten stod Nicolò Amati att som den einaste dugande felemakaren i heile Italia.»

I samband med bygginga måtte jamvel ei av dei eldste kyrkjene i byen rivast. Mellomalderen stod altså ikkje særleg høgt i kurs hjå Mussolini. Det var romartida denne «nye Augustus» ville attende til. Kunstpalasset skulle då òg danna avslutninga på det som i antikken var Cremonas nord–sør-gåande hovudgate, cardo maximus.

Frå vidula til fiolin

Utstyrt med audioguiden, som kan lånast gratis i museumsbutikken, går eg opp i andre høgda, der sjølve utstillinga ligg. Ho er framifrå organisert, med ti rom vigde ulike tema.

Byrjinga tek føre seg fiolinens mellomalderske opphav, altså forhistoria til strykeinstrumenta før den moderne fiolinen blei til på 1500-talet. Korleis desse såg ut, veit me fyrst og fremst frå målarstykke og skulpturar, for svært få instrument er bevarte. Dei fem rekonstruksjonane som fiolinmakarskulen har forsynt utstillinga med, har éin ting sams: Dei liknar på lutten, klimpreinstrumentet med pæreforma resonanskasse, som hadde si stordomstid i seinmellomalderen og renessansen. Det var nemleg luttmakarar som laga dei fyrste fiolinane, og ordet for fiolinmakar er framleis liutaio på italiensk. Mange slike gamle yrkestitlar heng igjen i moderne italiensk, artigast er ordet for frisør, parrucchiere, altså parykkmakar.

Fiolinmuseet held til i Palazzo dell’Arte frå byrjinga av 1940-åra.

Foto: Museo del Violino

Vårt norske ord for fiolin kjem frå det italienske violino. Det er ei diminutivform av viola, som frå 1000-talet av var ei generell nemning for strengeinstrument i romanske språk. Viola kjem i sin tur frå det latinske vidula, som tyder «ung enkje». Den norrøne forma fidhla blei seinare til «fele», det folkelege ordet vårt for fiolin.

Andrea Amati

Dei fylgjande romma tek føre seg Cremonas gullalder. Han byrjar med den fyrste fiolinbyggjaren me kjenner namnet på, Andrea Amati (ca. 1500–1577), som etter utdanninga til luttmakar opna sin eigen verkstad her i 1539. Andrea har ord på seg for å vera «oppfinnaren av fiolinen», noko som er ei sanning med modifikasjonar. Kjeldegrunnlaget er sparsamt, men truleg fanst der alt enklare fiolinliknande prototypar i omløp. Ved å nytta byggjeteknikkar frå lutten utbetra han resonanskroppen, slik at instrumenttypen dugde til den moderne kunstmusikken. Meir presist kan ein difor seia at Andrea definerte fiolinen slik me kjenner han i dag: «Kroppsforma» han gav resonanskassen, måten han skar dei to f-hola i loket på, og utforminga han gav den snigelforma avslutninga («snekka») øvst på fiolinhalsen, har ikkje endra seg stort fram til vår tid.

Nicolò Amati

Andrea Amatis suksess gjorde han til ein rik mann. Kring 1574 tinga Kong Karl IX av Frankrike likså godt instrument for eit heilt orkester: 24 fiolinar, seks bratsjar og åtte celloar. Åtte av desse instrumenta er bevarte, eitt av dei, ein fiolin, her på huset. Han har kongens insignium måla på undersida, og langs sidene står mottoet hans, Pietate et Ivstitia – «med fromskap og rettferd».

Andrea blei stamfaren til Cremonas fyrste felemakardynasti. Men med barnebarnet hans, Nicolò Amati (1596–1684), kom tradisjonen til å henga i ein tynn tråd. Pesten i 1630, som kom hit i kjølvatnet av trettiårskrigen, kosta foreldra og fleire av syskena hans livet, og i nabobyen Brescia, som var Cremonas einaste konkurrent på felemakarfeltet, strauk òg den viktigaste instrumentmakaren med.

Nicolò stod slik att som den einaste dugande felemakaren, ikkje berre i Cremona, men i heile Italia. Krisa kan ikkje samanliknast med det å ha alle egga i éi korg. Det var berre eitt egg i korga. Nicolò innsåg at om han brått døydde, ville dei nedervde kunnskapane fylgja han i grava. Difor braut han med familietradisjonen og tok til seg lærlingar utanfor familien. Slik la han grunnlaget for den største blømingsperioden i fiolinbyggingshistoria. For mellom læresveinane hans var Andrea Guarneri og (etter alt å døma) Antonio Stradivari.

Antonio Stradivari

Den mest kjende av dei alle har sjølvsagt fått sitt eige rom. Her er 700 av verktøya, sjablongane, konstruksjonsteikningane og skriftstykka til Stradivari utstilte, i tillegg til gravsteinen hans. (Grava låg i Basilica San Domenico, klosterkyrkja rett andsynes verkstaden hans, som i 1869 måtte vika for den nye byparken Piazza Roma.) Rommet er snedig ordna. Verktøya ligg nemleg i glasdekte skuffer ein må draga ut, som om det var ein verkeleg verkstad.

Stradivaris teikning av eit instrument laga til erkehertugen av Toscana i 1690.

Sidan midten av 1800-talet har Stradivari vore verdas mest vidgjetne instrumentbyggjar. Difor er han òg ein av dei grundigast granska. Likevel veit me overraskande lite om mannen: kva for år han blei fødd, kven foreldra hans var, og korleis barndomen og utdanninga arta seg. Truleg gjekk han i lære i Amati-verkstaden, sidan den var Cremonas fremste. Men det finst òg indisium på at han eigentleg hadde treskjerarutdanning. Dette forklarer i så fall den høge kvaliteten på dei kunstferdige innfellingane av tre og perlemor som dei tidlegaste instrumenta er utstyrte med. Det eldste bevarte dokumentet er frå 1667, då han gifte seg med Francesca, som dramatisk nok var blitt enkje etter at bror hennar skaut den førre ektemaken. Dei fyrste instrumenta hans stammar frå denne tida, og snart tok han over den internasjonale marknaden for luksusfiolinar etter Amati-familien.

Stradivari laga òg gitarar. Her «Sabonari»-gitaren frå 1679.

Stradivari laga òg gitarar. Her «Sabonari»-gitaren frå 1679.

Foto: Sjur Haga Bringeland

Livslang leiting

Antonio Stradivari slutta aldri å eksperimentera med nyskapande byggjeteknikkar. Dei kring 650 stradivariusane som finst i dag, speglar den livslange leitinga hans etter den optimale klangen. Sjølv som 70-åring slo han inn på nye vegar, motivert av solistar som kravde instrument med kraftigare, meir gjennomtrengjande klang for å framføra samtidas musikalske nyvinning: concerti av typen Arcangelo Corelli (1653–1713) og Antonio Vivaldi (1678–1741) etablerte.

Eg går gjennom dei resterande romma, som syner at Stradivari ikkje berre laga fiolininstrument, men òg mandolinar og gitarar. Her heng barokkgitaren «Sabonari», den einaste av dei fem bevarte stradivariusgitarane som framleis er i speleteknisk stand. Spelet blir demonstrert på ein video som blir projisert på veggen. Eg dreg kjensel på musikaren som sit bøygd over stradivariusen frå 1679. Det er Rolf Lislevand frå Oslo, som eg sjølv har spelt konsert med i Vangskyrkja på Voss.

Det beste har eg spart til slutt. I hjartet av bygget ligg nemleg «skattkammeret», der Cremonas mest kostesame instrument blir oppbevarte. Ein merkar det ikkje med det same, men dette smale rommet er i røynda ein enorm safe, med dører tjukke som i tilfluktsrom. Den dimt opplyste innsida er nemleg kledd med blodraudt fløyelsstoff frå golv til tak, same slags fløyel som innsida av gamle fiolinkassar er trekte med. Den gjennomtenkte dramaturgien i museet imponerer nok ein gong.

Her heng dei altså, i montrar av centimetertjukt glas: meisterfiolinane til Amati- og Guarneri-familiane, med det største instrumentet, stradivarius-celloen «Stauffer ex Cristiani» frå 1700 fremst i rekkja. Det er ein hær av generalar, der Stradivarius er marskalk.

Høg og mager

Korleis var så den geniale handverkaren Stradivari som person? For å skjøna det lyt me skava av lag på lag med mytar. Me må òg sjå bort frå dei romantiserande måleria, til dømes «Stradivari i verkstaden» av Antonio Rinaldi, som heng i museet.

Att står me då berre med éi einaste halvvegs truverdig utsegn. Ho stammar frå den fyrste Stradivari-biografen, belgiaren François-Joseph Fétis. I boka Antoine Stradivari, luthier célèbre frå 1856 siterer han den italienske fiolinisten Giovanni Battista Polledro: «Mot slutten av livet skal Stradivari ha vore ein høg og mager mann, som gjekk i arbeidsklede av ull om vinteren og av bomull om sommaren, men aldri noko anna, av di han alltid arbeidde.»

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis