JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KulturFeature

Filmen, sjåaren og tidsånda

Når du fyrst skal sjå ein film, kvifor ikkje sjå ein av verdas beste?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

9881
20240315
9881
20240315

Om eg verkar litt overlegen for tida, der eg går med rak rygg og nasen i sky, er det berre fordi eg har sett dei hundre beste filmane i verda.

Og då meiner eg ikkje oscarvinnarane frå førre helg, for det er ikkje nødvendigvis slik at oscarfilmane går inn i filmkanonen og vert hugsa og diskutert i årevis.

Nei, filmprosjektet mitt i fjor var å sjå The Greatest Films of All Time. Dette er ei anerkjent rangering det britiske magasinet Sight and Sound presenterer kvart tiande år, fyrste gong i 1952 og sist i 2022.

Lista for 2022 kom ikkje utan kontroversar, for den før så stabile rangeringa var no rista på. I 2012 var den store endringa at Alfred Hitchcocks Vertigo (1958) tok fyrsteplassen frå Orson Welles og Citizen Kane (1941), som hadde halde han i førti år. No var dei begge slegne av ein kvinneleg filmskapar, Chantal Akerman og Jeanne Dielman (1975), som på det høgste har lege på 36.-plass.

Filmregissør Paul Schrader er blant dei som har vore kritisk til den nye rangeringa, og kommenterte i eit intervju med nemnde Sight and Sound at her har ein pressa tommelen på vektskåla. Eitt er at talet på røysteføre auka dramatisk ved at andre enn filmkritikarar og regissørar slapp til. I 1952 avgjorde 63 filmkritikarar frå USA og ulike europeiske land kva som var dei beste filmane. I 2012 var det 846 som røysta fram lista, medan det i 2022 var rekordmange filmkjennarar og bransjefolk frå heile verda som hadde sitt å seia: 1639.

«Reine aktivistiske grunnar har trumfa estetisk syn. Er dette greitt?»

Noko anna er innhaldet. Inn og fram med kvinnelege regissørar og mangfald generelt, ut med tidlegare stordomar og kontroversielle menn spesielt, som Roman Polanski og D.W. Griffith. Sistnemnde var ein pioner innan filmforteljing, men er no best hugsa for The Birth of a Nation (1915), med klåre rasistiske tonar og Ku Klux Klan som heltar.

For å etterprøva påstanden til Schrader har eg teke nokre stikkprøvar av røystarane. Tyrkiske Müge Turan skriv at ho sjølv berre ville røysta på kvinnelege filmskaparar, for å laga ei ny samtale om filmkanonen. Den tyske filmdistributøren Anke Hahn seier i stor grad det same: For å skifta perspektivet har ho røysta på berre kvinner.

Dette tyder på at reine aktivistiske grunnar har trumfa estetisk syn. Er dette greitt?

Schrader har eit poeng, eg ser tommelavtrykket skin att på vektskåla. Medan ein film er prega av tida han er laga i, og eg prega av tida eg ser han i, er lista over dei beste filmane prega av tida ho er skriven i.

Sjølv om filmutvalet sprikjer, har innhaldet her noko sams. Dei er det eg kallar vaksenfilmar, som fremjar tema med kompleksitet og nyansar på ein kunstnarisk måte, frå Jean Renoir til Wong Kar Wai.

Denne definisjonen av vaksenfilmar får meg til å tenkja på ei scene frå The Simpsons, der Bart er i videobutikken og ser eit forheng merkt med «Adult films». Guten gnir seg i nevane og ventar nok nakne kvinner i rørsle. Men det han møter bak forhenget, er filmhyller kategoriserte med «Truffaut», «Bergman» og «ikkje morosam Woody Allen», og Bart misser fort det kåte gliset.

Sant å seia kan nok ikkje dei japanske animasjonsfilmane Min nabo Totoro (1988, 72.-plass) og Chihiro og heksene (2001, 75.-plass) av Hayao Miyazaki reknast som vaksenfilmar, men dei er iallfall veslevaksenfilmar. Her er òg vyrde namn eg har høyrt om, men ikkje tidlegare kasta meg over, som Andrej Tarkovskij, Robert Bresson og Béla Tarr. Dei ligg liksom på ei eiga hylle høgt oppe, men no strekkjer eg meg opp, plukkar dei ned og set dei i videospelaren. I overført tyding, så klart. Dei fleste filmane finn eg på internett. (Gled deg til internett, Bart Simpson!)

«Det er mykje bra som ikkje underheld. Iallfall på lista over verdas hundre beste filmar.»

Kvifor eit slikt filmprosjekt? Det er ikkje primært for å smykka meg med at eg har sett dei hundre beste filmane i verda. Det kjem sekundært.

Eg har tidvis skrytt på meg å sjå filmar eg aldri har sett. På vidaregåande bygde eg heile identiteten min på å elska Gudfaren (1972, 12.-plass). Eg kunne sitera Michael Corleone og plystra dei kjende tonane frå temamelodien «Speak Softly, Love», for eg hadde jo filmmusikken på CD, praktisk nok med lydspor frå filmen mellom songane. Eg hadde til og med filmplakaten på soveromsveggen.

Ingen gjennomskoda meg, for ingen andre i krinsen min hadde sett filmen heller. Fyrste og einaste gong eg har sett Gudfaren i sin heilskap, var eg over tjue år og sat åleine med ein liten skjerm på hybelen i Stavanger. Eg var sikkert den einaste på filmstudiet som ikkje hadde sett Gudfaren, men som kunne alle fakta som stod med lita skrift nedst på filmplakaten.

Eit overordna filmprosjekt lagar ei god ramme for det eg skal sjå i løpet av eit år, og gjer det så mykje lettare å velja film om kveldane. Skal eg støtt fylgja råda frå Netflix og Disney+, sklir eg lett ut, som Bambi på isen, med nye, påkosta storfilmar om superheltar.

Eg får kjensla av at eg ikkje berre ser film for underhaldinga sin del, men at eg eksponerer meg for noko av det beste denne kunstforma har å by på. Eg trur på eit kvalitetsomgrep innan film, men med superheltfilmar og gjentekne nyinnspelingar (Willy Wonka no igjen?!) har eg merka at dette kvalitetsomgrepet stundom flyt ut til å bety at berre det er underhaldande, er det bra.

Men det er mykje bra som ikkje underheld. Iallfall på lista over verdas hundre beste filmar.

To filmar merkte seg ut som utilgjengelege for meg. Begge franske.

Fyrst til Céline and Julie Go Boating (1974, 78.-plass) av Jacques Rivette. Laus i stilen, med formbrot som ikkje gav meg noko. Filmen kunne vore eit altfor langt innslag i barne-TV-programmet Huset med det rare i frå 1990-åra, med same blanding av for god tid og låg produksjonsverdi over seg. Og kor vart det av båtturen eg var lova i tittelen? Jo, i det siste minuttet av den over tre timar lange filmen er Céline og Julie sant nok i ein båt. Resten av tida surrar dei rundt i parallelle verder, tygg tyggegummi, ser på fjernsyn og fniser på fransk.

Så var det Historie(s) du cinéma (1989–1999, 84.-plass) av Jean-Luc Godard. Det vart heilt Godard, mann. Økseskaft.

Filmen kom i åtte usamanhengande delar på i alt 4 timar og 27 minutt, og noko motviljug såg eg alt. Her fekk eg sjå Godard filma seg sjølv medan han røykte sigar og skreiv på skrivemaskin, med eit påtrengjande lydspor av den gamaldagse skrivemaskina. Dette vart kryssklipt mellom montasjar som kanskje skulle kommentera større tema og linjer i filmhistoria. Alt gjekk i eit slikt tempo at det kjendest som eg var på eit diskotek med ein uforståeleg DJ, blinkande blits og hakk i plata.

Ikkje nok med det, dette var den vanskelegaste filmen å få tak i. Filmen fekk eg låna på DVD frå Bergen offentlege bibliotek, men han var på sone 1, som gjorde at eg ikkje kunne spela han på eige utstyr. Så eg måtte ut på jakt etter ein sonefri DVD-spelar, eit problem eg trudde eg var ferdig med for tjue år sidan. Denne jakta enda faktisk opp med å vera det kjekkaste med heile filmen.

Eg likar betre Godard når han stryk meg med håra, i filmar som Til siste åndedrag (1960, 38.-plass), Skapt for kjærlighet (1963, 54.-plass) og Min venn, Pierrot (1965, 85.-plass), og ikkje luggar med verfremdungseffektar.

Eg har ein mistanke om at fleire av «verdas beste filmar» har vore pensum på filmskular, at studentar har lært at dette er stor filmkunst. Hadde nokon leia meg i handa gjennom desse to franske flosklane med førelesingar og diskusjonar, hadde eg kanskje sett kvalitetar.

Slik har eg det med den norske filmen Budbringeren (1997), som læraren min i dramaturgi viste til igjen og igjen, som døme på alt ein god film skulle ha. Det er forresten ingen norske filmar på denne rangeringa, men frå Sverige og Danmark er det fleire. I Skandinavia snakkar alle om Ingmar Bergman, få snakkar om danske Carl Theodor Dreyer. Han har trass alt vore representert på lista sidan 1952, med Jeanne d’Arc (1928, 21.-plass). Best likte eg likevel Ordet (1955, 48.-plass).

Tilbake til The Simpsons og bakrommet med vaksenfilmar. Der møter Bart bartenderen Moe Syzlack som kjem berande på ein stabel videoar, medan han humrar for seg sjølv og seier «Brideshead skal få eit gjensyn i kveld, baby!». Eit nikk til TV-serien Gjensyn med Brideshead frå 1981, på 10 timar og 59 minutt.

Timane fyk òg på hundre beste-lista: Nokre av filmane er lange. Taiwanske A Brighter Summer Day (1991, 78.-plass) er på 3 timar og 57 minutt, ungarske Sátántangó (1994, 78.-plass) på 7 timar og 19 minutt, og den lengste filmen av dei alle, den 9 timar og 26 minutt lange holocaustdokumentaren Shoah (1985, 27.-plass), utsette eg lenge med å sjå. Det var eit vanskeleg tema å binda seg til over så mange timar. Brått nærma det seg desember. Å nei, tenkte eg, no vert desember holocaustmånaden. 566 minutt – eg kan ikkje ta det på éin kveld. Ser eg 23 minutt kvar dag, kan eg klara det på 24 dagar, men det var ikkje det eg hadde tenkt på som ein julekalender.

Shoah greip meg frå fyrste stund. I lange bolkar sat eg med store augo og fylgde filmskapar Claude Lanzmann som intervjua menneske med tette band til konsentrasjonsleirane. Shoah gjekk ut av året som ein favoritt.

Korleis vil lista over verdas beste filmar sjå ut i 2032? 2022-lista er som nemnt prega av stort mangfald og kvinnelege regissørar som jumpa høgt oppover i rangeringa. Eg likte mange av desse filmane, men fann det påfallande korleis ein smal kunstfilm, som The Killer of Sheep (1977, 43.-plass), laga av filmskulestudenten Charles Burnett, gjekk forbi den storslåtte Barry Lyndon (1975, 45.-plass) av Stanley Kubrick.

Om eg skal våga å sjå inn i krystallkula, skimtar eg ei liste der kvalitetsfilm på tvers av kjønns- og landegrenser vil trumfa ideologiske bylgjetoppar.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar
og skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis