JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KulturFeature

Husmannsgut og misjonærstjerne

Fattigguten Lars Skrefsrud fekk ein eventyrleg karriere som misjonær blant santalane i India.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein av dei mange misjonsstadene som blei etablerte i India av Santalmisjonen. Her ser vi jenter i skulegarden 1900–1910.

Foto: Severin Worm-Petersen / Norsk Teknisk Museum

14898
20240308
14898
20240308

ottar@dagogtid.no

Lars Skrefsrud (1840–1910) kom frå ein husmannsplass på Fåberg ved Lillehammer. Han hamna på fylla, og 18 år gamal fekk han fire år i fengsel for tjuveri. Bak murane vart han «vekt», og ikkje lenge etter at han vart sett fri, reiste han til India som misjonær for den tyske Gossnermisjonen.

– Litt etter kvart vart han superstjerne i det britiske imperiet. Han vart invitert til dei kongelege og talte i kyrkjer, på torg og i tettpakka forsamlingshus. Om lag 10.000 møtte opp utanfor Akershus festning for å høyra han, fortel professor Tone Bleie.

Ho har grave djupt i historia til Den norske Santalmisjon, og det har vorte til boka A New Testament. Nyleg vart verket lansert, og tidlegare ambassadørar frå både Bangladesh, Tibet, Thailand og India møtte opp. Det gjorde også leiarar for kristne bistandsorganisasjonar – og misjonærar som avslutta tenesta for Santalmisjonen på 1990-talet og overlét det heile til den nasjonale indiske kyrkja.

– Ville drepa meg

For førti år sidan kom Tove Bleie frå Hardanger til landsbygda i Bangladesh for å skriva magistergrad.

– Eg kom til eit temmeleg lovlaust område med såkalla stamme- og majoritetsfolk i grenseområdet til India. Eg var vitne til mykje, og som ung, kvit kvinne var eg litt av ein sensasjon. Muslimske partikadrar skulda meg for å vera misjonær i løynd og ville drepa meg.

Frå boklansering i Oslo drog professor Tone Bleie vidare til India og Bangladesh for å halda foredrag på universitet, college og museum.

Foto: privat

Bangladesh var på den tida eit militærdiktatur. Islamiseringa i samfunnet gjorde at lokale partikadrar frå Jamaat-e-Islami fekk stadig meir makt.

– Då skuldingane deira kom, budde eg på ein bondegard, og i ein periode kunne eg ikkje forlata gardsplassen utan lokale bodyguards. Først etter langdryge oppklaringar vart skuldingane trekte attende, og feltarbeidet heldt fram til fots og på sykkel på kjerrestiar, rett nok ikkje utan ei og anna steinkasting frå lokale moskéleiarar. Dei fann ei kvinne på sykkel utoleleg.

Heldt avstand

Dei første åra Bleie dreiv feltarbeid i Bangladesh, var ho difor varsam med å verta assosiert med misjonsstasjonane som trona høgt over låge landsbytak.

– Eg heldt meg borte frå dei, heilt til landsbyfolket trumfa gjennom at eg skulle følgja med når dei drog til «sine» stasjonar, der borna deira fekk utdanning og helsetilbod, og dei sjølve naudhjelp og lån når avlingane svikta. Ettersom dei var like sentrale som klosterinstitusjonane i mellomalderen, innsåg eg på 1990-talet kor interessant det ville vera å undersøkja misjonens høve til kolonimakta og framveksten av statleg bistand etter den andre verdskrigen.

Transatlantisk rørsle

Det var først i 2009–2010 at Bleie omtalte soga om Santalmisjonen som ei transatlantisk rørsle, som knyter Noreg, Danmark og Midtvesten saman med områda i Aust-India, eller Bengalen, som Bangladesh og den indiske delstaten Vest-Bengal heitte i kolonitida.

I ein periode som gjesteforskar på Columbia University i USA fekk ho tilgang til den amerikanske Santalmisjonen i Minneapolis. I 1894 og 1895 turnerte Lars Skrefsrud USA frå aust til vest. Han trekte fulle hus overalt, og Santalmisjonen fekk sterk auke i inntektene.

I 1867 stifta Lars Skrefsrud frå Fåberg Santalmisjonen saman med Hans Peter Børresen frå Danmark.

– Skrefsrud var ein fabelaktig talar og vart talsmann for dei forfølgde santalane. Han er den einaste europearen som er vald til hovding på livstid i ei svær forsamling i Santal Parganas. Det skjedde 15 år etter det store Santalopprøret i 1855. I byrjinga av opprøret vann santalane nokre sigrar, men så kom britane med moderne rifler og allierte seg med fyrstar med krigarelefantar. Stammefolka stod med pil og boge i formasjonar på bakken, og kring 15.000 mista livet dette året.

Slik var situasjonen nokre år før Lars Skrefsrud og danske Hans Peter Børresen kom til India i 1864. Tre år seinare danna dei Santalmisjonen.

– Dei kom til eit samfunn som freista reisa seg på nytt etter det store opprøret. Mange hadde ikkje returnert til landsbyane sine, eller dei sleit økonomisk. Misjonærane kom til eit folk som hadde byrja å tvila på at gamle gudar kunne verna om dei, men så kom det utanlandske misjonærar med ein ny gud og tilgang til andre ressursar.

– Misjonærane kom til eit folk som hadde byrja å tvila på at gamle gudar kunne verna om dei.

Tone Bleie, professor

Steinrik på eigedommar

Ved den første stasjonen til Santalmisjonen i landsbyen Benagaria i delstaten Jharkhand i det austlege India lever folketradisjonen både om dei skandinaviske pionerane frå siste halvdel av det 19. hundreåret og generasjonane som følgde.

I boka nyttar Bleie ordet trusentreprenørskap.

– Det er ein potent kombinasjon av den kristne trua som motivasjon og økonomiske og sosiale evner til å mobilisera ressursar. Trusentreprenøren utnyttar dramatiske samfunnsendringar, og religiøse, økonomiske og politiske konverteringsbarrierar skaper rom for sånne som han.

Slik bygde grunnleggjaren av Santalmisjonen, Lars Skrefsrud, med støtte av det dansk-tyske ekteparet Børresen, opp ein enorm eigedom av opparbeidde stasjonar og jordbrukseigedommar.

– Dei var spreidde over eit geografisk område som var like stort som Sør-Noreg. Pionerane var på rett stad til rett tid. I ein generasjon leia dei ein framgangsrik misjon som var steinrik på eigedommar. Denne utgåva av misjonsstasjonskristendom var jordisk reiskap for å frelsa sjeler, samstundes som dei fremja sosial rettferd og meir høgverdig moral fram mot domens dag.

Lars Skrefsrud og Hans Peter Børresen saman med prestar og dei eldste på trappa til ei av Santalmisjonens kyrkjer – kring år 1900.

Severin Worm-Petersen / Norsk Teknisk Museum

Kunne mange språk

På Wikipedia vert det hevda at Skrefsrud kunne meir enn 18 språk, men Bleie meiner det er overdrive.

– Han snakka perfekt engelsk, flytande hindi, bengali, santali, latin, og sanskrit – i alt om lag ti språk. A New Testament syner kor avgjerande den radikale borgarlege omskuleringa av den «vekte» haugianaren og thranitten var.

Arkitekten bak var Caroline Børresen, som var førstedame i Santalmisjonen. Ho meistra og lærte bort borgarlege manerar til ektemannen og Lars.

– Omskulert, språkmektig, briljant og karismatisk gjekk Skrefsrud inn i elitemiljøet i Calcutta, hovudstaden i det britiske imperiet i området. Han var på god talefot med rike forretningsfolk, senioradministratorar, advokatar, vitskapsmenn og leiande predikantar og kyrkjeleiarar.

Bleie fortel at han bygde sosial kapital som medlem av hemmelege ordenar både i København og Calcutta, som rekrutterte frå dei innvigde sirklane i imperiet.

– På 1880-talet oppdaga forskrekka misjonsleiarar heime korleis Skrefsrud opererte, og nyhendet nådde pressa og skapte ramaskrik. Skrefsrud måtte på bana, og han såg ikkje anna råd enn å dementera medlemskapen, men det var ikkje sant. I praksis vart han verande medlem, ettersom det var avgjerande for han som entreprenør og mellommann. Dette syner naiviteten og kunnskapsløysa i heimestyra. Dei kjende ikkje til dei politiske og økonomiske tilhøva Skrefsrud og ekteparet Børresen meistra på uvanleg evnerikt vis.

– Omskulert, språkmektig, briljant og karismatisk gjekk Skrefsrud inn i elitemiljøet i Calcutta.

Tone Bleie, professor

Møtte Ivar Aasen

Skrefsrud la ut på lengre turnear i Europa som kunne vara halvtanna år, før han vende tilbake til India. Ofte lukkast han med å mobilisera mange «vener» og medlemmer og samla inn mykje pengar. På 1880-talet var Skrefsrud på stor turné i Noreg. Han vitja Lillehammer då Ivar Aasen var der, og dei snakka godt i lag.

­– Skrefsrud må ha vorte overtydd om at det var fornuftig å byggja på nokre av dei grunnleggjande prinsippa til Aasen – med landsmål og dialektar. Dette tok han med seg tilbake til India, der han arbeidde med ordbøker og grammatikkar. Han starta tidleg dette arbeidet, før Paul Olaf Bodding frå Gjøvik kom med i 1890 og tok over mykje av det.

Det var snakk om eit gigantisk opplysningsprosjekt, seier Bleie.

– Dei samla inn ord og uttrykk over mange tiår til ei ensyklopedisk santali-ordbok. Sjølv om Bodding hadde byrja omsetja Bibelen til santali, heldt han fram med innsamlingsarbeidet. Det pastorale opplysningsprosjektet, som starta i 1870-åra, varte til han reiste heim på 1930-talet, og det gjekk ut på å gje santalfolket ein fullgod skriftleg tradisjon. Originalutgåva av Santal Dictionary var på åtte tjukke band då Bodding flytta frå India for godt.

Resiterte enormt epos

Dei første 20 åra Skrefsrud levde i India, hadde han mykje å gjera med innsamlingsarbeidet av munnleg tradisjon.

– Som ung misjonær vart han ven med ein «heidensk» framståande landsbyhovding. Saman fann dei den beste forteljaren i området, Guru Kolean. Han var viljug til å resitera eit enormt epos som han hadde fått overlevert frå forfedrane. Dei to sat lenge ved føtene til vismannen, som resiterte om korleis verda vart til, om korleis santalane hadde vandra gjennom hundreåra, og mangt anna.

Skrefsrud transkriberte alt og fekk eposet trykt på trykkeriet til Santalmisjonen. Framleis vert han hugsa for denne viktige nedskrivinga og publiseringa, som medmisjonærane fann ukristeleg.

– Sjølv samanlikna Skrefsrud det med eddadikta. Likevel er det Bodding som er den store kulturhelten i India og Bangladesh i dag. Bilete av han finst på skular og kontor til kulturorganisasjonar kringom. Fødselsdagen hans vert feira med offentlege tilstellingar kvart år. Her i landet trur me kanskje at fotballspelaren Solskjær eller nobelprisvinnaren Borlaug er dei største norske namna i India gjennom tidene, men eg trur det er Bodding. Fleire av bokseriane kjem stadig i nye opplag. Ordboka er framleis den mest sentrale, med enorm utbreiing.

Propaganda og røyndom

Misjonærane hadde store landeigedommar i India.

– Korleis vart dei drivne?

– Dei oppretta ei stifting under anglo-indisk lovgjeving. Pionerane hadde dei beste advokatane som rådgjevarar og tillitsmenn i stiftinga. Dei var i forkant av koloniregjeringas godkjenning av den nye trust-lovgjevinga. Sånn sett vart det monaleg sprik mellom realitetane på bakken og forteljinga om livet i jungelen, som vart dyrka i misjonsblad, biografiar og på høgprofilerte reiser kringom i verda. Misjonærane var pragmatiske og smarte, og dei marknadsførte eit fantasieggjande og forteikna bilete av «Santalistan», for å skaffa nye misjonsvener og pengar til misjonen.

Tone Bleie på trappa til den store bungalowen som misjonærane Lars Skrefsrud og Hans Peter Børresen budde i i Benagaria.

Foto: Christopher Soren

Bleie får ofte høyra kommentarar frå andre forskarar som oppfattar studiet av misjonsrørsler som avgrensa til «sending» av religion, misjonærar og midlar til område «der ute».

– Dette er grovt forenklande. Sentralt står ei forståing av transnasjonale band og tovegs flyt av personell, religiøse og sekulære idear, pengar, tekstar og teknologi. Men det gjeld også gjenstandar i samlingar på vestlege museum, og om ein skal senda dei attende til urfolk og andre som har rett til dei. Men historia mi handlar om det moderne Skandinavias gjennombrot. Det var så mykje modernitet, mobilitet, teknologi og fleire trusretningar.

Imperialistisk?

– I ettertid har det vorte hevda at all misjon var kulturimperialistisk. Var Santalmisjonen det?

– Me vart flaska opp med det inntrykket, og som antropolog reiste eg òg «ut» med den eintydige oppfatninga. Men det er ikkje alltid grunnleggjande forskjell på dei som dreg ut med idear om å berga eller løfta folk ut av fattigdom og realisera menneskerettar, og dei som dreg ut for å berga folk med evangeliet. Likevel viser A New Testament viktige teologiske og missiologiske taktskifte, frå ein relativt tolerant pionergenerasjon til Boddings leiartid og seinare, då konservative lutherske teologar tok over leiinga av Santalmisjonen. Så seint som på midten av 1990-talet var det framleis santalmisjonærar i Bangladesh som meinte at dei tradisjonsrike trommene var Satans instrument.

Posisjonar og privilegium

I dag er det indiske og bangladeshiske kyrkjer som eig og forvaltar dei store eigedommane som misjonen åtte.

– Med rotfesta paternalisme byrja dei seint med overføringa. Det skjedde først mange år etter frigjeringa i 1947. På 1960- og 1970-talet forlét dei kvite misjonærane India. Ein relativt sjølvmedviten nasjonal «elite» av santalar, boroar og bengalarar tok over dei fleste ubetalte og betalte leiarverva.

Men reine pengar frå stillingar og verv er éi sak. Posisjonar i kyrkjehierarkiet og kyrkjelydane gav familiane deira ei rekkje fordelar, inkludert høve til sosial mobilitet, seier Bleie.

– Dei kunne bu på dei svære eigedommane og nytta eller selja verdfulle ressursar frå frukthagar, lundar, vasskjelder og maskinparkar, sjølv om det var ulovleg. Standarden på bustadane er variabel, men likevel er det attraktivt å bu der.

På fleire misjonsstasjonar finst det nedlagde sjukehus, skulebygg, lager og produksjonslokale.

– Kyrkja har nesten gjennomgåande vore lite god på eigedomsforvaltning. Sjukehusa var i bruk i eit halvt hundreår, og eg skriv om eitt vidgjete spedalsksjukehus, som har stått tomt sidan 1980-talet. Før det dreiv misjonen svært aktivt innan utdanningsvesenet og helsestellet til minoritetane. Alternativet var ofte sjamanisme og handspålegging.

– Har den transatlantiske misjonen vore eit stort gode for folk i India, Bangladesh og Nepal?

– Ja, på mange vis, når det gjeld det store opplysningsprosjektet og helsetilboda som har berga tallause liv. Samstundes opererte dei skandinaviske misjonærane med paternalistiske tenkjemåtar frå kolonitida som splitta lokalsamfunnet og skapte grunnlag for inngrodde konfliktar både i santal- og borosamfunna.

Ein svær kulturarv

I boka omtalar Bleie dei tidlege misjonærane som kvite settlarar som forhandla med store hindu-jordeigarar om tilgang på tidsuavgrensa leigekontraktar eller oppkjøp.

– I dag finst det eit geografisk svært kulturlandskap med misjonsstasjonar med mykje infrastruktur – med skular, trykkeri, vatningsanlegg og bungalowar. På den første misjonsstasjonen, Benagaria, er det fleire verneverdige, flotte historiske bygningar.

Bleie har teke til orde for ei heilskapleg restaurering og ein redisponeringsplan med tanke på å få til eit levande kulturarvsenter med utdannings- og opplæringstilbod, hagebruks- og handverksskule med produksjon, butikk og hotell i lokal arkitektur med meir. No har Normisjon (danna etter nedlegginga av Den norske Santalmisjon) løyvd 1,5 millionar kroner til å restaurera den romslege bungalowen som Skrefsrud og Børresens budde i, og det er snakk om ein betydeleg materiell kulturarv.

– I Skandinavia kan me velja å gløyma eller ignorera denne arven, men han finst og er rettsleggjord i eit testament som me vekselvis har misforstått og ignorert. Men det har ikkje santalane, boroane og bengalarane kunna. I deira verd av ny og gamal tru lever forfedrane, og det finst tomme kyrkjer og nedlagde sjukehus, som dei framleis kunne ha hatt bruk for.

Santalmisjonen har vorte til fleire lutherske kyrkjer med knapt 150.000 medlemmer.

– Misjonen var ei lågkyrkjeleg trus- og reformrørsle, som også hadde sosial rettferd som mål. Dei enorme materielle verdiane skulle tena folket, og dette må dagens etterfølgjarkyrkjer venda attende til i samfunnsoppdraget, slår Tone Bleie fast.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

­

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis