JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Jakta på det siste nye

Utstyrsgalskapen står og stangar ved jaktterrenget mitt. Kor mange dingsar treng eigentleg ein hjortejeger?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kikkertrekka: Lia kikkertane er retta mot, er ein halv kilometer vekke, men med gode handkikkertar er det godt mogleg å sjå hjorten.

Alle foto: Siri Helle

12926
20231103
12926
20231103

siri@dagogtid.no

Kva treng du av utstyr for å kome deg ut på jakt? Det kjem an på kva type jakt, sjølvsagt, men lat oss avgrense oss til storviltjakta i dag, og for å gjere det enkelt seie at dyret du skal jakte på, er hjort.

Ja, og i staden for «du» kan vi like godt seie «eg» – for det er eg som kvar haust, frå september til jul, stort sett har éin ting i hovudet: Rekk eg å kome meg på jakt i dag? Og korleis skal eg då legge opp jakta?

Det fyrste eg må ha, er ei rifle. .308 er den vanlegaste kaliberen i dag, følgd av 30.06 og 6,5x55. Alle tre fungerer bra – i dei aller fleste høve er det ikkje rifla som avgjer om du er ein god jeger eller ikkje. Alle rifler du får kjøpt hjå ein godkjend våpenhandlar i Noreg, er gode nok til å ta med på jakt.

Likevel er det sjølvsagt skilnader: Det er til dømes lett å tenke at ei rifle du skal bere med deg i skog og fjell, bør vere lettast mogleg. Men ei lett rifle er òg ei mindre stabil rifle. Di mindre masse våpenet har, di mindre rekyl tek det opp – og di meir trykk må du rekne med å få i skuldra kvar gong du trekker av.

Ei ny rifle kostar frå 8000 kroner og oppover nærast i det uendelege. Om noko av prisskilnaden er kosmetisk, er det òg kvalitetsskilnader: Meir haldbare materiale og den ekstra litle presisjonen i løpet, til dømes, men skilnadene kan òg vere meir synlege. Eit tommelgrep eller GRS-stokk gjer at du kan legge fingeren på avtrekkaren medan du grip om våpenet om lag som ein skistav – eit meir avslappa grep enn det tradisjonelle pistolgrepet gjev. Det kostar meir.

Aller størst er likevel både pris- og kvalitetsskilnadene på utstyret du set oppå rifla: kikkertsiktet. Kor godt ein ser der inne i siktet, heng ganske nøyaktig saman med kor mange kroner ein puttar inn i det. God optikk tyder at du ser tydeleg og langt og under krevjande forhold – i skumring, til dømes, eller i lett skodde, eller rett mot sola.

Viktigast er det likevel at våpenet eg går ut med, passar til meg og kroppen min. Lengda på stokken må høve lengda på armen min, og høgda vere slik at kinnet mitt kviler godt når eg ser rett inn i kikkertsiktet.

Våpenet mitt, ei Browning X-Bolt kaliber .308 med lyddempar og eit kikkertsikte frå Saber, er nok litt under gjennomsnittet dyrt, men har aldri gjeve meg grunn til å klage. Tvert om: Å legge handa på pistolgrepet og kvile peikefingeren i nærleiken av avtrekkaren kjennest trygt. Og godt er det, for det er nok av andre flytande faktorar å få på plass for å få ein god jaktdag.

Tenk berre på vêret: Ein vindstille dag kan vere herleg, men er ikkje den beste jaktdagen. Stabil og god vind svekker to av hjortens beste sansar. Hjorten er sagt å vere det hjortedyret med best sanseapparat, og best av alt er luktesansen. Du kan lure ein hjort på syn og hørsel, men aldri på nasen – og difor er det heilt sentralt å alltid, alltid, alltid gå mot vinden om du har planar om å skyte hjort. At vinden òg lagar lyd, er ikkje å forakte, for det dempar lyden av skritta mine mot bakken.

Slik sett kan det godt ha regna litt før eg går ut på jakt. Ein knusktørr skogbotn er eit bråkete underlag – regnvåte blad er lydlause, og mjuke kvistar knekk sjeldnare. Regn under jakta, derimot, er plagsamt fordi regndropar og dogg legg seg i kikkertsiktet.

Midt i den fjerde jaktsesongen min som eg er, er eg framleis ein fersk jeger. Truleg er eg godt over gjennomsnittet hekta – og heldig: Med jaktterrenget rett utanfor utgangsdøra kan eg fint jakte fem–seks gonger per veke frå september og så lenge sommartida varer, og så ofte eg får det til fram til jul. Ja, det vert lite tid til andre ting, men det vert òg utteljing. Så langt i år har eg skote fem hjortar – to koller og tre kalvar – og vore medverkande til minst like mange fall gjennom å gå jag.

Det vil likevel seie at dei aller fleste jaktturane eg tek, er resultatlause – og der er eg temmeleg gjennomsnittleg: Ifylgje Hjorteviltregisteret vart det i fjor felt 0,14 hjort per jegerdag. Ofte ser ein ikkje eit einaste hjortedyr, like ofte ser ein dei, men utanfor skothald eller i stor fart – og aldri ser eg vel meir bukk enn når eg berre har kalv att på kvoten.

Nokre få gonger klaffar det likevel: Dyret er eit som kan skytast, det står på rett avstand, med breisida til og trygg bakgrunn. Då er det om å gjere at eg har kontroll på meg sjølv – og på utstyret mitt.

Denne gongen gjekk det bra. Kalven var liten, men vert god mat.

Skilnaden på suksess og forbitring kan vere så enkelt som å ha eit tørkepapir i lomma – for om det er regn i lufta, eller eg er sveitt etter å ha gått bratt, kan den forhatte doggen øydelegge alt. Legg til at eg gjerne har med meg ikkje éin, ikkje to, men tre kikkertar når eg går på jakt.

I tillegg til det nemnde kikkertsiktet har eg handkikkert for å sjå hjorten på god avstand. Spør du meg, er det ingen jaktformer som er meir spanande enn å snike seg inn på eit dyr du veit står der og forhåpentlegvis ikkje anar nokon ting om at eg ålar meg gjennom einekrattet på andre sida av haugen. Sjansen for utteljing er i slike høve temmeleg stor.

Ekstra trygg og sikker vert eg dersom eg har med meg kikkert nummer tre: avstandsmålaren.

Avstandsmålaren er ikkje berre eit jaktverktøy – han er i bruk i militæret, i byggebransjen og i fiskeriet. Den eg har med meg på jakt for å måle avstanden til hjorten eg vil skyte, har ein laserstråle som er så liten at ein ikkje kan sjå han.

Og dette er viktig: som standard skyt ein inn ei jaktrifle på 100 meter. Det vil seie at den krumme kulebanen kryssar den rette siktlina på 100 meters hald. På lengre hald må skyttaren kompensere. I tillegg vert jo blinken stadig mindre di lenger vekk han er.

Dei fleste skytebaner tilbyr blinkar både på 100 og 200 meter. Skal du skyte lenger enn 100 ute i terrenget, er det heilt nødvendig å ha trena på det fyrst – og vite korleis børsa reagerer på dei ulike avstandane. Som ein tommelfingerregel kan ein seie at eit skot frå ei rifle i kaliber .308 dett 10 centimeter frå 100 til 200 meter. Då må eg som skyttar kompensere – enten ved å sikte høgare oppe på dyret eller ved å skru på siktet.

Eg kunne kjøpe meg ut av heile problemstillinga ved å skaffe meg eit kikkertsikte med kulebanekompensator. Dette siktet har for det fyrste innebygd avstandsmålar. Så har det teknologi for å rette siktepunktet etter avstanden, slik at det einaste eg treng å gjere, er å sikte der eg vanlegvis ville sikta, altså midt i bogen, der hjartet og lungene sit, og trykke av.

Eg har enno ikkje skaffa meg slikt utstyr, truleg i stor grad fordi den tida eg måtte brukt på jobb for å få råd til slikt utstyr, heller vert brukt på jakt.

Samlinga mi: Med kikkertsikte, avstandsmålar og handkikkert kan eg ikkje klage på utstyret om hjorten er fråverande.

Å trykke av er aldri berre berre, for så vidt. Skotet skal framleis sitte godt, og for å få til det må ein ha kontroll på pust og puls. Hovud og kropp må jobbe saman. Trykket på avtrekkaren vere jamt, men fast.

Kor langt hald ein vel å skyte på, må uansett kvar jeger til sjuande og sist kjenne på sjølv. Om eg ligg stabilt og godt i lyngen, og hjorten framfor meg står i ro, vil eg kjenne meg trygg på å trekke av om avstandsmålaren seier 180 meter. Seier han derimot 230 meter, må eg kome meg nærmare. Den skilnaden er ikkje alltid så lett å ta på augemål. Både terreng med mange dalar og toppar, og heilt opne, flate terreng kan vere vanskelege å dømme.

Eg vil påstå at avstandsmålaren gjer meg til ein både meir effektiv og meir treffsikker jeger. Og det må jo vere bra for alle partar?

Eller må det det? Folk har jakta hjort på Vestlandet i snart sytti år, men avstandsmålaren har berre vore med på eit fåtal av dei – vi treng truleg ikkje gå meir enn tjue år attende før han byrja å verte eit vanleg hjelpemiddel. Dei skaut jo hjort då òg. Kanskje – endåtil truleg – var augemålet deira betre enn mitt, rett og slett fordi dei brukte det meir.

Di meir teknologi eg puttar i jaktsekken, di sterkare vert overtaket på viltet. Det er jo òg eit gode på eit vis – om det fører til betre skot og færre skadeskytingar. Men inneber det at vi skal omfamne all ny teknologi som dukkar opp? Gjev det at teknologien finst, meg nødvendigvis rett til å bruke han?

«Høsten er virkelig her og dagene blir kortere, tiden for termisk er her!», stod det i nyheitsbrevet som Jaktia – Noregs største jaktutstyrskjede – la i e-post-innboksen min her om dagen. Nattkikkertar og termisk optikk er det siste nye.

Slik kan hjorten sjå ut gjennom ein termisk kikkert.

Foto via Wikimedia Commons

Det korrekte namnet på nattkikkerten er restlysforsterkar, og du har sett det på film: når soldatar går inn i ein by om natta, og alt ser grønt ut. Sjølv i mørket finst det lys, og desse kikkertane forsterkar det så mange gongar at det vert mogleg å sjå ein hjort på ein elles nattsvart bø.

Med termiske hjelpemiddel er det ikkje lenger lyset som hjelper oss å sjå i mørket, men varmen: Eit termisk kamera skaper bilete frå varmestrålar eit objekt sender ut. Eit pattedyr som står i ei treklynge, sender fleire varmestrålar og vil difor skape eit klart bilete.

Eg eig ikkje slikt utstyr sjølv, men har vore med på jakt der det har vore nytta. Det har gjeve dyr vi elles ikkje ville fått, men òg bidrege til forvirring og rot. Teknologien har sin plass – ikkje minst på ettersøk: Om ein skulle vere så uheldig å skadeskyte eit dyr, er alle jegerar pliktige å vere knytte til eit ettersøkslag. Det er ei vaktordning av godkjende jegerar med godkjende ettersøkshundar som rykker ut dersom storvilt vert skada – av jakt, trafikk eller andre årsaker.

I slike høve er prioritet nummer éin å få avliva det skadde dyret så fort som mogleg, og ein bruker alt ei rekke metodar som ikkje elles er lov: å jakte med lys, til dømes, og på tvers av jaktterreng, ein skyt på dyr i fart om det er naudsynt. Å kunne sjå inn i kratt med termisk kikkert eller klipse nattkikkerten på etter at det vert mørkt, er gode hjelpemiddel.

Den jegeren som seier at ho berre hiv rifla på ryggen og fer ut døra, overdriv litt meir enn ein smule. Den enorme utstyrsjungelen som finst der ute, er ein like stor del av ei moderne jaktoppleving som å fryse på post og legge sjølvskote kjøt i steikepanna.

Ein del av jakta er likevel framleis analog: jobben med å få dyret frå skotplassen og heim. Eit reiskap er naudsynt – eit tau. Dei fleste hjortar er for store til å bli borne på ryggen, men det er utruleg kva ein klarer å slepe etter seg langs bakken.

Ein kalv med slaktevekt på 28 kilo veg godt over 40 kilo i den forma han vert dregen heim. Det er overkommeleg for meg å klare aleine, om terrenget ikkje er for bratt eller attgrodd. Einekratt er den største fienden for kvar hjortejeger på Vestlandet, og slik vert attgroing ein fiende ikkje berre når ein skal skyte dyret (ein kalv gøymer seg godt i einekratt), men òg når ein skal få det med seg heim.

Berre ein del av hjorten vert lagd att i naturen – likevel vil eg tru at bortimot alle jegerar her er lovbrytarar: Eg kjenner iallfall ikkje til mange som dreg med seg magesekk og tarmar heim for å deponere dei på eit godkjent mottak, slik vi eigentleg er pålagde.

For eigen del sprettar eg opp hjorten frå brystbeinet til lysken, veltar ut magesekkar og tarmar, og tek resten med heim. Det vil seie at både blære, nyrer, hovud og alt som ligg framom mellomgolvet, vert med. Rev og ørn forsyner seg fort av det som ligg att.

No nærmar vi oss slutten på jaktturen. Slaktinga står att. Kor mykje av dyret klarer vi å ta vare på? Skinnet går diverre altfor ofte i restavfallet. Nokre av beina kokar eg kraft på, andre går til hunden, og nokre vert kasta. Hjarte og tunger går i frysen til framtidig pølseproduksjon, levra vert til leverpostei, og stadig oftare hugsar eg å skjere av kjakane – det er godt kjøt som kan etast utan mørning.

Om jakta sluttar slik, om eg kjem heim med dyr som er berre å få vakuumert og frose ned, er det lett å både sjå på seg sjølv som ein god jeger og på utstyrsskåpet som akkurat passeleg fullt. Det er alle dei andre dagane som dreg kjøpelysta fram. Når liene ikkje tilbyr så mykje som eit hjortespor, og kulda bit seg fast i stortær og øyreflippar, kjem lysta ein gjerne forkler som trong, snikande og ber om nye hjelpemiddel.

For tida siklar eg på ei hofteveske med innebygd skyteplattform. Om du dreier ho ein kvart omgang rundt hofta, får du ei hylle du kan sette olbogen på for meir stabile skot i ståande stilling. Eg ser føre meg i alle fall to skot eg ikkje har tatt så langt i haust, som eg kunne tatt om eg hadde hatt slik støtte for skotarmen.

Veska kostar 2000 kroner. Er det dyrt? For den prisen får eg kanskje ein tiandepart av ein termisk kikkert. Den dyraste utgåva dei har for sal i nettbutikken til Jaktia, kostar over 50.000 kroner. Men etterspurnaden har gjort dei mykje billegare dei siste åra, og søkeordet «jakt» har nærare 10.000 treff på Finn. Og pengar er det uansett mange som har.

Berre ikkje hjorten. Han er blakk som ei pannekake. Likevel er det han som vinn i dei aller fleste tilfella – og slik vil det nok halde fram i mange år enno.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den dårlege kommuneøkonomien gjer det krevjande for kommunane å levere helse- og omsorgstenester, ifølge ein rapport frå KS.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Skal unge funksjonshemma tilbake til institusjonane?

IdaHauge Dignes

Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.

Foto: Sigbjørn Berven

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Solide røter

Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.

Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.

Foto: Cappelen Damm

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Den tunge kampen mot bileufori

Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Flytande gull: Få ting er så godt som olivenolje – om han er rette typen.

Foto: Pxhere.com

Frå matfatetKunnskap

Olivenolje

Jomfruer veit visst ikkje alltid å ta seg betalt.

Siri Helle

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis