Indias radikale samvit
Den maoistiske geriljarørsla inviterte henne inn i dei store indiske skogane. Arundhati Roy tok i mot invitasjonen, og i dag sympatiserer ho med geriljaen.
I Oslo budde Arundhati Roy (58) på Litteraturhuset, og ho reiste derifrå med ønske om eit liknande hus i New Dehli.
Foto: Ottar Fyllingsnes
Ho er den mest profilerte, kvinnelege forfattaren i India. I den eine saka etter den andre har ho engasjert seg mot den rådande politikken i landet. Det gjeld både globaliseringa, den storstilte dambygginga, striden mellom nasjonalistiske hinduar og muslimar, satsinga på atomvåpen og sjølvstendestriden for Kashmir, med meir.
Det er tjue år sidan Arundhati Roy gav ut sin første roman, Guden for de små ting. Boka vart ein kjempesuksess; ho selde i åtte millionar eksemplar og kom ut i 42 land. Roy hamna på framsidene i aviser og blad verda over, og Time Magazine hadde henne med på ei liste over hundre personar med største påverknad i verda. No er Roy ute med ny roman, den andre på tjue år: Ministeriet for den høyeste lykke, somer tileigna «de utrøstede».
– Eg tenkjer både på fattige og rike. Også rike kan trengja trøst, seier Roy.
Boka fekk stor merksemd då ho kom ut i India, og skapte debatt. Guden for de små ting gav Roy den prestisjefylte Man Booker-prisen i 1997, og også den nye romanen hamna på langlista til Booker-prisen, men kom ikkje med i finalen.
I tida etter debutromanen har Roy valt å leggja større vekt på å vera politisk aktivist heller enn å vera skjønnlitterær forfattar. Som politisk aktiv på venstresida har ho engasjert seg sterkt i mange saker i heimlandet: Ho har kritisert den sitjande regjeringa til statsminister Narendra Modi og det hindunasjonalistiske partiet. Roy har vorte stemna for retten fleire gonger, men har berre så vidt fått prøva ei fengselscelle.
Ministeriet for den høyeste lykke kom ut i India i sommar, og den siste tida har ho vore på reise for å snakka om boka og det som skjer i India. Nyleg var ho i Oslo, og derifrå reiste ho vidare til litteraturfestival i Stavanger, Helsingfors og den store bokmessa i Gøteborg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.