Karneval i Winnipeg
I 1914 set kanadiske kvinner verda på ende og spør om menn bør ha røysterett. Mikhail Bakhtin er 18 år og årevis unna teorien om karnevalisme.
INNFLYTTAR. Fembarnsmora og forfattaren Nellie McClung (1873–1951) kom med familien sin til Winnipeg i 1911. Året etter skipa ho Winnipeg Political Equality League saman med 14 andre kvinner.
Foto: Glenbow Museum i Calgary
Forteljingar frå 1900-talet
Ottar Grepstad er tett på folk som forma vår tid.

Det er i Winnipeg det skal skje, provinshovudstaden i Manitoba med om lag 165.000 innbyggjarar. I Walker Theatre blir det britiske stykket How the Vote Was Won framført onsdag 28. januar 1914. Etterpå tek Women’s Parliament over.
Ny er ideen ikkje. Alt i 1883 blei eit første mock parliament, spotteting, arrangert i Winnipeg for å fremje røysterett for kvinner. Seinare gjorde andre det same i Vancouver og Toronto. No ventar høgdepunktet. Regissør: Nellie McClung.
I det viktorianske landet får kvinnene mange barn, men dei rår ikkje med og over livet sitt, kan ikkje ha eigen bankkonto, og blant mennene flyt alkoholen. Kampen for røysterett handlar om meir enn likestilling. Det gjeld å forme eit betre samfunn.
To saker blir til éi. Kanadisk høgsterett har slått fast at kvinner ikkje er personar i juridisk tyding og difor verken kan veljast eller røyste. Kven som skal ha røysterett, avgjer elles stort sett dei folkevalde i kvar provins. Dei som arbeider for fråhald i Manitoba, gjer no felles sak med dei som vil at også kvinner skal kunne røyste.
På sitt patriarkalske vis seier statsministeren i provinsen, sir Rodmond Roblin, til den konservative avisa Winnipeg Telegram at røysterett for kvinner vil vere å gå bakover i tida og løyse opp heimen. «De er så sjarmerande og skriv så gode bøker, fru McClung», seier han, «men kvifor vil De ha røysterett? Vakre kvinner treng ikkje røysterett.»
Tysdag 27. januar fyller kvinnene både salen, galleriet og presselosjen i den lovgivande forsamlinga i byen. Sir Roblin er urokkeleg. McClung merkar seg nøye det han seier, og korleis han seier det, stemmeleie, mimikk, rørsler. Notat kan ho ikkje ta. Ho må hugse. Så skundar ho seg den korte vegen heim til 97 Chestnut Street og øver med hans ord framfor spegelen.
Onsdag kveld har Women’s Parliament berre éi sak føre: «Should Men Vote?» Nellie McClung spelar statsministeren, eit tjuetal kvinner agerer mannlege parlamentsmedlemer. Dei meiner at menn må slutte å bruke skrikande slips og ikkje bruke såpe som tærer på huda. Ein delegasjon har fylt ei trillebår med brev om røysterett for menn. Nellie McClung stiller seg midt på scena og tek salen med storm då ho tek til å snakke med Roblins språk og framferd i minste detalj.
Er det karneval, så er det karneval: «Å nei, mannen er skapt for noko betre og meir høgverdig enn å røyste. (…) Problemet er at viss menn tek til å røyste, kjem dei til å røyste for mykje. Politikk skiplar menn, og menn som er skipla, vil seie rekningar som ikkje er ordna, møblar som er øydelagde, brotne lovnader og skilsmål. I denne jordbruksprovinsen er mannens plass på farmen. (…) Kven veit kva som ville skje viss menn fekk røysterett? Det er vanskeleg nok frå før å halde dei heime!»
«Best burlesque ever», skriv Winnipeg Tribune.
Det stundar til val i juli neste år. Roblin reknar med eit nytt attval og overser at rolleskiftet på scena er med og skaper to politiske skifte. Patriarken vinn valet, men må trekkje seg kort tid etter, skulda for korrupsjon. Den 27. januar 1916 får kvinner i Manitoba, som dei første i Canada, røysterett. Urfolk og ein del innvandrarar blir haldne utanfor til 1960.
Ser ein bort frå dei små øysamfunna Pitcairn Islands (1838) og Isle of Man (1881), var New Zealand første staten med allmenn røysterett for kvinner i 1893, medan alle kvinner i heile Australia kunne røyste frå 1902. Fem år seinare tek første kvinne sete i eit nasjonalt parlament. Ikkje éi, men 19. I Finland.
Ottar Grepstad
Ottar Grepstad er forfattar og
språk- og litteraturvitar.
Redigert utdrag frå 1900-talet,
Samlaget 2020
Neste veke: Sanning frå sola
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.