JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KulturFeature

Unik visebok i ny utgåve

MÅLSTOVA, NASJONALBIBLIOTEKET: I dag kjem ei bok det ikkje finst maken til – bokstavleg talt. Nordens største samling av viseprent frå kring 1600 finst berre i eitt einaste eksemplar, men no vert det tilgjengeleg for alle.

Det eine eksemplaret av «Peder Ravns visebok».

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
9859
20230414
9859
20230414

I BAKSPEGELEN

havard@dagogtid.no

I 1641 – same år som han vart avsett som lagmann i Bergen – drog Peder Ravn?til København. Der fekk han med seg ei gåve heim. Ein samlar hadde vore hjå bokbindaren med hundre viseprent og fått dei bunde saman til ei bok på tusen sider, ti centimeter tjukk. Det eldste prentet er 440 år gamalt, frå 1583, det yngste er frå 1634. Diktarane er danske, tyske og norske.

Prentet som opnar boka og gåva, er ei vise skriven til mottakaren og kona hans. Rett nok er tittelbladet til visa borte, i gamle bøker hender det at fyrstesida losnar og fell ut, men sjølve visa er der, og set ein saman fyrste bokstav i kvar strofe, får ein akrostikonet PEDER RAVEN KAREN HANSDAATTER AMEN.

Solveig Tunold

Ravn døydde seinare i 1640-åra, og kvar boka vart av dei neste hundre åra, veit ein ikkje. Men i 1746 høyrde ho til Hynjo gard i Lærdal. Og der var ho truleg i nær 200 år, til garden vart seld ut av slekta i 1934. Då fór boka over fjorden, til Sogn Folkemuseum i Kaupanger –?som ikkje fekk ha henne så lenge. Alt i 1936 sytte Universitetsbiblioteket for å sikra seg det nordiske klenodiet.

Ein ung bibliotekar og litteraturforskar, Solveig Tunold (1900–1994) ­– ho vart elles mest kjend for banebrytande Sigbjørn Obstfelder-forsking – gav seg straks til å granska visesamlinga, og skreiv innsiktsfullt om henne. Men så gjekk boka meir eller mindre i gløymeboka att i nye nær hundre år – fram til Noreg vart nedstengt i 2020.

«Under koronaepidemiens strenge smitteregime og det sørgelige bortfallet av meningsfulle samtaler fant en tverrfaglig gruppe hverandre i gleden over eldre visetrykk», heiter det i føreordet til boka som vert lansert i dag. «Gruppa møttes på Teams, under ledelse av Seksjon for musikk, Avdeling for fag og forskning. Etter hvert innså vi at Nasjonalbiblioteket satt på en av de mest spennende samlingene med 1600-talls visetrykk i Norden, og bestemte oss for å formidle denne svimlende rikdommen i det vi muntert har kalt Peder Rafn-prosjektet.»

Tidskjensla

Det tverrfaglege samarbeidet syner seg i dei sju innleiingsartiklane, som tek føre seg mange sider ved boka, frå prosodi til prentesverte. I «Tause invitasjoner, delte øyeblikk» fortel idéhistorikaren Siv Frøydis Berg om tidskjensla visene speglar. Som tidleg 2000-tal var tidleg 1600-tal prega av krig, epidemi og undergangsstemningar. Då som no rådde ei apokalyptisk kjensle av at ein stod føre ein katastrofe, som menneska sjølve var skuld i.

Fleire av visene i boka er reine domedagsviser, og ei av desse har ei norsk tilknyting. Berg skriv: «I Peder Rafns visebok finnes det ei vise med den urovekkende tittelen ’En Merckelig Vise om den yderste Dommedag’ (PRV 30). Visa er udatert og trykket i København. Noen få år seinere innledet den samme visa den norske boktrykkerkunstens historie da Tyge Nielssøn utga visa i Christiania i 1643.»

Alt i opningslina er diktaren eller songaren til stades i songen (i visesitata er ortografien modernisert):

En merkelig vise jeg kvede vil.

Kristus, gi meg din nåde dertil.

Ditt hellige ord både kvinne og mann

rett vei til salighet lære kan.

I basunen blæser Guds engler.

Så vide går ljud av.

Tekst og melodi

Kva veit ein om musikken? I «Melodikommentarene til Peder Rafns visebok» skriv litteraturvitar Trond Haugen om «de nesten 180 melodireferansene» i boka. Dei er uttrykk for «den levende felleskulturelle tradisjonen som dominerte den musikalske poesien i Europa på 15- og 1600-tallet». Somme av viseprenta er jamvel utstyrte med notar.

I «Et musikalsk-poetisk laboratorium – om forfatterne i Peder Rafns visebok», der Haugen skriv om songtekstane, spør han: «Hva var det egentlig 1600-tallets visediktere bidro med i utviklingen av dansk-norsk poesi på 15- og 1600-tallet?» Eit svar lyder: «Å prøve ut det dansk-norske folkespråket på et tidspunkt hvor det ikke hadde en spesielt høy status som litterært språk.»

Takt og rytme i dei meir verdsette latinske og greske versa høvde dårleg på dansk. Haugen forklårar: «Om vi lurer på hvorfor den musikalske poesien var så viktig for utviklingen av dansk-norsk poesi, så gir svaret så å si seg selv: Bare den som forstår og behersker et språks naturlige prosodi, tone og aksenter vil kunne fylle de mange vakre melodiene fra hele Europa med poetisk rytme, språklig varme og sangbare fraser som underholder folket, og dermed virkeliggjør en musikalsk poesi på folkespråkets grunn.»

Visesamlinga er eit døma på korleis poesien i mest kvart hundreår vert fornya av munnlege morsmåls- og dialektbylgjer.

«På engen den grønne»

Den avsette Nidaros-biskopen Anders Arrebo (1587–1637) knekte den metriske koden og fann eit versemål som høvde for nordiske språk og mellom anna gjorde allsongen mindre kakofonisk. Versa han skreiv, var omarbeidde Davids-salmar. Bibelske motiv og førelegg gjekk att i både bilet- og diktekunst. Det me kallar ’salmar’, vart framleis kalla ’viser’, og Davids-visene var særs populære å attdikta frå hebraisk. Mange av visediktarane var prestar, og fleire av dei vart av ymse grunnar avsette og fekk såleis betre tid til å dikta.

Ein av dei norskfødde diktarane i Peder Ravns visebok er sunnmørspresten og Arrebo-læresveinen Peder Rasmussøn. I prentet hans (1630) finn ein fire omarbeidde Davids-salmar, som Solveig Tunold gjev godt skotsmål: «I sin gjengivelse av Ps. 23 er han nesten heldigere enn Arrebo; rytmen minner formelig om den hebraiske:»

Han leder mig ut på engen den grønne

Og min sjel lesker han med vannet det skjønne

Av di salme 23 framleis er kjend, og betre kjend på engelsk enn på norsk, kan ein lesar i 2023 oppleva å kjenna seg heime i ei 400 år gamal vise:

Han lèt meg liggja i grøne enger,

han fører meg til vatn der eg finn kvile

Prenteverka

Som nemnt er somme viser utstyrte med notar, andre med tresnitt og ornament. I artikkelen «Satire, sensur og privilegier – om trykkerne og distribusjon av visetrykk» skriv musikkvitaren Astrid Nora Ressem spanande om den veksande prenteverksemda, kring 150 år etter Gutenberg: «De fleste av boktrykkerne som etablerte seg i Danmark-Norge mot slutten av 1500-tallet og første del av 1600-tallet var tilvandrende.» Av dei sju prentarane som er namngjevne i boka, har fem eller seks tysk bakgrunn.

Prisen for eit prent var gjerne ein skilling, men Ressem nyanserer den lågkulturelle statusen til «skillingsvisene». Dei mange dedikasjonane, til adelege, geistlege og borgarlege embetsmenn, «utfordrer en etablert oppfatning av at rimelige visetrykk først og fremst sirkulerte blant allmuen».

Ravn fekk boka i 1641, i ei tid då eineveldet nærma seg, med konsekvensar for viseverksemda. «I et kongebrev av 1. oktober 1638 forbys alle bokførere å falby lettferdige boleviser og andre utjenlige viser, dikt, fabler, eventyr og ublue kjærlighetsbøker», skriv Ressem, og «i 1658 ble kirkene i København helt stengt for bokhandlere».

Om viseprenta ikkje var rein lågkultur, var det gjerne låg kvalitet på papiret og prentesverta som vart nytta. I artikkelen «Materielle og typografiske kommentarer til Peder Rafns visebok» gjer konservator Chiara Palandri greie for prenteprosessane og illustrasjonsapparatet.

I «En liden Morgen oc Afteen Bøn» (København 1630), viseprent nummer 32, finst døme på tresnitt og notar.

I «En liden Morgen oc Afteen Bøn» (København 1630), viseprent nummer 32, finst døme på tresnitt og notar.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Peder Ravn

Solveig Tunold gjorde i si tid greie for dei fem visediktarane med norsk opphav, om ikkje identitet. Ikkje overraskande er fire av dei prestar, og av desse er interessant nok alle verksame nordvestpå, frå Sunnmøre til Helgeland. Den einaste med verksemd sønnafjells er den einaste ikkje-geistlege, Hans Nilssøn Gris. Han var handelsmann og fattigforstandar i Oslo nett i dei åra då byen vart flytta til hi sida av Bjørvika, med nytt namn, Christiania. Gris og Ravn var svograr.

Under tittelen «En kort Dict om Osloes vdi Norge Ynckelig forbrendelse» handlar visa om den utløysande grunnen til flyttinga –?bybrannen 17. august 1624 som la gamle Oslo i ruinar. Set ein saman fyrste bokstav i kvar av dei femten strofene, får ein namnet på forfattaren, Hans Nilssøn Gris. Fyrste strofe byrjar såleis med ein H:

Her er sorg og elende

maa vi vel rope fast

nu kommet oss til hende

for synden med en hast:

Ved ild og brann den sterke

Oslo er straffet med

hvorav vi kunne merke

Kristus å være vred.

I strofe 9 refererer han til forbodet mot å byggja i tre som brannen førte med seg: «Så la oss ikke sture / for hus, store og små / blir de ei bygd med mure / av røde stein og grå». Rimordet og norvagismen sture er eit av dei få døma på reint norskspråklege innslag i visene skrivne av norskfødde diktarar. Ein norrønt påverka måte å skriva bynamnet Oslo på, Ansla, nyttar han i strofe 11:

Adjø, du gode Ansla

Jeg byr deg gode natt

Hild være Christiania

når jeg tar deg fatt

Målstova

I innleiingsartikkelen «Om bokas proveniens og de som tok vare på den» nystar lokalhistorikar Chris Nyborg i den 400-årige soga til boka – frå København, via Hynjo, til Oslo og Målstova i Nasjonalbiblioteket, der boka vert lansert i føremiddag. Fag- og lanseringsseminaret «Ravnen flyr. Peder Rafns visebok i tidligmoderne europeisk populærkultur» byrjar klokka eitt, og for dei som ikkje er i hovudstaden, vert det strøymt.

Det er eit omfattande arbeid som no vert gjort tilgjengeleg. Etter dei nemnde innleiingsartiklane kjem sjølve verket: Ei tekstkritisk og grundig kommentert utgåve av dei drygt hundre viseprenta. Meir enn tusen sider med songtekst er transkriberte. Visene er utstyrte med prente- og melodihistorikk, kortbiografiar og ordforklåringar.

Den digitale boka finn ein på ebokportalen bokselskap.no. Samstundes ligg det føre ei fotografisk og søkbar utgåve av boka på bokhylla.no –?nettstaden som har vorte eit stadig meir innhaldsrikt YouTube for historie- og litteraturinteresserte.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis