Kunst
«Høna» på heimebane
I det nye kunstgalleriet i Høyanger møter ikkje publikum berre Gunnar S. på veggane, han er i veggane.
For åtte millionar kroner har Høyanger fått eit nytt kunstgalleri.For åtte millionar kroner har Høyanger fått eit nytt kunstgalleri.
Foto: Anita NordheimFoto: Anita Nordheim
«Aluminiumsbyen» Høyanger har aldri hatt bystatus, men i over åtti år har dei halde seg med ein vakker byport, teikna av ingeniør Carl Fredrick Borch Kloumann. Og i den eine fløya av dette byggverket har dei opna eit kunstgalleri mange byar kan misunne dei. Med det nye Gunnar S. Galleriet heidrar dei bysbarnet Gunnar S. Gundersen på eit vis den avdøde modernisten nok ville sett stor pris på.
Rett nok var Gunnar S. (1921–1983) fødd i Førde, men seks år gammal flytte han med lærarforeldra sine til tettstaden mellom dei bratte fjella inst inne i Høyangerfjorden, på nordsida av Sognefjorden. Der voks han opp og fekk formande inntrykk, noko vi ikkje minst ser i dei tidlege landskapsbileta hans. For også denne modernisten hadde nokre prøvande, meir naturalistiske år innan han gav seg heilt over til abstrakte former. Ei naturleg utvikling for ein som ikkje treivst i skulen, men likte matematikk og især geometri. Som løpegut for den lokale fargehandelen fekk han kanskje inn litt fargelære òg.
Innfallsporten
Byporten er sjølve innfallsporten til denne industristaden og opnar vegen inn mot det velregulerte Høyanger sentrum, kjent som Noregs vakraste industristad. På kvar side av sjølve portalen, og bygd saman med han, står to trehus som i si tid hyste til saman åtte husvære meint for arbeidarfamiliar. I drygt tjue år har det eine huset hyst Høyanger Industristadmuseum, vel verdt eit besøk, og så seint som 29. november i fjor opna Gunnar S. Galleriet i det andre huset.
I ein kommune med om lag 4000 innbyggjarar, der helvta bur i sjølve tettstaden, kjem ikkje ei slik kunstsatsing av seg sjølv. Det er eldsjeler som har bore prosjektet fram. Den fremste mellom desse er Reidun Haugnes, leiar av Høyanger Kunstlag med kring 200 medlemar. Ho har stått på i årevis og såg ei von då kommunen i 2005 gjorde vedtak om eit forprosjekt. Men det heile fisla bort i elendig kommuneøkonomi. Då Anita Nordheim i 2012 kom tilbake til Høyanger som kommunalsjef for kultur og folkehelse, fekk Haugnes ein alliert med gjennomføringskraft og evne til å prioritere. Og politikarane følgde opp.
Deretter tok ting til å skje. For saman har dei to halde trykket oppe til draumen blei røyndom. Og samarbeidet mellom kunstlaget og kommunen aktar dei å føre vidare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.