Kjærleik i revolusjonens tid

Det er verken Karl Ove Knausgård eller Vigdis Hjorth som har funne på å fortelje ålmenta om privatlivet.

Aleksandr Herzen vart ein hovudfigur i det revolusjonære miljøet i Europa.
Aleksandr Herzen vart ein hovudfigur i det revolusjonære miljøet i Europa.
Publisert

Den lett tilslørte sjølvbiografiske forteljinga finn ein i romanar frå alle epokar, frå Det gyldne esel av den latinske forfattaren Lucius til Spilleren av Dostojevskij, Amalie Skrams sinnssjukehusromanar og Sangen om den røde rubin av Agnar Mykle.

Nytt er det heller ikkje å opptre som hovudperson i romanane sine. Hans Jæger gjorde det i Syk Kjærlihet-trilogien, Henry Miller gjorde det, og i Jens Bjørneboes Stillheten heiter forteljaren Jean, fransk for Jens.

Endå fleire har skrive litterære sjølvbiografiar der grensa mellom privat og offentleg vert uklår, til dømes i ei djupt personleg livsskildring som anarkisten Emma Goldmans Living My Life eller i memoarbøkene til Simone de Beauvoir. Straks det private vert handsama på tilstrekkeleg høgt litterært, historisk eller filosofisk nivå, vert det ålment.

Privatlivet til historiske personar har òg ålmenn interesse, fordi det gjev historia ein subjektiv dimensjon som elles lett vert verande ukjend. Om ikkje anna gjer det oss kjende med dei historiske personane, slik at vi sjølve lettare stig inn i historia og utvidar vårt eige liv.

Då vi skreiv om den russiske revolusjonen i 1917 i fjor, gløymde vi Aleksandr Herzen (1812–1870) – han som vert kalla «den russiske revolusjonens far», redaktøren av avisa Kolokol, som kritiserte styresettet og særleg liveigenskapen i Russland, og som det vert sagt skal ha forma heile den opplyste opinionen i landet.

Men Herzen er òg kjend som forfattaren av ein sjølvbiografi i fire band, Mitt liv og mine tankar, som inneheld parti som høyrer til høgdepunkta i russisk litteratur, ikkje minst den dramatiske kjærleikshistoria med kona Natalija, som vart til den største skandalehistoria i det revolusjonære miljøet i Europa i 1840-åra. Her vart noko av det mest private i livet hans til noko av det mest kjende. I The Romantic Exiles (1933) – ei bok som i seg sjølv har element av romanskriving – gjekk historikaren E.H. Carr gjennom kjeldene til denne affæren og skildra han om att.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement